JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Frå oppgangssag til kvali tetsfall

Saga var ein revolusjon i tilverkinga av bygningsmaterial. Det vart enklare å lage bord i store mengder, og det endra byggjeskikken. Mange fleire hus fekk kledning og varde lenger. Men den nyare utviklinga har gått ut over kvaliteten på bygningsmaterialen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med sirkelsag er det vanlege skurdmønsteret å lage grove dimensjonar midt i stokken, og gjerne bord utanfor.  Med berre alved vert dei store plankane eller bjelkane veikare, og dei ròtesvake yteborda er ikkje eigna til utvendig bruk.  Dei kuvar seg òg meir enn midtborda når dei tørkar.

Illustrasjon: Erik Solheim

6879
20180119

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vassdrivne oppgangssager kom i bruk på 1500-talet. Dei utløyste stor eksport av trelast, frå privilegerte sagbruk som berre byborgarar kunne eige. Det fortel om storvaksen skog på den tida at toppmålet på skurdstokkane var 17 tommar, nær 45 cm. Dei første oppgangssagene hadde heller tjukke blad av smidd stål. På 1700-talet kom rammesager med fleire og tynnare blad av valsa stål. Dei skar fleire bord i slengen. Ei slik sag er framleis i drift i Herand i Hardanger.

Bønder hadde lenge ikkje lov til å drive oppgangssager. For husbygginga i vårt land var truleg handsaga viktigare. Dette er eit breitt sagblad med eit handtak i kvar ende. Stokken vart lagd på ei stelling, så høg at ein mann kunne gå under. Éin stod oppe og styrte saga etter ein strek dei hadde slege med snor; den andre stod under og drog saga ned. På bord etter slik skurd ser vi at eine enden kløyvde dei ut og sletta med øks. Dei kunne ikkje skjere heilt til endes der stokken låg på ein tverrstokk.

Sporanalyse

Å analysere gamle spor av verktøy høyrer med til restaureringsarbeidet. Bord frå oppgangssager har normalt beine striper etter tennene, med jamn avstand. På emne som er laga med handsag, finn vi gjerne variasjon både i retninga på spora og avstanden mellom dei. Handsagene var i bruk godt ut på 1900-talet. Det var enkelt å lage til ei stelling der tømmeret var hogge, i staden for å frakte stokkane til ei sag og materialen vidare til byggjeplassen.

Med handsag vart tilverkinga svært effektiv. Jon Bojer Godal har i boka Tekking og kledning med emne frå skog og mark komme til at ein stad mellom 25 og 40 bord – seks til åtte tommar breie og nesten fem meter lange – kunne vere eit overkommeleg dagsverk for to mann. Han byggjer på tal frå Eilert Sundt, som trur at tre tylfter, 36 bord, var eit pårekneleg resultat av ein dags arbeid for to. Framleis er slike handsager i bruk no og då til prosessautentisk restaurering, som er å bruke dei same reiskapane og framgangsmåtane som då huset vart bygt.

Midt i stokken

Med sag heldt dei fram skikken frå kløyvinga med øks – å ta borda midt i stokken. Men nå kunne dei få fire, kanskje seks–sju bord av tre som med øks gav to. Dette vart kantskorne bord, som i stor grad har årringane vinkelrett på yta. Dei skar tvers gjennom den runde stokken og fekk bord som var smalare i eine enden enn i hin. Vi ser det i gamle golv at borda ligg med rot mot topp bortetter. Både i liggande og ståande kledning har dei gjort seg nytte av bord som spitar og har ulik breidde. På denne måten fekk dei meir golv og kledning ut av stokken. For auget er det òg vellukka, med meir liv i flatene. Dei fekk bord med meir av kvisten på tvers i bordet, ikkje gjennom, dei vart tette. Slike bord vrir og kuvar seg mindre under tørking, og dei har mykje kjerneved, sterk mot ròte. Frå midt i stokken skal òg båtbord vere.

Utanfor det siste bordet vart det gjerne igjen eit stykke på kvar side, ein bakhun. Var han tjukk nok, kunne dei skjere bjelkar og andre emne som skulle tole tyngde. Eller dei laga sterke golv i uthus av bakhunen ved at dei skar ut rom for betane opp til ei viss tjukne som stod igjen. Då vart overflata av golvet slett. Av godt utvaksne tre er det døme på at bakhun har stått som kledning på hus i regnvåte Sunnfjord i godt over 100 år.

Sirkelsag

Etter at sirkelsaga kom på midten av 1800-talet, endra skurdmønsteret seg. No skjer dei bjelkar og slikt midt i stokken og bord i utkantane. Resultatet er at den materialen som skal bere, er av kjerneved, den veikaste delen av stokken. Og borda, av yteved, rotnar raskt om dei får væte på seg. Nærare feil utnytting av treet er det ikkje lett å komme. Når dei heller ikkje gjer skil på retta – mergsida av bordet – og vranga, vert resultatet mindreverdig. Industrisagbruka leverer nesten ikkje material som er forsvarleg til restaurering.

På nokre mindre sagbruk veit dei enno kva som skal til. Men dei har ikkje alltid eigna kvalitet og dimensjonar på lager. Den som skal kjøpe material til restaurering, må tidsnok levere ei liste over det som trengst, og stille konkrete krav til kvaliteten. Å skaffe høg kvalitet tek tid. At det nye treverket er feil eller dårleg, er av dei mest vanlege skavankane ved gamle hus som er vølte. For dei som har skog sjølv, er enkle og heller billege bandsager, motordrivne, komne i handelen. Også motorsager vert nytta, festa på eit stativ og ei skjene, til å skjere bord og andre delar, om det ikkje er store kvantum som skal til. Då er også manuelle handsager brukande, for dei som har slike, og ein til å hjelpe seg.

Vedlikehald

Å halde ei sag i god stand er å file og å vikje. I dag har alle bordsagene – små handsager for tverrskurd – som er i handelen i dag, herda tenner. Dei er billege og bit godt i starten, men er eingongsvare. Eldre sager filer vi med ei nesten flat, rombeforma fil. Er tennene ujamt høge, får vi best resultat ved å gjere alle spissane like høge med å stryke ei flat fil langs toppane. Så filer vi tennene til dei på ny er heilt spisse. Skaret mellom dei må vere like djupt som før, og tennene like bratte. Best vert gjerne resultatet om vi kan setje saga fast, i ei skrustikke eller liknande. Sager til å kappe med, skjere på tvers av fibrane, har tenner som ein likebeina trekant. Dei som er laga for langvedskurd, har fronten meir vinkelrett på skjereretninga. Slik er det på grindsager, som snikkarane brukte når dei skulle dele bord eller plankar til smalare stykke. For å få saga til å gå lett i veden må annakvar tann stå ut til motsett side. Det får vi til med ei vikjetang, som vi kan stille inn slik at alle tennene stikk like langt ut til sida.

I mange lærebøker står det at i ståande kledning skal underliggarane vere med vrangsida ut, og overliggarane eller påborda med rettsida, mergsida, ut. Teorien er at når borda tørkar, vil underliggarane kuve seg ut mot overliggarane, som bøyer seg innover. Slik skal veggen bli tett. Dette er nok rett – i tørrvêr. Problemet er at underliggarane lett dreg med seg spikrane når dei bøyer seg ut frå underlaget i tørt vêr. Når borda neste gong vert våte, og flatare, kjem det gliper mellom dei indre og dei ytre borda. Med rettsida ut på alle ligg dei i ro under spikrane. Også for liggande kledning er regelen: rettsida alltid ut.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Industrisagbruka leverer nesten ikkje material som er forsvarleg til restaurering.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis