Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

God restaurering krev tid – og varer lenge

Kva feil er mest vanleg i arbeidet med å restaurere gamle hus? Norsk kulturminnefond, som gjev mest støtte til slik vøling, har svart Dag og Tid med ei liste over skavankar som går igjen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Moderne imitasjon av eldre krysspostvindauge. Overdimensjonerte rammer og aluminiumslister under rutene er framandelement i eit eldre hus. Og lite lys slepper inn.

Foto: Einar Engen

6411
20171201

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og i denne og komande artiklar deler han kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Mange set i gang på eiga hand, utan nok kunnskap og innsikt i å restaurere. Dei søkjer heller ikkje råd hos fagfolk som kan. Materialval og handverk som skal til for å hindre vidare forfall og reparere skadar på ein god måte, har for lenge sidan gått ut av dagens byggjefag, som altså ikkje har stort å fare med. Moderne verktøy er til lite hjelp når oppgåva er å setje i stand hus som er eldre enn byggjemåten som den nye reiskapen er tilpassa. Trelastbutikkar har nesten ikkje materialar som er tenlege til å vøle eldre hus med. Unnataket kan vere litt innvendig panel og slike enkle ting.

Men det finst ein del – fleire enn for berre få år sidan – personar som veit kva dei skal svare, både om detaljar og om rasjonell framgangsmåte i arbeidet. Enkelte fylkeskommunar har eigne bygningsvernsenter, og alle har tilsette som det kan vere lurt å rådføre seg med. Handverkarar på mange museum kan vere til hjelp, og det aukar på med restaureringssnikkarar som det er lov å spørje. Fortidsminneforeningen har avdelingar i alle fylka, og fleire lokallag. Norsk Kulturarv er ein organisasjon som gjerne svarer. Kontakt med ein person opnar ofte vegen til andre, også folk som kan levere materialar med rett kvalitet og dimensjon.

Plan og tid

Utan ein gjennomtenkt plan for arbeidet, er risikoen stor for at kostnadene vert store og resultatet dårleg. Det er lett å gape over for mykje, og lett å gløyme at det som regel tek tid å skaffe materialen ein treng. I liten grad er slikt lagervarer. Å få tjukke dimensjonar tørre nok kan ta fleire år. Dei som vil gjere alt eller mykje av arbeidet sjølv, må innstille seg på at det tek tid. Det krev omtanke og, for mange, ein del læring. Første ideen er sjeldan den beste. For stort tempo gjev lett skuffande opplevingar etterpå. Det er sjeldan kjekt å oppdage at resultatet hadde vore langt betre om det hadde vore annleis. Å setje seg inn i ein byggjeskikk som har tusen års røynsle bak seg, er ikkje gjort i ei handvending. Og utan å forstå korleis bygginga av huset var tenkt, og korleis kreftene i konstruksjonen verkar, er det lett å komme skeivt ut. Det er ikkje nok å ta for seg stykke for stykke, kvar for seg.

Nesten alltid dukkar det opp skavankar som ikkje er lette å oppdage før arbeidet er i gang. Dei berande delane må vere i orden før resten av arbeidet startar. Frisk ved som vert fjerna, tek vi vare på, for så å setje delane på plass igjen eller kanskje nytte dei ein annan stad. Ei enkel skisse med viktige mål er nyttig å lage. Nok fotografi dokumenterer mykje og er ei god minnebok. Har delar av huset sige, kva er så årsaka? Kva er grunnen til ròteskadar? Alt som blir fjerna, bør vere merkt. Ein bjelke passar ofte berre på plassen sin.

Materialval

Feil bruk av materialar er ein gjengangar. Malmfure i originalen vert skifta ut med impregnert ved. At det grønfarga ser feil ut, er éin ting. Evna til å vare lenge er ofte dårlegare enn mange trur, og dei kjemiske stoffa er historisk – og på alle andre måtar – feil. Å bruke impregnert ved er som å erstatte ein tapt diamant i eit smykke med ein plastikkimitasjon. Når det offentlege gjev stønad til å vøle gamle trehus, ofte ut frå kvalitetar i byggjeskikk og kulturhistorie, er det ikkje svar på oppgåva å setje inn ein material som i neste omgang er spesialavfall fordi han er giftig.

Feil treslag og avvikande dimensjonar er andre lyte som her og der dukkar opp. Totoms sperrer på høgkant ser ikkje berre annleis ut, dei er heilt utanfor den teknikken som høyrer tradisjonen til. Og tradisjonen må vere rettesnora for vøling av hus når kvalitetane i huset er nettopp eit resultat av den tids materialkunne, reiskapar og konstruksjonar. Det handlar ikkje berre om å setje bygningen i stand slik at han står trygt og kan vere til praktisk nytte. Eit restaurert byggverk vert sant og ekte ved å vøle med den innsikta og tilverkinga som originalen vart reist med.

Overrestaurering

Overrestaurering står òg på lista frå Kulturminnefondet over avvik frå god skikk i arbeidet. Det vert skifta ut langt fleire materialar enn naudsynt. Heile stokkar vert fjerna når berre ein del har rotna. Gamle, solide golv vert vraka for nye og spinklare. All kledning vert skifta om nokre bord har fått skade. Tanken er kanskje at det nye vil vare lenger, men det er sjeldan tilfelle. Bord som har klart seg i 100 år, vil meir sannsynleg vare nye 100 år, enn bord som er skorne i dag. Dei gamle har dokumentert toleevna.

Det er ikkje om å gjere å skifte ut alt som er skadd. Det er med gamle hus som med folk, dei toler litt preg av alderen. Bjelkar, sperrer og åsar – liggande stokkar som skal tole tyngde – må vere sterke nok, og å skøyte dei kan vere krevjande. Men ståande stokkar toler mykje, sjølv om delar av veden er øydelagd. Lafta stokkar kan vere rotne i nova og treng nye stykke akkurat der. Har veggen sige ut, er det kanskje nok å få han i lodd igjen. Då får dei nedbrytande kreftene mindre makt.

Eldstaden

Mange eldstader er fjerna frå restaurerte bygningar, og nye i ein heilt annan stil har fått plass. Då er ein vesentleg del av det ekte i rommet vekke. Restaurering er ei form for museumsarbeid; ein skal ta vare på ein større del av variasjonen i det bygde enn institusjonane kan makte. Gamle omnar kan vere godt brukande sjølv om dei ser dårlege ut, med rust og skit. Dei som er mindre intakte, lèt seg ofte restaurere. Etasjeomnar gjev mykje varme fordi røyken har lang veg til skorsteinen. Det heiter at ein meter omnsrøyr gjev eit kilowatt ekstra effekt. Med turr ved og god trekk utnyttar dei veden godt.

Gamle vindauge og dører vert ofte vraka med den grunngjevinga at dei gjer huset kaldt. Trua på det nye er stor. Det skal lite avvik til på nye vindauge før huset tydeleg får preg av å vere mindre ekte. Nye vindauge er normalt laga for å bli vraka når dei sviktar, for mange overraskande fort.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er med gamle hus som med folk, dei toler litt preg av alderen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis