Torvtak – gamal skikk på kunstig underlag
Torvtak har vi kanskje hatt så lenge vi har bygt hus her i landet. Mange vil framleis ha jord på taket, også på nye hus. Men nye torvtak i dag har som regel hoppa over mykje av den tradisjonelle skikken.
Skissa viser opplegget for torvtak med papp og grunnmursplast som vasstette lag på eit sperretak. Torvhald oppe i taket manglar.
Alle illustrasjonane: Erik Solheim.
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Det som heldt torvtak tette før, var bjørkenever under jorda. Jorda var der for å halde nevra på plass. I dag er det mest grunnmursplast som held væta ute. På eldre bygningar er dette eit framandt stoff, og det er grunn til å spørje om ikkje eit anna tak, til dømes av tre, er like rett, i det minste like ærleg.
Men torv har sine ettertrakta sider. Det ser tiltalande ut på eldre bygningar, og snøen isolerer om vinteren. Eit problem er at taket kan bli for tett – mot damp innanfrå. Nevertak «pustar». Dersom fukt – som alltid går frå det varme til det kalde – ikkje slepper ut, kan dei berande delane ta skade. Lufta inne i tette hus vert lett dårleg. Stabbur med plast under torva, i staden for never, har vist seg ubrukelege til å henge kjøt i, nettopp fordi fuktig luft vert innestengd. Ein mellomveg er kanskje å leggje plast på dei nedre delane av taket, dei er mest utsette, og å tekke med never opp mot mønet.
Å legge torvtak var eit arbeid for mange. Dei med lang røynsle og best innsikt tok seg av dei viktigaste oppgåvene. Å legge nevra rett kjem ikkje av kunnskap som lèt seg lære frå ei bok. Legginga må inn i hendene, ikkje berre i hovudet. Måten å gjere det på veksla. Klimaet på staden var éin grunn til variasjonen, tilgangen på never og torv ein annan. Å kjøpe never var dyrt, også før i tida. Fotografi viser at i mange distrikt, også med lauvskogsdominans, må det ha vore vanskeleg å finne never fordi det var lite bjørk igjen utover på 1800-talet. I Jølster skal ein mann ha hevda at han ville fått tett tak sjølv om nevra ikkje var større enn spelkort.
Autentisitet
Eit ord i det antikvariske språket er autentisitet. Det handlar om kor ekte bygningen eller restaureringsarbeidet er. Det som er mogeleg med plastikk under torva, er å ta vare på den visuelle autentisiteten. For den er det som vi ikkje ser, mindre vesentleg. Både kantane og undersida av eit restaurert torvtak er synlege. Dersom det er kjent korleis det ekte torvtaket var, er oppskrifta å kopiere det. Om ikkje, er rettesnora det som var vanleg i området.
Troet – det som ber det tekkande – kunne i uthus vere meir eller mindre tiløksa troer, det vil seie tynne trestammar. I hus for folk var ukanta bord vanleg til tro. Dei låg gjerne med rettsida ned. Mellom dei var det råd å stikke ned nokre nevrer som krulla seg rundt bordkanten og hjelpte mot sig i taket. Tett tro av pløgde bord vert eit framandarta avvik. Troet trong ikkje vere material av høg kvalitet; på mange tak ligg slikt som har vore brukt før. Tjukna kunne godt variere under bjørkenever. Plastikk toler ikkje kvasse brot. Over sprekkene mellom borda kan vi feste never, gjerne slik som er brukt før, for å skjule kunststoffet over. Det er vanleg å legge takpapp på troet for å halde huset tett til neste steg og for å ha dobbel sikring mot lekkasje.
Den mest krevjande delen er ufsa – den nedre kanten. Nevra skulle ikkje leie vatn inn mot treverket, og her skulle dei feste torvhaldet, som heldt taket på plass. I denne teksten vert omtalen avgrensa til ein av fleire måtar å gjere arbeidet på. Om torvhaldsstokken skal kvile på torvhaldskrokar av einer, skal dei vere festa på kvar sperre og med tre store og høveleg tjukke nevrer – jamne og ikkje stive – under. Kvitsida – yta på nevra – og ein av skjerekantane ligg ned. Ved å feste dei to endekrokane på ufsa, og strekkje ei snor mellom dei, er det lett å få dei andre på linje. I torvhaldsstokken må vi då hogge ut her og der, slik at han ligg støtt mot alle krokane. Plasseringa skal vere slik at den nedre kanten ligg om lag loddrett over den nedre kanten på troet. Ein vanleg skikk er at dei tre nevrene stikk så langt ut frå troet at peikefingeren rekk til troet når nevra ligg i tommelgropa. Nokre legg den øvste nevra lengst ut, andre omvendt. Etterpå er det å fylle ut med never, også her tre lag, mellom dei som ligg under torvhaldskrokane. Heile laget bør krulle seg jamt langs ufsa.
Torvhaldet
Første rasta av plastikk, ein meter brei, kan ligge halvvegs ned under torvhaldsstokken, og med never oppå. På torvhaldskrokane må det ligge noko som held dei tørre. Plast har mindre friksjon mot troet enn never, og det er lurt å legge eit eller to mindre torvhald oppe i taket, festa med stålkrokar i nedre kanten av neste rast med grunnmursplast. Då vert også taket liggande når det blir naudsynt å skifte torvhaldet. Ute på vindskiene er ei vanleg oppskrift å legge tre–fire lag med heller stiv never, rundt to tommar utom kanten, to ledd på langfingeren. Vatnet renn då inn på taket, og eit par lag never oppå hindrar at sollys skader plasten. Nokre stader går tradisjonen ut på at det undre laget skal ha kvitsida opp, men det finst døme i regnvåte strok på at med det vert vindskia våt. Det går om lag tre kilo never for kvar lengdemeter på ufsa og vindskiene. På torva, eller direkte på nevra, langs vindskiene ligg der flate steinar, hogne saman slik at dei vert liggande støtt kant i kant.
Tettvaksen, feit alved av fure gjev varige torvhaldsstokkar. Om dei er skorne på sag, tek dei seg minst like godt ut om dei synlege overflatene vert øksa. Med 5” x 5” som utgangspunkt vert dimensjonen høveleg etter at litt er hogge vekk.
Einerkrokar bør vi hogge midtvinters, etter ein del frost, særleg om vi må ta til takke med slike som har lite alved. Dei er sterkast når vi høgg dei slik at den delen som skal ligge oppover taket, er nedanfor greina på treet. Det er mest gjennomgåande fibrar under greina, og slik vert kroken sterkare enn om vi gjer det motsett. Med torvhald oppe i taket kan det likevel gå greitt om ein og annan krok er hoggen feil.
Torva
Kva slags jord dei la på taka, varierte med tilgangen. Men nevra varte lengst under sur og næringsfattig torv. Det er rimeleg, for i slik jord er aktiviteten av mikroorganismar låg. Det kunne ligge mose eller råhumus på nevra under tyngre masse, eit grep som dreg i same retning. Gamal, næringsfattig beitemark har vore nytta. Planterøtene held denne torva saman, så ho er enkel å handtere. Næringsrik eng bør ein vike unna; det same gjeld reint organisk jord – myrtorv – som stadig vil minke når det kjem luft til. Berre i nedbørrike strok med kjølige somrar kan slik torv vare.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Jølster skal ein mann ha hevda at han ville
fått tett tak sjølv om nevra ikkje var større
enn spelkort.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»