Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Konfirmasjonsgåva til far

Ho fekk valet mellom ei reise til europeiske mellomalderkatedralar med mor si eller ein tur til Grønland med far. Konfirmanten valde heldigvis det siste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flemming Lauritzen, 16-åringen og 15 ivrige grønlandske sledehundar på veg attende til Ilulissat.

Begge foto: Harald Dag Jølle

12826
20220408
12826
20220408

harald.dag.jolle@npolar.no

Eg sit på ein hundeslede på vestkysten av Grønland. Framfor meg sit dotter mi på 16 år. Hundekøyrar Flemming svingar pisken, slik at dei 15 grønlandske trekkhundane skiftar retning. Me ser ut mot det største brefallet på den nordlege halvkula. Bakom ligg den evige innlandsisen. Det er lett å sitere Knud Rasmussen under slike tilhøve: «Giv mig vinter, giv mig hunde – så kan I beholde resten.»

«Til Grønland!?» Reaksjonen var den same då folk høyrde eg skulle ta med dotter mi på danningsreise hit. «Er det ho som vil det», var gjerne oppfølgingsspørsmålet, «eller er det fyrst og fremst faren som får draumereisa si?»

Eg må innrømme at eg vart litt svar skuldig. Eg var samstundes spent. Ville 16-åringen dele min fascinasjon for Grønland? Og ville ho halde ut ei veke saman med far sin på tur?

Ei danningsreise

Men eg gledde meg oppriktig til å vise fram denne svære øya ute i Atlanterhavet. Verdas største, faktisk. Ho er heile 2.166.086 kvadratkilometer, for dei som forstår høge tal. Nesten seks gonger større enn Noreg. Men kanskje meir imponerande når du tek ein titt på kartet: Den smale landstripa rundt øya, som ikkje er dekt av den enorme innlandsisen, utgjer åleine eit areal som er langt større enn vårt eige land – inklusive Svalbard.

Og eg hadde mange historier eg ville fortelje frå denne barske og ugjestmilde kyststripa, der folk har levd i uminnelege tider. Eg ville gå på museumsutstillingar som viser korleis inuittkulturen har vandra inn til Grønland, og korleis menneska på imponerande vis har tilpassa seg naturgrunnlaget.

Eg ville fortelje om då norrøne sjømenn fann vegen frå Island til denne landstripa på slutten 900-talet, og at Grønland etter kvart vart ein del av det såkalla Noregsveldet i høgmellomalderen, men at kontakten med desse busetjingane forsvann ein gong etter svartedauden midt på 1300-talet.

Og så skulle dotter mi sjølvsagt få høyre om alle dei koloniale utfordringane og all den urett europearane har gjort mot grønlendarane heilt sidan presten og harstadværingen Hans Egede sette sine føter her ein julidag i 1721. Ho skulle lære at Grønland framleis er ein del av kongeriket Danmark – trass i at landet vart avkolonisert i 1953, fekk heimestyre i 1979 og har hatt sjølvstyre sidan 2009.

Norske framstøytar

Og nei, eg skulle ikkje unngå å få fram at nordmenn også gjorde sine koloniale framstøytar på øya då dei okkuperte eit stykke land på 1930-talet – fordi dei meinte Noreg hadde større historisk rett til delar av austkysten enn danskane hadde.

Alt dette ville eg fortelje og forklare 16-åringen min – til kulissar av svære isfjell og blått polarljos.

Eg ville også ta ho med til Knud Rasmussens heimstad – Danmarks kanskje største helt – og fortelje om dei eventyrleg lange sledereisene hans, og den spennande utforskingshistoria til danskane. Og ikkje minst skulle eg vise staden Fridtjof Nansen kom til då han hadde kryssa innlandsisen i 1888. Ein skitur som snudde opp ned på Noregs tilhøve til polarområda. Frå då var ingenting meir naturleg enn at nordmenn skulle delta i det internasjonale kappløpet om dei kvite flekkane på globusen.

Ho skulle òg få høyre at Nansen kom for seint fram om hausten til å rekke siste båten heim. Det var jo trist etter ein så lang tur, men samstundes fekk han ein vinter han aldri kom til å gløyme – og som vart avgjerande for synet hans på inuittkulturen og tilhøva på Grønland.

Nansen såg den uretten europearane gjorde mot grønlendarane. Det sat så sterkt i han at han tala den norske polarimperialismen midt imot under grønlandssaka: «Landets retmæssige eiere er eskimoene; og deres interesser er det som skulde være de avgjørende.»

Stranda på Island

Men det kan vere langt mellom teori og pakkis, for å sitere ein gamal ishavsskipper. For sjølv om eg hadde planlagt reisa til minste detalj, under nesten to år med pandemi, heldt draumereisa på å havarere på grunn av eit innstilt fly. Me hadde lagt reisa via Island, slik at me òg skulle få med oss litt av Reykjaviks urbane kvalitetar og ein symjetur i byens varme kulpar.

Men, som eg prøvde å fortelje dotter mi då flyet vart forseinka på andre døgnet, det krev ofte stort tolmod å reise i polarområda. For å illustrere poenget siterte eg Nansen som sat fast i isen og skreiv at det ikkje var mykje anna han kunne gjere enn å smørje seg med «den salve som heder tålmodighed, en vare som enhver polarekspedition bør medføre store kvanta af».

Eg hadde ikkje smurt tjukt nok lag då eg forstod at Air Greenland ville sende oss attende via København, og at hovudstaden Nuuk kom til å forsvinne ut av reiseplanane våre. Dotter mi, derimot, såg ikkje mørkt på det. Ho var på tur. Ho var nøgd.

Og medan eg sat på ein sjømatrestaurant i Reykjavik og sutra litt over ekspedisjonen som var i ferd med å renne ut i sanden, koste ho seg med kval på tallerkenen og undra seg mest over korleis nokon oppriktig kunne meine det var gale å ete dette kjøtet samstundes som dei syntest det var greitt å ete ei ku.

Forventingar

Då me eit døgn seinare vitja Nordatlantens Brygge og Arktisk Institut i København i eit forsøk frå far på å oppnå turens læringsmål, innsåg eg at far og dotter hadde ulike forventingar til turen vår. Nett no var ho mest oppteken av å sjå og nyte storbyen København i vårsola.

Tilnærminga hennar smitta. Eg kjende det sjølv då me sat i flyplasshotellrestauranten ved Kastrup, mellom forretningsfolk og stranda passasjerar med matbongar frå flyselskapa. Me var på tur. Saman. Sjølv ikkje dei to solariumbrune karane ved sida av meg, som av alle verdas ting diskuterte det gamle danske kongeriket, la ein dempar på stemninga.

Rett nok var det berre eit strengt blikk frå dotter mi som hindra meg i å bryte inn i samtalen då han eine i fullt alvor argumenterte for at det hadde vore billegare å busetje Grønlands knappe 56.000 innbyggjarar i Danmark i staden for å sende nokre milliardar danske kroner den andre vegen.

«Hvilken mangel paa forstaaelse!» mumla eg, til nye strenge blikk, og tenkte på korleis Nansen kommenterte den allmenne oppfatninga av det grønlandske samfunnet.

Eit landskap i endring

Me gjer vendereis med hundane utan å ha hatt sjøis under sledemeiane. Me får vinden i ryggen og kan løyse litt på anorakkhetta.

Eg ser korleis dotter mi smiler her ho sit på sleden. Det varmar eit farshjarta, sjølv om det er 20 minusgrader og frisk vind.

Flemming stoppar hundespannet og peikar ut på ein isfri fjord. Det er heilt utruleg, seier han. Aldri på sine 23 år i Grønland har han sett Isfjorden open på denne årstida. Dei skjønar det ikkje heilt, folk her. Det har vore nokså kaldt i år.

Vasstemperaturen er heller ikkje unormalt høg, seier forskarane, men isen legg seg ikkje. Og samstundes ligg drivisen ute i havet og hindrar at forsyningsskipet kan kome til hamn i Ilulissat. Det har ikkje skjedd på fleire år.

Eg hadde sagt til Flemming at me ønskte å køyre på fjordisen. Det er jo der grønlendarane tradisjonelt har nytta hundespanna sine. Det er der dei har fangsta og fiska. Isen har vore ferdselsåra. Men i år er det altså umogleg, sjølv langt inne i fjorden. Sledeturen vår må difor gå i høgfjellet.

Det er også færre isfjell på fjorden, påpeikar Flemming. Ilulissat er verdskjend for den ufattelege mengda med is som flyt ut i havet. Isdrifta er så imponerande særeigen at landskapet har hamna på Unescos verdsarvliste. Men no har brefallet trekt seg mykje attende, og isflaka som kalvar, har vorte mindre. Då er det færre kjempefjell som strandar på grunn i fjordmunningen og skaper den vanlege korken av isfjell.

Utsynet frå dei stadig fleire hotella i Ilulissat blir kanskje ikkje så spektakulært som det har vore, undrar Flemming, og lurer på om investeringa på fleire milliardar til ny flyplass kjem for seint. Den lange rullebanen skal ta ned store flygemaskiner med turistar direkte frå København, men vil Ilulissat vere eit like hot turistmål om isen blir borte?

Den miljømedvitne dotter mi følgjer nøye med. I denne kulda er det kanskje vanskeleg å førestille seg at temperaturstiging er eit problem. Like fullt er det lett å forstå at manglande sjøis er ei stor utfordring for dei fastbuande. Fangsten og sjøisfisket som tidlegare gjekk føre seg på isen, må no gjerast frå båt. Det er ein av grunnane til at talet på hundespann fell dramatisk. For nokre år sidan var det 5000 grønlandshundar her i byen. I dag er det berre 1800 att.

Grønlandsk sledehund

Den komande helga er det kvalifisering til det grønlandske meisterskapet i sledehundkøyring. Det tek dei ikkje lett på her i Ilulissat. Me blir stadig tekne att av spann som er ute og trenar. Merksemda desse konkurransane har fått, har medverka til at fleire – også ungdommar – interesserer seg for sporten og tradisjonen.

For det ligg tvillaust mykje tradisjon i den grønlandske sledehunden. Og desse transportformene står sterkt i grønlandsk identitet. Det er difor gjort mange tiltak for å berge denne unike hunderasen, som berre i liten grad har blanda seg med andre hunderasar dei siste 2000 åra. Det er til dømes ikkje lov å ha andre hunderasar i dei områda der det tradisjonelt har vore sledehundkøyring. Det vil seie på austkysten og nord for polarsirkelen på vestkysten. Det er tilsvarande ikkje lov å halde denne hunderasen utanom desse områda.

Jakt frå hundespann har òg vore viktig i tradisjonell fangst – ikkje minst etter isbjørn. Hundane kunne spore opp bjørnen. Dei kunne jage han over isen, slik at han vart overoppheta. For kongen av Arktis er på ingen måte ein langdistanseløpar.

Bjørnejakt med hund

Den norske polarfararen Eivind Astrup har skrive målerisk om fangstmannen Akpallia. Korleis han køyrde etter bjørnen, før han lynraskt kutta over løkka på sleden som heldt trekkreimane til hundane samla. Med eitt vart viftespannet omskapt til ein flokk lause hundar som kringsette isbjørnen. Bjørnen skjøna då at det var nyttelaust å halde fram flukta, og gjekk heller til motåtak på dei glefsande hundane – medan Akpallia fann fram lansa for å stikke det farlege byttet til daude: «Frygt kjender ikke denne isørkenens kjække søn», skreiv Astrup, truleg utan å overdrive.

I dag er det ikkje isbjørnjakt hundekøyrarane som susar over vidda, trenar på. Men hundane og køyrestilen er i stor grad den same som Astrup møtte på Nord-Grønland på 1890-talet. Det er også dei same hundane og vifteforma som Roald Amundsen kom til Sørpolen med i 1911.

Denne måten å køyre hund på skil seg synleg frå den såkalla nomestilen, som du ser i til dømes Finnmarksløpet, der hundane spring to og to etter kvarandre. Grønlandshundane er også større, kraftigare og sterkare enn huskyane som oftast blir nytta i sledehundtevlingar.

Familien Norden

På veg inn gjennom Ilulissat sentrum møter me fleire ungar som er på veg ut med små hundespann. Eg ser korleis dotter mi snur seg og smiler. «Pappa», seier ho, etter at me har forlate Flemming og treffer nokre ungar som leikar utanfor idrettshallen, «det er ikkje slik her som eg hadde trudd. Me såg ein film på skulen, og der verka alt berre trist og vanskeleg for ungane på Grønland.»

Attende på hotellet møter eg ein blid kar frå Bergen. Ole Marius Støle er skodespelar og på turné med eit stykke som vart skrive i samband med at det i fjor var 300 år sidan Hans Egede kom til Grønland. Unge grønlandske, danske og norske skodespelarar skulle utfordre kvarandre på identitet, historie og familierelasjonar. Dei skulle gjennom eit røyndomsteater spørje om det er mogleg å snakke om ein familie på tvers av biologi, land og normer? Det hadde vorte eit spennande og utfordrande prosjekt, kunne initiativtakar Nanna B. Butters fortelje meg.

Det blir ein lang frukost med Nanna og Ole Marius. Me snakkar om grønlandsk identitet og tilhøvet til Danmark. Me snakkar om dei danske ungdommane som vart forbanna for at dei ikkje hadde lært nok om dansk grønlandshistorie og følte avmakt når dei skulle ta 300 års kolonihistorie på skuldrene sine.

Me snakkar om norske ungdommar som knapt veit noko om Grønland. Og me diskuterer om det er Danmark eller Noreg som må ta ansvar for Hans Egede. 300-årsjubileet gjekk i alle høve føre seg i det stille. Og det kjem ikkje berre av koronaepidemien. Me har mange spørsmål og få svar.

Så spør dei meg kvifor eg er på Grønland. Igjen kjem spørsmålet om dette eigentleg fyrst og fremst er ei gåve til far. No er eg ikkje lenger svar skuldig. Ja, seier eg utan å blunke. Ikkje fordi reisa har gått til Grønland. Men fordi eg har fått høve til å reise på tur saman med ein 16-åring.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I dag er det ikkje isbjørnjakt hundekøyrarane som susar over vidda, trenar på.

Det kan vere langt mellom teori og pakkis, for å sitere ein gamal ishavsskipper.

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis