Fabrikk til sals
HOVSHERAD: Vil du bu på landet? Driva treskofabrikk i distriktet? Det har Sigmund og Karin Stenberg gjort i 34 år, og no ser dei etter eldsjeler som kan føra livsverket vidare.
På Eik i Hovsherad i Lund kommune har det vore treskofabrikk i meir enn hundre år.
Alle foto: Håvard Rem
I sumar skriv Håvard Rem frå Dalane, ein region med fire kommunar mellom Jæren i vest og Agder i aust, Langfjella i nord og Nordsjøen i sør.
30. juni: Eigersund
7. juli: Sokndal
14. juli: Lund
4. august: Bjerkreim
Region: Dalane, del 3
Folketal: 24 389
Flatemål: 1 786 km2
Demonym: dalbuar
Fylke: Rogaland
Kommune: Lund
Folketal: 3 200
Flatemål: 408 km2
Demonym: lunddøl
Stornæring: industri
Målform: nøytral
Sentrum: Moi
Folketal: 1 950
Til Stavanger: 100 km
Til Kristiansand: 125 km

Regionar i Noreg
havard@dagogtid.no
Fleire stader i Dalane møter eg folk som er stolte av at regionen har ein treskofabrikk i full verksemd, visstnok den siste attverande i Norden.
– Det står fire par tresko frå Eik uti gangen, fortel eit venepar eg vitjar på veg til fabrikken.
Og då eg i førre episode forlét Johnny Nesvåg i Sokndal, spurde han:
– Kvar går vegen no?
– Til Eik Treskofabrikk i Hovsherad, svarte eg.
Då nikka han mot føtene sine og sa:
– Tresko frå Eik. Der kan du tinga dei nett slik du vil ha dei. Om du vil, får du logoen til favorittlaget ditt på overlêret. Men dei er vel i sekstiåra, dei som driv. Eg vonar dei ikkje vert siste generasjon.
Industrikommunen
Fyrst fer eg til knutepunktet Moi. Alle som har fare med bil, buss eller tog til Stavanger, har passert tettstaden, sentrum i Lund, kommunen ein kjem til når ein forlèt Agder på veg vestover.
Som stasjonsby på Sørlandsbanen var Moi ein gong eit levande sentrum med hotell, verksemder og butikkar. I dag ligg gamlesentrum nokså audt. Ein vanleg tysdag er det sundagsstilt. Men på nordsida av E39 og jarnbanelina har det vakse fram eit nyare kjøpesentersentrum, med bensinstasjonar, våpenbutikkar og bedehus. I bibelbeltet er det mange hòl. Men riven er låven nokre mil herfrå der taksteina danna meterhøge bokstavar: Jesus lever.
Meterhøge bokstavar ser ein her på veggene til hjørnesteinsbedrifta i Lund: NorDan. Om det gamle stasjonssenteret ligg nede, held driftige lunddølar liv i kommunen. Slik Bjerkreim er ein av dei sauerikaste kommunane i landet og Egersund utmerkjer seg med massivt fiskemottak, er ein uvanleg høg del av lunddølane sysselsette i industrien, og lokomotivet i stasjonsbygda er NorDan, ein familieeigd dør- og vindaugeprodusent som årleg omset for fem milliardar kroner, med nær 2500 tilsette i tolv fabrikkar og 32 salskontor over heile Nord-Europa. Hovudkontor og mykje produksjon ligg framleis på Moi.
Det var her verksemda byrja i det små for snart hundre år sidan. Ein ung dansk hjulmakar fekk seg mellombels arbeid i byggjebransjen i Rogaland medan han venta på visum til USA, men på Moi møtte han ei lokal jente og slo seg ned. Frå eigen verkstad byrja han å selja dører og vindaugo til andre byggmeistrar. Resten er storindustri.
Trebotn
Småindustrien har ikkje alltid overlevd, men lenger inni landet, i bygda Hovsherad, ei mil nord for Moi, kjem eg til Eik Treskofabrikk. Ein gong var det treskofabrikkar over heile landet, i bakgardar i byane og på verkstader i bygdene. Ein dalbuar fortel om ein bestefar som sat heime og laga tresko for sal. Landsdals Træbundskofabrik låg i Bjerkreim.
Her er eigar og dagleg leiar Sigmund Stenberg. Han syner meg kring i produksjonslokala. Luktene og ljodane i ein fabrikk vekkjer mange minne i meg som voks opp i ei industribygd.
– No tek me det frå byrjinga, seier han inne på kontoret der han har sett fram kaffi og lefser.
–?Ein gong kring 1900 flytta ein kar med familien frå Bjerkreim til Hovsherad her i Lund. Han heitte Velle Espeland og var eigenleg lêrmakar. Han dreiv garveri. Då han kom hit, kjøpte han ein gard, og på garden var det eit fossefall. Der sette han opp ei bandsag og skar til trebotnar.
– Trebotnar?
– Ja. Botnen på ein tresko. Træbundskofabrik vart dei gjerne kalla. Tre isolerte. Når fiskarane stod ute på fiskebåten, skulle dei ha på seg ein trebotnstøvel. Noreg er eit vått land med mykje vatn og vêr. Fuktige føter er ikkje helsesamt.
Elisa Olava Espeland
– Kva for tre?
– Bjørk. Og på trebotnen spikra og sydde dei på eit overlêr. Trebotnstøvlar for fiskarar og bønder slo an. Espeland tok over lokala til nedlagde Hovsherad Meieri og utvida verksemda. Han hadde med tida fått elleve born.
– Med kor mange mødrer?
– Éi mor, Elisa Olava, og ho levde til ho var over 100 år gamal. Både barneflokken og verksemda voks. Så dei bygde ein ny fabrikk i betong, den me står i no, og byrja produksjon av sandalar og beksaumstøvlar. Ungane til Elisa Olava og Velle tok over, men dei vart gamle, dei òg. Då kom nokre yngre folk frå Oslo, jappar nærast, og røska ut alt det gamle, for dei ville laga Nord-Europas største skofabrikk. Dei produserte 1250 par om dagen og ville auka til det doble. Dei utvikla ein afterski-sko som dei sende vareprøver av til Amerika, og amerikanarane vart så nøgde at det kom ei kjempetinging på tusenvis av par. Men oppgjeret kom aldri. Etter eit par år sat dei med eit gigantisk lager og gjekk konk så det song.
Elisa Olava Espeland fekk ikkje med seg konkursen i 1976. Ellevebornsmora døydde i mars 1974, nær 102 år gamal. Då var det førti tilsette på fabrikken.
Ein av dei var Torleif Espeland, eit av dei yngste borna. Han var i sekstiåra, fødd i 1912, men tok over verksemda for å hindra at livsverket til foreldra vart kjøpt av ein kar som ynskte å leggja om produksjonen frå tresko til likkister.
Fristen
Dagleg leiar byr på meir lefse og held fram:
– Torleif dreiv lenge, men i februar 1989 vart fabrikken lagd ned.
Han legg til:
– Karin Stenberg hadde då arbeidd her i tre år.
– Ho som eg møtte ved overlêrmaskinen?
– Ja, Karin er ei heilt fantastisk kvinne. Ho er kona mi. Og ho vart då arbeidslaus.
– Kva dreiv du med i 1989?
– Eg var arbeidsleiar på NorDan nede på Moi, og ein dag eg kom heim, sa Karin: «Fabrikken vert nedlagd. Skal me to ta over?» Eg gjekk i tenkjeboksen.
– Hadde du røynsle med treskoproduksjon?
–?Eg hadde jobba her i arbeidsveka i åttande klasse. Men no hadde me tre småborn. Banken sette ein frist. Éin time før han gjekk ut, sa sjefen min nede på NorDan: «Du veit det, Sigmund, at hit er du alltid velkomen attende, jamvel om me har tilsetjingsstopp.» Eg hugsar dei minutta. Me ringde banken. Og onsdag 20. september 1989 vart det eigarskifte. Ei av døtrene våre spurde: «Kan me gå konk no?» Eg nikka. Ho sa: «Då vert det flautt å gå på skulen.»
Dalane som namn
Er me avsides her oppe i Hovsherad i Lund? Tvert om. Det er berre éi mil ned til E39 og Moi stasjon. Lund kommune er inngangsporten til Dalane, Rogaland og Vestlandet, og den einaste av dei fire Dalane-kommunane der Europavegen og jarnbanen fylgjer kvarandre tett – som ei hovudferdselsåre gjennom innlandet.
Innland er alt ein ser. Kvifor har namnet på prostiet vore Dalerne og Dalane? Er det innlandet som har gjeve regionen namn? Det vil eg freista å finna ut. Og kor langt attende går namnet? Langt. At namnet er gamalt, er ikkje så rart. Mange stadnamn i området skriv seg frå førkristen tid, som Hovsherad og Lund, av høvesvis hov og heilaglund.
For å byrja ein stad: Kring 1500 var Noreg delt i tre hovudområde. Vestlandet var Bergenhus len, Austlandet var Akershus len og i nord låg Trondhjems len. Den sørlege delen av Bergenhus var Rygjafylket, slik den sørlege delen av Vestlandet i dag er Rogaland. Men Bergenhus var så vidstrekt at kongen i København seinare på 1500-talet skilde Rogaland ut som eit eige len, Stavanger len.
Men før utskiljinga, alt i 1520-åra, vart dei drygt tretti skipreidene og tingstadene i Rogaland delte i to – i to administrative einingar. Dei nordlege vart samla i Ryfylke, og dei sørlege i Jæren og Dalane. På denne tida, før reformasjon og bibelomsetjing, var skriftspråket mindre normert, så ein skreiv namna på mange vis – Iederen oc Dalerne, Jederenn och Dallirnne.
Eiksund og Eikdal
Ikkje berre var Dalane eit etablert områdenamn alt for 500 år sidan. Grensene var om lag som no. Inndelinga òg. Med dei same einingane som i dag: Eigersund, Sokndal, Bjerkreim og Lund – der Lund omfatta Sirdal i Agder.
Den største skilnaden frå i dag var ei femte eining. Ho utgjorde grovt sett det som i dag er innlandsdelen av Eigersund kommune, eit område mellom Bjerkreim og Lund, med namnet Hetland –?som ein ikkje skal forveksla med tidlegare Hetland kommune ved Stavanger.
Det fortel noko om næringsvegar i gamal tid at treslag som bjørk og eik gav einingane namn. I Dalane finst eit av dei eldste stadnamna me kjenner her i landet, det opphavlege namnet på kommunen Eigersund og byen Egersund: Eikundursund. Skal ein tru norrøne kjelder, var det der kong Knut og Erling Skjalgsson møttest i 1028.
Slik Eiksund (Egersund) var namn på kystdelen, var Eikdal namn på innlandsdelen. I fyrste bandet av Hetland skipreide i 450 år (Egersund og Lund kommuner, Flekkefjord 1971) les me: «To trenavn synes å ha gitt navn i gammel tid på dette distrikt, Eikudal skiprede, nevnt år 1275 og så sent som 1656 kalt Eigedal som et folkeleg navn på Hetland skiprede.»
Kystnære dalar
Kor mykje eldre enn år 1500 er Dalane-namnet? Etymologien er det ikkje usemje om. Dalane tyder dalane – som jo kunne ha vore namn på nær sagt eit kva som helst område i eit land med tusen dalføre. Kvifor oppstod eit så ålment namn nett her?
Ser ein på andre kystområde i nærleiken, innanfor det som var eit småkongedøme her alt på 500-talet, er det éin topografisk karakteristikk som går att i fleire namn: kant og rand. Jæren kjem av norrøne jadarr, ‘rand, kant, jare’, og jare eller jarekant kan tyda den ytste tøykanten. Karmøy meiner ein kjem av norrøne kormt og karmtar, som noko som lagar ein karm, eit vern mot havet. Same tolking gjev somme av kystområdet i aust òg, Agder: edge, kant.
Same kva er noko sams for desse namna: Dei er ikkje namn på innland, men på kystområde. Dalane er eit regionsnamn frå eit kystnært område. Skipreida låg i kystnære område – anten dei låg rakt mot kysten eller berre hadde tilgang til kyst, som Bjerkreim.
Var det namn på eit kystnært område, Dalane òg? I så fall er ikkje namnet like sjølvsagt. Langt frå alle kystområde har dalar. Granneregionen Jæren har nok dalar, men i innlandet, ikkje utmed kysten som her i Dalane.
Og då er det tid for å nemna kva som sette meg på sporet av ei slik namnetolking. Inst i Eigersund folkebibliotek i Egersund fekk eg ein pult, i nærleiken av den rikhaldiga samlinga av lokal og regional litteratur, og fann det aktuelle heradsbandet av storverket Norges bebyggelse (ca. 1954–1979), av Haakon M. Fiskaa og Haakon Falck Myckland, nemleg «Sørlige seksjon. Herredsbindet for Rogaland, søndre del» (Norsk Faglitteratur, Oslo 1957).
I boka er det eit svartkvittfotografi av eit stykke Dalane-kyst der havet står mot svart berg, nesten utan vegetasjon, men med kvite snøflekker her og der, som på ein gold planet, med vatn, men elles utan liv. Under fotografiet les eg: «Ingen skulle vel tro at bare et par kilometer innenfor denne golde og forrevne kyststripe åpner en fruktbar dal seg – Sokndal.»
Innlandsdalar
Endå større dalar ligg lenger inn i landet, som Sirdal, ein daldel av Dalane før i tida, for somme dalbuarar i dag òg –?innlandsdalar knytte til kystområda med vassvegar som Lundevatnet og Hovsvatnet. Eik Treskofabrikk ligg i det fruktbare flatlandet nord for Hovsvatnet, og skal me tru Norges bebyggelse, var Eik, med hundre gravrøyser frå folkevandringstida, sjølve senteret i ein storregion som strekte seg inn i Agder:
«Men sentrum har nok vært Hovsherad. Navn som Eik fører tanken hen på våre forfedres ofringer under dette hellige tre. På gården Hove sto gudehuset, sentrum og samlingssted ikke bare for Lund, men også for de tilstøtende bygder i Rogaland og Vest-Agder. Her på disse store flate viddene satte nok folk hverandre stevne – vennskapsbånd ble knyttet, gamle stridsspørsmål avgjort. På Hove var det etter sagnet tingsted, og man har til for ikke så svært mange år siden kunnet vise en steinsatt tingkrets med flat tingstein i midten.»
Fekk gamle Eikdal namn etter Eik?
Torleif Espeland
Bang. Lefser og kaffi skvett når Sigmund Stenberg klaskar ei stålskralle med forlengjar og pipenyklar i bordplata.
– Eg vil syna deg noko som set tida vår i perspektiv. Torleif var ein av dei yngste til Elisa Olava og Velle Espeland, og då han var ferdig på folkeskulen, drog han til Göteborg, åleine, som fjortenåring, for å gå på den tekniske høgskulen. Han skulle læra å teikna og modellera sko. Etter eit halvt år var han ferdig. Då kom han heim att til Eik.
Stenberg klappar på skralla.
–?Rett før Torleif døydde, då han var kring 80 år gamal, kom han og gav meg sveinestykket han hadde laga på Teknikken i Göteborg. Sjå. Dette har han dreia, dette har han frest. Tenk litt på det. Ein fjortenåring i eit framandt land. Meir enn seksti år seinare sat han framleis ved ein av maskinane her og snikra tresko.
– Og no har de drive her i 34 år?
– I dag er me sju tilsette og produserer kring 600 par sko i veka, 25.000 par i året. Så på dei 34 åra har me laga nærare éin million par. Men det har vore kriser. Då me tok over, kom finanskrisa. Å, herregud. Me hadde lån og kassakreditt med ei rente på 20,75 prosent. Me laut tenkja nytt og spurde: Kva nyttar folk på føtene i dag? Kva nyttar dei på sjukehus? Mjuke tresko. Torleif protesterte, men gav seg. Frå Finland handla me mengder av polyuretan-botnar. Hardplast. Av same modell laga me ein vernesko med stålhette. Me laga antistatiske tresko til operasjonsstovene. I dag lagar me berre eitt av ti par med trebotn.
Fresemaskinane
– De har vore i moteblada òg, og samarbeidd med Moods of Norway?
–?Takk vera Karin. Ho skjønar seg på form. Ho har alltid hatt blikk for fargekombinasjonar.
Motepreget var der alt under okkupasjonen. I artikkelen «Treskofabrikken med de mange liv» i boka Frå tresko til Trallfa (Rogaland historielag, Stavanger 2019) siterer Jørg Eirik Waula frå ein reportasje i Stavanger Aftenblad tidleg i 1940-åra: «Fabrikken lagde motesko også: ’damefottøy på tre med kulørte remmer og tåhetter og dingel-dangel etter siste mote’. Overtrekket var papir fra Hjula Veveri, ganske sterkt. Det ble farget. Mest populært var kalveskinn som overtrekk, og Nils Espeland ga uttrykk for at de stadig var på jakt etter kalver, helst flekkete i brunt og kvitt. ’Det er det gildaste kvinnfolk veid for øyeblikket.’»
Åtti år seinare er kalveskinnmønsteret framleis av det mest etterspurde overlêret.
– De er fødde i 1955. Kva hender med verksemda når de gjev dykk?
Stenberg fingrar med ein av pipenyklane.
–?Me får sjå. Borna våre har andre karrierar. Men produksjonsutstyret er moderne, så det står ikkje på det. Det kjem an på om nokre eldsjeler vil satsa. Men mest kjem det an på politikarane. Dei som styrer no, tek livet av verksemder som dette. Fresemaskinane våre kan me berre køyra i dei timane straumprisen er lægst.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein uvanleg høg del av lunddølane er sysselsette i industrien.
Eik var sentrum i ein storregion som strekte seg inn i Agder.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.