Nytt og umoderne
– Inga såpe på tredisken, takk!
Kjøkenrommet måler 3,55 x 4,25 meter og kosta meg i alt 475.000 kroner å pussa opp frå botnen av. Seksjonen til venstre har far min laga. Her har eg alt av større kjøkenutstyr.
Foto: Eric Clement
Kjøkenet: May Linn Clement er 34 år og skal kjøpa det fyrste kjøkenet sitt. Målet er at det også vert hennar siste. Del 3 av 3
Det er ikkje lett å eiga eit nytt kjøken. Eg vil helst at det skal vera nytt så lenge som råd, men må bita det i meg: Det er berre nytt éin gong. Og det var i mars.
Den 11. mars, klokka 15.36, vart vatnet kopla til, og kjøkenet mitt var offisielt nytt. Dagen etter sa Erna at alle skular og barnehagar skulle stengjast, og kjøkenet vart omgjort til heimekontor. Fredag 13. mars kom den fyrste flekken på benkeplata i eik, og frå no av gjekk det slag i slag.
Kor flekkane kjem frå, veit eg ikkje, men eg vert skuffa om dei viser seg å koma frå såpe. For er det éin ting eg har sagt til alle som har våga seg inn på kjøkenrommet mitt, er det at benkeplata i eik ikkje skal vaskast med såpe.
– Difor har me to klutar: éin med såpe og éin utan. Den kvite kluten skal det aldri vera såpe på.
Somme tek slike beskjedar på alvor. Eg seier det éin gong, og dei skjønar det. Dei viser forståing og respekt. Kjøkenet er nytt, sjølvsagt vil eg halde det fint. Andre gjev blaffen. Eg må liksom gå etter dei å minna dei på toklutsregelen. Ingenting er kjipare enn å måtta gjenta for gjestar at eikedisken ikkje skal vaskast med såpe.
Sjølve monteringa av kjøkenet gjekk over to dagar. To bergensarar kom med fyrste ferja ein morgon og sette i gang med sirkelsag og boremaskin. Eg trur dei var brør, eg trur til og med dei var einegga tvillingar, men eg spurde ikkje. Når dei snakka om seg sjølve, sa dei ikkje eg, dei sa me. «Me er oppvaksne med hytte her i Austevoll, så det er kjekt å koma att.» «Me vil bli ferdige i dag, for me skal til Hemsedal i morgon.»
I ettertid har eg lurt på korleis det gjekk med den Hemsedal-turen, med tanke på hytteforbodet som innfann seg. Hadde det ikkje vore for Hemsedal, ville kanskje ikkje kjøkenet mitt vorte ferdig den 11. mars. Det er noko å tenkja på. Eg tek stundom ein pinne for Hemsedal medan eg beundrar innreiinga.
Hadde eg ikkje sagt noko, ville ingen ha sett at kjøkenet mitt var nytt av året. Dei lyseblå frontane mot den gule veggen står i kontrast til dei harde sjakkrutene på golvet, og heile sulamitten i kontrast til dei rådande kjøkentrendane i 2020. For det skal ikkje vera friskt og fargerikt i år. Det skal heller ikkje vera lyst og kvitt, slik me ville ha det for ti år sidan. Nei, i år skal kjøkenet vera trist og svart. Både tak, veggar, golv og møblar – jo mørkare, jo betre. Er det éin ting nordmenn er gode på, så er det å kvitta seg med umoderne kjøken. Dette gjer at ti år gamle kjøken vert bytte ut, rett og slett fordi dei ikkje er moderne lenger. Nordmenn tronar einsame på toppen av oppussingsstatistikken i Europa, kanskje også verda, skreiv Aftenposten i 2017.
Det er noko ròte med oppussingsvanane våre. No er eg verken trendforskar eller spåkone, men noko seier meg at me er temmeleg leie svarte kjøken om ti år. Å dansa etter denne motepipa er ein vond runddans. Du er i skotet i nokre år, men så vert du avleggs, og du veit det alt når kjøkenet er nytt; det einaste som går av moten, er diverre mote.
Kjensla av ei stor steikepanne som glir lett nedi vasken, er herleg.
Foto: May Linn Clement
Det eg er aller mest nøgd med på kjøkenet, er den to meter lange ståldisken med vasken sveisa fast. Kvar dag, og to gongar om sundagen, takkar eg meg sjølv for at eg gjekk for nettopp denne. Her får du setja gloheite gryter og slengja frå deg søkkvåte såpefiller. Disken toler alt.
Vasken måler 40 x 74 centimeter, er 20 centimeter djup og delt inn i to kummar. Den største av kummane er nesten ein halv meter lang, men viktigare enn det: Diagonalen er 60 centimeter. Oppi denne kan eg leggja heile steikebrett, eller den største steikepanna eg har. Ho er 57 centimeter, med handtak og alt, og går rett opp i kummen.
«Ideen om å vera saman med familien heile tida, til og med når du lagar mat, er oppskrytt.»
Frå botnen av vasken og til tuppen av krana er det 45 centimeter. Det er 20 centimeter høgare enn pinnekjøtgryta mi, og likeins med ei standard vaskebøtte på ti liter. Ein gong sette eg tre slike bøtter ved sida av kvarandre i vasken, berre for å sjå om det gjekk, og det gjorde det. Disken med vaskekummane kosta 29.575 kroner og er det beste kjøpet eg har gjort så langt i livet.
Det er fleire ting ved «opp- og avgjorde» kjøkenløysingar som byr meg imot. Mellom anna dette med éin oppvaskkum. Dei dukkar opp i fleire og fleire heimar. Éin ting er om kummen er stor, men mange har ein liten kum som i tillegg er rund. Ein du verken kan leggja steikepanne eller steikebrett i. Det burde ikkje vore lov å selja runde vaskar til kjøken.
Før var standarden to kummar, der du kunne ha kjøt til tining samstundes som du heldt på med oppvasken. Eller ha ei gryte med brent botn i den eine, og den andre ledig. Eller klutar i klorvatn i den eine og... Ja, lista er lang.
Då Ingrid Espelid Hovig vart beden om å koma med kjøkentips, trekte ho fram nettopp dette.
– I tillegg til oppvaskmaskinen vil jeg ha to store oppvaskkummer, jeg liker ikke de små oppvaskkummene som lenge har vært på moten nå, sa ho til Vi i Villa i 2011.
Ein annan ting er boss under vasken. Den gongen alle hadde eitt bosspann på kjøkenet, var det kanskje greitt å ha det plassert der, gjerne festa på innsida av døra. Men i dag er det ikkje slik. I dag har folk ein kjeldesorteringsstasjon pressa inn under vasken. Fire ulike avdelingar er ikkje uvanleg. Eg har til gode å vera i eit hus der dette fungerer optimalt.
Kva er poenget med å stappa søppel nedi små avdelingar, gøyma det nedunder vasken slik at det får liggja der og stinka litt i fred før du tek det ut av rommet?
Så, korleis gjer eg det, undrar du kanskje? Eg har kjøpt ei pedalbøtte på 30 liter som står på golvet. Dette er restavfallet. Eg skiftar posen annakvar veke når søppelbilen kjem for å tøma dunken. Ting som luktar, som til dømes emballasjen røykjelaksen kjem i, går rett i bossdunken ute. Bioavfallet ligg i ei portabel korg som eg flyttar på avhengig av bruken, ho har fast plass på ståldisken like ved vasken. Alt av plast går i ein stor sekk som heng i bua.
Papir samlar eg rett nok opp i ein papirpose under vasken, ved sida av oppvasksåpa som eg ikkje vågar å ha ståande på disken og freista potensielle benkevaskarar.
Open kjøkenløysing, med kjøken og stove i eitt... Arrester meg gjerne, men det må vera den dummaste av alle etablerte kjøkensanningar i moderne tid. Det tek seg kanskje godt ut på bilete, men desse bileta har ikkje lyd. Lagar dei i det heile teke mat på desse opna kjøkena? Brukar dei kjøkenmaskin for å elta deigar, ei durande vifte for å trekkja ut matosen gjennom? Kjøkenreiskapen eg brukar aller mest, er døra mot stova. Ideen om å vera saman med familien heile tida, til og med når du lagar mat, er oppskrytt.
Men eg må vera ærleg, eg såg ikkje desse utfordringane heilt sjølv. I prosessen fram mot nytt kjøken lufta eg for ei veninna tanken om å slå ned veggen mot stova.
– Ikkje gjer det!
Etter fem år i eit flunkande nytt hus vurderer ho å byggja opp ein vegg mellom stova og kjøkenet.
– Du finn aldri roa i stova når du støtt må sjå mot ein rotete kjøkenbenk.
Eg vil gjerne ta eit oppgjer med nokre falske nyvinningar på kjøkenet. Det som vert blåst opp som nyvinningar, er eigentleg berre ting som vert flytta på.
Ventilatoren har lenge vore plassert over komfyren. Logisk, då dampen uansett vil gå oppover, grunnskulepensum. Falsk nyvinning: Ventilator nedfelt i benkeplata som syg dampen frå grytene nedover.
To bord i eitt, seier reklamen for fasanbordet frå A. Grasaasen, frå 1959. Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv.
Ein annan kjenning som har fått innpass i benkeplata, er stikkontakten. Kva var eigentleg gale med å ha kontaktane på veggen over disken? Det verkar som me jaktar på stadar der det kan samla seg smular og støv.
Steikeomnen som ein del av den 90 centimeter høge benken er gamaldags. Ein tidsriktig steikeomn er innebygd og flytta høgare opp på veggen, slik at du ikkje treng å bøya deg ned for å ta ut steika. Kaffimaskina skal òg opp i høgda og byggjast inn. Me vil ikkje ha henne på benken lenger. Den plassen treng me jo til andre ting, som ventilator og stikkontaktar.
Det er leitt å fortelja dykk dette, men det finst noko som heiter «smartkjøken», og trendforskarar spår at det er framtida. Som det ligg i ordet, går det ut på at du kan styra kjøkenet ditt frå smarttelefonen. Dette er visst noko me – marknaden – vil ha. Her prøver eg å kutta ned på telefonbruken min, sletta applikasjonar som stel tid, for å gjera andre ting som å baka bollar og sjå at dei brunar seg i omnen. Så les eg at no kjem det steikeomnar med kamera, slik at du kan liggja i sofaen og sjå på mobilen når bollane er klare. Og du treng ikkje eingong skunda deg heim frå kontoret for å setja omnen på. No kan du sitja på jobben endå litt lenger – yes! – og styra omnen frå telefonen. Det finst eigentleg ingen grunn til å koma heim lenger. Kjøleskapet veit kva du mat du treng meir av, og frå springen kan du få både kokande vatn og vatn med kolsyre. Berre set ein pakke knekkebrød på kjøkenbordet, så klarar borna seg sjølve.
Kjøkenbordet er det einaste møbelet eg har teke vare på. Bordet er i respatex, og gravearbeidet med å finna ut kor gamalt det er, er ikkje verre enn å sjå på undersida. Der står det stempla inn «12 DES 1962» og at bordet er levert av A. Grasaasen på Grorud.
Bordflata måler 68 x 80 centimeter, og overraskande ofte er dette nok for ein familie på fire. Skulle me trenga meir plass, er det to hendige klaffar på 27 centimeter som kan dragast ut på kvar side. På eit bilete frå seint i 60-åra, som dukka opp på Facebook for litt sidan, sit besto, besten, onkel Norvald og onkel Kjell ved dette bordet og et frukost. Då er ingen av klaffane ute.
No sit eg ved det same bordet, i det same rommet. Utsikta er også den same. Eg ser mot postkassane femti meter nedi vegen, og eg ser den smale Larsavegen som går hundre meter sørover, rett fram. Her lærte mor mi å sykla, og her har begge sønene mine lært å sykla. Det næraste huset eg ser, er Larsahuset 150 meter unna. Der bur firmenning min, Lars, som òg har overteke huset etter besteforeldra sine, Ingeborg Anna og Lars (!). Han var fetter til bestefar min, Sigurd. (Han heitte eigentleg Nils, men då det var så mange Nils-ar i omlaup, mellom andre far hans, vart han heitande Sigurd heile livet.) Frå bestefar Sigurd døydde i 2011, gjekk det knappe åtte månadar før eg fødde ein ny Sigurd inn i dette huset. Det er no slikt eg tenkjer på når eg sit her i kjøkenet som var nytt i mars, og som eg aldri vil skifta ut. Eg vil berre pussa og olja eikedisken i ny og ne.
I likskap med Jennifer Lopez veit eg kor eg kjem frå. Så ikkje lat deg lura av eit kjøken til ein halv million. Eg er framleis, framleis May Linn frå eit kjøken utan isolasjon.
May Linn Clement
May Linn Clement er fast teiknar i Dag og Tid.
Les fleire artiklar i serien:
Del 1:«Eit kjøken som kler huset»
Del 2: «Hjarteromoperasjonen»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen