JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Neste stopp: verdsrommet

ANDØYA: Satellittane i verdsrommet er vortne så viktige at vi knapt klarer oss utan. Den nye romhamna på Andøya skal tene pengar på romfart, men Forsvaret kan verte ein viktig kunde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Illustrasjonen viser korleis ei oppskyting av ein bererakett frå romhamna på Andøya vil kunne sjå ut.

Foto/illustrasjon: Trond Abrahamsen / Andøya Spaceport

20321
20240621

Andøya Spaceport

Andøya Spaceport AS er eigd av Andøya Space AS, som igjen er 90 prosent statleg eigd. Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig dei resterande 10 prosentane. Kongsberg Defence & Aerospace AS er heileigd av Kongsberg Gruppen, der staten eig 50 prosent.

Regjeringa gav i 2021 tilsegn om inntil 365 millionar kroner for å finansiere etableringa av ei romhamn.

Romhamna vart offisielt opna 2. november 2023.

Andøya Spaceport vil tilby infrastruktur og støttetenester til internasjonale leverandørar av satellittoppskyting.

Kjelder: Regjeringa, Andøya Spaceport m.fl.

Romverksemd

christiane@dagogtid.no

Dagen etter at SpaceX har gjort sitt fjerde forsøk på å sende opp den største raketten verda har sett, landar eg på Andenes flyplass på Andøya i Vesterålen.

Utsikta frå flyet har vorte meir spektakulær dess nærmare målet eg har komme. Knallblått hav, små øyar ramma inn av kvite strender, tynt busette grøne grassletter og djupgråe fjell med tindar, blanke tjern og kvite snøflekker. Frå høgda ser jorda ut som den planeten ho faktisk er. Vel nede på jorda vert det opplyst over høgtalaren at nasjonale reglar forbyr all fotografering på flyplassen.

Tryggingspolitikk er ikkje framandt for folk på Andøya. Heller ikkje verdsrommet. Eg har komme hit for å skrive om begge delar.

Vegen opp

På vegen har eg lese ei bok som skal vere ein Sunday Times-bestseljar, The Future of Geography av den britiske journalisten Tim Marshall. Boka er full av setningar som skrik etter å verte siterte. Som at vi menneske no er i ferd med å ta statane, selskapa, historia, politikken og konfliktane våre med opp i verdsrommet. Og at det kan revolusjonere livet nede på landejorda.

Vi lever i astropolitikktida, slår Marshall fast. Og for å forstå astropolitikk, må vi forstå geografien i verdsrommet. Den geografien startar på jorda, og det første vi må gjere, er å finne ein veg opp.

Og her er eg, altså, snart framme på staden der kronprins Haakon den 2. november i fjor offisielt opna den første romhamna i Noreg for oppskyting av små satellittar som skal gå i polar bane rundt jorda. Ja, ikkje berre den første i Noreg, men ein av dei første i Europa.

Andøya Spaceport, eller Andøya romhamn på norsk, er eit lite stykke romfartshistorie, vel å merke i norsk skala.

Tysk kunde

Som avtalt vert eg plukka opp på flyplassen, og saman med to medarbeidarar ved Andøya Spaceport fer eg av garde i ein svart fleirbruksbil for å sjå korleis ei romhamn ser ut.

Eg har på førehand fått høyre at ei romhamn kan samanliknast med ein flyplass. Andøya Spaceport byggjer oppskytingsrampar til bruk for bererakettar (altså rakettar som ber med seg nyttelast ut i rommet), produserte av andre selskap. Rakettselskapa gjer så avtalar med kundar som vil ha satellittane sine opp og i bane rundt jorda.

Per i dag har romhamna på Andøya spesialbygd éin oppskytingsrampe, som er tilpassa den 28 meter lange bereraketten Spectrum, utvikla av det tyske selskapet Isar Aerospace. Selskapet har eksklusiv rett til rampen i 20 år. Romhamna har kapasitet til å byggje totalt fire oppskytingsrampar til 30 oppskytingar i året.

Og bererakettar er så pass forskjellige at kvar oppskytingsrampe, eller pad, som dei kallar dei her (kortform av launch pad), må verte tilpassa den enkelte bereraketten.

Førebels er Isar Aerospace den einaste kunden, og derfor er denne eine oppskytingsrampen den einaste som i dag er ferdigbygd. Når det kjem fleire kundar, vil fleire oppskytingsrampar verte bygde. Men det tek tid å få kundar på plass, vert eg forklart. «Space tek tid», er omkvedet.

Romhamna ligg plassert ved ein nasjonal turistveg på Andøya.

Foto: Andøya Spaceport

I havgapet

Turen mot den første ferdigbygde oppskytingsrampen går langs ein nasjonal turistveg. Hadde eg vore her på ferie, kunne eg våga meg uti det turkisblåe vatnet for å bade, surfe eller dra på kvalsafari. Eller eg kunne gått til fots til Måtind og teke halsbrekkande fotografi, høgst eigna for publisering i sosiale medium.

Men der, midt i postkortet og heilt ute mot havet, ligg ein oppbygd grusplass med brakker, gjerde, stativ og sju sylinderforma tankar. Tankane er til drivstoff og vatn. Vatnet skal mellom anna kjøle ned og redusere vibrasjonen frå lyden under ei oppskyting. Lyden og vibrasjonen kan elles verte så kraftig at han kan skade nyttelasta om bord i bereraketten.

Oppskyting

Korleis vil ei oppskyting sjå ut? Sjølv har eg nyleg sett den imponerande store bereraketten Starship frå SpaceX skyte fart til rungande jubel frå eit publikum som følgjer hendinga på storskjerm i hovudkvarteret til selskapet i California – ei hending direktesend på ei rekkje nettstader verda over.

Vi høyrer ein djup dur og ser ei enorm kvitgrå sky som veks ut i stjerneform frå foten av raketten, med ei lysande oransje eldkule i midten. Så stig «stjerneskipet» med eit slep av eld og gass etter seg. Slepet vert stadig slankare dess høgare raketten stig, og kommentatoren informerer om at raketten fer raskare enn lyden.

Vil vi kunne sjå noko som liknar her på Andøya? Svaret eg får, er ja. Rakettoppskytingar ser ganske like ut. Bererakettane på Andøya Spaceport vil sjølvsagt vere langt mindre enn Starship. Derfor vil dei også fare oppover i raskare fart.

Biletet ilustrerer ein rakettoppskyting på Andøya. Bereraketten Spectrum er manipulert inn i biletet av selskapet Isar Aerospace.

Foto / Illustrasjon: Isar Aerospace

Risikosone

På den andre sida av bilvegen ligg ein bygning som kan minne om ein hangar. Her vil raketten verte førebudd og inspisert. Kontrollrommet er plassert tre kilometer unna.

Det vert klart for meg at det å bu nær ei romhamn, har ein pris. Dei som bur tettast på, i bygdene Nordmela og Nøss, vil definitivt kunne høyre oppskytinga. Og når ein bererakett skal skytast opp, vil det vere ei risikosone omkring på 2,3 kilometer. Vegen vil verte stengd i om lag ti timar.

Utskyting i 60 år

No er ikkje befolkninga på Andøya ukjend med rakettar. Den første vitskaplege raketten vart send opp frå øya i 1962. Sidan har det vorte sendt opp meir enn 1200 rakettar og ballongar få kilometer frå den nye oppskytingsrampen.

Den nye romhamna held altså fram ei over 60 år lang romverksemdshistorie på Andøya, men likevel vert ho omtala som historisk og viktig. Ikkje berre for Andøya, men for Noreg, Europa, Forsvaret og Nato. Kva er det som skil den nye verksemda frå den gamle?

Vel, alt frå type rakettar til storleiken på dei, målsetjinga med dei og marknaden for dei, er annleis.

Nytt behov

Siktemålet med oppskytingane frå Andøya hittil har ikkje vore å sende rakettar i bane kring jorda, det har rakettane heller ikkje hatt kapasitet til. Dei vert skotne opp, og dei kjem ned og landar i havet. Den tyngste av dei har vege sju tonn. Ei typisk målsetjing har vore å gjere målingar av nordlyset. Kundane er fleire, men Nasa (den amerikanske etaten for romverksemd) har sidan starten vore, og er framleis, den største.

Romhamna svarar på eit heilt anna behov: å få små satellittar i bane kring jorda.

Stadig fleire funksjonar nede på jorda vert styrte av satellittar i verdsrommet. Den teknologiske utviklinga har gjort satellittane mindre og turen til verdsrommet billegare. Det har oppstått ein flaskehals. Selskap vil ha satellittane sine opp og i bane, men må stå fleire år i kø for å få «rakettbillett».

Rakettane som skal skytast opp frå Andøya, vil kunne vere opp til 30 meter lange, ha ein diameter på 2,5 meter, vege kring 100 tonn og kunne ha med 1,5 tonn nyttelast.

Satellittane vil verte sende opp i polare banar, altså i banar som passerer begge polane på planeten, mellom 200 og 800 kilometer over jordoverflata. Vanlegast over 400 kilometer over oss, der til dømes den internasjonale romstasjonen (ISS) er plassert.

Kva skjer med bererakettane etter oppskyting? Dels vil dei verte brende opp i atmosfæren. Dels vil dei falle ned i havet.

Bererakettane som skal skytast opp frå Andøya, vil sende satellittar ut i polar og solsynkron bane kring jorda.

Illustrasjon: Trond Abrahamsen / Andøya Space

Nye aktørar

Romhamna på Andøya tek ein ørliten del i den privatiseringa og kommersialisering av romfarten som Elon Musk dei siste to tiåra har stått i spissen for med selskapet SpaceX.

Ikkje i den forstand at bererakettane som skal skytast opp frå romhamna, skal samanliknast med prestisjeprosjektet til Musk, raketten Starship, som er 120 meter høg og ni meter brei, og som kanskje ein gong vil bringe menneske til Mars.

Men i den forstand at romhamna er del av ein privat og kommersiell marknad i vekst. Her på romhamna kallar dei næringa for new space. Tidlegare var romfarten dominert av tunge statlege institusjonar. No ser gründerar potensial og pengar i næringa.

Eit døme på det er Isar Aerospace. Selskapet som skal skyte opp den første bereraketten frå Andøya romhamn, vart skipa for berre seks år sidan. Oppskytinga vert også den første nokon gong for Isar Aerospace – den første testoppskytinga av bereraketten Spectrum.

Bygging i fleire land

Er romhamna på Andøya den første i Europa? Det kjem an på kva definisjon ein nyttar.

Opp gjennom historia og fram til i dag har Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA skote opp rakettar i stor skala frå romstasjonen i Fransk Guyana i Sør-Amerika. Men enno er det ikkje skote opp satellittar i bane frå landejorda i eit europeisk land.

Andøya Spaceport omtalar seg sjølv som den første «operative» romhamna i Europa. Politikarar og media har gjerne nøgd seg med «den første romhamna i Europa». Men romhamna Esrange i Kiruna i Sverige vart titulert på same måte då ho vart opna i januar i fjor.

Uansett – Andøya Spaceport vil få fleire konkurrentar i tida som kjem. Næringsminister Cecilie Myrseth hadde rett då ho tidlegare i vår promoterte romhamna på Andøya overfor ESA og Ministerrådet i EU, og sa til NTB at EU hadde få alternativ. Men alternativa er på veg.

Om få år vil ein truleg kunne sende opp småsatellittar frå fleire romhamner som i dag er under utvikling i land som Sverige, Finland, Storbritannia og Portugal.

Og apropos definisjon, så sender russarane satellittar opp i polar bane i den europeiske delen av Russland.

Norsk territorium

Eit par dagar før eg tek turen til Andøya, møter eg sjefen for Andøya Space, som er morselskap for Andøya Spaceport.

– Lokasjon, lokasjon, lokasjon, svarar Ketil Olsen på spørsmålet om kva som gjer Andøya eigna for ei romhamn.

Andøya ligg langt nord, med tilgang på eit stort havområde, djupvasshamn, ein 2500 meter lang rullebane og fastlandssamband til Europa. Trafikken er lågare enn dei fleste andre stader i Europa, både i lufta og til havs.

