JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Rett arbeid med gamle reiskapar

Store var dei ikkje, verktøykassane som tømmermennene hadde med seg til byggjeplassen. Men dei fekk utretta mykje med enkel reiskap. Når energien til arbeidet kom frå kroppen, var dette rasjonelt utstyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høvling av takbord med tvimenning eller okshøvel. Mannen til venstre dreg, den andre skyver. Arbeidet går raskare enn mange vil tru.

Foto: Buskerud bygningsvernsenter

6731
20180126

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Med øks og sag laga dei rette dimensjonar på materialen dei skulle byggje med. I mange tilfelle var dei likevel ikkje ferdige. Til stovehus, og normalt i rom for dyr, skulle overflata inne vere glatt. Det fekk dei til med skjøve i dei eldste tider og ut mellomalderen. Etterpå kom høvelen i bruk. Skjøve – mange stader var namnet pjål – kunne ha ulike utformingar. Til å glatte sida på ein stokk var det effektivt med ein variant som har bitjarn under eit trestykke som dei drog med begge hendene. Jarnet skjer vekk fliser eller spon og lèt etter seg ei glatt flate med spor av stålet i lengderetninga på stokken. Skjøva gjev om lag same resultatet som ein høvel, berre raskare og lettare når overflata er ujamn. Då tek det mange drag før høvelen når botnen.

Å høvle ei flate er enklast når veden er tørr. Med skjøve går det lettast når materialen er rå. Kvistane er mjukare då, og veden rundt kvisten er lettare å skjere glatt, utan at han flisar. Éi utgåve av reiskapen har ringforma eggstål, nesten ein halvsirkel. Slike er eigna til å glatte innhole flater. Ved restaurering er skjøve det rette å bruke når det er grunn til å tru at dei øydelagde delane var laga med det same utstyret. Det viser igjen på overflata. Eit kjenneteikn er at den glatte flata ikkje er så plan som normalt er resultatet med høvel. Bitjarnet er meir krumma på skjøver.

Høvel

Høvelen kom truleg i bruk på 1500-talet. Dette var ein meir eigna reiskap til å glatte skoren material med, vel å merke dersom skurden var bein. Høvelen er atskilleg lengre enn skjøva. Han tek difor ikkje der sagbladet har gått ned i flata. Det var nok heller ikkje slik at skjøvene vart lagde vekk så snart nokre hadde gått over til høvel. Endringane i den tradisjonelle byggjemåten var ikkje som svingingar frå eine moten til hin.

Den eigna høvelen til å glatte skorne eller øksehogne flater med går under namnet tvimenning eller okshøvel. Dette er ein heller kort høvel med to handtak på tvers, slik at to personar kan arbeide i lag. Tanna er lite grann runda, slik at det ikkje vert ståande att kantar på sida. Éin dreg og den andre skyver. Dei to kan legge stor kraft i draget, og stille tanna djupt om det trengst. På fin skurd, og med ei skarp tann som då ikkje treng å ta så mykje, er tvimenningen lett å arbeide med, og det går fort unna. Eitt drag og flata er glatt.

I dag er det sjølvsagt råd å høvle raskare med elektriske maskiner. Ein brei, roterande handhøvel gjer skorne flater slette og plane. Det er likevel gode grunnar til å fare over etterpå med ein kvass handhøvel, gjerne ein kort og lett ein. Dei roterande knivane lèt etter seg ei matt overflate. Ein skjerande handhøvel gjev meir glans i treet. Det er òg vanskeleg å hindre at maskiner set att kutterslag. Dei tek seg dårleg ut i lag med det som er laga med reiskap i handa. Handarbeid gjev alltid litt variasjon i resultatet, ein annan utsjånad. Svikt i slike detaljar gjev lett eit mindre ekte og lite vellukka inntrykk. Å høvle vekk spon som er på tjukne med sigarettpapir eller litt til, går både lett og raskt. Men då må høvelen bite nesten som ein barberkniv.

Naglar

Før dei hadde spikar og boltar å hjelpe seg med, festa dei delane i hop med trenaglar for å få huset til å stå. Hol laga dei med navar, ein bor som gjev koniske hol. I dei sat naglane fast. Det nyttar ikkje å få til med ein sylindrisk bor. Med elektrisk drill er det likevel råd å fjerne det meste av veden som skal ut, berre navaren får forme holet til slutt. Navarar finst i mange dimensjonar, men til husbygging trong dei berre nokre få og heller grove.

I lafta veggar til større rom er der dumlingar, trenaglar som står ned i ein stokk og opp i neste, for at stokkane ikkje skal flytte seg og gjere veggen veik eller utett. Dumlingane må vere sterke mot brot. Bjørk er mykje brukt. Aldersved i fure, yteved med svært tynne årringar, er òg eigna.

Dimensjonen på navaren i slike tilfelle var gjerne 5/4 tommar (vel 3 cm), og stykket som skulle stå i hola, måtte høve akkurat. For å få det til, smidde eller øksa dei ofte dumlingane sekskanta. Då vart det litt å gå på om holet var trongt og det vart vanskeleg å få laftestokkane i hop. Med litt øving har augemålet fanga korleis dimensjonen skal vere.

Opplengjer

Der lafta hus har liggande kledning, er det festa opplengjer på utsida av tømmeret. Dei gjev feste for kledningsborda – med rom for lufting – og dei gjev støtte til veggane. Opplengjene er festa med trenaglar som går gjennom tømmeret og har ein kile på innsida. Dei øvre naglane måtte kunne gli i avlange spor i opplengja når tømmerveggen seig i hop. Under tørking krympar veden mykje meir på tvers enn på langs.

I stavbygde hus festa dei skråband til stavane, betane og stavleia – som sperrene kviler på – med trenaglar som har hovud og som kiler seg heilt fast i holet. Dei må altså ikkje vere for lange. Nokre stader har dei festa somme sperrer med naglar, i det minste på endane av huset. Troet under never og torv kan vere enkelt festa med 3/4 toms (om lag 2 cm) naglar som dei hogg av i yta på borda.

Spikar

Mest synlege er naglane som held kledningen på eldre hus, anten han er ståande eller liggande. Det som finst att av slike, er gamle veggar av god material. Billeg spikar kom i handelen ut på 1800-talet. I mange distrikt var den beste skogen då hoggen, og kledningsborda vart jamt mindre varige. Ikkje alle tok det nye i bruk med det same, men i alle fall nær 1900 hadde spikaren sigra. Dette var klipt spikar, som har eit rektangulært tverrsnitt, der dei breiaste sidene går mot kvarandre nedover frå hovudet, som er flatt under. Forma gjer at slik spikar sit meir fast i veden enn kvadratisk og jamtjukk trådspikar, den vanlege i dag.

Alved av både einer og fure hadde godt ord på seg som naglar til kledning. Dei var gjerne 3/4 tomme tjukke under hovudet. På nokre bygningar er hovuda korte og gjer lite av seg i veggen. Slike naglar er enkle å smi med kniv av høveleg tjukke emne. Andre har meir tydelege hovud. Arbeidet med å lage nye kan verke stort. Det går kanskje raskare å dreie hovudforma og deretter gjere den siste tilpassinga med kniv. Dei må sitje godt fast om dei ikkje skal losne med åra.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Endringane i den tradisjonelle byggjemåten var ikkje som svingingar frå eine moten til hin.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis