JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Storfjorden: Elden slokna – kulturarven livnar til att

På 43 år har Storfjordens Venner restaurert eller reist kopiar av 150 bygningar på 34 gardsbruk langs dei indre fjordane på Sunnmøre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tunet på Skageflå, 250 meter over Geirangerfjorden. Fremst stovehusa med torvtak, bak ei nybygd løe, til venstre taket på den løa som for det meste er original.

Foto: Erik Solheim

10986
20210108

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net

Dei fleste plassane er longe sidan fråflytta. Tida gjekk frå livet på små hyller nokre hundre bratte meter over sjøen. Husa seig sakte ned i graset. Fleire hadde ramla.

Ei så omfemnande gjenreising av kulturminne i regi av éin organisasjon veit ingen om andre stader i landet. Dei starta i det små, med eit brunnhus på Skageflå, like vest for Geiranger. Det var i 1977. Ein av medlemene i styret, Dagbladet-fotografen Johan Brun, hadde vore i Amerika og snakka varmt for restaureringsarbeidet. Sons of Norway samla då i hop nok pengar til å vøle minihuset.

Den første tida gjekk mest til å finne ut av skadane og legge plater på tak for å stanse forfallet. Dugnad og eigne midlar var innsatsen. Seinare kom det tilskot frå fylkeskommunen, Kulturrådet, Riksantikvaren, nokre bankar og selskap. Norsk Kulturarv og Kulturminnefondet er yngre pengekjelder som har støtta godt. Dronning Sonja engasjerte seg, også med pengegåve. No har Storfjordens Venner ei prosjektgruppe som administrerer restaureringane. Det meste av arbeidet med stein og treverk er det leigde fagfolk som tek seg av. Dei første åra var kunnskapen om god restaurering spinkel, det vedgår dei lett. Etter kvart vann dei stor respekt hos fylkeskommunen og Riksantikvaren for den antikvariske kvaliteten. Og sunnmøringane har fått blod på tann – ein husmannsplass står for tur. Nevar som vøler steinmurar, trevegger og tak, vil komme til fleire tun.

– Ein felles verdi

Men korleis kom alt dette i gang, kvifor gjekk så mange inn med så stor innsats? Nokre reduserte jamvel det betalte arbeidet sitt for å rekke over det frivillige.

– Det handlar om ein felles verdi for oss alle, noko identitetsberande. Og så er det heilt utan utsikter til pengar for nokon av oss, seier Asgeir Kvernberg, tidlegare styreleiar, og Tor Einar Amdam, sagbrukseigar og leverandør av ny kvalitetsmaterial til bygningane.

Dei første spirane av vørdnad for livet på dei oftast einbølte hyllegardane grodde så smått i 1960-åra, skriv Eldar Høidal i jubileumsboka Med hjarte for arven då Storfjordens Venner runda 40 år. Moderniseringa og industrialiseringa hadde konsekvensar som utløyste uro og tvil. Vêr og vind fjerna gradvis dei synlege minna etter ein kultur av arbeid og nøysemd. Øydegardane langs fjordane stod som forvitra monument over ei livsform som vekte respekt. Mange hadde røter i jorda og tuna som stod til nedfalls etter livet på ei smal stripe mellom livshåpet og stupet. Historia vart meir allment kjend då Sunnmørsposten trykte ei lang rekkje artiklar av Sakarias Ansok, med bilete som Magne Flem, redaktør i avisa, hadde teke sidan før krigen.

Ansok var sjølv bonde på ein veglaus gard ved fjorden, historieinteressert og god skribent. Han snakka med mange som hadde budd på gardane, og fekk deira forteljingar. I 1974 samla Karl Mjelva, hotellmann i Geiranger, åtte mann til eit interimsstyre for den organisasjonen som har berga meir enn nokon i starten kunne drøyme om. Frammøtet på dei årlege Storfjordstemna er jamt stort. Til Røneset i 2010 kom rundt 1600 menneske.

Skageflå

Skageflå, der bergingsarbeidet altså starta, er nemnd i dokument frå 1613. Her er ordet hyllegard verkeleg treffande. Tunet ligg på skrånande mark ned mot eit loddrett stup nesten rett i fjorden, 250 meter lenger nede. I 1874 vart garden delt i to då ein bror og ei syster i tunet gifte seg med ei syster og ein bror frå Møllsæter. Ektepara fekk kvar sin halvpart. Der budde folk til 1918, og etterpå var Skageflå slåttemark til godt etter krigen. I 1975 hadde løa på nedste bruket lege på marka i 15 år, alle taka lak, stokkar rotna. Ei ny løe vart reist på murane av flott hoggen stein. I 2004–2007 fekk stovehusa vølte fundament, nye veggstokkar og nye torvtak.

Folkehusa frå 1800-talet er her som elles på mange av hyllegardane, tradisjonelle sunnmørsstover. Dette er bygningar med utgangspunkt i den treroms røykstova, som er utvida i lengderetninga. Inngangen vart då om lag på midten av eine langsida. Framleis er stoveromma opne under taket; det er einhøgda hus. Koven og kammerset har gjerne lem og eit lite loft oppå. I nokre tun har stova ein svalgang på langsida. Fleire stader vart åren eller røykomnen endra til ei grue med mura skorstein over. Ei skråtekkje med plass til ved går ofte att for enden av huset. Seinare vart det meir vanleg å gjere veggene høgre, å få til eit romsleg loft. Denne skikken nådde ikkje Skageflå. Kanskje var det medverkande at garden eig ikkje barskog? Tømmeret måtte dei flote lange strekningar på fjorden etter færingen. Så var det å bere stokkane til tuns. Slik var det på dei fleste gardane; å lafte større rom med krokete lauvtrestammar var ikkje gjennomførleg. Nokre stader er det teikn til at veggestokkar kan vere frå 1700-talet. Spor etter mellomalderen er ikkje oppdaga.

Til uthus, derimot, såg dei seg gjerne nytte i bjørk, selje og andre treslag som dei fann i høvelege dimensjonar. På det øvste bruket på Skageflå berga dei løa før skadane vart store. Dette er eit grindbygt hus med skot, eit tilleggsrom, utanfor stavane. All materialen er av lauvtre, og mange har vore langt frå rettvaksne. Eit praktisk kunstverk er det å få til beine ufser og rettlinja møne med slike emne å hjelpe seg med. Under restaureringa skar dei bord med handsag, på gamlemåten.

Kvifor budde dei her?

Så kan vi spørje: Kvifor busette folk seg på så tungdrivne stader tidleg på 1600-talet eller før? Historiebøkene fortel at folketalet enno ikkje hadde vakse så mykje etter svartedauden at det var knapt med jord i landet. Jens Petter Ringstad, tidlegare fylkeskonservator i Møre og Romsdal, trur den generelle oppfatninga om god tilgang på jord ikkje alle stader er rett. Men viktigast for dei som tok opp hyllegardane – og dei som tok over seinare – var at dei ville vere sin eigen herre, utan innblanding frå andre. Han trur dei såg verdiane i å vere sjølvhjelpte, som ein Isak Sellanrå. Mangt måtte dei meistre for å løyse oppgåvene dei møtte, og det vart dei svært flinke til. Midla å hjelpe seg med var enkle, men evna til å nytte dei stor. I artiklane etter Sakarias Ansok er omkvedet at dei hadde det godt på dei avsides gardane. Heimekjensla vart sterk. For mange var det tungt å flytte.

På dei spreidde gardane utvikla dei velorganiserte samfunn. Dei hjelpte kvarandre når det trongst til større arbeid, som å bere hustømmer til gards. Ein kveld tende dei naudeld på Furnes. Fonna hadde rive huset av murane og tre menneske låg nede i snøen. Éin mann fann dei uskadd om kvelden; ei hand stakk opp. Neste morgon var tunet fullt av folk som fann to til i live. 22 timar hadde dei lege fastlåste og kaldt. Gardane vest for Eidsdal bygde seg telefonline på dugnad. På Smoge, som har tre tun på austsida av Sunnylvsfjorden, hadde dei kvinneforeining og basarar for misjonen. Folk kom lange strekningar og kjøpte lodd.

Ytste Skotet

Ytste Skotet er ein eigedom på 3000 mål som Storfjordens Venner fekk til gjevande i 1989. Garden er omtala både av Snorre og i Flatøyboka. Her levde folk då Håkon den gode var konge i landet, til han fall i Fitjar i året 960. Etter svartedauden kom der folk igjen på Skotet rundt år 1600. Seinare vart garden delt i fire, med rike bergensarar som eigarar. På 1700-talet kjøpte bøndene seg fri. Ytste Skotet er den største. 45 dekar er dyrka jord, og dette var ein gong den største korngarden i Stordal kommune. 4–5 kyr, 20 geiter og 8 sauer hadde dei til vanleg. Vinterfôret henta dei i utmarka og lagra det meste i utløer. Hovudbygningen har ei eldre røykstove som vart til kjøkken. Så kjem ein gang og den yngre storstova. Begge stovene er opne opp under taket, og begge har kammers utanfor, i endane av huset.

Tunet på Ytste Skotet ligg 225 meter over fjorden. I 1989 hadde husa stått tomme sidan 1954. Då slokna elden etter meir enn 300 år med varme i stova. Forfallet tok over. Stovehuset og stabburet hadde platetak og berre mindre skadar. Løa var nesten havarert og på eldhuset hadde alt treverk rotna. Fleire hus låg heilt på marka. No er alle vølte eller nybygde i kopi.

15 hus, pluss kaia og ny flytebrygge, har Storfjordens vener hatt om hende. I tunet er bygningane store; dei hadde eigen fureskog å ta av. Her er i kortform det som er restaurert:

Stovehuset – nytt tro og torvtak, nokre nye sperrer, resten er autentisk.

Løa – grindverket vølt, ny kledning, nye sperrer, tro og plater på taket.

Eldhuset – alt treverk og torvtaket er nytt. Skorsteinen stod like heil.

Taubanehuset – mest alt nytt i bygningskroppen, nokre delar av det gamle maskineriet er i drift.

Stabburet – nytt torvtak, nye vindauge og ny utvendig trapp, elles alt originalt.

Smia – alt treverk nytt. Torvtak.

Troskotet (til hesjestaur og slikt) – alt nytt, bygt på dugnad. Torvtak.

Fem utløer – alle er nyreiste, på dugnad. Alle har torvtak, tre med berre never til tekkje.

Naustet – restaurert grindverk, nytt tak med torv på.

Kverna – alt er nytt, har vore i bruk.

Hjulhuset – nytt tak og i ny bruk. Med overvasshjul (framleis intakt) og tau i trinser over bøen dreiv dei før treskeverket.

Alt dette har kosta vel 2,9 millionar kroner, medrekna opprusting av gardslandskapet, omlegging av gangvegen frå sjøen og ny bru over elva mellom Ytste Skotet og Me-skotet. Stor innsats er lagd ned som dugnad.

Eit levande museum

Ytste Skotet er meir enn ei samling velstelte bygningar. Bøar og beite er rydda for skog. Ei dugnadsgruppe slår graset og held tinga på stell. I 1993, fire år etter at dei ivrige overtok, starta arbeidet med å føre vidare til opplevingar av det verkelege livet på ein slik gard då folket der måtte berge seg med nesten berre det dei skapte med eigne hender. Ungdomen kjem frå grunnskule og vidaregåande, det er folkehøgskuleelevar, studentar og andre grupper. Dei unge steller dyr, bakar og kokar med vedfyring, slaktar og parterer, slår og tørkar gras, høgg ved og mangt anna. Ein eigen prosjektleiar har styringa; grannar og eldre som kan sine ting frå barndommen, deltek frivillig som kårfolk. Ei stifting vart oppretta for å føre opplevingar og læring av det eldre livet vidare, og det kom driftstilskot frå ymse kjelder. Ein periode heldt dei livet på Ytste Skotet gåande heile året. Det gav eit djupare inntrykk av realitetane i eldre tider på slike stader. Frå 2004 tok Stiftinga Sunnmøre Museum over formidlingsoppgåvene. Tilbodet er ettertrakta. Deltakartalet vekslar noko; i 2017 vart det notert over 1900.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis