Ei sjøbu i Fjaler – opp frå sitt lutande forfall
Ho stod der i dårleg stand – mange ville sagt til nedfalls – Nilsbua i Hellevika i Fjaler kommune. Men Hellevik grendelag ville snu utviklinga og få huset i stand. Nå er dei verste skavankane vølte, med stønad frå Norsk kulturminnefond.
Nilsbua i Hellevika har sine lyte av alder og væte. Men dei er mindre enn dei ser ut til på utsida. Trehus som er bygde del for del, lèt seg vøle på same måten.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Sjøbua var ein gong ein livleg møteplass mellom hav og land, mellom by og bygd. Men meir og meir lutte ho mot sjøen. Nå står endeveggen stram som for hundre år sidan. Delar av skifertaket legg dei opp igjen på nytt tro, og regnet må gje seg mot steinen. Mange timar vil det ta før huset er i god stand, men forvitringa er stansa.
Rundt 1900 fekk Hellevik steinmura kai, og Nilsbua – med namn etter han som bygde ho – vart flytta dit. Bua stod opphavleg nedanfor gardstunet på garden, tvers over ei lita vik. På den nye staden vart dette eit allsidig hus, nesten 16 meter langt og 7,5 meter breitt. Der var landhandel og lager – også for is som dei skar om vinteren, lagra i sagflis og brukte til å berge fersk mat. Huset har to skorsteinar. Nokre rom var bustad for folk til på 1950-talet.
Konstruksjonen
Bortimot 60 år utan drift og vedlikehald fekk etter kvart fart på forfallet. Stein datt av taket, og kledningen rotna. Men dei berande delane er langt betre enn bua kunne gje inntrykk av utvendig. Konstruksjonen er eit standarverk av delvis skoren og delvis tilhoggen material. Botnsviller ligg på låge steinmurar under veggane. På toppen av standarane i langveggane ligg det òg sviller; dei held sperrene på plass. Til å bere det tunge taket ligg der også stokkar som støttar sperrene inne i huset, på loftet. Beringa er ein samansett konstruksjon – med samhald mellom delane – og han tolde at mangt hadde svikta.
Å restaurere eit slikt hus startar med å forstå sjølve konstruksjonen, korleis kreftene verkar, og kva som skal til for å gjere vølinga sterk og varig. Det neste er å få tak i rett sort material. Restaurering på antikvarisk vis vil seie å lage dei nye delane med same slags reiskap og på same måten som dei originale vart til. Nye delar skal vere av same treslag som dei gamle, og ha like god kvalitet. Det vil seie styrke nok mot brot og bøying der det trengst, og stor motstand mot ròte der væte kan komme til. Dette er eit kvalitetskrav som har vore lite påakta i mange restaureringsarbeid. Kunnskapen om materialeigenskapane vart så godt som borte, både på sagbruk og i bygningsbransjen, då nymotens spinkle byggjemåtar tok over. Nye delar på restaurerte hus, som gjerne har klart seg i eit halvt tusen år, var i nokre tilfelle gjennomròtne etter eit par tiår.
Emna
Svært gamle hus som framleis står, er av fure, det av treslaga våre som har størst evne til å vare, med sin impregnerte kjerneved. Men det er ikkje nok med kva som helst slags alved. Gamle tre med smale årringar og kjerneved som er tetta av harpiks, må til. Dette er som regel tre som har vore kua av mangel på lys i ungdommen, og som står på næringsfattig, gjerne våtlendt mark. Men skilnaden frå tre til tre har mange årsaker, og nokon enkel regel for å finne dei rette, det har ingen.
Styrken mot bøying og brot stig òg når treet veks seint. Skog som er dyrka for rask volumvekst, eignar seg ikkje til material for krevjande oppgåver. Eit tredje punkt for val av gode emne er at tjukna på stokken bør høve til dimensjonen på det ferdige emnet. Når standarane i veggane i sjøbua er om lag 5 tommar i kvadrat, skar eller hogg dei materialen ut av tre som var tjukke nok, men heller ikkje stort meir. Er det vankant på ein del vi må skifte ut, bør det nye stykket også ha ein slik kant. Sperrene i bua har mykje av geita igjen på undersida. Yteveden krympar meir enn kjerneveden når stokken tørkar, og sperra vert strama opp mot tyngda av taket. Slik kvalitet fekk dei til ved dimensjonshogst, dei valde ut tre som høvde til den dimensjonen dei ferdige emna skulle ha.
Å få tak i rett material er ikkje alltid lett for dei som må hente han frå eit vanleg sagbruk. I trelastbutikkar er det knapt vits i å spørje. Difor krev god restaurering god planlegging, som går ut på å finne fram til – del for del – kva slags emne som trengst. Velgjort arbeid startar helst i skogen. Dersom ytene skal vere med hogne flater, er det lite ekstraarbeid å træ stokkane direkte i staden for å sende dei på sag og seinare skave av så mykje at utsjånaden vert nokolunde rett. Dei gamle hogg emna til av rå ved, som gjev ei anna overflate enn å gjere det på tørka material.
Kor mykje skal bytast?
Så er spørsmålet: Kor mykje skal vi fjerne av gamle og skadde delar? Hovudsvaret er: så lite som mogeleg. Ofte vert det vraka for mykje av det gamle. Materialen er ein vesentleg del av den historia huset ber med seg, og viktigare di eldre bygningen er. Huset kan vere det einaste byggverket som er gjort akkurat på den måten.
Ståande stavar og standarar er enkle å få sterke nok ved å felle inn ein ny del så langt opp som den gamle er ròten i nemnande grad. Dei vert sterke nok om ein del av yteveden er borte. Berande bjelkar, stavlæger og takåsar krev ei meir grundig vurdering i kvart tilfelle. Er det usikkert om skøyten vert sterk nok, er ein heilt ny del tryggast. Vi lèt heller ikkje berre ein liten del av det gamle stykket vere att. Kanskje kan eit vraka stykke komme til nytte ein annan stad under vølinga. Spørsmålet er ofte kor stor tyngde ein berande bjelke eller liknande må tole. Er dimensjonen stor, treng ikkje mindre ròteskadar gjere bereevna usikker. Sperrer er det sjeldan aktuelt å skøyte. Om dei er delvis rotna i nedre enden, frå veggen og ut, er det trygt legge å inn nye stykke der, med årringane slik at dei helst høver i hop med dei gamle.
Kledningen
I liggande kledning kan dei nedre borda vere øydelagde, medan dei som er lenger oppe på veggen, er bra friske. Har dei klart seg i 50 eller 100 år, har dei vist at dei toler fleire tiår til. Med ståande kledning er situasjonen vanskelegare om endane nede er ròtne. Å setje inn mange mindre stykke, tek seg dårleg ut. Varig vert det knapt. Restaurering er å finne løysingar som kanskje ikkje er ideelle, men likevel dei best oppnåelege.
Dei berande delane av Nilsbua i Hellevika er forma med øks, oppgangssag og sirkelsag. Dette fortel at dei har ulik alder. Så langt det lèt seg gjere, har kvar ny del fått same overflata som han dei er skøytte inn i. Nokre nye delar er festa med stålboltar og mutterar. På eit vel hundre år gamalt hus lèt det seg forsvare med at alternativet var å vrake meir av dei gamle og noko skadde stokkane.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Restaurering er å finne løysingar som kanskje ikkje er ideelle, men likevel dei best oppnåelege.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.