Med stein frå staden høyrer muren til der
Den dominerande byggjematerialen i Noreg er tre. Men stein måtte òg til, i det minste som underlag for treverket mot jorda. Ikkje alltid har dei hatt tilgang på god murestein.
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

På 1800-talet agiterte styresmaktene for å byggje meir i stein. Gjennom lange tider hadde det vore hogge hardt i skogane, etter at oppgangssaga kom og det vart pengar å tene på eksport av trelast. Det er uvisst om bruken av tre vart vesentleg mindre. Å mure er tidkrevjande samanlikna med å byggje i tre, og den økonomiske stoda for eigaren har nok helde mange vekke frå store steinhus. Tilgangen på folk som kunne faget, var heller ikkje like stor over alt.
Men grunnmurane eller andre fundament under trehusa er henta frå berget eller jorda. Mange står strake og solide etter fleire hundre generasjonar. Når dei har svikta, er det nokre årsaker som går igjen, og som vi må finne fram til før vi legg dei opp igjen. Grunnen kan ha gjeve etter under tyngda, særleg der telen arbeider. Eller taket lek, og det kjem vatn ned i muren og sprengjer veggane ut når jord mellom vangane frys. Det same kan hende dersom vatn kjem inn frå overflata, som har lag til å byggje seg opp gjennom tidene. Store murar krev mykje arbeid å ta ned og legge opp igjen. Å handtere tunge steinar er i dag enklast med gravemaskin eller pallegaffel på traktor.
Løft huset
Når lafta hus er skeive fordi muren har svikta, er det mogeleg å rive vekk mykje av steinen, og komme til med jekk for å løfte huset. Veggane er ofte sjølvberande mellom novene. Med eit provisorisk fundament, gjerne av lastepallar eller krysslagd boks, er neste steg å heve – eller kanskje byggje om – dei berande delane av muren. Når huset står trygt på nytt grunnlag, kan vi fullføre arbeidet mellom dei berande punkta. Steinen som treverket kviler på, bør vere slik at vatnet renn av, helst ut. Bjørkenever har vore brukt mellom tre og stein, for å hindre ròte.
Nokre råd går ut på å lage eit fundament av armert betong under steinmuren. Ofte er det å overdrive. Eit solid fundament har dei fått til ved at steinane nede på marka stakk ut om sida på muren. Botnsteinen får då tyngda nærare midten, sett på tvers av lengderetninga, og vert eit støare underlag for tyngda. Gamle, landsens murar står sjeldan djupt i tufta. Både lafta hus og stavbygde toler godt at steinane løfter seg litt av tele om vinteren, om ikkje sjølve muren tek skade av det. Dei har nok likevel vore ute etter byggjeplassar med stabil grunn, der vatnet rann utanom.
Mørtel
Når dei tok til å byggje kjellar under stovehusa, var det som regel med dobbel mur, kistemurar. Mellom vangane inne og ute fylte dei rommet med jord som tetta og isolerte. I tillegg tetta dei gjerne sprekkene ute og inne med kalkmørtel, ei blanding av leska kalk (brend kalk blanda i vatn) og sand, og kvita heile muren med ei blanding av kalk og vatn. Skal dette halde seg lyst, må det nye strøk til med nokre års mellomrom. Forholdet mellom kalk og sand i blandinga har veksla. Ein del kalk og to delar sand kan vere eit utgangspunkt.
Kalkmørtel har vore i bruk frå dei eldste tider, i store steinhus visstnok med tilsats av dyrehår, halm og andre organiske stoff. Nokre la steinen i mørtel. Då sement kom i bruk like etter 1900, fekk den plassen i staden for kalk, også ved vøling av gamle murar. På klosterruinar, Nidarosdomen og fleire andre mellomalderhus har dei lenge hatt svære arbeid med å fjerne betongen og fylle inn kalkmørtel i staden. Ein murmeister som hadde bak seg mange slike arbeid i Bergen, fortalde at klimaet inne vart tørrare og betre. Ja, jamvel akustikken meinte han hadde komme seg.
Problemet er at betong trekkjer vatn og i liten grad tørkar ut att. Av sementmørtel får veggane frostskadar, og dei kjem rett og slett i forfall. Betongen er tett og hard, og sprekk lett. Kalk gjev ein meir smidig og diffusjonsopen vegg. Sementmørtel stivnar ved å ta til seg vatn. Kalkmørtel stivnar mest ved å tørke ut. Utgangspunktet er kalkstein, som etter brenning og lesking igjen vert til kalkstein, etter tørking i kanskje eit par månader, frostfritt.
Steinauget
I byane henta dei gjerne utvald stein frå avsides brot, men bøndene måtte som regel byggje med det som var å finne på garden eller i grenda. Enklast er det rimeleg nok med skifrige bergartar som har gode liggeflater. Då legg vi ein stein over to eller fleire under, slik at det vert band i muren både på langs og på tvers. Dette er regel nummer ein for å få stabilitet. Kvar ny stein må ligge støtt på dei under, utan mange flisar mellom. Dette kan mange få til. Meir forvitneleg er det korleis dei tidlegare fekk til stødige murar med dårleg stein og godt steinauge. Om slike murar treng vøling, er det grunn til å rive ned så lite som mogeleg.
Ved restaurering er utgangspunktet å nytte den steinen som har vore brukt før. Når murane er av berg i det same landskapet som huset står i, ser byggverket ut som om det er grodd opp av grunnen og tydeleg høyrer til på staden. Tilførte bergartar gjev eit framandt preg. Under alle omstende er det vanskeleg å få opp att ein større mur med steinane på akkurat same plassen som dei hadde før. Men målet bør vere å få til at gammalt og nytt har det same preget. Å fotografere muren før riving kan vere til god hjelp. I somme tilfelle er det mogeleg med gravemaskin eller annan kraftig reiskap å dytte ein skeiv mur på plass igjen.
Støttemur
Vanskelegare enn med låge husmurar er det å få støttemurar mot bratte bakkar til å stå. Dei skrånar som regel mot bakken og kviler mot det som er bak. Det heiter seg at bakmuren avgjer kor stabil den synlege vert. Rommet mellom muren og jorda vert fylt med stein og grus, drenerande massar som hindrar at telen sprengjer ut muren, og som også er ein støttemur. Di høgre muren framme skal bli, di større avstand må det vere bakover til bakken.
Steingardar har dei bygt i halvtanna tusen år. Dei var reiste for nytten; i dag er dei forteljande kulturminne om det eldre landbruket. Utformingane varierer med steinen dei hadde å byggje med.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei fekk til stødige murar med dårleg stein og godt steinauge.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»