Å halde tonen frå hus og tun rein
Glede over det vakre har følgt menneska gjennom tidene. I den norske byggjeskikken finn vi lite som dei laga ekstra for å pynte huset. Men somme har gjort seg mykje føre med nokre bygningsdelar, og resultatet vert då meir tillokkande.
Ei gamal hengsle hadde brotna, men er reparert av smeden, som òg laga nye naglar. Hengsla har tidlegare vore i ei anna dør i lange tider.
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Kor utbreidd slik ekstra innsats var, veit ingen. Kanskje låg arbeidet for det vakre meir i det som var inne i husa, lausøyre, vevnad, stasklede og musikk. Frå mellomalderen har vi igjen berre dei mest påkosta bygningane, dei som var av ekstra varig materiale. Dei har alle noko ved seg som løfter utsjånaden. Dette har Arne Berg teikna og fortalt om i det store verket Norske tømmerhus frå mellomalderen.
Bur og loft er det mange igjen av oppe i dalane på Austlandet, frå 1800-talet og eldre. Helst på gardar som hadde god økonomi. Dette var stashusa, dei mest påkosta. Dei taler for seg sjølv med tilsikta prestisje. På meir vanlege hus er det først og fremst proporsjonane – forholdet mellom lengde, breidde og høgde – som gjer dei tiltalande. Å ta vare på eit velforma tun krev at nye bygningar ikkje får ta livet av det. Om det er snakk om å utvide eit gammalt hus, eller byggje noko nytt i lag med dei gamle, fell det nye betre saman med det gamle om skap og dimensjonar, overflater og taktekkje kling i hop. Både kvart hus og samlingane av dei er frå gamalt bygde til ein indre heilskap. Med dagens tilgang på framande byggjemateriale er det fort gjort å forstyrre denne harmonien. Tonane frå tunet vert då sure.
Huset og terrenget
Det vanskelegaste å få til er kanskje å plassere noko nytt i lendet. Korleis nye hus eller tilbygg bør stå for å falle godt i landskapet og høve i lag med det som står der, er ofte ei vanskeleg vurdering. Det krev omtanke, og omtanke tek tid. Å flytte eller vri eit nytt hus litt kan gjere resultatet mykje betre. I nokre gardstun har dei klart å reise store låvar på ein vellukka måte, andre stader ikkje. Den moderne tenkjemåten, med vekt berre på funksjon og kostnad – og lite anna – har sin pris. I dag ser vi dei fyller opp terrenget så det vert flatt og ein enkel plass å byggje på, men for auget er slikt aldri vellukka. Husa må få form etter terrenget, ikkje omvendt. I bratte bakkar finn vi nokre stader byggverk på granne og elegante stablar av flate steinar oppå kvarandre. Om dei har sige litt skeive, er det enkelt å rette dei opp i staden for å skjemme ut huset med slette betongfundament.
Med unnatak for nokre pynta bygningar på rike gardar er den eldre norske byggjeskikken enkel og nøktern. Det er lite meir enn det som trengst, som det var i livet i bygdene. Funksjon var viktigare enn fryd. Ein byggjeskikk utprøvd gjennom tusen år hadde kanskje nådd den optimale forma si? Nokre delar har likevel fått litt ekstra. Vindskiene har kanskje ein dekorasjon i den nedre enden. Sperrene er tynna på høgda ute under ufsa, og taket verkar lettare med denne detaljen.
Dørene
I dei husa som står igjen frå mellomalderen, har dei gjort mykje for at beitskiene ved dørene skulle ta seg godt ut, mest på utsida, det som fall i auga for alle. Dei er ofte breie, mange stader utbuka, tjukkast på midten, og har mønster i tillegg. Også dørene har material av store dimensjonar. Når bustadhusa etter mange generasjonar med åre og røykomn fekk loft, kom det fyllingsdører med profilhøvla råmetre i stovehusa. Først hadde dei to fyllingar, på 1600-talet, så ein og seinare tre eller fleire. Desse dørene står i ein eigen karm – ikkje lenger direkte i beitskiene – og karmen er omringa av profilerte lister. Etter krigen spikra mange plater over fyllingane, til moten av det glatte og preglaust moderne. Ta vekk platene, og du har ei solid dør med ein kvalitet som dei masseproduserte i butikken manglar. Råmene er tappa i hop, festa med trenaglar. Dei lèt seg banke ut, om eit stykke treng vøling. Skal døra slå ein annan veg enn ho har gjort, er det berre å setje nye hengsler på den andre sida, og flytte låsekassen.
Listene rundt dører og vindauge fekk profilar som varierer med den rådande stilarten og kva slags profilhøvlar snikkaren hadde for hand. Byborgarar og embetsmenn bygde nok heller konsekvent etter den rådande stilen. Bøndene heldt seg meir til skikken og meir avdempa stiluttrykk, ser det ut til. Kvaliteten er ikkje mindre av den grunn. Om gamle lister har tjukke lag av måling, lèt profilane seg skrape fram att med varsam hand. Til mindre stykke går det fint å høvle profilane med hand, om ein får tak i rette høvelen. For større mengder kan mange som har fres, slipe til nye stål ut frå ei presis teikning av den aktuelle profilen.
Hengslene
Gamle dørhengsler var av og til smidde til vakre dekorasjonar. Stabelhengsler rir på ein tapp som er bøygd eller laga til på annan måte for å feste i veggen. Sjølve gangjarnet kan vere eit stykke tvers over heile døra, festa med mange naglar, og bøygd rundt dørbladet til innsida. Eller dei er som eit ornament på utsida. Dei fleste er likevel flate jarn som rekk eit stykke inn på dørbladet. Enden er ofte dropeforma. Det var ikkje uvanleg å felle dei inn i borda. Då sit dei støtt. Og vi finn ein kort variant som er tappa inn i tjukke dørblad frå sida, med ein nagle eller to gjennom. Alt dette er tidsvitne om historia bak huset. Nokre hengsler kan vi sjå har vore brukte i lange tider før; dei er slitne på oppsida av gangjarnet. Til lettare dører som står i eigen karm, kom det etter kvart bladhengsler, som er festa i døra og karmen med treskruar. Også dei hadde enkle dekorasjonar som veksla med den rådande stilen.
Stiluttrykket er kanskje tydelegare på vindaugshengsler. Dei var lenge stabelhengsler, smidde i eitt med vinkeljarn som hindra at råmene seig. Utsjånaden kan vere eit middel til å finne alderen på huset. Sjølv når dei ser medtekne ut, er dei sterke nok om delane er heile. Gamle vindaugsråmer er lette å bere.
Knekte hengsler og andre grovare delar av stål som er skadde, lèt seg nesten alltid vøle av ein smed eller andre som har utstyr for metallarbeid. Om delane er kraftig rusta, er dei sjeldan øydelagde av den grunn. Ofte er slike små detaljar som skil seg frå resten, godt synlege og set sitt preg på bygningen. Om slike delar vert erstatta med masseproduserte og galvaniserte alternativ, får huset eit nervøst preg. Om det trengst å kjøpe nytt, bør kopien vere handlaga dersom originalen er det. Til dører og vindauge frå 1700–1800-talet er det gode kopiar av hengsler, hasper, stormkrokar, låsekassar og vridarar å få kjøpt i spesialbutikkar.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Husa må få form etter terrenget, ikkje omvendt.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»