JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Skifertak er vakre i generasjonar

Stein har lang tradisjon som tekkjemateriale i område med berg som lèt seg kløyve til heller. Seinare kom større skiferbrot i drift, verksemder som selde til større delar av landet, og delvis til eksport.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Synnøva Eris hus i Lærdal vart bygt opp att i 2016 etter brannen i 2013. Taket til venstre er eit rastatak av ny stein som er nesten kopi av det som brann. Til høgre, på hovud-
delen, er det lappskifer.

Synnøva Eris hus i Lærdal vart bygt opp att i 2016 etter brannen i 2013. Taket til venstre er eit rastatak av ny stein som er nesten kopi av det som brann. Til høgre, på hovud- delen, er det lappskifer.

Foto: Erik Solheim

6769
20180209

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Særleg i den populære sveitserstilen frå midten av 1800-talet vart det bygt mange hus med skifertak. No er mange av skifertaka vekke, endå knapt noko taktekking varer lenger enn stein. Den veksande rikdommen har visst gjort oss meir økonomisk korttenkte. Moderne tekkjemateriale kan aldri måle seg med dei eigenskapane skifer har, i kvalitet og estetikk.

Villheller

Dei eldste steintaka var av villheller eller av store tilhogne flak. Hellene ligg ned over kvarandre, slik at dei held væta ute. Villhellene måtte dei legge på den måten som steinen høvde til. Taket, som får ein sjarmerande utsjånad, finst helst på mindre bygningar. Større status hadde nok rastataka, med store og tilhogne heller lagde i raster langs møneretninga, med langsida av steinen parallelt med ufsa. Nokre av flaka kunne vege fleire hundre kilo. Dei vart festa med kraftige trenaglar eller boltar ned i lekter eller trobord over sperrene.

Før industrialiseringa var helle- og skifertak kjende i Hardanger og Voss, i Valdres, Øvre Gudbrandsdalen, Østerdalen og delar av Trøndelag, ved Fauske og i Alta-området. Dette har bygningshistorikaren Arne Berg (1917–2012) dokumentert. Ei historie som fortel noko om verdien av slikt tekkjemateriale, går ut på at under og før første verdskrigen henta dei takheller oppe under fjellet Vassfjøro og frakta dei med taubane 1200 høgdemeter ned til Osa i Hardanger.

Rastatak

Leggjemåten for rastatak veksla. På nokre tak er dei overliggande hellene store, på andre er dei mindre, ein avkorta trekant som har den smalaste enden ned. På mønet låg gjerne steinen på den sida som hadde mest driv, eit par tommar over på den andre sida, for å få det tett. Andre la never med torv på over mønet, støtta av torvhald – ein torvkjøl. Nokre tak har never og torv på vanleg måte ovanfor ei rast med stein langs ufsa. Då vart det mindre av den velkjende teledropen: lekkasje fordi jorda fraus utanfor den oppvarma delen av taket, slik av vatn vart demt opp og seig inn over øvste kanten av nevra. I Gudbrandsdalen var det brukt å legge skiferen over eit lag med jord. Hellene var dei som heldt vatnet ute, og dei trong lite never under jorda. Ho gav bra isolasjon mot varmetap.

Dersom treverket under helletak har teke skade, er det mogeleg å løfte hellene ned og opp igjen med krane. Dei må attende på sin rette plass, og difor vere merkte på ein måte som varer til dei skal opp att. Også avstandane mellom lektene eller troborda som hellene er festa til, må vere dei same som før når taket skal opp att. Måten å legge steinane på har veksla mykje. Med antikvariske auge er denne variasjonen viktig å ta vare på, og vi må gå ut frå at dei gjorde det beste ut av den steinen dei hadde, og det klimaet huset skulle tole.

Lappskifer

Lappskifer – også kalla dropeskifer – og nyare firkantskifer eller ruteheller er mindre steinar og enklare å ha med å gjere. Den første typen ser ut til å vere den mest vanlege på bustadhus, kanskje fordi lappskiferen ligg med større overdekning. Dei finst i ulike dimensjonar, som 12 x 18 tommar (om lag 30 cm breie og 46 cm høge) og 10 x 16 tommar. Ein stein kan sprekke eller losne, så taket under bør vere tett. Ein metode var å spikre skiferen i sua bord på sperrene, altså at borda ligg på taket som liggande kledning på ein vegg. Då måtte breidda på borda høve med avstanden mellom rastene. På mange måtar er dette ein elegant konstruksjon. Vatn som kjem inn under skiferen, renn nedover på sutaket, som også får god lufting og held seg tørt både over og under. Dersom loftet skal vere isolert, er det kanskje likevel tryggaste å legge eit tro med papp på under skiferen, men på ein slik måte at det vert lufting over isolasjonen.

Steinen ligg då på lekter over rekter på pappen. På eldre hus med 80–90 cm mellom sperrene er 2 tommar ei trygg høgde på lektene. Nede på ufsa må lekta vere ei steintjukne høgre. Er skiferen brukt før, må avstanden mellom lektene vere tilpassa hakka for spikar i hellene. Måla finn vi med ei prøveopplegging nede på marka. Avstanden mellom steinane må vere slik at lengda på rastene høver med avstanden mellom vindskiene. Best er det å legge skiferen 4–5 cm utom dei, og skjere ut av borda det som trengst, slik at steinen og borda fell i hop. Også fordi det kan vere litt variasjon i breidda på skiferen, må det vere eit lite rom mellom dei.

Legginga

Med lappskifer går det med steinar av to andre former. Nede på ufsa, og ofte på mønet, ligg rektangulære remser. Ute på vindskiene er annakvar helle oppover halvannanstein. Nokre hus har i staden ein halv stein liggande ytst. På mønet legg nokre ein mønekam av stål, eller remsene på eine sida går høgre opp. For å få taket regelbunde og pent må avstanden mellom steinane oppover vere merkt med ein strek på kvar lekte. Så er det å starte legginga nede og frå eine enden på huset. Skal taket vare, må hellene ligge støtt på steinane under. Difor er det avgjerande å sortere skiferen etter tjukna før han kjem opp på taket. Tre eller fire grupper kan høve, alt etter kor ulik steinen er. Dei tjukkaste skal vere nedst; der er påkjenningane størst.

Det går rimeleg nok heller seint å legge skifer skikkeleg, og prisen for leigd hjelp kan verke høg. Men for ein interessert huseigar er det overkommeleg å gjere mykje av arbeidet sjølv. Hjelp til å komme i gang, til å lage eit tenleg opplegg med lekter og merking, er det likevel lurt å få av nokon som har gjort slikt før. Med ei levetid på hundre år eller meir, er skifer ei investering som i lengda sparer pengar. Sjølve steinen er gratis når han frå før ligg på taket.

Eldre firkantskifer er større og tjukkare, det vil seie sterkare. Dimensjonane varierte frå eine området til hitt. Nokre kunne vere nesten ein meter i firkant, andre vel ein halv meter. Yngre dimensjonar er mindre. Slike skifertak skil seg frå rastataka ved at hellene ligg diagonalt, med eine hjørnet nedover. Også med firkanta steinar er det om å gjere å få legginga til å passe med avslutninga på vindskiene og mønet. Dette krev nøyaktig merking på underlaget. Så er det å følgje strekinga nøye, så linene langs kantane vert beine. Dette gjer legginga litt meir krevjande enn med lappskifer, der små avvik viser mindre.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Moderne tekkjemateriale kan aldri måle seg med eigenskapane skifer har, i kvalitet og estetikk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis