Jakob Hustad
hustad.jakob@gmail.com
I Noreg veks barlind i hovudsak i kystområde, men ikkje lenger nord enn til Romsdalen. Førekomstane er spreidde, og arten veks stort sett som enkelttre eller i mindre klyngjer. Det fremste eksemplaret i Skandinavia står på Varaldsøy i Hardanger og er ein stor turistattraksjon. Med ei høgd på over 11 meter og ein alder på mange hundre år, minner ho mest om skogtrollet frå måleriet av Theodor Kittelsen.
Barlinda er, trass i namnet, ikkje i slekt med lind (Tilia cordata) – som er eit lauvtre. Barlinda har seig bast, og på lik linje med namnebroren har ho vore nytta til tauverk. Det norske namnet tek dermed større omsyn til nytteverdien enn til utsjånaden. På gamalnorske heiter ho yr, som ligg tett opptil det engelske namnet «yew».
Viltveksande barlind er ikkje lenger eit vanleg syn. Den beste framgangsmåten om du ynskjer å finne ho, er å nytte kartverket til Artsdatabanken og oppsøkje kjende eksemplar. Det er verkeleg verdt innsatsen, for treet etterlèt eit varig inntrykk. Nyare språkforsking opnar for at Yggdrasil, verdstreet i norrøn kosmologi, var ei barlind. I så fall seier det mykje om kjenslene ho vekkjer hjå menneske.
Barlind er det fremste treslaget ein kan nytte til boge. Eit historisk eksempel på dette er slaget ved Crécy, som stod mellom franske og engelske styrkar i hundreårskrigen. Utstyrte med bogar av barlind, med overlegen rekkjevidd, fekk britiske soldatar den franske hæren til å slå retrett. For med betre våpen enn motstandaren kunne engelskmennene på trygg avstand skyte dei kvesste pilene sine mot fienden. Same kor mykje det smerta dei franske soldatane, kunne dei ikkje late vere å verdsetje handverket.
Barlind veks særs sakte, det er dette som gjer ho bøyeleg og seig. Ikkje minst kan ein utnytte at treet har kjerneved som er hardare enn yteveden. Eit bogeemne vert forma slik at yteveden vender mot skyttaren og kjerneveden mot målet. Yteveden skaper spenning og kjerneveden kompresjon. Denne kunnskapen er eldgamal, noko som vart stadfesta då Ötzi, ein over 5000 år gamal mumie av eit steinaldermennesket, vart funnen saman med ein boge av barlind.
Bogemeistrane måtte betale ein høg pris for suksessen og døydde tidleg. Barlind er nemleg giftig, med unntak av fruktkjøtet i bæra. Cæsar skriv i ein passasje at den galliske leiaren Cativolcus forgifta seg sjølv med barlind, framfor å overgje seg til romarane. Likevel er forgifting noko ein helst ser i samband med at husdyr får i seg barnåler gjennom grovfôret. Dette har gjeve treet tilnamnet «hestespreng».
Barlind er giftig, med unntak av det raude fruktkjøtet på bæra. Dette er ein delikatesse for fuglane.
Foto: Jakob Hustad
Hjorten er ein svolten gjest og ser ikkje ut til å ta skade av gifta. Derfor er han også den desidert største trugselen for den attverande barlindbestanden. Hjorten gneg av borken, og dette tek særleg knekken på unge planter. Feltstudiar syner at det i dag, med få unntak, ikkje skjer forynging av barlindskog. Treet er dessutan særbu, som inneber at ho- og hannplanter veks kvar for seg. I ein bestand utan tilstrekkeleg tettleik vil derfor mangelen på pollinering i seg sjølv føre til utrydding.
Hjorten skal likevel ikkje stå att åleine som syndebukk. For noko av det som gjer barlinda verdifull, er det same som gjer ho sårbar. Barlinda er dekorativ og særleg populær som julepynt. Frå slutten av 1700-talet var forbruket ikkje lenger berekraftig, og skadane som vart påførte barlindskogen gjennom rovdrift på pyntegrønt, har aldri vorte retta opp.
Den same gifta som har gjeve barlinda dårleg rykte, og som i verste fall kan ta liv, kan paradoksalt nok også forlengje det. I moderne tid er det ikkje som pynt barlinda får merksemd, men som medisin. Frå bork og nåler er det mogleg å utvinne stoffet taxol, som vert nytta i produksjonen av lækjemiddelet paklitaksel. Kort fortalt hindrar stoffet celledeling ved å stabilisere enkelte typar protein i menneskekroppen, og slik kan det nyttast som cellegift mot kreft. Suksessen har vore stor, og dette har skapt ein signifikant auke i etterspørselen etter barlind internasjonalt.
Det som står att av barlind i dag, veks stort sett i naturreservat. Dessverre har vernetiltak stundom vore kontraproduktive. Dersom ein oppdagar at det veks barlind i eigen skogen, risikerer ein å verte økonomisk skadelidande om området vert freda eller regulert av styresmaktene. Denne logikken har medført at skogeigarar har felt barlind etter «føre-var-prinsippet».
Aldersbestemming av barlind er ein vitskap, og allereie i 1892 var spørsmålet på agendaen i ei avhandling frå Vest-Preussen. Alle tre rotnar innanfrå og ut, og på gamle individ er det derfor ikkje mogleg å nytte årringdatering. Med moderne karbondatering har ein likevel kunna konkludere med at barlinda kan verte over to tusen år. Ho kan tene som påminning om at det vakre berre vert vakrare med tida. Søk opp «Fortingall Yew» på internett og døm sjølv.
I ein artikkel frå 90-talet publisert i tidsskriftet Blyttia står det at den største førekomsten av barlind i Møre og Romsdal veks på Barlindneset, eit naturreservat i Hjørundfjorden. Men hjortebestanden på Sunnmøre har auka monaleg på 30 år, og det er ingen grunn til å tru at han har respektert direktiva til fylkesmannen om vern av sjeldne planter. Kva er stoda i dag?
Eg tok ferje frå Standal til Trandal og gjekk til fots inn i reservatet. Oppsynsmennene på staden var tre havørner, som alle såg ut til å håpe at skribenten skulle slå seg i hel i ura. Dei fekk nesten ynsket sitt oppfylt. Vinteren står for døra, og lauvteppet i skogen gjorde det vanskeleg å fote seg. Det tok meg ein time å tilbakeleggje ein kilometer.
Naturreservatet er rikt på store einerar, som på avstand er til forveksling like barlind. Fleire gonger vart eg håpefull, for deretter å kjenne den søte lukta av einebær. Likevel var denne informasjonen viktig, og han kan nyttast til å gjere ei generell vurdering av boniteten i området. Bonitet tyder «godleik», og heng saman med vekstfaktorane til det enkelte treslaget. Einer og barlind deler mange av dei same krava: mykje nedbør, fuktig luft og varme. Dette lovar godt.
Eg var i ferd med å gje opp. Dagslys er eit sparsamt brensel i november. Men den som leitar, skal finne, og brått stod ho der framfor meg: eit friskt barlindtre med kraftige røter som klamra seg fast i gneisen under seg. Med lysebrun bork og djupgrøne nåler, så eg kunne konkludere med at ho var frisk. Eg fekk trong til å ta av meg på føtene, for dette er heilag grunn.
Kringsett av hassel som gjev ho skugge på dei mest solrike dagane, er barlinda godt plassert på den sørlege delen av reservatet. Eg gjekk i stadig større ringar rundt treet, som om det skulle vore sjølve jolekvelden, i håp om å finne andre eksemplar. Søket var fånyttes, og eg vart tyngd av sorg. Er dette verkeleg den siste barlinda i Hjørundfjord?
Det er med livet som innsats skribenten klatrar opp fjellveggen på Barlindneset.
Foto: Jakob Hustad
Neste morgon ringde eg til Alv Ottar Folkestad, ein høgt respektert naturfagrådgjevar busett på Sunnmøre. Han har tidlegare gjennomført feltstudiar på Barlindneset, og det er desse som er siterte i den omtala artikkelen. Eg fortel han, nærmast hikstande av gråt, at det berre står att ei einaste barlind i reservatet. Han svarer meg med myndig røyst: «Ja vel? Sjekka du området nord for overhenget, forbi tuppen av sjølve neset?» Og legg til: «Det er ikkje råd å gå dit. Du treng båt for å kome deg i land der.» Eg fekk håpet tilbake, men eit nytt spørsmål melde seg: Kven er viljug til å risikere båten sin for å gje ein mann sjelefred?
Daniel Storeide, ein røynd skyssbåtførar, hentar meg på Standal. Med sola bak oss skapar vi hekkbølgjer som går på tvers av fjorden. Båten er som ei forlenging av mannen, og han får meg i land ved å kysse fjøresteinane med baugen på båten.
Det er med livet som innsats eg bit meg fast i fjellveggen. Haustlufta er kjølig og klår, sola skin, og lukta av turka lauv gjer godt. Likevel må ein kunne seie at dette er for spesielt interesserte. Eg kjem til å tenkje på ei historie Folkestad fortalde meg på telefonen, og som er verd å gje att her.
Ein mann reiste til Barlindneset for å finne seg eit bogeemne. Prosjektet var såleis ikkje av det lovlege slaget. I den stupbratte fjellsida felte mannen eit tre, men han ville spare seg arbeidet med å bere det på akslene. Han kasta det derfor på sjøen i von om at barlinda skulle flyte som ein oter fram til han fekk plukka ho opp frå båten.
Det gjekk ikkje etter planen. For det mannen ikkje var klar over, var at barlinda har den nest høgaste eigenvekta av alle norske tre, med 600 kg per kubikk (forbigått av kristtorn.) Framfor å flyte i vasskorpa sokk emnet til botnen av Hjørundfjorden.
Det viser seg at det var verdt båtturen hit, for Folkestad hadde rett. Her er framleis mykje barlind på staden. Likevel klarer eg ikkje å juble, for dersom ein hevar blikket, er utviklinga tydeleg.
Barlinda er i ferd med å døy ut.
Eg søkjer trøyst i armane på ho.