Tre på tak var ein utbreidd skikk
Tre til taktekking har truleg vore meir vanleg enn vi får inntrykk av etter at teglstein, skifer og bølgjeblekk kom i handelen. Nå kjenner vi tekkje av tre mest som spon på stavkyrkjene. Ved restaurering kan tre som tekkje vere ein skikk å ta opp att her og der.
Fjøs på ein støl i Numedal under restaurering. Nytt tak med kløyvd spon, bræde, nesten ferdig. Det gamle hadde lege i 60 år, sa dei.
Foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Frå torv på taka høyrer vi lett ein stadeigen klang. Dei er vakre på ein traust og heimsleg måte. Men bjørkenever var mangelvare i store delar av landet. Med pomorhandelen frå utpå 1700-talet og til dess bolsjevikane tok over i 1917, vart det i nord og heilt sør om Dovre kjøpt bjørkenever frå Russland, frå traktene ved Kvitsjøen. Denne handelen har teke seg opp igjen. Nokre stader kom tegl tidleg i bruk, og her og der skifer. Men det meste av landet mangla berg som var til å lage heller av. Tre var viktig tekkjemateriale i lange tider.
Bræde
Takspon fanst i fleire former og vart lagt på ulike måtar. Den grovaste varianten er kløyvd ut med øks eller kilar. Bræde er eit namn på denne typen. Breidda varierte oppover frå rundt fem tommar (12,5 cm) og lengda frå 50 til 90 cm, kanskje meir. Det var om å gjere å ha stubbar med god kløyv, utan ved som var mykje vridd. Både gran og fure vart nytta. Gamle tre som hadde vakse seint og med lite kvist, var best. Ungdomsveden i midten har ofte vakse for raskt, og dei hogg han gjerne vekk. Mergen må ikkje vere med opp på taket. Mest varige vert alle former for spon om årringane går på tvers av bordet, frå eine sida til hi, det som heiter kantved.
Brædene ligg ved sida av kvarandre i raster frå ufsa og opp. Dei overliggande dekkjer rommet mellom dei to under. Med kløyvd ved vart dei ikkje liggande tett på kvarandre; opningane gav rom for lufting og god tørk etter regn. På tak med lite fall, kunne dei ligge utan feste i underlaget, men med stein som tyngde dei på plass. Opplegget var slik at ein stein heldt nede fleire trestykke, eller det låg stokkar under steinane. På brattare tak var sponen festa med trenaglar, visstnok ofte med stein oppå i tillegg.
Spon er flekt ut av stokken med kile og tilhoggen med øks, eller skoren ut med sag. Begge delar kan vi sjå på stavkyrkjene i dag. Slik spon er tynnare oppe enn nede, og på kyrkjene med avsmalning, ofte spiss, i nedre enden. Under restaurering har dei funne spon som kanskje har lege sidan 1100-talet. Dei har førsteklasses kantved av gamal og tettvaksen fureal. I tillegg har dei vore verna av milebrend tjøre, blanda med knust kol. Dette hemmar mekanisk erosjon av treet og impregnerer i tillegg. Ved vøling i nyare tid er det nokre stader lagt inn dårleg material – henta langt ute i stokken og med mykje geiteved som går dukken etter kort tid.
Spon av gran
Så seint som på slutten av 1950-talet la dei spon av gran på tak i Trøndelag. Det var dugnadsarbeid i grenda. Monrad Kolstad frå Namdalseid fortel at taka varde rundt 30 år, altså om lag som støypt takstein i dag. Dette var rektangelforma spon – skoren på sag – rundt 12 mm tjukk framme og 4–5 mm bak. Lengda kunne ligge rundt halvmeteren. Etter skjeringa var det å vrake dei stykka som ikkje var gode nok. Større kvistar tvers gjennom, sprekker og andre skavankar ville raskt gje lekkasje. Slike tak var dominerande på både stovehus og uthus i Namdalen fram til etter krigen, då eternitt, betongstein og stål gradvis tok over.
Sponen la dei i raster, den eine oppå den nedanfor, og festa han med spikar i eit tro av bord som låg kant i kant på åsane. Dei kunne raskt oppdage om taket lak. Litt rom til sides var det mellom kvar spon, slik at væta raskare vart lufta ut. Om dei valde ut visse tre til slik spon, har eg ikkje fått sikkert svar på. Men det var helst gamle tre i naturleg granskog dei nytta. Dette var før den planta og til slike emne ubrukelege broilergrana voks til. Fleire stader ligg dei gamle spontaka igjen under nyare tekkje. Når det etter kvart kom lekkasjar her og der, var det å legge inn ny spon. Ut over våren kom det lyse flekkar i taka.
Stikker
Ein tredje variant er stukken spon, nokre kalla han stikker. Dei vert laga med ein rett kniv som har handtak i begge endane. Då trengst det vel 30 cm lange kubbar av tre utan kvist og dårleg kløyv. Dette er handarbeid. Først er det å kløyve kubben i to delar, så kvar av dei to i tre. Ungdomsveden, rundt mergen, vert hoggen vekk, og resten er for sponstikkarkniven. Han set vi langs mergstrålane og trykkjer. Då rivnar veden langs fibrane, og flatene vert tette. Tjukna på stikkene har nok variert, men rundt ein halv centimeter var vanleg. Dei vert litt tunnare på eine sida enn på hi. Tidleg om våren, når frosten går or stokkane, er den høvelege tida. Kubbane må ikkje få tørke, då vert arbeidet tungt. Kubbar av gran kokte dei visst for å lette arbeidet. Jon Godal skriv i Tekking og kleding med emne frå skog og mark at tusen spon på eit dagsverk var oppnåeleg, sikkert for øvde stikkarar.
Ferdige stikker sette dei i eit rundt kar på eit høveleg stativ og surra dei etterpå i hop. Slik kan granspon tørke, men fureved vert blå. Han står seg best i vatn, som òg vaskar ut noko av næringa for ròtebakteriar. Stukken spon la dei sidesua. Då ligg den eine delvis oppe på den ved sida, til høgre eller venstre, alt etter vêr og dominerande vindretning.
Når spon ligg att under nyare materialar, er det råd å finne ut korleis skikken var på staden; det var ikkje berre ein, dei var mange. Denne variasjonen er eit viktig poeng ved restaurering av gamle hus. Å oppdage kva som var skikk på garden, eller i grenda, aukar kunnskapen om måtane dei gjorde det på. For uøvde er det tilrådeleg å få hjelp frå nokon som har røynsle frå før.
Kvåv
Kvåv er kraftig tekking, brukt på mindre, lafta hus i utmark på delar av Austlandet og sørover. Frå mønsåsen ligg halvkløyvde stokkar nedpå veggen og litt til. Under ligg stokkane med mergsida opp, over med borksida opp. Dei er kløyvde, og i tillegg er mergflata hoggen som ein open V. Langs mønet ligg ein liknande stokk. Vatnet som renn ned på understokkane, vert leia utom veggen. Aust-Agder fylkeskommune har restaurert eit slik tak og veit korleis detaljane skal vere. Innrotne tre er veleigna til slikt; mykje av arbeidet har bakteriane gjort.
Då sagene gjorde det raskt å lage bord, kom dei også i bruk som tekkje. Skulle dei vare, måtte trea vere gamle og tettvaksne. Borda ligg nedover taket – det eine på to andre, som i tømmermannskledning. Skikken som er kjend, går ut på å høvle runde far for vatnet på oppsida av underborda og på begge sidene av overborda. Forma følgjer smalninga i stokken. Er dei av fure, kan det gje meir varige tak å fjerne geiteveden, om han ikkje er gamal nok. Berre dei mergnære borda er tenlege, og dei må ikkje ha store kvistar eller andre lyte som kan gjere dei utette. Alle ligg med rettsida opp. Nokre har toppen i mønet, andre omvendt. Då byggjer dei jamt bortover.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det meste av landet mangla berg som var til å lage heller av. Tre var viktig tekkjemateriale i lange tider.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.