Også gamle omnar lèt seg vøle
Før elektrisiteten og fyringsoljen kom, var vedomnane den viktigaste varmekjelda. Vedomnane er uttrykk for ei innhaldsrik kulturhistorie som i altfor stor grad har gått til grunne i iveren etter det nye.
Røykomnen avløyste åren i store delar av landet. Han stod på eine sida av døra inn til stova. Ein plankevegg frå golvet til beten støtta muren på eine sida. Den fremste planken stakk ofte over beten og var dekorert med utskjeringar. Leire var vanleg mørtel mellom steinane.
Illustrasjon: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Mange som restaurerer gamle hus for å bu i dei, ber dei gamle omnane ut. Ei kulturhistorie vert til spikar. Reklamen og det offentlege fortel om brannfare og for låg effekt av gamle eldstader. Stundom har dei nok rett, men ikkje så ofte som vi kan få inntrykk av. Etasjeomnar som er i stand, leverer mykje varme av veden, og lite utslepp. Frå brennkammeret til skorsteinen går røyken gjennom lange kanalar. Den varmande overflata er stor. Det er som med lange omnsrøyr – ein enkel regel er at kvar meter gjev ein ekstra kilowatt varmeeffekt. Når røyken har gått gjennom kanalane i omnar, kjem det som regel lite sot ut i friluft. Det som legg seg inne i kanalane, bør av og til vekk for å få mest mogeleg varme ut i rommet. Berre eit tynt lag isolerer mykje, og kråkene klarer seg utan at vi fyrer for dei. Å sote ein gong i året er rådet frå ein som sel omnar. Gjerne oftare dersom vedfyring er vanleg. Arbeidet lèt seg visst gjere med støvsugar.
Restaurering
Med omnar som ikkje er i god nok stand, er det som med husa: dei lèt seg ofte vøle. Her og der finst det folk som restaurerer gamle omnar. Enkelte metallarbeidarar kan sveise støypegods. Men om delane er heile, kan mange gjere arbeidet sjølve. Det handlar om å få omnen tett og fin att. Plukk delane frå kvarandre. Fotografi kan vere hugseliste for å få dei på rett plass. Fjern sot, skit og rust med ein stålkost, i handa eller på drill. Dette er utearbeid.
Før montering må det under omnen ligge ei vassrett plate av metall eller skifer. Ho skal stikke 30 cm lenger fram enn ilegget. Om avstand til material som kan ta fyr og slike reglar, spør brannvesenet. Set beina under botnplata i omnen og få plata i vater. Legg omnskitt – nok – i falsen, monter sideplatene, stadig i kitt, og hald dei gjerne i hop med ei lita lastestroppe. I botnen, på eit 2–3 cm tjukt lag av fin sand, er det lurt å legge eldfast stein, og likeins oppetter veggane i brennkammeret, om der er plass nok. Stein og kitt er å få kjøpt hos dei som sel omnar. Så er det å halde fram til omnen er ferdig. Jamn ut det synlege kittet med ein våt finger. Stryk så omnssverte på omnen, kanskje litt tynna med white-spirit, la det tørke og gni over med ein tørr klut. Poler med ein mjuk kost, og omnen er klar.
Omnsstøyping
I dei første trehusa gav åren – eit bål på golvet – lunk i stova og varme under gryta. Slik var det gjennom hundreåra, mellomalderen til endes. Norske jarnverk starta med å støype omnar tidleg på 1600-talet. Den eldste som framleis står på same staden, kom frå Hakadal jarnverk og står i baroniet i Rosendal. Omnane var gjennomgåande rikt dekorerte med kunstferdige motiv som endra seg gjennom stilepokane. Relieffa er noko av det rikaste vi har i norske skulpturar og brukskunst, skriv Riksantikvaren på nettsida si.
På 1700-talet var støypejarnsomnar vanlege, og på slutten av 1800-talet fanst det 50 verk som støypte omnar her til lands, fortel nettstaden Bygg og bevar. Så tidleg som rundt 1900 laga Drammens Jernstøberi sin litt svulmande Bjønnovn, med totrinns forbrenning, om lag det som nå går under nemninga ny og reintbrennande. I godt møblerte hus med bøker i hyllene fanst det omnar forma som personfigurar. Spranget er stort derifrå til koieomnar – enkle kassar laga for å varme og koke på.
Før elektrisiteten og fyringsoljen kom, og lenge etterpå, var vedomnane den viktigaste varmekjelda i hus på landsbygda.
Etter reglane er det forbode å setje opp gamle omnar på ein ny plass. Oppfatninga er at dei slepper ut for mykje sot. Den viktigaste grunnen til kravet var store utslepp frå omnar laga i 1960- og 70-åra. Ei stund var det unnatak for omnar som var eldre enn 1940. No kan vi få løyve til å setje opp ein gammal omn dersom omsynet til ein kulturhistorisk, antikvarisk eller verneverdig bygning taler for det. Men det er ikkje forbode å brenne i omnar som alt står og er i brannsikker stand. Arbeid er i gang for å finne ut kor mykje sot gamle omnar slepper ut samanlikna med nye. Under alle omstende er tørr ved og god tilgang på luft eit vilkår for å få mykje varme og lite sot ut av veden. Riksantikvaren meiner eit alternativ til å kjøpe ny omn er å montere etterbrennar i ein gammal. Dette er eit plate bak i omnen, og ho verkar på same måten som konstruksjonen i nye omnar.
Røykomn
På Vestlandet, om lag så langt Gulatingslova rakk, på Finnskogen og nord i landet tok røykomnen på 1600-talet over etter åren i stova. Røykomnen var bygd av stein, ofte med leire som mørtel mellom dei, og gjerne med steinheller ut mot treverk. Han lagra varmen etter at elden slokna, og heldt difor huset lunt med mindre ved. Han hadde ikkje skorstein, så røyken måtte framleis ut gjennom ljoren. Mykje vart liggande oppe under taket, som vart svart av sot på innsida. Om ein slik omn er skada, er han enkel å byggje opp igjen. Eg har sjølv fått oppleve røykomn i bruk, i ei stove som var i bruk som hytte. Med tørr ved og god varme frå starten la røyken seg ned til eit nivå i høgd med betane, to stokkar som ligg på tvers i rommet og hindrar at sperrene sprengjer ut veggane. Lenger nede var røyken ikkje til sjenanse for nokon. Men tilstandane var kanskje ikkje alltid like ideelle.
Skorstein
I Trøndelag og på Austlandet bygde dei peis, med skorstein, når dei avvikla åren. Med kanal for å sleppe røyken ut hadde dei òg det som skulle til for å ta i bruk jarnomn. I nokre heimar stod han ved sida av peisen. Nå var det opna for ein ny byggjeskikk. Med skorstein på plass kunne dei legge lem i stova, gjere huset høgre og setje glas i veggane. Det siste kom etter kvart også der røykomnen framleis var i bruk.
Gamle skorsteinar er ofte ikkje i god nok stand etter dagens lovverk. Men det finst alternativ til å rive dei. Ein murar kan setje stålrøyr inne i røyklaupet, og brannvesenet vert nøgde. Dette er billegare enn å byggje ei ny pipe, og den gamle kan stå nærare treverk enn det som elles er lovleg. I store hus samla dei gjerne røyken frå fleire rom til ein kanal gjennom taket. Skorsteinane frå fleire rom kan stå på skrå, eller dei er mura bøygde fram til den som går ut i friluft. Også i slike tilfelle er problemet løyst med innvendige stålrøyr, og endå ein kvalitet ved huset er berga.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Etter reglane er det forbode å setje opp gamle omnar på ein ny plass. Oppfatninga er
at dei slepper ut for mykje sot.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?