Kommunen: Kvar er det nye tilbygget?
Dei kom dit i 1978, Gro Kollandsrud og Nils Friis, til ein kald vinter. Isen la seg i badekaret, WC og vask fraus. Slik hadde dei det frå jul og ut januar, ein periode med 35 minusgrader trykkjande mot novene. Staden var garden Kollandsrud ved Norefjorden i Numedal.
Det gamle huset med kledning på veggene til høgre. Til venstre den nye delen, bygd som ei gammal sval med stavar som berande og tiljer (bord kant i kant) mellom dei. I mellomalderen var svalgangane kalde, med opningar i veggen. Nå er svala ein del av det oppvarma huset, med glas i opningane.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Å tvile på flyttinga kom ikkje på tale, buplassen sin hadde dei funne. Gro kom frå Oslo og var utdanna kunsthandverkar som sølvsmed, Nils var frå Kongsberg med eksamen som arkitekt. Begge ville skaffe seg eit levebrød i Numedal. Staden var slektsgarden hennar, med besteforeldra som dei siste bufaste. I heile oppveksten hadde Gro kvar einaste sommar der.
– På Kollandsrud meinte eg at eg høyrde til, og så møtte eg ein mann som var villig til vere med på det, fortel ho.
Huset er frå 1853, og med nokre utbetringar er det ikkje lenger vanskeleg å halde vinteren ute. Først var det å isolere badet, så kjøkkenet. Dei la elektriske varmekablar i gangen. Under resten av golva er det montert røyr for varmt vatn, men dei har det så langt ikkje vore bruk for. Det meste av isolasjonen ligg i golva, og over loftet, andre høgda. To vegger, mot sør og vest, har noko isolasjon utanpå tømmeret, under kledning av ståande bord. Dei to andre står med nakne laftestokkar. Fyringa går mest med ved og litt elektrisitet til å halde ein lunk i romma. Tømmerveggene er eit stort varmelager når dei først er oppheta. Inne fell temperaturen sakte etter at glørne i omnen har mørkna.
Tilbygget
Framleis står huset om lag som det først var bygt. Unnataket er eit tilbygg som nesten kunne vore ei tradisjonell sval langs ein del av inngangssida. Her fekk dei ein romslegare gang og ny trapp opp til andre høgda. Arkitekten i huset teikna sjølv det nye. Det er etter gammal tradisjon i dalen, med stavar som berande delar og ståande bord – kant i kant – til vegger mellom dei. Oppe og nede er borda festa i liggande stokkar og minner om ein tiljevegg frå mellomalderen. Då kommunens mann kom for å godkjenne endringa, måtte han spørje kvar tilbygget var.
Om huset har Gro og Nils berre vellæte. Det er friskt og godt, aldri innestengt. Veggene magasinerer varme om vinteren og held romma kjølige om sommaren. Huset har ein triveleg atmosfære, og Gro meiner tradisjonen er ein viktig kvalitet. Ho kjenner seg heime her i tunet og innanfor veggene. Å vøle og ruste opp huset som stod der, vart opplagt mykje billegare enn å byggje noko nytt. Sølvsmeden har verkstad i ein gammal låve. Garden driv dei med sauer. Å halde jorda i hevd ser dei som ei plikt for den som eig dyrka mark og beite. Då må dei ha dyr, som òg gjev dei gleda av å vite kva dei et. Og skikken går vidare. Yngste dottera har overteke og sett foreldra på kår i eit yngre hus.
Golvet i stova er nytt, med breie bord som i det gamle. Det var for dårleg til å legge ned att. På eit stubbegolv låg der før kol mellom bjelkane til isolasjon. Under er der kjellar med jordgolv. Vindauga er frå 1960, med separate glas inne og ute, altså ikkje kopla. Dei står der framleis, i god stand. Listverket, derimot, er nye kopiar av det originale. Dei fann profilane på gamle restar som låg under stabburet. Skorsteinane var skeive og er retta opp. Peisen i stova har eit naturmåleri på kappa, laga av bestefaren etter at den ivrige jegeren ikkje lenger klarte å ta seg ut i skog og fjell. Kjøkkeninnreiinga er ny, laga på ein snikkarverkstad for å høve akkurat til plassen. Elles er inventaret enkelt. Gamle skåp og ei golvklokke frå 1700-talet pregar stova. Taklys kjem frå lamper frå 1921, av same sorten som dei har på Kunstindustrimuseet. I nokre rom står framleis gamle fyllingsdører og listene rundt med sin målingsslitne sjarm.
Spor etter liv
Spora etter alder og liv som før har vore på staden, er for mange – kanskje dei fleste – eit særpreg av verdi. Det gjev huset individualitet. I lange tider avgjorde skikken på staden korleis bygningane kom opp. Ikkje alle var like store, og nokre detaljar veksla gjerne frå ein snikkar til hin. Særpreg fekk dei først og fremst av varierande bruk, og desse merka viser best inne. Her ligg minna etter menneska som gjennom farne tider hadde veggene til ly rundt livet sitt. Å restaurere er å nye opp att dei delane som på grunn av ròte, slitasje eller skade ikkje lenger gjer si nytte, men å late det som er godt nok, vere som det er. Å lage eit gammalt hus om til eit som ser på lag nytt ut, er noko heilt anna. Dei bygningane som står att frå eldre tider, var reiste for å vare lenge. Handverk og material var jamt av høg kvalitet. Byggjemåten var utprøvd – feilstega hadde dei lagt bak seg. Dagens regelverk, som krev at hus for folk er tette som hermetikkboksar, har eit smalt, teoretisk og uprøvt fundament.
Kva seier så Nils Friis, arkitekten, til dei som vil utvide eller endre eit gammalt hus? Først var tanken hans å kopiere teknikken med solid tradisjon i området. Slik vart svala på Kollandsrud til. Det nye måtte ikkje forstyrre det gamle. Framleis meiner han at i gamle gardstun og andre bygningsmiljø bør det nye som kjem til, underordne seg det som står der frå før, ikkje skrike i kontrast. Dette omsynet gjeld først og fremst proporsjonar, material, takvinkel og slikt. Med åra har han likevel gjort det nye meir tydeleg. Om gamle vindauge på staden har sprosser, treng ikkje det vere eit krav til glas i nye vegger. Også med bruk av nye element kan det arkitektoniske språket vere varsamt, ikkje fjerne seg langt frå tradisjonen. I bygdene er byggjeskikken meir konservativ enn i byane, og det tilseier små steg i endringane.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dagens regelverk, som krev at hus for folk er tette som hermetikkboksar, har eit smalt, teoretisk og uprøvt fundament.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen