Dokteren i sperrestova
I ei enkel sperrestove ved Jølstravatnet bur ein ung dokter på sjuande året. Tanken var å halde varmen der til dess han hadde fått i stand eit større hus i tunet. Men Ole-Magnus Kapstad vart teken av trivnad mellom dei meir enn 160 år gamle tømmerveggane i stova.
Tunet på Hamarsbakken. Sperrestova i midten med nyehuset bak, kårhuset til venstre og driftsbygningen til høgre.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Å setje i stand den yngre og større bygningen er ein stadig flytande tanke. Sansen for gamle hus og historier fekk Kapstad av to eldre damer som budde i ei tømra stove like ved byggjefeltet han vaks opp i. Hos desse damene var guten ofte og fekk høyre forvitnelege soger om eitt og hitt. Då han som studerande ungdom fekk høve til å kjøpe garden Hamarsbakken i 2008, var han ikkje i tvil om å slå til. Men det skorta på både tid og pengar for studenten. Først måtte han ta seg av naustet, som var nær ved å bukke under av elde. I 2010 hadde han tenkt ut kva han ville gjere med sperrestova, og arbeidet starta den våren.
Litt treverk var skadd av ròte, men det største inngrepet var gjort av folk. Enden med koven og inngangen hadde dei kappa vekk; han stod i vegen i tunet. Den nye eigaren gjorde nokre endringar for å få plass til det han ville, innanfor den flata huset hadde å by på. Han har kjøkken med oppvaskmaskin, bad, vaskerom, fiber til internett og ei uneleg stove med rømd under taket. Fjernsyn kan han òg sjå, men skjermen heng bak eit teppe på veggen når han er svart. Elektriske lamper gjer lite av seg når dei ikkje er på. Slike rom har gjeve vestlendingar livd sidan vikingtida, om vi ser vekk frå vindauge og omn. Glasruter visste ikkje mennene med sverd om.
Reist med ljore
Stova var reist i 1854, med røykomn og ljore i taket, slik skikken var då. Røyken slapp ut i mønet, og mykje lys kom inn der. Då stod huset med lengderetninga på tvers av fallet i terrenget. Så tok dei ho ned og sette ho opp att i 1892, nå med kortveggen nedover, mot vatnet. Den gongen høvla dei øvste veggstokkane, sperrer og tro på nytt, og sotet etter røyken under taket er vekke. Det har likevel sett sitt preg med ein litt mørkare og særeigen lét i veden. I sin nye glans fekk stova skorstein som kvilte på to stokkar over den eine beten. Omnen i dag er nesten identisk med den utbrende som stod der, ein høg etasjeomn frå 1880. Då Kapstad spurde, hadde ein som restaurerte omnar, nett fått inn ein kopi nummer to i sin 40-årige karriere.
Golvet i stova er nytt, av solide furebord med vekslande breidde. Huset er isolert utvendig, men ikkje meir enn at dei gamle vindaugskarmane kunne stå som dei var. Vindauga frå 1892 er doble, med rutene ståande i spor i rammene og sprossene i staden for i kittfalsar. Dette var nok omstendeleg å lage, og eitt av rammestykka må om ein skal skifte ei rute. Men der er ikkje kitt som losnar og treng vedlikehald. Treverket er framleis friskt etter snart 130 år. Rutene har preg av si tid, då framstillingsmåten var slik at dei ikkje er heilt jamtjukke. Mange sperrer hadde rotna i dei nedre endane, eit ikkje uvanleg lyte under torvtak. Å felle inn nye trestykke har gjort dei fullt tenlege, og det er langt billegare enn å skifte heile. Botnstokkane under veggane er delvis nye.
I det som før var ein open kjellar under huset, er det no bad og vaskerom, litt lagerplass og anna som kjem godt med. Baderommet har delvis glasfelt mot steinmurane utanfor – ei løysing som held badet varmt og slepper inntrykket av det originale inn i det nye. Ned kjem vi i ei gamal trapp med godt slitne trinn, men i stand til å bere tusenvis av nye steg.
Halvtanna år etter starten på arbeidet, kunne han flytte inn, julaftan i 2011, med nær 80 rutemeter å boltre seg på i tre høgder. Då hadde han lagt ut rundt 600.000 kroner. Vel 250.000 gjekk med til elektriske installasjonar og det røyrleggarane monterte. Om han hadde nøgd seg med å restaurere huset som det stod, hadde han kome frå det med 150.000–200.000 kroner. Til dette fekk han òg 120.000 kroner av midlar til spesielle miljøtiltak i landbruket. Ein god del eigeninnsats kjem attåt pengeutlegga. Kapstad er meir enn nøgd med både resultatet og prisen. Han bur langt frå kummerleg, og saknar ikkje større golv. Psykiateren finn både sinnsro og velvære i stova. Slike hus gjer heller ikkje noko vondt for jorda og klimaet.
16 bygningar på garden
Fleire andre hus på garden er alt stramma opp for å tole nye tider, mange tiår. To kvernhus har fått nye stokkar nedst i veggane og nye kvernkallar. Ein flor (fjøs) på stølen og ein gardflor – eit sommarfjøs ved utmarka – stod der med veggane i stein igjen. No har dei òg tak med torv. Dei som står att å vøle, er Nyehuset i tunet – det større bustadhuset – og eit kårhus som har ustøe grunnmurar. Nyehuset skal bli til å bu i, med gode som er vanlege i dag. Men det er om å gjere, meiner Kapstad, at det ikkje vert for stort sprang mellom det ytre preget frå tidleg 1900-tal til eit moderne interiør. Det som prega huset innvendig då det var nytt, må òg vere dominerande i ei ny tid. Utan vert utsidene ein misvisande fasade, eit villeiande skal.
Tømmerveggar er eit godt utgangspunkt for eit diffusjonsope hus, eit som slepper luft inn og ut. Trekk er lett å bli kvitt med vindtetting utvendig, utanpå isolasjonen. Men diffusjonstett folie høyrer ikkje nokon stad heime i slike bygningar. Isolasjonen bør vere av organisk stoff, og slik at han tørkar ut på same måten som treverket. Gamle hus krev andre løysingar enn dei som skal bli tette som hermetikkboksar og ha ventilasjon med vifter.
Smia treng noko vedlikehald, og på stølen står eit sel frå 1881, med preg av alderdommen. Driftsbygningen i tunet er under stadig endring for ny bruk innvendig. Der kyrne stod, vert det no grovkjøkken og rom for større samkomer enn eigaren kan hyse i stova. Nokre mindre bygningar høyrer òg til eigedommen – ein husmannsplass og ei kvern, som Kapstad i alt har tre av. 16 bygningar har han teke på seg ansvaret for. På løa ligg i tillegg to laftekassar som han så langt berre har ein nesten klar plan med.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som prega huset innvendig då det var nytt, må òg vere
dominerande i ei ny tid.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.