Allons à Lafayette
– La oss dra til Lafayette, sa min ven og reisekamerat Øyvind Pharo ein dag.
Nathan and the Zydeco Cha Chas opnar ballet i Lafayette. Rhythm & blues med trekkspel og vaskebrett
Alle foto: Asbjørn Øverås
Covid-19-bølgja hadde byrja å leggje seg, og vi trong nye reisemål etter fleire uvanlege og inspirerande turar til Vest-Afrika og eit skilsetjande opphald i Haiti. I framleis franskspråkleg ånd passa det godt med Festival International de Louisiane, i hjartet av cajunland, dette området som tok imot dei flyktande franskspråklege akadiarane frå Canada. Nokre månader etter stod vi der, i Lafayette.
«Allons à Lafayette» er den første cajunsongen som er spelt inn på plate. Joseph Falcon og Cleoma Breaux var paret som fekk den æra i 1928, og songen blei umåteleg populær. Folk skal ha kjøpt både tre og fire eksemplar, då dei gamle 78-platene fort blei slitne ut av stiften på sveivegrammofonen.
Ein av dei verkeleg store cajunartistane i dag, Zachary Richard, som vi møter på festivalen, kan fortelje at bestemora hadde spart lenge og vel til denne plata.
– Ein dag tok ho den lange turen med hest og kjerre til Lafayette for å kjøpe plata. På heimvegen la ho henne i ein boks for at ho skulle liggje trygt, men vegen var så dårleg at då dei kom fram, var den skjøre plata knust av all ristinga. Ho fortalde om denne traumatiske hendinga om att og om att då ho blei gamal.
Den lange historia til akadiarane i det sørvestre Louisiana tok til ein dag i 1765, då to skip fullasta med flyktningar kom dit. Dei var deporterte av engelskmennene frå det som i dag er Nova Scotia, nordaust i Canada. Etter å ha kjempa i årevis hadde nok mange av dei franskspråklege innbyggjarane gitt opp tanken på å skape seg eit liv der. Dei flykta nedover den amerikanske austkysten, der dei sjeldan blei godt mottatt i dei engelske koloniane.
Zachary Richard fortel at både mors- og farsslekta var med i båtane. Den dag i dag er alle kyrkjegardane i det som blir kalla Acadiana, kjerneområdet til cajunkulturen, fulle av namna til franske familiar, som med tid utvikla seg til store klanar. Sjølv kalla akadiarane denne dramatiske historia Le grand dérangement – det store mistaket.
Dei slo seg ned i bayouområda – bayou betyr «lita elv» på språket til choctawfolket – og på slettene lenger nord. I lang tid var båt det einaste framkomstmiddelet i dette området, og slik blei kontakten med omverda avgrensa, medan den eigne kulturen til akadiarane blei styrkt. Kontakten med urfolket skal ha vore ganske god og førte til at mange av orda deira blei tatt opp i språket til nykomarane.
– Den gongen var vi kjende for to ting, seier Zachary Richard.
– Vi var fattige, og vi snakka fransk. Og isolasjonen varte til to hendingar sette mykje av regionen på hovudet: Den amerikanske borgarkrigen splitta akadiarane, og seinare kom jernbana, som opna for nye impulsar. Dette medverka sterkt til å endre livet til akadiarane.
Dei tok til seg element frå den spanske, engelske, irske, tyske og afrikanske kulturen, og ikkje minst frå dei lokale, innfødde stammene. Dette kom til å prege både mat, musikk og språk. Acadiens blei etter kvart forkorta til cadien og enda i det amerikansk-engelske ordet som er meir utbreitt i dag, cajun. Men fransken heldt dei på – ei stund til.
Songarinna og multiinstrumentalisten Yvette Landry, som framfører tekster på både engelsk og fransk, fortel at kulturen deira kviler på fire søyler: språk, familie, musikk og mat. Ikkje alle står like støtt i dag.
– Det lokale språket er truga av mange grunnar.
Yvette Landry fortel korleis foreldra hennar ikkje ville at ho skulle snakke fransk.
– Den gongen meinte mange at det ville hindre oss i å få ein skikkeleg jobb. Sjølv lærte eg meg fransk fordi eg, som fleire andre, var oppteken av den tradisjonelle musikken vår.
Då son hennar voks opp, var ho langt meir positiv til at han skulle lære seg språket deira. Men det store problemet var at dei ikkje lenger hadde lærarar frå regionen.
– Son min kom rett og slett heim med forskjellig aksent kvart einaste år. Det kunne vere parisisk, kanadisk eller kongolesisk, men aldri akadisk. Eg høyrde tydeleg skilnad.
Den 83 år gamle musikkjempa Johnnie Allan uttrykker også uro når vi møter han.
– Då eg jobba i skulen, måtte eg ofte be dei franskspråklege elevane om å gjenta ord, uttalen deira var heilt annleis enn den eg voks opp med som barn. Nokre gonger kan det gå heilt gale.
Yvette Landry, som i mange år spelte i den Grammy-nominerte gruppa Bonsoir Catin, kan fortelje at då dei turnerte i Frankrike, kom franskmennene bort til henne og spurde korleis det hadde seg at dei hadde eit slikt namn på bandet. På akadisk betyr catin dokke. På fransk er det eit arkaisk ord for hore.
Festivalen vi er på, har fransk namn, og straks vi kjem inn på festivalområdet, merkar vi at det franske står sentralt. Frå scenene blir artistane ofte introduserte på fransk, og fransk er også språket det i all hovudsak blir sunge på. Det gjeld først og fremst dei lokale cajun- og zydecosongarane, men også naturlig nok dei mange andre franskspråklege gruppene frå Canada, Haiti og land i Afrika.
Maten som blir servert, er også sterkt influert av det franske, og det kunne sjå ut som gatenamna alltid er på fransk i Acadiana. Men skiltinga er hovudsakeleg på engelsk.
Familien er som i den vestlege verda. Nesten alle eldre musikarar vi møtte, hadde vakse opp på gard. Dei fleste hadde forlate heimstaden for å følge draumen sin. Ein kunne ikkje nå toppen av eksperimentell, minimalistisk musikk saman med Philip Glass dersom ein blei verande i Lafayette. Derfor drog den no 82 år gamle Dickie Landry til New York så fort han berre kunne.
Det same gjeld mange andre eldre musikarar vi møter. Då olja blei ein viktig økonomisk faktor på 1930-talet, blei familiane utsette for store påkjenningar. Mange akadiarar valde å emigrere til Vest-Texas, der dei kunne tene like mykje på éin månad i oljesektoren som på et heilt år på dei heimlege rismarkene. Og ikkje nok med det. I oljesektoren var språket engelsk, så det var berre å tilpasse seg. Både oljeboomen og den komande verdskrigen sette fart på assimileringa av den nye generasjonen akadiarar.
Musikken er heilt sentral i den akadiske kulturen, og han er, saman med maten, tvillaust det som i sterkast grad bind dei saman i dag. Det er heilt klart at ein stor franskspråkleg festival betyr mykje. Cajunmusikken har røter i Frankrike og har sidan fått tilsig frå den amerikanske countrymusikken.
Zachary Richard seier at då flyktningane kom til Louisiana, var klarinetten det viktigaste instrumentet, men han blei raskt bytta ut med fiolin og seinare også det tyskimporterte diatoniske 10-knappstrekkspelet. Heilt frå dei slo seg ned i sumpane og våtmarkene i Acadiana, har musikken samla folk.
I starten var det som mange stader i verda – folk møttest heime hos kvarandre, og ein spelemann blei hente inn til dans. Etter kvart dukka det opp mange dansehallar som var opne fleire gonger i veka. På 30-talet utvikla dei svarte i Louisiana si eiga retning av denne musikken, som etter kvart blei kalla zydeco.
Ifølge Richard var det nærast umogeleg å høyre forskjell på den svarte og den kvite musikken fram til andre verdskrigen. Då utvikla zydeco seg meir i retning av blues og R&B, mens cajun trekte mot kvit country. I ein periode blei alt berre kalla «fransk musikk». På 1950- og 60-talet sleit den lokale musikken i kampen mot ungdomskulturen og rocken.
I 1964 skjedde det noko som blei heilt avgjerande. Tre sentrale cajunmusikarar blei inviterte til Newport Folk Festival, som ville oppmuntre denne musikken frå Louisiana. Den eine av musikarane, Dewey Balfa, kom heim og sette seg som mål å vise at cajunmusikken ikkje var avliden.
Richard seier at dette gav Balfa ei sentral rolle innanfor folkmusikken, så sterk at han inspirerte meir kjende amerikanske musikarar som Bob Dylan, Joni Mitchell og Joan Baez. Dette blei starten på ei ny oppblomstring, og Richard fortel ei historie som kan minne om korleis musikken utvikla seg i Noreg på denne tida, då norske musikarar blei meir medvitne om dialektbakgrunnen sin.
– Rundt 1972 fekk eg ein større pengesum for ein platekontrakt, og eg bestemde meg for å skaffe meg trekkspel. Eg ville utforske mine eigne røter. Til slutt fekk eg kjøpt eit fantastisk instrument, laga av Marc Savoy. Dette la grunnlaget for songen «Réveil» (oppvakning), som kan symbolisere det som seinare hende. Kort tid etter drog eg på turné til Frankrike og Bretagne. Der blei eg sterkt inspirert av den bretonske harpespelaren Alain Stivell, som stod i spissen for gjenopplivinga av den keltiske musikken.
Sidan den gongen har det stadig kome til nye grupper, og årets festival er eit levande døme på at cajunmusikken ikkje er død. I Lafayette høyrde vi mellom andre The Magnolia Sisters, The Daiquiri Queens og ikkje minst Zachary Richard, som opna sjølve festivalen.
Skal vi trekke fram éi gruppe som bidrar til å ta cajunmusikken i nye retningar, må det vere Lost Bayou Ramblers, med den felespelande songaren Louis Michot. Dei hadde starta rett før vi kom til sceneområdet, og eg var ei kort stund overtydd om at det vi høyrde, var The Pogues og den mytiske songaren deira, Shane MacGowan.
Det var sterkt. Dette er dansemusikk, og til denne musikken dansar ein. Problemet er berre, seier den gamle garden, at færre og færre unge menneske kan dansestega. Men vi såg dei. Dei er ikkje borte for godt.
Zydecoen var godt representert på festivalen, og i denne musikken er også mange av tekstene framleis på fransk. I motsetnad til i cajunmusikken blir det som regel spelt på trekkspel med pianotangentar. På scenen er vaskebrettet eit svært attkjenneleg rytmeinstrument, og elektrisk gitar og saksofon er også mykje brukt.
Den største innan zydecomusikken er utvilsamt avdøde Clifton Chenier, som fornya heile musikkforma. Men Festival International de Louisiane kunne skilte med mange eminente musikarar i fotspora til Chenier, som Buckwheat Zydeco and Ils Sont Partis Band, Roddie Romero, Sunpie and the Louisiana Sunspots, for ikkje å snakke om desse to: Nathan and the Zydeco Cha Chas etterfølgd av Lil’ Nathan & The Zydeco Big Timers. Far og son, og eit levande bevis på at musikken blir halden i hevd og utvikla vidare. Lil’ Nathan rappar friskt, med trekkspelet på magen og ein medmusikant på vaskebrett. Interessant nok såg det ut til at sonen hadde langt fleire tilhøyrarar enn gamlefar.
Maten er eit kapittel for seg. Richard meiner musikken har mykje som er sams med den tradisjonelle retten gumbo. Jo meir krydder, jo betre blir han. Gumbo er nærast for nasjonalrett å rekne. Det er simremat, som danskane kallar det, slowfood. Det er røykt pølse, kylling, gambas, okra og andre grønsaker.
Som for alle andre gryterettar er sausen avgjerande, og basis er ei røre av mjøl og olje som deretter får tilført kraft frå både kyllingen og rekene. Gumboen er eit symbol på den fantastiske blandingskulturen i Louisiana. Her finst påverknad frå Spania, Afrika, Frankrike og sikkert fleire stader, og her som elles er det som regel mor som lagar den beste.
På festivalen finst alt av lokal mat, mat som representerer tilhøva akadiarane levde under då dei kom til landet. Her blir det servert skilpadde og alligator, reker og kreps. Lokal ris og ferskvassøsters. Østersen skil seg klart ut frå dei franske søskena sine, då dei er meir kjøtfulle og inviterer til langt meir tygging. Den lokale Tabascoen og peparrota er naturleg følge. Det er også vanleg å grille østersen, til dømes med ost og bacon. Det blei mykje østers på oss, for å seie det sånn.
I ein by som Lafayette, der innbyggartalet stig frå i overkant av hundre tusen til mange hundre tusen i dei fem dagane festivalen varar, trengst det mykje mat. Og det er lange køar overalt. Vi berre nemner frå menyane: Shrimp Etouffé, Jambalaya, Alligator Balls, Gumbo, Crab Cake balls, Crawfish Poboy, Beignet fries, Hangover burger og Boudin, ein type pølse som visstnok stammar frå innvandra tyskarar.
Det var meir, og vi nådde ikkje alltid heilt fram til det vi hadde mest lyst på. Men på vei gjennom Lafayette den siste dagen, litt deppa fordi fleire viktige konsertar var blitt avlyste på grunn av heftig lyn og tore, var verda likevel med oss i form av ein krepseoppdrettar som hadde sett opp eit bord bognande av kreps. Krepsen var tillaga med godt med grønsaker og krydder. Vi stoppa opp for å sjå og blei med ein gong bedne om å hive innpå. Han spanderte til og med øl. Ei røynsle av dei sjeldne. Det blei mykje kreps.
In sha’ allah. Vi kjem gjerne att. Denne franskspråklege kulturen kjempar kanskje i motvind, men han har utan tvil framleis livsrett.
Asbjørn Øverås og Øyvind Pharo
Dei to forlagsfolka Øyvind Pharo og Asbjørn Øverås har i det siste tiåret jakta på musikk og kultur frå Vest-Afrika til Haiti og no til det franskspråklege Louisiana.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var sterkt. Dette er dansemusikk, og til denne musikken dansar ein.
Den lange historia til akadiarane i det sørvestre Louisiana tok til ein dag i 1765.
Fleire artiklar
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?