JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Under tuer i landskapet ligg steinmura kuplar

Mange hadde jordkjellarar for å lagre poteter og rotvekstar frostfritt gjennom vinteren. Jorda isolerte mot kulden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Denne jordkjellaren er reist på nytt på Nordanger i Radøy. Han vart dokumentert og flytt etter at kommunen gav løyve til å rive han.  Ved sida av inngangen har kjellaren éin mur inne og ein ute, med jord mellom til isolasjon.

5689
20180928

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

I Nordhordland og i Gulen i Sogn og Fjordane hadde kjellarane ein kuppel som dei bygde med utkraging, ein eldgammal teknikk som går ut på at kvar stein stikk lenger inn i rommet enn den som ligg under. Andre stader i landet bygde dei tak over kjellaren med kvelvingsbogar, på same måten som i mange eldre bruer. Men i kyststroka sør for Sognefjorden var teknikken altså å legge steinane lenger og lenger inn oppover mot toppen. Dette er på mange vis ein enklare teknikk, og han er meir vanleg i den folkelege skikken. For at murane skulle bli stabile, jamvel om dei halla innover, måtte dei ordne seg slik at rommet fekk ei oval form, og at steinane støtta kvarandre. Der ligg den bereevna. Med jord rundt og over lagerrommet vart lufta inne fuktig nok til at rotfruktene heldt seg godt. Men om potetene kom våte inn, fekk dei tørke gjennom ein liten opning, ein ljore, i toppen av taket. Til vinteren la dei ei helle og jord over holet. Golvet inne i kjellaren kunne vere berre jord, eller dei la inn heller, og då slik at dei ikkje samla vatn.

Steinauget

Fleire kjellarar som stod i forfall, er no bygde opp att. Haakon Aase i Meland gjorde steinmuring som hobby om til levebrød, basert på gammal kunnskap om skikken dei brukte før. Jordkjellarane bygde dei stort sett av steinen som dei fann han – store og små, tjukke og tynne, nokre med gode liggesider, andre heilt utan. Ein del flisar må som regel til, men det bør ikkje bli for mange. Kjellarane er utan mørtel som bind steinane. Dette set store krav til steinauget, evna til å sjå korleis dei mange formene kan høve i hop til ein stødig mur. Det er ikkje lært i ei handvending. Slikt kan ingen lese seg til. Men med øving, utan hastverk, kan nok mange få det til. Skikken var i praksis utdøydd før Haakon Aase og andre dokumenterte og bygde opp att ein slik kjellar for nokre år sidan. Aase har spela ei aktiv rolle i å atterreisa tradisjonen med gråsteinsmuring som handverk, og han har gjort mykje for å føra kunnskapen vidare.

Det som er viktig, seier Haakon Aase, er å sjå kva steinen er brukande til, kvar han kan passe i muren. Auget og tanken må heile tida gå føre hendene. Muraren må kjenne grunnprinsippa for å få byggverket varig. Steinane skal ligge slik at dei bind kvarandre i hop til ei stødig, litt avlang halvkule. Dei må ligge slik at vatnet renn ut om veggene.

Så må det formsans til. Det må vere balanse i muren, om han skal ta seg godt ut. Vi må sjå at han ligg trygt. Då ligg store steinar i veksling med mindre. Hjørna i murar, og steinane inn mot opningar for dører og vindauge, er sjeldan vakre om dei gjev inntrykk av å ligge ustøtt. Å mure med markstein, med den forma vi finn han i, krev godt syn for å kombinere steinar med ulikt skap. Men å forme steinane krev både tid og høveleg reiskap. Den folkelege skikken bygde med det dei hadde.

Berre jord og stein

Ofte ligg kjellarane i ein bakke, slik at veggen på motsett side av inngangen står nede i jorda. Med det fekk dei eit veleigna rom, og dei slapp unna med mindre muring. Dette er enkel og praktisk arkitektur som minner om ei stor tue i landskapet. Lett synlege er kjellarane berre på den kanten inngangen er. Inn til døra fører ein gang, eit par meter lang, frå det lågaste i terrenget. På begge sidene av gangen er murane doble. Den inste dannar sjølve lagerrommet og ber kuppelen. Den ytste er støttemur for jord som ligg mellom dei to vangane og held kulden ute. Dersom heile rundingen stakk over marka, måtte dei ha dobbel mur rundt heile den øvste delen. Både i kvelvingen og lenger nede ligg steinane slik at vatnet renn ut av huset. Stein er tekkje over rommet – og det som ber eit varmeisolerande lag av jord. Heile byggverket er berre jord og stein.

Dei fleste kjellarane er frå 1800-talet, etter at poteta vart vanleg i kosten. Poteter toler ikkje minusgrader. Då forsvarer dei seg mot frostskade ved å gjere stive om til sukker, og smaken tek preg av det. Men professor Nils Georg Brekke, ein nestor på feltet, meiner det er god dekning for at byggeskikken er langt eldre enn poteta her i landet. Det vart dyrka rotvekstar lenge før, og vinterlager har dei hatt. Jordkjellarar bygde dei òg på dei britiske øyane; det er ein skikk på tvers av Nordsjøen. I detalj er løysingane innretta etter terrenget og kva slags stein som var å finne.

Nye tider

Så viktige var desse kjellarane at om folket flytte til ein annan gard, tok dei gjerne steinen i kjellaren med seg og bygde han opp att. Også husmenn hadde jordkjellarar – mange av dei var flinke handverkarar og kunne byggje sjølv. Med handelsjordbruket og poteter som kjøpevare også i bygdene kom steinromma i forfall. Kyr og hestar beita på taket. Om kuppelen fekk skade, var det gjort. Konstruksjonen står ikkje utan den gjensidige støtta som alle steinane er med på.

Nokre av kjellarane låg nær tunet, så det var lettvint å hente ut poteter og anna som var lagra der. Andre låg nær potetåkeren, så det var enkelt å få avlinga i hus. Dei seinare åra har Haakon Aase og andre vore med på setje fleire jordkjellarar i stand, nokre gonger etter tiltak frå personar i bygda, også andre enn eigarane. Skikken kviknar kanskje til att?

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Denne byggeskikken er langt eldre enn poteta
her i landet. Det vart dyrka rotvekstar lenge før,
og vinterlager har dei hatt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis