Den mest allsidige byg gjereiskapen
I opphavet var øksa. Dei eldste funna av steinøkser skal vere to millionar år gamle. Framleis er øksa den viktigaste reiskapen for den som vil restaurere gamle hus, eller byggje nye etter gamal skikk.
I ei V-forma veit må ein hogge langs stokken for å få han til å opne seg. Med kilar sprengjer vi delane frå kvarandre. Fibrar som går tvers over sprekken, høgg vi vekk etter kvart. Er stokkane tjukke, må vi kanskje hogge frå den andre sida òg.
Foto: Stig Nordrumshaugen
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Med øks kan vi felle tre, kviste og kappe dei, kløyve stammen og gje materialen til byggverket den forma han skal ha. Å felle tre med øks tek meir tid enn med motorsag, men framgangsmåten er den same, og øksa løyser sveitten raskare. Vi høgg ei felleskòr på den sida treet skal til, ei flate nede og ein skrå kant på stammen, ned mot flata. Flatene skal møtast i ei linje vinkelrett på fallretninga. På denne måten styrer vi kvar treet skal lande. Så er det å gå laus på hi sida, til treet ramlar, eller vi kan dytte det over ende. Så er det å hogge kvistane av heilt inne ved stammen, då står dei ikkje i vegen når vi skal fjerne borken. Ved høveleg lengde kappar vi treet ved å hogge ut eit V-forma skar på kvar side. Dette arbeidet gjer vi best med ei øks som har kort egg, ei skogsøks. Ho går lenger inn for kvart hogg enn ei som tek meir av trediameteren; den kortegga øksa er lettare å arbeide med.
Dimensjon og kvalitet
Eit viktig utgangspunkt er å velje ut tre som høver til dei dimensjonane materialen skal ha. Då vert det mindre å hogge vekk på sidene, og vi får treverk med best kvalitet. Før dreiv dei med dimensjonshogst, og dei valde ut trea etter det dei hadde bruk for, nokre med styrke mot ròte, andre sterke mot brot. Bjelkar og sperrer, som skulle tole tyngder, har som regel vankant i andre bygningar enn stovehus. Då er mykje av den sterke yteveden med frå treet, og det vert mindre å fjerne med øksa. Skikkeleg kvalitet er ikkje lett å finne i dyrka skog, så heldig er den som kan hente trea sine i gammal naturskog, med både store og små tre.
Framgangsmåten for å hogge til sidene på stokken, er å legge han tvers over to andre stokkar, og setje han fast med to bindhakar. Når spørsmålet er kor høgt stokken skal ligge, vekslar skikkane. Eit stykke under kneet høver oftast. Som regel legg vi bogen opp dersom stokken ikkje er bein. Så strekar vi opp, med vater, dimensjonane i begge endane, med loddrette og vassrette strekar. Mellom toppen på dei loddrette strekane på høgre sida strekkjer vi ei snor til å hogge langsmed. I starten må vi rekne med å skøyte snora nokre gonger. Nokre slår i staden ein strek på stokken med ei stram kritsnor. Streken viser best når borken er vekke.
Resten gjer vi med øksa. Det heiter å træ, eller skante, rye. Mest får vi gjort med ei breikjefta bile, ei som har lang egg. Hogginga startar i toppenden av stokken, og øksa går mest nedover, på tvers av stokken. Dersom mykje ved skal vekk på utsida, er det best å grovhogge først, og så lage flata ferdig med ein ny runde og mindre kraft i hogga. Når starten på hogginga er i lodd, kan vi heile tida sikte etter denne, slik at flata ikkje vert vindskeiv. Er éi side ferdig, snur vi stokken 90 grader og tek den neste.
Kvass øks
Med ein del øving – og ikkje minst kvass øks – går arbeidet bra unna. Til laftestokkar, og grove betar i grindbygg, høgg vi V-forma hakk inn frå sida, nesten til snora, med 30–40 cm mellomrom. Då vert det lettare å sprengje ut veden som skal vekk. I dag skjer mange hakka med
motorsag. Kvass øks får vi ved å slipe til egga så vidt bøyer seg til ein kant vi kjenner på den andre sida, ei ro. Resten gjer vi med eit fint bryne, og gjerne eit polerande til slutt. Egga skal ikkje berre bli kvass; ho skal vere robust mot påkjenningane med tunge hogg. Å fare over med brynet igjen etter litt hogging, er ein metode. Å stryke eggar over eit skinnstykke, eller inne i handa, hjelper òg godt. Å bryne igjen når bitet har tapt seg berre litt, gjer arbeidet lettare og resultatet betre.
Stokkekløyving
Å kløyve stokkar gjorde dei lenge med øks, og det er slett ikkje eit uoverkommeleg arbeid, om målet er å kopiere delar som er laga på denne måten. Halvkløyvningar har vore brukte til sperrestokk eller stavleie i grindbygde hus, og til kledning i skjelterveggar, mest vanleg nordpå. Runde, rettvaksne stokkar som ikkje er vridde i veden, er enklast å kløyve. Best er det å velje ut det høvelege treet i skogen. Kvist er mindre vanskeleg å ha med å gjere, for han går berre inn til mergen. Og det er langs mergen vi må kløyve. Fure har ofte mergsprekker når dei står på rot, og siktar vi oss inn på dei, går arbeidet lettare.
Når stokken ligg på plass, med kuven opp og festa med bindhakar, merker vi ei loddrett line gjennom mergen i kvar ende. Langs stokken merker vi – med kritsnor – ei bein line mellom dei loddrette i endane. Best er det å fjerne borken først der streken skal vere. Langs streken høgg vi ei V-forma veit ned i stokken, ein god tomme eller meir. Er stokken tjukk, vert det same gjort på motsett side. Så er det å gå laus med å hogge loddrett ned frå botnen av V-veita, i heile lengda og fleire gonger. Frå yta til mergen går mergsprekker i treet. Langs dei er stokken lettast å kløyve, difor strekane gjennom mergen. Når stokken tek til å sprekke, slår vi inn kilar av hard ved, først frå enden. Slik er det å halde på, kanskje frå begge sidene. Tverrband som går i sprekka frå eine halvdelen til hin, bør vi hogge av. Å fare varsamt og påpasseleg fram gjev slettaste flatene.
Viktig reiskap
Øks er den viktigaste reiskapen ved lafting. Då høver det med ei middels stor bile, og kanskje ei større med kort skaft, brukt til å skyve for å få stokkane til å passe godt i hop.
Med øks hogg dei òg meddrag, éi veit i den overliggande stokken med ein kvass kant på kvar side. Stokkane fell i hop når kantane over fell saman med overflata på stokken under. Dette fekk dei til med eit meddrag, som på begge sider set strek på den øvre stokken i jamn høgde over den undersliggande. På den vert det lagt mose som den overliggande pressar i hop og gjer veggen tett. Til å flise opp den veden som skulle vekk i meddragsgropa, hadde dei ei smal øks, med kort egg. Så var det å hogge langs strekane. Dette kunne dei òg gjere med ein meddragskniv, som nok var lettare å styre heilt presist.
Delar av arbeidet som øks tidleg var einerådande til, lèt seg i dag gjere raskare med elektrisk verktøy. Men skal restaureringa vere å rekne som skikkeleg, må avslutninga vere med tradisjonelle reiskapar. Det skal ikkje vise spor etter motorsag nokon stad.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å bryne igjen når bitet har tapt seg berre litt, gjer arbeidet lettare og resultatet betre.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»