– Viktigast er det at Andøya er ein fantastisk stad når ein skal skyte satellittar opp i polar bane. For når ein skyt opp raketten, vil raketten vere i bane rundt jorda før han passerer eit anna lands territorium. Frå den svenske basen Esrange i Kiruna vil dei måtte skyte over Noreg for å få satellittane i bane, seier han.

Ketil Olsen er sjef i Andøya Space-konsernet.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

– Andøya er ein fantastisk stad når ein skal skyte satellittar opp i polar bane.

Ketil Olsen, Andøya Space

Kritisk infrastruktur

Det kunne vore skrive mange artiklar om korleis satellittar får kvardagen vår til å fungere. Krigen i Ukraina har vist kor stor makt Musk har fått gjennom å kunne styre internettilgangen i landet via satellittnettverket Starlink.

Olsen, som har ein lang karriere i Forsvaret og Nato bak seg, seier at vi etter 24–48 timar utan kontakt med satellittar, ville stått utan heilt nødvendige tenester.

– Du vil ikkje kunne kjøpe mat, straumen forsvinn, vatnet ditt flyt ikkje i springen og trafikklysa verkar ikkje når tidssynkroniseringa vert borte, seier han.

Satellittar er vortne kritisk infrastruktur. Det er også høvet til å skyte dei opp.

Rustar opp i rommet

At Nato i 2021 etablerte eit eige romsenter, viser at verdsrommet har vorte stadig viktigare for oss, også i militær samanheng. I Forsvarsanalysen 2023, utarbeidd av Forsvarets forskingsinstitutt, vert rommet omtala som eit krigføringsdomene som norske militære sjefar manglar både kunnskap om og forståing for.

Og i den ferskaste trugsmålsvurderinga skriv E-tenesta at Beijing ser på verdsrommet som avgjerande i framtidige konfliktar, og at alle dei kinesiske romressursane kan unyttast til militære formål.

Både Kina og Russland har testa anti-satellitt-våpen mot eigne satellittar, med store mengder romsøppel som resultat. Russland gjorde dette så seint som i 2021.

Forsvarssamarbeid

Men kva har dette med romhamna på Andøya å gjere? Jo, alt i september i fjor signerte forsvarsminister Bjørn Arild Gram og dagleg leiar for Andøya Spaceport Ingun Berget ein intensjonsavtale om samarbeid.

«I en framtidig sikkerhetspolitisk krise eller væpnet konflikt kan satellitter bli utsatt for sabotasje og militære anslag. Ved bortfall av satellitter vil det være tidskritisk for Forsvarets og alliertes operative evne raskt å kunne plassere nye satellitter i bane for både å erstatte kapasiteter og supplere eksisterende kapasiteter», står det i avtalen.

Andøya Spaceport har også fått plass i den nye langtidsplanen for Forsvaret, der det står at romhamna er med på å gje Noreg nasjonale fortrinn og strategisk autonomi. Romhamna skal bidra til å understøtte behov i Forsvaret, i tillegg til bilateral og alliert romsatsing. Regjeringa skal på si side byggje opp tryggleiken kring romhamna, slik at dei når opp til militære tryggingskrav.

Totalberedskap

– Det å kunne erstatte satellittar raskt er beredskap, uansett om det er krise eller konflikt. På same måte som at vi skal kunne klare oss sjølve i sju dagar, seier Ingun Berget når eg treffer henne i eit moderne møterom på hovudkontoret til Andøya Space, i etasjen over det like moderne besøkssenteret Spaceship Aurora.

Det er ikkje berre militære åtak som kan skade satellittar. Det kan også solstormar eller romsøppel.

Ingun Berget, dagleg leiar i Andøya Spaceport, ved hovudkontoret til Andøya Space-konsernet.

– Går det sivile hand i hand med det militære her?

– Eg opplever det ikkje sånn. Eg har eit kommersielt mandat. Det teamet vårt kan levere, kan vi levere til Forsvaret, som kunde, men på same måte som vi ville gjort om det var Telenor. Alt ved vår lisensstruktur er sivil. Det er Luftfartstilsynet som fører tilsyn med oss, og vi har ingen militære mandat. Samtidig held vi dørene opne. Det er krig i Ukraina. Eg trur det sterke påtrykket vi opplever, heng saman med at den geopolitiske situasjonen er kraftig endra.

Statleg kapital

Andøya Spaceport AS er eigd av Andøya Space AS, som igjen er 90 prosent statleg eigd. Dei ti resterande prosentane er eigde av Kongsberg Defence & Aerospace AS, som igjen er heileigd av Kongsberg Gruppen, der staten eig 50 prosent.

Med eit slikt eigarskap vil det knapt overraske nokon at staten også har spytta kapital inn i prosjektet.

Ifølgje Olsen vil prislappen på romhamna, ferdig utbygd, komme på ca. 1,3 milliardar kroner. Stortinget har løyvd 367 budsjettkroner til prosjektet.

– For ei mellomstor bedrift med 250 millionar i omsetjing er det krevjande å skulle skaffe så mykje pengar, seier Olsen.

Inntektene har enno ikkje byrja å strøyme inn til romhamna. Men Næringsdepartementet vil etter kvart forvente avkasting.

Eg spør Berget kva ho tenkjer om den økonomiske risikoen i prosjektet. Ho seier at ingenting tyder på at marknadsestimata deira har vore feil. Oppskyting er framleis i dag ein avgrensa ressurs, som få land kan utføre på eige territorium.

– Vi har teke opp lån, og vi har fått inn andre investorar. Og vi er avhengige av at kundane våre også skal lukkast, så vi er jo sårbare. Men ein startar ikkje noko heilt nytt i Europa utan å ta ein viss risiko. Men definer risiko. Det er også ein stor vinst i den andre enden om vi lukkast.

Bereraketten Spectrum vil verte den første som skal skytast opp frå romhamna på Andøya.

Illustrasjon: Isar Aerospace

– Kvifor skal kundane velje Andøya framfor dei andre romhamnene som kjem på Shetland eller i Kiruna?

– Eg trur dei vil velje alle tre. Ikkje nødvendigvis til same tid, men det er mangel på oppskytingskapasitet. Det er ikkje slik at dersom éin lukkast, så mislukkast den andre. Vi ser at dei tre selskapa som byggjer rakettar og er lengst framme tidsmessig, har valt ulike romhamner. Det er heilt naturleg. Éin har valt Fransk Guyana, ein annan Shetland og ein tredje har valt oss. Eg synest ikkje lenger det er aktuelt å snakke om eit kappløp. Det handla meir om å komme i gang med å byggje, slik at ein kunne tiltrekkje seg rett kunde for eiga romhamn, seier Berget.

Ho håper, seier ho, at alle romhamnene vil lukkast, fordi det vil vere positivt for romindustrien i Europa.

Militært nærvær

Andøya-samfunnet har vore gjennom ein politisk styrt berg-og-dal-bane dei siste åra. I 2016 vedtok Stortinget, til sterke lokale protestar, å leggje ned Andøya flystasjon og flytte Luftforsvarets overvaking av militær maritim aktivitet til Evenes.

Men med rekordinvesteringar i Forsvaret vert det militære nærværet på Andøya trappa opp. Flystasjonen vert base for amerikanske og allierte styrkar, i tillegg til å verte hovudbase for langtrekkande dronar. Andøya Space Defence held fram med å teste våpensystem på romhamna, blant anna det norskproduserte Nasam-systemet, som er donert til Ukraina.

«Hysj-hysj-øya», vart Andøya kalla i ein artikkel i VG tidlegare i år. Kombinasjonen forsvar og romfart gjer Andøya til eit interessant mål for utanlandsk etterretning. På NRK Helgemorgon kunne vi nyleg høyre at PST har oppsøkt næringslivet på øya for å auke merksemda kring risikoen for spionasje.

Forsvarsmateriell og Forsvaret testa kampluftvernsystemet Nomad på Andøya i mai i år.

Foto: Forsvaret / NTB

Sårbart for spionasje

Andøya Space-konsernet står midt i denne trugsmålssituasjonen. Den øvste sjefen Ketil Olsen fortel om eit selskap som har vakse frå 100 tilsette i 2020 til 170 i dag. Dei har rekruttert lokalt, regionalt og nasjonalt, og den siste tida har dei rekruttert internasjonalt for å kunne hente inn kompetanse.

Olsen seier at Andøya Space heilt sidan oppstarten har hatt fokus på å tryggje selskapet. Han har tidlegare vore open om at selskapet ikkje tilset folk frå Russland eller Kina.

– Har selskapet opplevd trugsmål eller åtak av noko slag?

– Ingenting. Men vi ser at interessa er der. Vi har jo hatt fuglekikkarar som går rundt og tek bilete. Når vi ber om å få sjå dei, fordi dei er på vårt område, så har dei teke bilete av vindauge og dører og slikt. Men det er nok datastraumen som har størst interesse hos oss, og dermed er det cyberåtak som vil vere det mest utfordrande for kundane våre. Men det er klart – får ein ikkje skote opp rakettar, får ein heller ikkje data. Så alt heng saman.

– Eit lite steg

Den nye romhamna er eit lite ledd i eit større planskifte i Nato om å verte meir motstandsdyktig mot åtak i verdsrommet, meiner Jonas Vidhammer Berge, forskar ved Forsvarets høgskule.

Han understrekar samtidig at romhamna berre kan skyte opp små satellittar, som utgjer ein nisje innanfor romfarten. Å kunne bruke romhamna til militære formål vil også krevje tid og pengar, sidan det må byggjast ein ny oppskytingsrampe med spesifikke krav til tryggleik.

– I langtidsplanen for Forsvaret står det at verdsrommet skal verte prioritert. Det har teke tid å prioritere det i handling – ikkje berre i ord – men romhamna er eit lite steg.

Raketten Spectrum frå det tyske selskapet Isar Aerospace er 28 meter lang og kan bere nyttelast på eitt tonn.

Kappløp

Kan Noreg verte det første europeiske landet som skyt ein rakett med satellittar opp i bane kring jorda? Det er ikkje sikkert, men det er innanfor rekkjevidde.

For romhamna, kundane, Forsvaret og Nato har det kanskje ikkje så mykje å seie kva for ei romhamn som er først ute. Det er uansett opp til Isar Aerospace, som tidlegare har uttalt i media at hausten 2024 er eit sannsynleg tidspunkt. Ein talsperson opplyser no at selskapet er i den siste fasen med testar fram mot testoppskyting. Avhengig av resultata går det mot oppskyting «så snart om mogleg».

(Isar Aerospace har forresten etablert eit norsk dotterselskap på Andøya, med tidlegare forsvarsminister Odd Roger Enoksen som leiar. Nokon vil kanskje hugse at Enoksen gjekk frå leiarjobben i Andøya Space for å vere med i regjeringa.)

Alle eg er i kontakt med, understrekar at den første utskytinga er ein test. Eller ein test-launch, som proffane seier. Kva – konkret – kan gå gale?

Raketten kan hamne i havet og sleppe ut propan og oksygen. Men det har dei miljøplanar for, får eg høyre. Det kan skje ein eksplosjon, men risikosona skal vere tom for menneske. Alt er automatisert og gjennomregulert. Alle prosessar kan verte avbrotne og feil handterte.

– Vi er jo rimeleg sikre på at det kjem til å gå gale på eit tidspunkt, men vi legg på førehand til at vi er sikre på at det då vil gå gale på ein sikker måte, seier Olsen.

Berget seier det same, med litt andre ord.

– Det er mykje som skal testast og dermed kan gå gale, men ikkje det som har med tryggleik å gjere.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Jan H. Landro

Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

BokMeldingar
Johan Brox

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BokMeldingar
Odd W. Surén

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Regissør Ryusuke Hamaguchi vart inspirert av naturen der komponisten Eiko Ishibashi bur.

Foto: Neopa Inc. / Incline

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Kino utan film

Det går an å høyre musikken først og sjå filmen etterpå.

Ukrainske brannfolk sløkkjer brann i ein transformatorstasjon etter eit russisk åtak frå lufta over storbyen Kharkiv.

Foto: Yakiv Liashenko / AP / NTB

KrigSamfunn

Lyden av elektrisitet

Dei siste to månadene har Kyiv byrja høyrast ut som ein traktorfabrikk.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis