JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Måling på trehus – frå vern til skade

Dårleg material og dårleg måling har forsynt mange huseigarar med store vedlikehaldskostnader. Begge skavankane kom inn i husbygginga på 1950-talet. Dei fleste kjøparane visste nok lite om kva dei betalte for.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei tett hinne av moderne måling har hatt dårleg feste i kledningsbordet og flakna av.  Før ny måling bør det meste av den gamle vekk.

Foto: Erik Solheim

6952
20171117

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Kanskje lagar du den beste målinga sjølv. Det er berre to ingrediensar som skal til: ein naturleg olje og pigment, mineralsk pulver som gjev farge og konsistens. Jon Bojer Godal skriv i boka Tekking og kledning med emne frå skog og mark at lyse er det beste stoffet vi veit om, ved sida av tjøre, når det gjeld å verne treverk mot nedbryting. Lyse er tran av fiskelever, helst av torsk eller brosme, som står og gjærar gjennom sommaren, i varmen. Noko av feittsyrene vert då omdanna til smørsyre, som hemmar bakteriar, sopp og insekt. Lyse har små molekyl som trengjer godt inn og hindrar at væte slepp til i veden.

Lyse er ikkje i handelen, og tjøre er for mørk til vanleg pigmentmåling. Men det finst alternativ. Av dei har rå, kaldpressa linolje dei minste molekyla. I kokt linolje er mesteparten av molekyla om lag 20 gonger større enn i rå, men ein del er like små. Mange som driv med restaurering, held hardt på at rå, kaldpressa linolje best får treverket til å vare. Godal er meir i tvil om kor stor den praktiske skilnaden er på rå og kokt olje.

Linoljemåling

Å lage si eiga linoljemåling er enkelt og billeg. Rå, kaldpressa linolje er å få kjøpt i butikkar som fører utstyr til restaureringsarbeid. Det same gjeld mange pigment av god, gammal sort. Når fargen i pigmentblandinga er rett, blandar ein henne med olje, først til ei grautaktig deig. Med «visp» på ein drill går dette lett. Med tjukk masse er det lettare å få finfordelt pulveret i oljen. Så er det å fylle på meir olje, til blandinga er høveleg flytande. I alle fall med kokt linolje gjer noko treterpentin i første strøket at måling trekkjer betre inn. Fleire, tynne strøk er betre enn få og tjukke. Målinga skal ikkje sige. Best resultat vert det på høvla kledning og med ein kost av naturbust. Dersom målinga tørkar ut, er eit tiltak å stryke over med rein linolje to til fire år seinare.

På eldre hus er det god skikk å kopiere den fargen som har vore, eller ein av dei. Historia kan vi finne ved å løyse opp eit lite felt med måling med eit eigna stoff, og skrape vekk dette laget for å frå fram det som er under. På nokre hus har dei endra fargane gjennom tidene, slik at der er grunnlag for ei heil fargetrapp – som vi kan avdekkje lag for lag. I slike tilfelle er det god skikk å ta vare på denne dokumentasjonen, på ein skjerma del av veggen.

Pigment

Kvit måling laga dei frå tidleg etter 1900 med pigmenta titankvitt og sinkkvitt. Det siste motverkar vekst av svartsopp på veggen og er difor eit gode i alle målingar. 10 prosent endrar andre fargar lite. Sinkkvitt åleine gjer overflata noko matt, men i kombinasjon skal dei to gje ei sterk overflate. For andre fargar kan det vere vanskeleg å finne kombinasjonen av pigment. Minst bleikna er målinga på skuggesida; det vert som regel å prøve seg fram. Kvitt var ein dyr farge og raud billeg. Også embetsmennene kunne ha kvitt på dei mest synlege sidene av husa og raudt på baksida.

Det er god dekning for å halde seg til linolje i måling som skal verne huset lenge. Etter ei tid sprekk denne målinga sund i overflata. Då kan treverket bli vått, men det tørkar òg raskt nok opp igjen, vel å merke dersom materialen er god alved av fure eller tettvaksen gran. Gran har tette porar og trekkjer vatn seint. Det same gjeld kjerneved av fure, men ikkje geita. Laus linoljemåling er lett og rask å fjerne med skrape og stålkost. Det som sit fast, er det berre å la vere. I husmåling frå 1950-åra eller tidlegare var linolje dominerande. Seinare strøk av nyare måling har gjeve mange dårlege resultat. Det antikvariske rådet er å halde fram med linoljemåling av god kvalitet. Det er ingen grunn til å skifte gamal kledning dersom han er frisk. Då har han vist kvaliteten sin.

Lyse

Lyse er ein alternativ olje for dei som kan lage eller få tak i han, og tjøre (milebrend) på hus der det høver. Tidlegare var denne oljen mykje brukt i kystnære strok, der dei hadde råstoffet. Ein vassbasert variant som høyrer tradisjonen til, er komposisjonsmåling. Her er rugmjølsklister basis, ved sida av pigmenta, med tilsetning av protein (som egg og blod) og gjerne litt olje, tran eller linolje. Denne målinga er heilt diffusjonsopen og slitesterk, men trugleg mindre varig der vått drev står hardt på.

Alkyd og lateks

Det meste av målinga som har vore i handelen dei siste 60–70 åra, er i hovudsak industrielt framstilt alkydmåling og lateksmåling, med molekyl som er 2000 (alkyd) til 100.000 gonger større enn i rå linolje. Ei rekkje andre stoff set dei òg til, av ulike grunnar. Alkydolje trengjer litt inn i treet, men det meste vert liggande utanpå. Lateks er å samanlikne med plastikkstoff som tørkar til ei nokså tett hinne utanpå treverket. Der ligg ei viktig årsak til skadane som mange har fått oppleve. Også nyare linoljemåling i vanleg handel viser seg å innehalde ein del alkyd og andre tilsettingar. Opplysningane om innhaldet er til dels mangelfulle. Etter at slik måling kom i vanleg omsetning igjen for ein del år sidan, har det vist seg at nokre av dei ikkje held mål. Kanskje er dei gode nok i tørt klima, men ikkje i rått.

Under ei tett yte

Sjølv når målinga for det meste er tett, kjem det alltid væte inn i veden, gjennom kvistar og sprekker. Også innanfrå vert treverket gjerne fuktig av damp som trengjer ut frå den varmare lufta inne. Skal ytterveggen vare, må treet få tørke utover. Eit diffusjonstett skal av måling på utsida av borda stimulerer i mange tilfelle rotninga meir enn om veggen stod utan noko på seg. Dårleg måling kan verke til å bryte ned veggen i staden for å verne han. Verst går det når materialen er av ung skog som er stor nok fordi han har vakse raskt, altså etter idealet for vårt moderne skogbruk. I Mellom-Europa har dei i mykje større grad dyrka skog med sikte på material av god kvalitet til ulike føremål.

Historia om fargar på ytterveggane har vi frå slutten av 1600-talet. Då tok byborgarar, embetsmenn, storbønder og andre med pengar til å måle husa sine. Før det hadde milebrend tjøre vore konserveringsmiddelet, delvis òg brukt til dekorasjonar. Nå auka handelen med kontinentet, sagbruka gjorde det billegare å kle tømmerhusa utvendig, og korleis husa såg ut, vart viktigare. Husfasaden var, i lag med hagen, ein del av eigarens sosiale framtoning i velståande krinsar. Dei dominerande fargane veksla med motane. Målarane utvikla faget sitt til eit høgt nivå.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dårleg måling kan verke til å bryte ned veggen i staden for å verne han.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis