Og bakom syng skogane
Har dei ikkje skog på Island, sa du? Ha, då har du ikkje vore i Hallormstadaskógur.
Jau då, dei har skog på Island, og her står ein av Islands fire skogforvaltarar midt i tjukkaste Hallormstadaskógur. Thor Thorfinsson er utdanna på Steinkjer og har ei syster på Tynset.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Les også
I botnen av Stödvarfjörður meiner arkeologen Bjarni F. Einarsson å ha funne spor etter bygningar som blei sette opp lenge før Ingólfur Arnarson kom til Island i 874. Slikt kan rokke ved vedtekne sanningar.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Graving i fortida
Island rundt
Sommaren 2023 sette Hallgeir Opedal seg i leigebilen Bjartur for å køyre den 1332 kilometer lange Ringvegen rundt Island. Dette er vegrapporten hans.
Dag 4
Borgarfjördur–Egilsstadir–Hallormstadaskógur–Myvatn
326 kilometer

«Árni Johnsen er látinn». Både Morgunbladid og rikskringkastaren RÚV melder at den omstridde, men òg omtykte politikaren og trubaduren i går anda ut på ein helseheim på Vestmannaeyjar. Han blei 79 år.
Eg les det på telefonen der eg ligg i senga i det tidlegare fiskemottaket i Bakkagerdi inst i Borgarfjördur. Rommet er usedvanleg stilfullt innreidd med liggande, lys veggpanel, grå parkett og lubne dundyner pakka inn i kvit sateng. Kva vêr det er, veit eg ikkje, for det er berre takvindauge. Sol er det ikkje, men heller ikkje regn, så vidt eg kan sjå.
Eg har aldri før høyrt om Árni Johnsen, men forstår at han var eit lite stykke islandsk historie. Far hans arbeidde som eigedomsmeklar i Detroit då verdskrigen braut ut. Han blei mobilisert og send til Keflavík, der han trefte fråhaldskvinna Ingibjörg frå Vestmannaeyjar.
Noko skjedde dei imellom, for i mars 1944 fødde ho ein son. Då var amerikanaren Poul C. Kanelas på veg mot Normandie for å ta del i invasjonen som dei allierte planla. Han blei såra, og heimsend. I desember 1945 landa eit luftbrev på Vestmannaeyjar. Poul inviterte Ingibjörg og vesle Árni til å bu i Amerika, men invitasjonen kom for seint. Veka etter skulle Ingibjörg stå brud med ein fiskeskipper.
– Det var berre slik det var, slik var krigen, sa Árni Johnsen i eit portrettintervju med vekeavisa Dagbladid Vísir (DV) i 2018.
Han blei intervjua i samband med at han skulle gje ut samleplata Vid gluggan – «Ved vindauget».
Fyrst i vaksen alder trefte Árni far sin, men det blei med det eine møtet. Han vaks opp på Vestmannaeyjar, der mora dreiv blomebutikk heime i kjellaren. Sjølv utdanna han seg til lærar, før han fekk arbeid som journalist i Morgunbladid og sidan i kringkastaren RÚV. I 1983 blei han vald inn på Alltinget for det konservative Sjølvstendepartiet, og han sat i til saman tjue år og kjempa utrøytteleg for interessene til øyfolket. Han spelte gitar, gav ut fleire plater og skreiv vitsebøker. Árni Johnsen var svært avhalden.
Islendingane kler alt i bølgjeblekk. I Bakkagerdi har dei kledd heile kyrkja i metall .
At han sat i fengsel, er unemnt i desse fyrste, korte minneorda. Det passar seg vel ikkje no, berre timar etter at han er gått bort. Akkurat den biten finn eg på Wikipedia. Der står det òg at han var ein av få alltingspolitikarar som kjempa mot at homofile skulle få gifte seg og adoptere. I 1996 var han den einaste som røysta mot partnarskapslova, og det gjorde han omstridd i nokre krinsar.
Som alltingsmann blei han sett til å leie komiteen for oppussinga av nasjonalteatret og tinga mellom anna takrenner, membrandukar og kantstein. Avisa DV kunne sommaren 2001 avsløre at mykje byggemateriale hadde hamna heime hos han på Vestmannaeyjar. Ja, ulikt kom fram den sommaren, og han blei tiltalt for muting og misbruk av offentlege midlar og dømd til to år i fengsel.
Då Árni Johnsen slapp ut, ville han på ny inn i politikken, men politikarar som stiller til riksval, må ha vore ustraffa i fem år. Berre presidenten kan gje dispensasjon, og han var ikkje heilt viljug til det.
Då presidenten var utanlands, passa partikameratane i regjeringa på å gje han grid, og slik fekk Árni Johnsen stille til val i 2007. Han sat i to periodar, men var mykje fråverande. Ingen skulka så mykje som han, og han var fråverande under 810 voteringar i Alltinget.
Etter finanskrisa i 2008 med påfølgjande demonstrasjonar, den såkalla kasserollerevolusjonen, måtte til slutt Geir Haarde trekke seg som statsminister. Posten gjekk til den tidlegare flyvertinna Jóhanna Sigurdardóttir, som dermed blei verdas fyrste opne lesbiske regjeringssjef.
Det skapte meir oppstyr i utlandet enn på Island, og islendingane er ikkje så reint lite stolte av sine opne og liberale haldningar. Landet er kåra til verdas beste land å leve i for skeive. Sommaren 2009 skulle Alltinget votere over lova om likekjønna ekteskap. Han blei samrøystes vedteken. Kva med Árni Johnsen? Han var ein av sju som melde forfall.
På Facebook har Árni Johnsen skrive følgjande om seg sjølv:
«Livskunstnar med interesse for alt som har med landets og folkets ve og vel å gjere.»
Eg sprett ut av senga for å kome fyrst i dusjen, men dei er opptekne alle saman, sjølvsagt, og eg ventar i gangen. Etter nokre minutt opnar ei dør seg, og ei kvinne tøflar ut i crocs og handkle, håret er grått og vått, og eg seier høgt og blidt god morgon. Ho mumlar tilbake.
Det er noko eg har merka meg på desse overnattingsstadene. Folk vil vere i fred og snakkar lågt til kvarandre. Altså, unormalt lågt. På felleskjøkenet i går var det fleire par, og dei kunne ha snakka med vanleg innerøyst utan å sjenere nokon, men nei, dei kviskra til kvarandre, som om dei ikkje ville at nokon skulle høyre kva dei sa.
Eg prøvde å innleie ein samtale, men forsøka fall på steingrunn, og eg kjende meg som ein selskapssjuk, logrande fuglehund som ingen brydde seg med å klappe. Det er utlendingar, dette, islandske turistar har eg enno ikkje treft. Dei er vel på jobb.
Døra til restauranten er låst. Merkeleg. Var det ikkje her dei skulle servere frukost? Eg ser meg ikring, og der oppe står ein franskmann og puffar på ein e-sigarett. Kvifor veit eg at han er fransk? Fordi han ser slik ut.
– Veit du kor tid dei serverer frukost?
– Dei opnar klokka åtte, svarar han på engelsk med fransk aksent.
Eg visste det. Det er ti minutt att. Vêret er skya, men regn er det ikkje. I staden for å vente framfor døra ruslar eg ein tur gjennom Bakkager¿i. Det er stille, berre suset frå elvar og hav, måseskrik og hamring. To karar legg bølgjeblekk på eit uthus. Dei fleste husa her er kledde i bølgjeblekk, til og med kyrkja. Eg spør nokre karar kva bølgjeblekk er på islandsk. Ein av dei skriv det ned på telefonen min: bárujárn.
Det seiest at Island har bidrege med to ting til arkitekturhistoria. Det eine er torvhus, og det andre er bølgjeblekkhus. Då landnåmsmennene kom til Island, var 30–40 prosent av landet dekt med skog, men det var meir kratt og småskog, som eigna seg til brensle, ikkje husbygging. Til det nytta dei stein, torv og drivtømmer, og for å sleppe lys inn, laga dei til gluggar kledde med magesekker og fosterhinner. Torvhusa isolerte godt, men lak og kravde stendig vedlikehald. Alt i mellomalderen blei tømmer importert, men det var berre dei privilegerte som fekk trø på høvla tregolv.
Bárujárn er ikkje ei islandsk oppfinning, ho var engelsk, men i ingen andre land har dei sett så synleg avtrykk. Frå England spreidde bølgjeblekk seg til prærien i USA, til tropiske øyar i Karibia, til britiske koloniar i Afrika, til India, Sri Lanka og Hongkong, og især til Australia og New Zealand. Bølgjeblekk kom òg til Skandinavia, og blei i stort nytta som tak, til uthus, naust, stølshus og løer. Men skiferstein og bordkledning i tre var gjævare og fanst i overflod. Ikkje så på Island.
Bølgjeblekk var som skapt for Island, der det regnar frå alle kantar. Platene var enkle å transportere i eit veglaust land. Bølgjeforma gjev materialet styrke, og skaper samstundes isolasjon og lufting. Husa er nærast vedlikehaldsfrie.
Ein av dei fyrste som kledde huset sitt med bølgjeblekk, var tømraren og kjøpmannen Végardur Breidfjördur i Reykjavík. Han summerte sjølv opp røynslene i 1897:
– Det er ingen tvil om at det kjekkaste, mest haldbare og beste byggematerialet vi nokosinne har motteke her på Island, er bárujárn.
Byggeskikken spreidde seg raskt over heile landet, og Island blei storimportør av bølgjeblekk. Vakkert var det kan hende ikkje, men praktisk, og islendingen vel alltid det praktiske. På 30-talet tok betongen over, og importen av sement eksploderte. I 1947 vedtok Alltinget å bygge ein sementfabrikk, og sommaren 1958 opna Statens sementfabrikk på Akranes. Men på 1970-talet fekk bølgjeblekk ein renessanse, og framleis blir nybygde hus kledde i blekkplater av ulike legeringar med stål, sink, magnesium og aluminium, forutan eksklusiv kopar. Ja, det var no litt om bølgjeblekk.
Igjen køyrer eg over viddene, men det er eit heilt anna land enn dei dystre, aude tåkeviddene eg opplevde i går. Sola strålar gjennom skydekket, og eg blir i så godt humør, som blir styrkt av tanken på at eg kan få meg ein skogstur i dag.
Før eg reiste til Island, blei eg invitert til den islandske ambassaden i Oslo, og dei møtte mannsterke opp. Ambassadøren Högni himself, og så var det Eva og Karí, og eg kunne fyre laus med spørsmål, og eitt av dei var om skog. Er det skog på Island? Då viste det seg at far til Karí var dotter av den pensjonerte skogsjefen på Island, og det er klart at ein ikkje blir skogsjef utan skog. Dei djupaste skogane på Island ligg ein stad innanfor knutepunktet Egilsstadir.
Eg parkerer Bjartur utanfor turistkontoret og går inn til det som òg er resepsjonen for bubilcampen på staden. Jenta i luka skjøner fyrst ikkje kva eg vil, men etter ein del fram og tilbake tastar ho på datamaskina og tek opp telefonen. Ho snakkar med nokon, legg på, tek ein ny telefon, lysnar opp og rekker meg telefonen.
På det viset kjem eg i kontakt med Tór Torfinnsson, som arbeider for Skógræktin som svarar til det norske Statskog. Han held til ein tjue minutts køyretur unna, eg kan berre kome, seier han. Og ein bonus. Han utdanna seg til skogteknikar på Steinkjer og har ei syster på Tynset. Noreg er hans andre heimland. Han snakkar eit presist, normert bokmål. Og slik har det seg at eg køyrer to mil mot sør langs innsjøen Lögurinn og inn i Hallormsstadaskógur, der eg snart ikkje ser skogen for berre bjørk, gran, furu, rogn, or, osp…
– Så du møtte Karí på ambassaden, spør Tór Torfinnsson der han tek imot i dei lyse kontora. Utanfor nokre drivhus, skogsus og intens fuglesong.
– Ho er oppvaksen her i skogen. Før far hennar blei skogsjef, jobba han her i same stilling som eg har. Altså, kva heiter det – skogforvaltar? Vi er fire skogforvaltarar på Island, ein i nord, ein i sør, ein i vest og så er eg her i aust.
– Nettopp. Det seiest at då Ingólfur Arnarson og dei kom hit, var store delar Island dekt av skog?
– Ja, same bjørk som veks i Nord-Noreg. Heile denne dalen var nok dekt av bjørkeskog i si tid.
– Og så blei han hogd ned til brensle?
– Ja. Noko blei brukt til takkonstruksjonar i torvhusa, men i stort til varme, matlaging og utvinning av jarn. Dei hogde skogen ned for å overleve. Og etter kvart blei det mykje sau som beita hardt.
Det var rundt 1900 dei byrja med skogplanting rundt Hallormsstadur, fortel Tór.
– I 1902 kom ein skogmann frå Danmark hit. Han heitte Christian E. Flensborg og var send ut av landsstyret for å finne eigna område til planting av utanlandske treslag. Då var det restar av bjørkeskog her. Han fekk løyve til å gjerde inn to hektar, og frø av ulike treslag blei sende frå Danmark.
– Korleis gjekk det?
– Så som så. Han kjende ikkje til oppfrost eller tele og hadde i byrjinga problem med å produsere planter. Han prøvde 15–20 treslag, og dei færraste overlevde. På den tida var dei ikkje opptekne av kor frøa kom frå. Han hadde ikkje kjennskap til at det var skilnad på frø frå Danmark og nordlege delar av Skandinavia, og etter 15–20 år gav dei nesten opp. I staden for å introdusere nye artar vedtok dei rundt 1920 å frede den islandske bjørkeskogen.
Men så, i 1933, fekk dei tilsendt ein pose med lerkefrø frå Russland.
– Sibirsk lerk. Det gjekk bra, og det er ei av årsakene til at dei valde å starte opp att med skogplanting. Men så kom krigen, og tilgangen på frø blei vanskeleg. Så fyrst på 50-talet byrja dei for alvor, med mykje lerk, men etter kvart norsk furu og gran. Sidan blei det sendt folk til Alaska og Canada for å samle frø frå mellom anna sitkagran og contortafuru. Dei byrja å teste ut ulike proveniensar, som det heiter.
Proveniens er latin og tyder opphav. Treslag vil over tid tilpasse seg lokale forhold, som temperatur, nedbør og årstidsvariasjonar. Dei utviklar sin eigen proveniens eller lokalrase.
– Etter kvart fann vi ut at dei treslaga som er best eigna på Island, kjem frå Alaska, Britisk Columbia, Russland og nordlege delar av Skandinavia.
Målsettinga med skogplanting er blanda. Det er for å produsere tømmer, for rekreasjon og for å stanse erosjon.
– Eit av dei største miljøproblema på Island har vore erosjon. I høglandet spesielt, det er sand og stein der det i si tid var vegetasjon. Bjørk og salis-artar.
– Salis?
– Vier. Ja, og så driv nokre med juletreproduksjon. I nyare tid plantar vi skog for å binde karbon, altså eit klimatiltak. Island har forplikta seg til å vere karbonnøytral innan 2040. Så no plantar vi ein stad mellom seks og sju millionar tre kvart år.
Det er planting i statsskogane, men også mange bønder har starta skogplanting på eigedomane sine.
– Bønder får dekt 97 prosent av kostnadene ved skogplanting av staten. Alt frå markbrøyting, inngjerding, planting og skogpleie.
– Så om hundre år er heile Island dekt av skog?
– Nei, og det er heller ikkje målet. Men vi har forplikta oss til å auke skogarealet i samband med Parisavtalen.
I dag er halvannan prosent av Island dekt av skog, og i Hallormssta¿ur har dei no prøvd åtti ulike treslag.
– Tre og busker. I dag er det berre fire treslag vi plantar i stor skala: lerk, sitkagran, contortafuru og dei siste åra mykje islandsk bjørk. Ho blir ikkje høg eller gamal og bind heller ikkje mykje karbon, men ho frør seg sjølv.
– Det går av seg sjølv?
– Ja, og så ser vi at ettersom det har blitt færre sauer på Island, så aukar bjørkearealet. Så bjørka er her, men blir eten opp av sauene.
– Kor mykje er sauebestanden redusert?
– Det veit eg ikkje, seier Tór og roper til ein kollega som må sitje ein eller annan stad i kontorlokalet.
Ho veit heller ikkje, men kastar seg over telefonen, og snart etter står ho der og seier noko på islandsk.
– Ho fortel at i fjor var det fyrste gong at det var færre sauer enn folk på Island. For 30 år sidan var det opp mot éin million sauer, mens det no er rundt 380.000 menneske og 360.000 sauer.
– Kvifor er det blitt så få sauer?
– Nei, det er vel ulike årsaker. Før åt vi berre lammekjøt og fisk. No vil folk ha pasta og kylling.
Tór vil ein tur i skogen, og det er ikkje meg imot, så vi går ut. Sola skin, fuglane kvitrar, skogen susar og Tór peiker og fortel.
– Her inne i det vi kallar arboretet, veit vi nøyaktig kva år alle trea er planta, og kor frøa kjem frå. Der er ei hengebjørk frå Noreg planta i 1960, seier han og peiker. Der er nokre lerketre frå Sibir, der islandsk bjørk, norsk gran, islandsk rogn, der gullvier, osp, fjelledelgran, einer, og der ei contortafuru frå Britisk Columbia og ei brakelikande furu frå Alaska. Og snart kjem vi til ein liten lund med ein minnestein: «Året 1905 planta Christian E. Flensborg her i landet det fyrste grantreet i Hallormssta¿ur.»
Det er berre nokre få tre igjen frå hans tid. Ein, to, tre, ja, fire.
Med skogen er det òg kome nye fuglar til Island, og mellom dei er glókollur, eller fuglekonge.
– Du høyrer han, men ser han nesten ikkje. Han sit berre nokre sekund i ro, før han flyg vidare. Og så…
Brått ringer mobiltelefonen til Tór, han tek han, og eg høyrer av tonefallet at den samtalen kom uventa, men etter nokre ytringar i overrasking og rådville, humrar han. Han legg på og fortel at han heilt hadde gløymt at han hadde avtalt omvising med ei gruppe pensjonistar frå Nord-Island, og vi hastar tilbake på skogsstiane, kjem inn på ein grusveg, og imot kjem eit tjuetal tilårskomne islendingar sigande med gåstavar, godt fottøy og, vil eg tru – forventingar. Det er ikkje kvar dag islendingar kan søkje skogens ro.
Nei, no er eg i god flyt, tenker eg, mens eg køyrer gjennom Hallormsstadaskógur og tilbake mot Egilsstadir. Fyrst arkeologen i går, og så skogvaktaren i dag. Nei, no er du god, Opedal, dette er fyrsteklasses journalistikk. Uventa og lærerikt.
No skal eg innover i landet, og målet er Myvatn. «Myggvatn» på norsk. At det gjekk så dårleg med sauebuskapen, visste eg ikkje, og dette tenker eg på, og tanken følgjer meg kilometer etter kilometer, innover landet, oppover landet, langs elvar som har grave seg ned i tronge gjel, og eg ser sauer overalt, og til sist stansar eg ved ein gard som ligg langs vegen. Sauefjøsen er til nedfalls. Kvitmålinga på murveggene flassar, dørene er grå av sol og vind, bølgjeblekktaket har ein gong vore grønt, men der òg har målinga skala av. Ein rusta traktorhengar og fleire sekker med det som må vere kunstgjødsel, står på gardsplassen. Nokre skitne sauer brekar i ei gjørmete innhegning. I lia ovanfor er det fleire sauer, men det er ikkje mykje mat, ser det ut som. Fjorårsgraset er vinterbrunt og turt. Er her ingen folk?
Jo, der bak husa kjem ein firehjuling i full fart. Har han sett meg? Han har sett meg, og kjem imot over grusen, han bråbremsar. Er han sint?
– Hei, seier eg.
– Halló!
Ein islandsk sauebonde som eg hadde ein lang og god prat med. Utan å skjøne noko som helst.
Han har raudblondt ullhår, briller med fargeskiftande glas og ein mørkeblå kjeledress frå Landstolpi, som er eit slags felleskjøp. Glidelåsen er dregen raust ned og blottar ei raudleta brystkasse. Sur er han ikkje, tvert om skrevar han av firehjulingen og rekker handa blidt fram. Engelsk snakkar han ikkje, heller ikkje dansk, berre islandsk, og då kan eg like gjerne snakke norsk, og etter at han har tent seg ein sigarett, byrjar vi ein goddag-mann-økseskaft-samtale, og innimellom ler han hjarteleg, som når eg peiker på han og seier Bjartur i Sumarhus. Då knekk han i knea. Mot slutten set eg mobilen i opptak, og halvtanna minutt har eg fått omsett, og det går om lag som dette:
– Kor mange sauer har du?
– Ja, ei av elvane er kalla Strákur. Nei, vent litt, kva heiter ho? Det er… det er… Vinogir, trur eg, ja.
– Ja?
– Dotter mi, eller eigentleg er ho ikkje mi dotter, men ho gjer det same som du.
– Og dei andre sauene er reiste til fjells?
– Ho er her ikkje. Ho har flytta. Lenger ned i dalen.
– Er du heilt ferdig med lamminga?
Eg peiker i retning fjøsen.
– Han er ny, ja. Eg har tre firehjulingar. Dei to andre har eg andre stader. Dei er langt unna. Det er ikkje lett å kome dit no.
– To?
– To, ja. Svona er detta, seier han, og det vert uttala såna er detta.
– Sånn er det, seier eg.
Ja, det var no berre ein prat.
Vegen går igjen over vidder med myrar, lyng og kjerr, men så turkar det inn og er som ein kupert amerikansk ørken, men så tek også det slutt, for snart er det berre svart, grov sand, og eg kjenner lukta av svovel. Ute til høgre ser eg ein parkeringsplass, og den er full av bilar, og eg svingar av. Damp stig opp av marka. Hverir heiter plassen, det tyder varme kjelder og skal uttalast kværir.
Det kokar i vatn og gjørme, det freser og kveser, og hadde eg vore åleine her, ville eg vore engsteleg, men folk ruslar sutlause rundt dei ulike oppkomene, som er gjerda inn med tau. Eg gjer som dei hine, tek bilete og sjølvisar.
På veg tilbake til bilen er det ein som pikkar meg på skuldra. Bevare meg, det er ein av italienarane som eg trefte på bilutleigefirmaet i Keflavík. Han kjende meg att på skinnjakka, seier han, og fortel noko på italiensk til kona. Ho ler.
– Eg fortalde ho kva du sa då vi venta i timevis på leigebilane.
– Kva sa eg?
– Dette er akkurat som i Italia, sa du.
Eg helser på henne, og saman går vi til bilen dei har leigd. Han hadde bestilt bil å overnatte i, og fekk ei stasjonsvogn med skumgummimadrass. Det har vore så som så, seier han, men billeg.
– Kor skal du bu i natt?
– Eg anar ikkje, seier eg, men rundt Myvatn.
Hverir, heiter staden, og her boblar og kokar det i vatn og gjørme.
Det er ikkje lett å finne overnatting ved Myvatn. Det er eit populært rekreasjonsområde året gjennom. Om vinteren kjem islendingar hit for å gå på ski, og om somrane blir det næringsrike vatnet invadert av fleire tusen trekkfuglar, og så er det dette vulkanske landskapet. Eg sjekkar på telefonen, alt fullt. Må eg ligge i telt? Det er utrygt for regn, og det blæs, og det freistar ikkje, og så er det all myggen, og sjølv om han ikkje stikk, er dei sjenerande mange, og kva skjer når vinden løyar? Nei eg må kome meg innomhus, og køyrer til næraste pensjonat. Og for ein flaks, for det viser seg at Eldá Guesthouse akkurat har fått ei avtinging.
Dei har trådlaust nettverk på Eldá Guesthouse, og mens eg sit på rommet og et fish & chips, ser eg nyhenda på RÚV. Dei har eit langt innslag om Árni Johnsen. Når eg har sett ferdig, leitar eg opp musikken hans på Spotify. Øvst på lista ligg plata hans Vid gluggann. Fyrste song er eit tonesett dikt av Halldór Kiljan Laxness:
«Bláfjólu má í birkiskógnum líta, blessad sé nordurhvelid sem mig ól», syng Árni Johnsen, som på norsk tyder noko slikt som: «Blåklokka kan sjåast i bjørkeskogen, velsigna vere den nordlege halvkula som fødde meg.» Eg får hakeslepp når eg ser kva songen heiter:
«Hallormsstadaskógur».
Kvil i fred, Árni.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.