Kardinalens tivoli
TIVOLI: I Villa d’Este blir skiljet mellom kunst og natur oppløyst i vatn.
Villa d’Estes mest kjente hagemotiv: tverraksen i hagen med fiskedammar og den triumfbogeforma Orgelfontena øvst bak.
Foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No skriv han ut reisedagbøkene sine.
Tivoli:
By i regionen Lazio, 25 kilometer aust for Roma
55.000 innbyggjarar
Grunnlagd på 800-talet f.Kr.
Heitte Tibur i romersk tid
Lazios mest populære turistmål etter Roma
Kjend for Villa d’Este, Vesta-templet og keisar Hadrians villa

Tivoli – ordet gjev assosiasjonar til lukta av popkorn og lyden av kvinande ungar i karusell. Der finst tivoli av det ambulerande slaget, men òg permanente institusjonar, som Tivoli i København og – fram til 1937– Christiania Tivoli, som heldt til i Pipervika i seksti år. Men omgrepet kjem altså frå byen romarane la inn under republikken på 300-talet f.Kr. og kalla Tibur. Sidan endra bynamnet seg til Tivoli. Området er i dag nærast som forstad til Roma å rekna. Stig du på eit direktetog frå Stazione Termini, slik eg gjorde, er du her på ein dryg halvtime.
I antikken bygde den romerske overklassen spektakulære sommarvillaer kring Tivoli-fjella. Lufta har eit kjølig drag, og friskt vatn finst bokstaveleg tala i overflod – akveduktar førte i si tid vatnet til Roma. På ferda frå utspringet i fjellkjeda Appenninane, til ho nord for Roma blir sameint med Tiberen, bryt elva Aniene ut i hissige fossefall like under byen.
Romarane fann her nok av byggjetomter med det vide utsynet dei elska. Den største og mest kjende villaen blei reist av keisar Hadrian kring 120 e.Kr. Denne sommarresidensen var ein geografisk temapark der arkitektur, kunst og landskap frå dei framande kulturane riket hadde hærteke, blei attskapt.
Steinrik kardinal
Med attfødinga av den klassiske kulturen i renessansen tok ein opp att den villakulturen som romerske diktarar hadde sunge om. Og på grunnmurane til ein slik antikk villa blei det mest skilsetjande villakomplekset til: Villa d’Este, som blei påbyrja kring 1560.
Este-villaen blir gjerne kalla «dronninga blant villaene». Kvifor? Den symmetriske heilskapen av palass og hageanlegg er eit sjeldsynt levande døme på renessansens høgkultur i Italia. Den nyskapande og fantasifulle landskapsutforminga skulle påverka utviklinga av heile den europeiske hagekulturen i renessansen og barokken. Med forfallet på 1700- og 1800-talet, då hagen grodde att, trefte han òg romantikarane sin smak for det naturlege og mystiske.
Mannen me kan takka villaen for, er Ippolito II d’Este (1509–1572), ein steinrik, humanistisk danna hertugson frå Ferrara, som blei erkebiskop av Milano berre ti år gamal. Seinare avanserte han til kardinal og var jamvel på nippet til å bli pave. Når det ikkje klaffa, blei han heller guvernør av Tivoli. Her sette han formuen over styr for å imponera og underhalda gjestene sine med overveldande effektar og kultiverte apestrekar.
Hageanlegget kravde tankekrafta til dåtidas beste arkitektar og ingeniørar. Napolitanaren Pirro Ligorio (ca. 1514–1583), som er mest kjend for a° ha bygd pave Pius IVs villa i Vatikanhagane, blei sett til a° utarbeida hageplanen. Som lærd arkitekt var han ein meister i å leika seg med antikkens arkitektoniske vokabular. Her i Este-villaen greidde han kunststykket å kombinera tivoli med akademi.
Vesta-templet
Etter Roma er nok Tivoli den mest vitja turistbyen i regionen Lazio. Det har han vore lenge, heilt sidan turismen blei funnen opp på 1700-talet. Men byen som møter oss i dag, er ikkje den pittoreske me les om i gamle reiseskildringar. Han blei hardt bomba i 1944, og sidan har heslege bustadblokker breidd seg i fjellsidene. Den delvis bevarte mellomalderlege bykjernen har òg mykje arkitektonisk ugras – lun småbystemning må ein altså lenger ut på landet etter.
Likevel har Tivoli perlene sine i behald. Eg får auga på den fyrste frå Ponte Gregoriano, brua over fossane som fører inn til gamlebyen: eit yndig rundtempel med slanke, korintiske søyler frå kring 100 f.Kr., som truleg var vigd Vesta, gudinna som vakta elden og heimen.
Dette er det mest kjende Tivoli-panoramaet, som uttrykkjer samspelet mellom natur og kultur. Landskapsmålarane i romantikken elska jo fossar, og dei elska tempelruinar. Men kvar elles fann dei kombinasjonen av ein pittoresk tempelruin som raga over eit sublimt fossefall? I Tivoli trong ikkje kunstnaren lyga på komposisjonen.
Unnseleg inngang
Spaserturen sørover gjennom den støyande gamlebyen tek ikkje mange minuttane. Ved piazzaen framfor den romanske Maria Maggiore-kyrkja finn eg Este-villaens inngang, som er påfallande unnseleg. Dette var nemleg privatinngangen til det kombinerte kardinal- og guvernørpalasset. Når høgborne gjester skulle takast imot, kom dei derimot frå hi sida, opp gjennom hagen og gjennom loggiaen på hovudfasaden.
Gardsrommet innanfor er lyst og stille. Ein dempar instinktivt stemma, for akustikken forsterkar alle lydar. Tre av sidene er omkransa av overdekka bogegangar. Denne krossgangen er det einaste vitnesbyrdet om at anlegget opphavleg var eit mellomaldersk fransiskanarkloster.
Men det var altså før kardinalen slo seg laus.
Venus-fontena
På same vis som dei melodiske leiemotiva i ein Wagner-opera blir føregripne i orkesterforspelet, er dette gardsrommet ein ouverture til det som ventar oss. Dei mytologiske temaa arkitekten Ligorio utarbeidde i palasset og hagen, blir her nemleg antyda. Eg tenkjer til dømes på Venus-fontena, som er ramma inn av ein triumfboge med to par toskanske søyler. Fontena er spesiell, for sjølv om ho ikkje lenger fører vatn, er ho den einaste som framleis har si originale utsmykking.
I midten, vakta av tre ørnar, dormar den halv-nakne gudinna med ei krukke under armen. Ho er omgjeven av kvedegreiner, med Tivolis landskap i bakgrunnen. Frå krukka rann det opphavleg vatn ned i det store badekaret med stiliserte løvehovud som handtak. Både statuen, badekaret og den noko malplasserte bysta av keisar Konstantin på toppen er originalar frå romersk keisartid – palasset og hagen var på kardinalens tid vidgjetne for eit vell av slik utsøkt, antikk skulpturkunst, som sidan blei spreidd til museum i Roma, Paris og andre store byar.
Gullepleslang
Triumfbogen, kvedebuskane og ørnane er derimot frå 1500-talet. Kvifor ørnar, og kvifor kvedegreiner? Her blir to av Este-villaens leiemotiv presenterte, motiv som går att i mest alle rom og fontener. Ørnane er symbolet til Este-familien, som var ei av dei eldste italienske adelsættene, med røter attende til 900-talet.
Og det andre leiemotivet, kvedeblada? Dei spelar på det ellevte av Herkules’ såkalla tolv storverk, det som handlar om epleslang: Herkules trassa draken Ladon og stal gullepla frå hagen til hesperidane, som var nattas døtrer og heldt til ytst i vest. Lauvtreet kvede har gule frukter. Dei liknar altså på gulleple, og opphaveleg var då òg fruktene i fontena forgylte. Herkules, denne hardhendte guden med si potente sleggje, var Este-slektas mytiske grunnleggjar.
Det idealiserte landskapet bak Venus kan oppfattast som eit tredje leiemotiv. Ja, det kan med rette kallast hovudmotivet i Este-villaen: herleggjeringa av Tivolis natur.
Romersk mosaikk
Eg løyser billett og trer inn i palasset, som har to etasjar. Den øvste er hovudetasjen, som hyste kardinalbustaden. Underetasjen ned mot hagen var derimot tiltenkt fest og moro i lærde lag – ein naturleg kombinasjon for kyrkjefyrstar i renessansen. Ei prakttrapp fører ned til underetasjen, der salane er prydde med freskomåleri og mosaikkar frå golv til tak. Eit kuriosum av heilt ny dato er glasgolvet i eitt av romma. Her ser ein restar av golvmosaikkane til den romerske villaen palasset er tufta på.
Eg blir var noko som er typisk for italienske palass: Møbler finst her ikkje, og statuenisjane står tomme. Lausøyret blei selt av pengetrengjande etterkomarar, eller det blei plyndra av Napoleons soldatar, som hærtok Tivoli to gonger. Det einaste som bryt den romlege monotonien, er veggfontenene som stikk fram. Sjølv inne i palasset er det nemleg flust med fontener.
Fontenesalen
Den mest kjende fontena finn eg i Fontenesalen. I denne salen, som ligg sentralt plassert i underetasjen, tok kardinalen imot tidas mest framståande diktarar, vitskapsmenn og musikarar til bankett. Ein rettslærd som vitja villaen på 1500-talet, kalla han «eit akademi, ein møteplass for intellektuelle», og samanlikna han med «eit verdsteater der framståande personlegdomar opptrer på scena, kvar av dei kapabel til å regjera ein republikk.» Mellom desse personlegdomane var renessansens mest kjende komponist, Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525–1594). Han var kardinal Ippolitos protesjé, som han tileigna viktige komposisjonar.
Fontenesalen er teatralsk, med suverene perspektiviske illusjonar. Veggfreskane gjev idylliske utsyn over eigedomane til kardinalen, og sidan det er ein bankettsal, har taket ein enorm freske med dei olympiske gudane samla til gilde på ei sky. Sterkt forkorta søyler skaper inntrykk av at rommet opnar seg i etasjen over. Og kven er det me ser i midten der oppe? Den solbrune muskelbunten med sleggja, som skottar mot oss over skuldra, openbert irritert over å bli forstyrra under middagen? Lesaren får gissa.
Jamvel veggfontena frå 1568 er perspektivisk dekorert, kledd i mosaikk med runde natursteinar, korallbitar, skjel og krystallskår. Me ser Tivolis signaturmotiv: ei idealisert framstilling av Vesta-templet på klippa over Anienes fossefall.
500 liter i minuttet
Loggiaen utanfor Fontenesalen utgjorde den representative inngangen frå hagen. Panoramaet er staseleg: Ein ser ned over sentralaksen i parkanlegget, som forbind dei ulike terrassane med kvarandre gjennom trapper. Under terrassane flatnar landskapet og er delt i symmetrisk ordna kvadratiske kvarter. På kardinalens tid var sikta endå mektigare, for no skuggar høge sypressar for utsynet mot sidene.
220 basseng og grotter, 364 fontener, 64 kaskadar og mest 900 meter med underjordiske røyr og kanalar – dette utgjer anlegget arkitekten Ligorio her har skapt. Det intrikate vassmaskineriet er drive av tyngdekrafta åleine. For å realisera planane, trong han hjelp av fonteneingeniørar som styrte ein hær av arbeidarar. Eit sant herkulesarbeid må det ha vore, temjinga av landskapet, som opphavleg var ei knusktørr, bratt skråning. Mellom anna blei det hogd ut ein 200 meter lang tunell under gamlebyen, som fører 500 liter vatn i sekundet frå Aniene-fossane til den såkalla Ovato-fontena.
Tre fontener
Ovato-fontena ligg øvst og er eit godt utgangspunkt for hagevandringa. Ho sto ferdig i 1569 og minner om ei teaterkulisse – med eit vell av vasstrålar og kaskadar varierer Ligorio her virtuost over grunnforma, som er ein oval.
Ei anna fontene eg festar meg ved, er Orgelfontena, som er forma som ein triumfboge – sjølvsagt med ei Este-ørn på toppen. Herifrå er utsynet vakkert gjennom tverraksane i hagen. Enkle hydrauliske orgel fanst i antikken. Men då dette fullautomatiske, vassdrivne orgelet sto ferdig i 1571, var det så nyskapande at det blei namngjete over heile Europa. Mekanikken var ømfintleg, og på 1700-talet braut han heilt saman. No er instrumentet restauret, og med sine 144 piper spelar det små renessansestykke.
Opphavleg fanst der mange slike fontener med lydeffektar i villahagen, som overraska kardinalens gjester med alt frå mekanisk fuglesong til larmen av artillerislag.
Den andre sida av hagen blir støtta opp av ein veldig mur. I denne hagedelen finn eg Ligorios mest bisarre påfunn, nemleg Rometta-fontena, der det antikke Roma er attskapt i miniatyr. Historia bak fontena er fylgjande: Paven hadde forbode Ippolito å byggja palass i hovudstaden. Og sidan kardinalen ikkje fekk byggja palass i Roma, bygde han difor eit Roma i palasset sitt.
Utkrope
Ligorios design av denne «Vesle-Roma»-fontena er like utkrope som det er overdådig, med eit tydeleg symbolsk program: Gjennom fossefall blir det livgjevande vatnet frå Tivoli-fjella ført mot metropolen etter sameininga med Tiberen. Me ser Roma vestanfrå, frå Trastevere-sida, der eit skip med ein obelisk symboliserer Tiberøya.
Diverre er mange av dei små bygningane langs Rometta-fontena no borte – på lik line med dei mange antikke skulpturane, altså. Den som lurer på kvar kardinalen fekk så mange romerske statuar frå, kan titta ut over støttemuren mot slettelandskapet nedanfor Tivoli. På klåre dagar augnar ein der nemleg restane av keisar Hadrians villa. Ligorio leia dei arkeologiske utgravingane i denne villaen og førte slik mange antikke kunstverk fram i dagen. Dei neste dagane skal eg oppleva fleire slike skulpturar – både i Hadrian-utstillinga i Vatikanmusea og i sjølve ruinane av keisarvillaen.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sidan kardinalen ikkje fekk byggja palass i Roma, bygde han eit Roma i palasset.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?