JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Gamle hus kan bli varme og sunne

I eit eldre, lafta hus går det meir energi til å halde huset varmt enn i eit nytt bustadhus bygt etter dagens reglar. Er dette eit argument for å rive det gamle og byggje nytt? Mange realitetar taler for den motsette konklusjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Isolasjon med matter av trefiber, direkte på tømmervegg, med  vindtett duk utanpå, stifta med lekter på kvar side av dei ståande opp-
lengjene, for lufting under kledningen.

Isolasjon med matter av trefiber, direkte på tømmervegg, med vindtett duk utanpå, stifta med lekter på kvar side av dei ståande opp- lengjene, for lufting under kledningen.

Illustrasjonar: Erik Solheim

7136
20171110

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Forklaringa er slik: Dei samla energikostnadene med eit hus er energien som går med til å halde temperaturen oppe, varme vatn og slikt, pluss energien som går med til å byggje huset. Moderne byggjematerialar er så energikrevjande at dei gjev store utslag på energirekneskapen. Mellom verstingane er betong, gipsplater og isolasjon.

Utgreiings- og planleggingsfirmaet Civitas fann at å byggje eit lafta hus i Lom gav berre halvparten så store CO2-utslepp per kvadratmeter som å reise eit standard passivhus etter TEK 17-norma. I ein annan studie kom dei til at å byggje eit nytt lågenergihus, som det gjerne heiter, gav åtte gonger så store utslepp av karbondioksid som å skaffe materialar til ei rekkje tiltak for å få ned fyringskostnadene i eit eldre, lafta hus.

Med bruk av meir klimavenlege materialar enn det som er vanleg i dag, trur dei at utsleppa med å byggje nytt kan gå ned, men dei vil likevel vere minst fire gonger så store som utsleppa ved å ruste opp det gamle. Ingen bergar klimaet ved å rive gamle hus.

Spar pengar og energi

Tala i slike samanlikningar er mange, utgangspunkta vekslar og konklusjonane varierer noko. Men det ser ut til å vere god dekning for at det er både pengar og energi å spare på å ruste opp eldre hus med tetting, isolasjon og andre tiltak for å få ned fyringskostnadene, i staden for å rive det gamle og byggje nytt. Det går mange tiår før eit nytt lågenergihus kjem betre ut enn eit eldre og opprusta, når all energi som går med, er med i reknestykket. Gamle hus er bygde med meir varige materialar og byggjeteknikkar enn dei som vert sette opp i dag. Den mest miljøvenlege kvadratmeteren hus er den som ikkje vert bygd.

Om dei praktiske tiltaka har vi her berre plass til nokre få. Den første tanken må vere å innrette seg etter klimaet på staden. På Røros er det tyngre å halde varmen om vinteren i hus med lite isolasjon enn på Stadlandet, der gjennomsnittstemperaturen i januar er over null. Men det bles meir på Stad, og innbyggjarane treng først og fremst vindtette veggar. Å operere med ein standard for betre varmeøkonomi over heile landet kan vere lettvint, men ikkje rasjonelt. Oppgraderinga må komme etter ei konkret vurdering av det aktuelle huset. Mykje varmetap er mogeleg å fjerne utan at det går ut over dei antikvariske kvalitetane ved huset. Både Riksantikvaren og Fortidsminneforeningen har generelle publikasjonar om emnet. Fylkeskommunane har folk som det kan vere nyttig å rådføre seg med. Nokre arkitektar har òg kunnskapen. Å gå i gang utan ein samla plan kan lett gje dårleg resultat og større kostnader.

Lekkasje

Det viktigaste for å redusere varmelekkasjen i eit eldre, lafta hus er å tette det og hindre at kald luft bles inn og at varm luft blir pressa ut. Om huset har kledning ute, er det som regel eit stort rom inn til tømmerveggen, gjerne rundt ti centimeter. Vi kan fylle halvparten eller meir med isolasjonsmateriale, og feste ein vindtett – men ikkje diffusjonstett – duk på utsida, tett på isolasjonen. Også ein lafta vegg isolerer. Der er viktig å ha igjen rom nok til god lufting utanfor, så kledningen ikkje tek skade. Treverk toler godt å bli vått, berre det får tørke raskt opp igjen. Lufterommet bør truleg vere større på skuggesida enn på solsida – og større nede i terrenget enn oppe på ein haug. Vind hjelper mykje på tørken. Tett skog rundt huset har gjort skade på mange veggar, også utan isolasjon.

Isolasjonen ligg rett på tømmerveggen, utan duk mellom. Veggen bør ikkje bli tjukkare enn før; det endrar kraftig det preget huset har. Gamal kledning er ofte grunn til å fjerne varsamt og bruke opp igjen. Vanleg bygningsmaterial i dag kan ikkje måle seg i kvalitet med den som har stått i 100 år. Ein nytte av å isolere utvendig – og ikkje inne i romma – er at tømmerveggar har ein vesentleg varmekapasitet, det vil seie evne til å lagre varmeenergi. Alle som har prøvt, veit at slike hus er tunge å hete opp om vinteren. Men når dei først er varme, held dei betre på temperaturen enn veggplater. Eldstader av stein verkar på same måten. Vedfyring er den måten som gjev mest nyttig energi frå skogen.

Ein viktig regel er at den varme lufta inne er fuktigare enn den kaldare utelufta, og at fukt i lufta utan unnatak trekkjer frå det varme til det kalde. Denne væta må få sleppe heilt ut gjennom veggen. Om temperaturen inne er 20 grader, kan dampen kondensere ved 10 grader, altså eit stykke ute i veggen. I handelen finst isolasjonsmatter av trefiber som tek opp væte i fuktige periodar, og så tørkar opp i tørre delar av året, akkurat som treverk gjer. Mineralull som vert våt, slepper i langt mindre grad vatnet frå seg, og treverket kan ta skade. Med passiv lufting gjennom veggane får romma eit friskare og sunnare inneklima enn hus som vert trykktesta for å avsløre luftlekkasje gjennom pottetett plastikk på innsida av isolasjonen.

Vindaugo

Gamle vindauge er kjølande. På den andre sida er vindaugsflatene mindre i eldre hus enn i nye. Er treverket i god stand, er det gode grunnar til å leite etter andre løysingar for gamle glas enn å vrake dei. Enkle vindauge kan vi byggje om til doble, kopla. Der antikvariske argument taler imot dette inngrepet, er innvendige ruter eit alternativ. Dei lèt seg fjerne om sommaren. Pakningar mellom råmene og karmen vil dempe varmetapet og ulempene med trekk. I nokre tilfelle er det mykje å oppnå berre ved å tette rundt vindauga, mellom karmen og veggen. Det finst fleire naturmaterialar til slikt.

Eit veikt punkt er overgangen mellom tømmerveggane og muren under. Inne ligg kanskje enkle tregolv på bjelkar på muren. Gamle tregolv er som regel enkle å ta opp. På bjelkane kan vi feste eit stubbegolv med isolasjon på, og så legge det gamle golvet ned att. Dersom stubbegolvet finst frå gamalt av, er det i nokre distrikt under eit lag med leire. Leira er eit varmelager og dempar støy. Den som vil ta opp golva, kan fjerne leira og fylle rommet med organisk isolasjon, ikkje mineralull eller kunstige stoff. Alternativet er å blåse trefiberisolasjon inn i rommet over leira. Mellom etasjane kan løysinga vere den same.

Taket er eit kapittel for seg. Torv held på snøen, som isolerer. Teknisk er det enkelt å isolere mellom sperrene eller åsane, men det går ut over loftsromma og eigenarten ved huset. Å isolere oppe på troet er òg lett dersom taket først skal ned. I antikvariske auge kan taket då bli for tjukt. Det rette valet vil veksle frå hus til hus. Dersom huset har loft som ligg over romma folk oppheld seg i, er oppgåva enkel: å la loftet vere kaldt.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den mest miljøvenlege kvadratmeteren hus er den som ikkje vert bygd.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis