Nordmenn planta ein million tre på Island
– Kva gjer du når du går deg vill i ein skog på Island?
– Du reiser deg opp!
På veg gjennom Hallormsstadaskógur.
Foto: Harald Hognerud
Nøkkeltal
Årleg nyplanting:
Noreg: 47,5 millionar planter
Island: 6,2 millionar planter
Areal dekt med skog:
Noreg: 37,5 prosent
Island: 1,42 prosent
Årleg hogstkvantum:
Noreg: 12 millionar kubikkmeter
Island: 3600 kubikkmeter
Nøkkeltal
Årleg nyplanting:
Noreg: 47,5 millionar planter
Island: 6,2 millionar planter
Areal dekt med skog:
Noreg: 37,5 prosent
Island: 1,42 prosent
Årleg hogstkvantum:
Noreg: 12 millionar kubikkmeter
Island: 3600 kubikkmeter
ottar@dagogtid.no
Dette spøkefulle rådet dukkar ofte opp på Sagaøya. Denne septemberdagen er det den nyvalde islandske presidenten Halla Tómasdóttir som freistar å hjelpa dei villfarne. Ho gjer det med eit smil om munnen langt inne i den islandske nasjonalskogen på Thingvellir, men rådet duger ikkje lenger. No er mange av skogane på Island så høge at det hjelper ikkje å strekkja seg på tå for å få utsikt.
Plantinga av denne relativt nye skogen har mange nordmenn hjelpt til med, men i tidlegare tider gjorde forfedrane våre kort prosess. Då vikingane kom til landet på 800- og 900-talet, var kring 40 prosent av landet dekt av skog, men nordmennene trong trevirke til ved, hus, båtar, utvinning av malm med meir. Etter vel hundre år var store delar av skogen borte. Og det skapte problem, blant anna på grunn av erosjon og den stadig herjande vinden som sende jord både i aust og vest.
«Dei islandske venene kalla Harald Hope for «staurpresten», og slik omtalte han seg sjølv òg.»
Audunarstova
Men litt etter år 1000 gjorde Olav den heilage seg til vens med fleire islandske hovdingar, og islendingar fekk rett til vatn og skog i Noreg. Dei fekk hogga alt det tømmeret dei ønskte, går det fram av boka Frender feirer skogen, som den islandske forfattaren Óskar Gu∂mundsson gav ut tidlegare i år.
– Det norsk-islandske skogsamarbeidet er slett ikkje nytt. Det er nesten like gamalt som det islandske landnåmet, slår han fast, og viser til at tidleg i koloniseringa tok islendingar kontakt med gamlelandet for å få materialar til husbygging, og Harald Hårfagre gav ein av dei lov til å hogga i skogen til kongen.
Også på 1100- og 1200-talet henta islendingane tømmer i Noreg.
Då nordmannen Audun Torbergsson Raude vart biskop i Hólar på Island i 1310, hadde han med tømmer til eit tømmerhus, og det vart ståande heilt fram til 1810. For nokre år sidan fanst det nordmenn og islendingar som ivra for at Au∂unarstofa måtte byggjast opp att. Skogeigarar i Hardanger stilte trevirke til disposisjon, og tømmeret vart lafta på Rjukan med islandsk hjelp og sidan frakta til Hólar på Island og sett opp på det gamle bispesetet.
Skogfelt på Örlygsstadir.
Foto: Harald Hognerud
På 1700-talet vart det gjort forsøk på å dyrka og ta vare på skogen på Island, men så seint som på 1800-talet heldt skogøydelegginga fram, og bjørkeskogane krympa raskt. Opp gjennom historia har islendingane mykje godt måtta greia seg utan eigen skog, og mange har bygt seg hus av stein og torv. Det gjorde dei heilt fram til slutten av 1800-talet, då bølgjeblekk og betong byrja verta vanleg. På den tida fanst det norske forretningsmenn som importerte flotte norske trehus, omtalte som kataloghus, og nokre av dei finst framleis kringom på Island.
Det nye samarbeidet
Men ikkje berre menneska var årsak til at trea og skogen forsvann på Island. Kaldare klima, vulkanutbrot og andre naturkatastrofar må ta ein del av skulda. Men i nyare tid såg fleire nytten av meir skog.
I byrjinga av 1900-talet kom det ein planteskule på Akureyri, og det vert omtalt som eit viktig kapittel i skogdyrkinga. Den islandske ungdomslagsrørsla vart stimulert av den norske til både sjølvstende og jorddyrking. På reiser i Noreg vart islandske agronomar kjende med skogbruk, og trua på at det var mogleg å planta skog på Island, auka.
Då kronprins Olav overleverte Gustav Vigelands Snorre-monument på Reykholt i 1947, vart det planta tolv tre i det som vart kalla Olavslunden.
– Sannsynlegvis var det der ideen om utvekslingsreiser oppstod, skriv Gu∂mundsson i boka om skogen.
No skulle nordmenn koma til Island for å planta skog, medan islendingar kom til Noreg for å gjera det same. Og i 1949 tok det av. 30 medlemmer i ungdomslag i Troms reiste med fly til Island, og ei islandsk gruppe kom til Troms for å planta skog. Interessa blant islendingane var svært stor. 80 søkte om å få vera med, men det var berre plass til 30.
Tolv symbolske tre vart planta då Snorre-statuen vart avduka. Kronprins Olav planta dei første trea under Snorre-høgtida i 1947.
Foto frå boka Frender feirer skogen (2023)
Planta 70.000 tre
Sidan vart det arrangert mange utvekslingsturar. I år er det 75 år sidan den første turen fann stad, og i samband med det var det at Óskar Gu∂mundsson skreiv den store boka om skogplantinga og det gode norsk-islandske samarbeidet.
Grovt rekna var kring 1900 islendingar og nordmenn med på desse utvekslingsreisene, omtrent like mange frå begge landa. Men det var langt fleire som reiste mellom landa i tilknyting til utvekslingsreisene. Kvart land arrangerte 16 reiser mellom 1949 og 2000, og dei norske gruppene planta i snitt 70.000 planter på kvar reise.
Fram til 1982 vart det arrangert skogplantereiser kvart tredje år, og sidan kvart fjerde. Kvar gruppe hadde vanlegvis mellom 30 og 80 deltakarar. Til saman planta nordmennene over éin million tre i islandsk jord på desse reisene. Islendingane planta litt færre her i landet. På dei vel 50 åra deltok mellom 800 og 900 nordmenn i organisert skogreising kringom på Island. Av dette vart det mange fine kulturfelt og skogar – og mykje gild samrøre. Men på slutten av 1990-talet kunne ein merka minkande interesse for utvekslingsreisene, og i år 2000 reiste dei siste skogplantarane over havet.
Staurpresten
I gamle dagar var det mange sauer på Island, men no er den store flokken kraftig redusert – frå 800.000 vinterfora til om lag 400.000. Før var det vanleg med lammesteik eller lammelår til søndagsmiddagen, men det er ikkje like vanleg lenger. Dei unge islendingane har fått andre matvanar. Tidlegare kunne den uhemma sauebeitinga få alvorlege følgjer, og mange stader tok sauene fullstendig knekken på krattskogen.
I boka fortel Gu∂mundsson at nordmennene var overraska over kor verjelaus den islandske skogen var for overbeitande sau, og dei tykte synd på islendingane som ikkje hadde gjerdestaur. I 1952 var 60 nordmenn med på reisa til Island, og blant desse var sokneprest Harald Hope, opphavleg frå Lindås. Han vart så oppteken av skogreisinga på Island at han sette i gang med innsamling av gjerdestaur.
Mange skogbønder i bergensområdet engasjerte seg, og den første ladninga med 1400 staur vart send av garde i 1953. Men presten gav seg ikkje og vart ein kjærkomen gjest på Island. Og før kampanjen var over, var det sendt 22.000 gjerdestaur til Island. Dei islandske venene kalla Hope for «staurpresten», og slik omtalte han seg sjølv òg.
Den norske nasjonalgåva
I 1961 reiste kong Olav til Island. Med seg hadde han ei nasjonalgåve på éin million kroner frå det norske folket, og det var mykje pengar den gongen. I lukka møte hadde Stortinget gjort vedtak om gåva, som skulle brukast til å styrkja islandsk skogreising. I boka omtalar Gu∂mundsson denne gåva som høgdepunktet i førre hundreåret når det gjeld norsk støtte til islandsk skogreising. Gåva var meint som ein takk blant anna for Snorre Sturlasons kulturelle bidrag til norsk historie, men også for støtta til den norske 330-skvadronen, som heldt til på Island i ein periode under den andre verdskrigen.
Ein stor del av gåva vart brukt til å byggja opp ein skogforskingsstasjon på ein gamal, innkjøpt gard i Mogilsá sørom Reykjavík.
I 1967 innvigde kronprins Harald stasjonen og overleverte han til Skógræktarfélag Islands – til odel og eige. Oppgåvene har endra seg opp gjennom åra. No er tolv personar knytte til stasjonen, og i det siste har det vorte arbeidd med ein rapport om karbonbinding i islandske skogar.
Kong Olav vitja stasjonen i 1974 og kong Harald i 1992, og i boka slår Gu∂mundsson fast at det må vera rett å seia at det norske kongehuset har fostra skogplantingssamarbeidet mellom Noreg og Island.
Norsk hytte i skogen
I Noreg finst det nærare 10.000 islendingar; på Island berre vel 300 nordmenn. Men nordmennene har sitt eige lag på Sagaøya, Nordmannslaget. Lenge samarbeidde laget med skogreisingsrørsla om utvekslingsreisene. I 1950 fekk laget tildelt eit plantefelt i Hei∂mörk i nærleiken av Reykjavík. Dei første trea vart planta, og feltet fekk namnet Torgeirssta∂ir, etter den entusiastiske ambassadøren Torgeir Anderssen-Rysst frå Ålesund.
Takka vera han fekk Nordmannslaget ei tømmerhytte frå Målselv. Først vart ho stilt ut på Riksmessen i Tromsø i 1952 og sidan transportert til Island med polarskuta M/S «Nordsel». Det var etter at representantar frå Det norske Skogselskap og Foreningen Norden hadde organisert ein innsamlingsaksjon for hytta i Noreg. Blant gjevarane var skogeigarane Mathiesen frå Eidsvoll og Treschow frå Larvik. Hytta vart teken i bruk i 1954, og dei neste åra var det plante- og gjødselsdagar ved hytta på Torgrimssta∂ir. I 1991 vart ho øydelagd av brann, men hytta var viktig for nordmennene på Island, og i 2004 stod ny hytte klar.
Den nyvalde islandske presidenten Halla Tómasdóttir og ambassadør Cecilie Willoch planta bjørketre i Venskapsskogen på Thingvellir i samband med at det er 75 år sidan dei norsk-islandske utvekslingsreisene byrja. Og formannen i det islandske skogselskapet Jónatan Gardarsson var godt nøgd.
Foto: Ottar Fyllingsnes
Før fekk Reykjavík juletre frå Oslo, men det vart det slutt på for nokre år sidan. No har islendingane skog sjølv, og kvart år i slutten av november vert «Oslo-treet» felt i Hei∂mörk-skogen. Grana som vart felt for nokre dagar sidan, var ca. 45 år gamal og 13 meter høg.
Og 1. desember vart lysta tente på det som framleis vert omtalt som «Oslo-treet» – på Austurvöllur utanfor Lagtinget.
Planta bjørketre
I midten av september i år vart 75-årsjubileet for det norsk-islandske skogsamarbeidet feira på Island. Tre tidlegare fylkesskogsjefar tok turen over Nordsjøen for å delta. I mange år har dei arbeidd for å fremja norsk skog. Og medan skodda låg tjukk over fjord og land, køyrde følgjet nordover til Thingvellir og nasjonalparken. Undervegs oppmoda den skogkunnige guiden alle om å be både til Odin, Tor, Frigg og Frøya om at det måtte verta blå himmel, og det verka.
Under ein delvis blå himmel dukka den nyvalde islandske presidenten Halla Tómasdóttir opp for å planta eit bjørketre inne i Venskapsskogen. Det same gjorde den norske ambassadøren på Island, Cecilie Willoch, og i beste samarbeidsånd planta dei eit bjørketre i lag.
Saman med den islandske presidenten har fleire prominente gjester planta tre her tidlegare. I 1990 var dronning Elizabeth II av Storbritannia først ute, og sidan har statsoverhovud frå mange land sett spor etter seg i Venskapsskogen, som har vorte ein del av nasjonalparken på Thingvellir.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Khaleda Froagh er ein av dei fremste poetane i Afghanistan, med 16 utgjevingar attom seg.
Foto: Linda Bournane Engelberth
Språk som lyser
Trass i den drøymande rastløysa som pregar dikta, held dei også fast i noko.
Frå filmen til den cubanske regissøren Marcos Díaz Sosa.
Foto via IMDb
Kino i krisetid
HAVANNA: Straumstans, sensur og solide filmar er stabile faktorar på filmfestivalen i Havanna.
Teikning: May Linn Clement
«Det viser seg at dei andre ikkje er like svoltne som Knut.»
Francis Scott Fitzgerald (1896–1940) byrja skrive medan han utdanna seg i militæret, i redsle for å døy om han vart send i krigen. s
Foto: F. Scott Fitzgerald Archives / Wikimedia Common
Ulukkeleg i lukkeland
Romanen til F. Scott Fitzgerald er verkeleg ein klassikar, men plottet kan berre løysast med melodrama.
Foto: NTB