JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

– Feil med kommunereform

– Korkje veljarane eller eg forstår kvifor vi måtte få ei kommunereform, seier Carl I. Hagen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carl I Hagen trur at dei til høgre vinn valet nokså lett.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

5631
20170901

SAMTALEN

Carl I. Hagen,

tidlegare formann i Frp

AKTUELT

Kven vinn valet?

5631
20170901

SAMTALEN

Carl I. Hagen,

tidlegare formann i Frp

AKTUELT

Kven vinn valet?

jon@dagogtid.no

Valet skulle vera ein såkalla spasertur i parken for Jonas Gahr Støre og Arbeidarpariet, men som meiningsmålingane fortel oss, vart det noko heilt anna. Korleis skal dette gå? Dag og Tid spør tidlegare forman i Frp, Carl I. Hagen, om kva han trur.

– For fyrste gong sidan di tid har Frp fått innvandring inn i valkampen. Kvifor?

– Det er eine og åleine Sylv Listhaugs fortenste. Ho har synt at det framleis er trong for innstramingar, som også Brochmann-utvalet til fulle har synt. Gjennom å vera såpass spissformulert og tydeleg har ho makta det eg ved høve òg fekk til: å verta angripen frå alle kantar. Når Frp får til det, gjer vi det alltid bra. Listhaug har òg fått skiljelinene mellom Frp og Høgre tydleg fram, særleg då ho nekta å beda Knut Arild Hareide om orsaking, sjølv om Erna Solberg kravde det. Listhaug har makta å syna det norske folket at utan Frp ville den vanlege snillistiske Høgre-politikken på innvandringsfeltet ha halde fram. Etter mitt syn var det òg ein genistrek av Listhaug å nekta å tinga om asylpakken sjølv om Solberg då vart rasande. Listhaug har synt fram Frps primærstandpunkt på ein glitrande måte.

– Men er ikkje Solberg eigentleg glad for at Listhaug sankar så mange røyster?

– Det er heilt rett. Solberg skjønar at Listhaug får folk som elles ville ha røysta Ap, over på borgarleg side. Listhaug har ein sterk appell hjå vanlege arbeidarar. Det styrkjer regjeringa og statsministeren.

– Det store sjokket er likevel Aps attendegang, korleis vil du forklara den trenden?

– Jonas Gahr Støre er ingen Ap-mann. Han er ikkje frå arbeidarklassen, og han forstår heller ikkje arbeidarklassen. Han er ein typisk elitist frå Høgre, som han i si tid òg søkte arbeid hjå. Han er rik gjennom arv, han har gått på franske eliteuniversitet og nyttar seg av privat sektor privat. Det er hans største problem: Han seier noko om politikk, og så gjer han privat noko heilt anna. Seinast no torsdag kom det fram at han investerer i selskap som ikkje er etiske og som den norske stat ikkje investerer i. Denne dobbeltmoralen er livsfarleg for ein Ap-leiar, særleg når denne leiaren ikkje har gode ryggmargsrefleksar.

– Handlar det ikkje vel så mykje om feil strategi då?

– Det er sjølvsagt slik at når du seier at alt går gale i Noreg, byrjar folk å undrast. Til og med oljeprissjokket lastar han regjeringa for. Men trass i dette sjokket går arbeidsløysa ned, det private forbruket opp og helsekøane vert gradvis kortare. Om du driv valkamp på feil premissar, mistar du tillit. Dessutan har Ap ingen løysingar. Dei seier at alt er gale, samstundes som dei vil løysa alle problem med 15 milliardar i auka skattar. Folk forstår at med eit statsbudsjett på 1300 milliardar, løyser ikkje 1 prosent meir skatt alle dei problema Ap feilaktig hevdar vi har.

– Kva er Aps største mistak i denne valkampen?

– Frieriet til KrF og Venstre, særleg dumt var frieriet til KrF. Ap har ein stor slump veljarar som er verdiliberale, særleg i abort- og ekteskapsspørsmålet. Er det eitt parti dei ikkje kan tola, så er det KrF, og med det har Støre skremt bort ei stor veljargruppe til SV og til Raudt. Noko av det same gjeld Venstre, som vert sett på som liberalistar. Frieriet til desse to partia var ei kardinalsynd.

– Men det kan likevel enda opp med at Hareide går til Ap, kvifor får ikkje dei vestlandskristne ein av sine inn i leiarskapen i KrF?

– Det er eit såkalla godt spørsmål, det er generasjonar sidan dei fekk det. Eg har alltid hevda at KrF eigentleg er eit sosialistisk parti. Om du ser vekk frå verdispørsmål i familiepolitikken, er leiinga i KrF alltid til venstre. Men dei skal ha det at dei har vore gode i valkampar på å lyfta fram verdispørsmål, dimed har dei overlevt. Det partiet leiinga i KrF burde ha samarbeidd med, er Frp. Vi har alltid stått leiinga nær i familiepolitikken, samstundes som vi har stått vestlandsveljarane svært nær. Det var til dømes eg som garanterte for at kontantstøtta skulle overleva då dei sat i regjering. Hareide veit at Frp står han nærast i verdispørsmål. Det er difor han er så vinglete.

– Regjeringa er heilt avhengig av Venstre for å kunne halda fram, er det då lurt av særleg Frp å snakka så mykje om innvandring og motorvegar?

– Det er uproblematisk av éin enkel grunn: Det finst knapt veljarar der ute som vurderer å røysta anten på Frp eller på Venstre. Frp skal taka veljarar frå Ap, og då er dei to mest viktige sakene nettopp innvandring og samferdsel. Venstre skal taka veljarar frå alle andre enn Frp, og særleg skal dei taka veljarar frå dei «snille» partia på sosialistisk side.

– Sp er jokeren i dette valet, var det feil å køyra gjennom kommunereforma og den såkalla nærpolitireforma?

– Det var det, særleg kommunereforma til Jan Tore Sanner har vore ille. Folk forstår ikkje kva ho handlar om, og det forstår ikkje eg heller. Men det verste er at ho gjev Sp eit høve til å gnåla om sentralisering, og det må Sp aldri få høve til. Kvar gong det vert eit tema, går Sp fram. Trøysta er rett nok at Sp ikkje berre tek røyster frå borgarleg side, men òg frå Ap, som heller ikkje her veit kva dei skal meina.

– Kven trur du vinn valet?

– Borgarleg side. Det seier eg ikkje av di eg er Frp-ar, men av di trendane to–tre veker før valet, har det med å berre verta sterkare fram mot valet. Men sjølvsagt: Det er lenge att til valet, ting kan skje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det finst knapt veljarar der ute som vurderer å røysta anten på Frp eller på Venstre.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis