Siste reis for Harry og Ruth
OSLO: I morgon er det 80 år sidan MS «Gotenland» forlét Oslo hamn. På madrassar i lasteromma låg 158 menneske, for det meste kvinner og born, alle jødar. Få minne er att.
Frå utfyllingsboka «Dine barneår», Jødisk Museum i Oslo.
25. februar 1943.
Lasteskipet MS «Gotenland» forlét hamna i Oslo med 158 jødar om bord.

Jødedeportasjon
havard@dagogtid.no
Måndag 13. april 1970 var verdas merksemd retta mot himmelen – «Houston, we’ve had a problem.» Etter ein eksplosjon om bord avlyste «Apollo 13» månelandinga og vende snuten mot Stillehavet – der eit ein gong norskeigd lasteskip var på si siste reis, heilt upåakta og ein god del lenger nord. Då fredagen kom og romfartøyet tok havoverflata, var MS «Esperanza» under opphogging i Kina.
Det 30 år gamle lasteskipet var alt ein holk, utdatert av oljealderen, men trass den korte levetida hadde det hatt mange namn: MS «Goslar», MS «Gotenland», MS «Hopeville», MS «Oinoussian Hope» og MS «Esperanza». Ei mørk soge vart til skrap i Shanghai.
November 1942
Det norske reiarlaget Klaveness & Co kontraherte skipet vinteren 1939–40 frå eit verft i København, Burmeister & Wein Maskin- og Skibsbyggeri. Klaveness hadde elles to lasteskip under bygging hjå Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord, der reiarlaget i si tid vart skipa. No låg kontora på Lysaker ved Oslo. Sidan 1799 hadde Klaveness manøvrert greitt gjennom napoleonskrig og fyrste verdskrig. No venta andre verdskrig.
Då tyskarane tok Danmark og Noreg våren 1940, tok dei det norske skipet på det danske verftet òg. MS «Goslar» erstatta då det planlagde namnet MS «Hopeville» –?Klaveness pla døypa skipa sine med endinga ville (for «stad»).
Nok eit nytt namn – MS «Gotenland» – fekk skipet då det gjekk av stabelen i København og vart kverrsett av den tyske Kriegsmarine. Dei trong fleire fartøy til troppe- og fangetransport mellom Skandinavia og Tyskland. Same månad som MS «Gotenland» endeleg stod ferdig, i november 1942, hadde to av skipa i denne trafikken, DS «Donau» og MS «Monte Rosa», vore lasta med norske jødar. Dei vart frakta sørover kort tid etter at dei vart arresterte – meir enn eit halvt tusen menneske, eit fleirtal av dei vaksne menn.
I det langstrekte landet var det framleis nokre jødar att, mange frå distrikta, fleire av dei trønderar og nordlendingar. Eit fleirtal var kvinner, born og gamle. Mange av dei vart arresterte onsdag 25. november 1942, berre dagen før DS «Donau» og MS «Monte Rosa» forlét Oslo med ektefellar, fedrar og vaksne søner i køyene.
Vinteren
Denne gongen gjekk det månader frå arrestasjon til utskiping. Frå heimbyar i Nordland og Troms, i Rogaland og Hordaland, vart fangane sende den lange vegen til hovudstaden. Der vart dei fengsla i Groruddalen, på Bredtveit.
Då eg var der ein gong og opptredde for dei innsette, hadde det vorte eit reint kvinnefengsel, men det vart det fyrst etter krigen, i 1945, og då i fyrste omgang for såkalla tyskarjenter og andre landssvikdømde kvinner. Jødane som sat på Bredtveit vinteren 1942–43, var både kvinner og menn, born og gamle.
For 80 år sidan i dag, 24. februar, ein onsdag, vart dei lauslatne, alle som ein. «Følgende jøder skal straks løslates fra Bredtveit Fengsel», heitte det i brevet frå Statspolitiet, signert politiinspektør Knut Rød (1900–1986). Han hadde teke del i jødearrestasjonane hausten før òg.
I samband med landssvikoppgjeret etter krigen slapp Rød sjølve å hamna på Bredtveit – ikkje av di han var mann, men av di han vart frikjend. At han hadde spela ei sentral rolle i organiseringa av Noregs bidrag til holocaust, var ikkje nok til å få han dømd.
Ein annan dom gav han att retten til å arbeida i politiet, mellom anna med registrering av norske kommunistar under den kalde krigen.
Mørkeret
I hamna i hovudstaden, ei dryg mil frå Bredtveit, låg MS «Gotenland». Jødane vart køyrde dit. Det var truleg ettermiddag og mørkt då dei kom til kaia, for lasteskipet kom seg ikkje av garde før neste morgon, i femtida, så tidleg at det framleis var mørkt.
Tre månader før, då DS «Donau» drog, hadde einkvan i politiet tipsa ein fotograf, og etter at bileta frå Vippetangen kom for ein dag, har mest alle sett dei. Det finst ingen kjende foto frå MS «Gotenland»-deportasjonen. Slik skipet låg i mørker for 80 år sidan, ligg det no òg.
Vart dei køyrde mot skipet via Trondheimsvegen og Storgata? I så høve fór dei gjennom dei kvartala i Oslo der det før krigen budde flest jødar – og der kring 100 snublesteinar med namn og årstal ligg att i fortaua.
19 av dei ligg utanfor éi einaste dør, til Calmeyers gate 15, i dag adressa til Jødisk Museum. Fagleg leiar Mats Tangestuen syner meg gjenstandar som har med MS «Gotenland» å gjera, mellom anna Dine barneår, ei slik utfyllingsbok ein gjev til nybakte foreldre: «Denne bok har Ruth fått fra sin dadda Mossa Rørnes på sin ettårsdag 5. juli 1941. Hun har vært ansatt hos oss siden Ruth blev født – nemlig 30. mai 1940. Tromsø, 5. juli 1941.»
Det var mora som skreiv, tromsøkvinna Rebekka Sakolsky. Kvar veke noterte ho gram i vekttabellen. Frå sumaren 1942, på fotografia frå ein ferie hjå slektningar i Harstad, manglar Selik, far til Ruth. Butikkeigaren var då arrestert. I november 1942 var han om bord på MS «Monte Rosa». No var kona Rebekka og dottera Ruth om bord på MS «Gotenland». Tangestuen fortel:
–?Då me la ned snublesteinar i Tromsø, sa ein lektor: I tretti år har me sendt elevar til Auschwitz. Og så har me hatt soga her i vår eigen by.
Ruth og Harry
Då det lysna over Austlandet torsdag 25. februar, var skipet truleg alt i Ytre Oslofjord. Fangane var då i lasteromma. Truleg fekk dei ikkje sjå MS «Gotenland» i dagsljos før dei forlét skipet laurdag føremiddag i hamna i Stettin.
Lengda var 135 meter, som skeisebanen på Bislett. Det 15 meter breie dekket var dominert av lukene til dei fire lasteromma. DS «Donau» var ikkje stort større enn MS «Gotenland», men hadde nær fire gonger så mange fangar om bord. I DS «Donau» var det sett opp køyesenger. På MS «Gotenland» trong ein ikkje liggja i høgda. Kvart lasterom hadde ei golvflate på nokre hundre kvadratmeter, som ein romsleg gymsal. Med kanskje førti menneske per lasterom var det godt med plass.
Men om det ikkje var senger i lasteromma, slapp dei å liggja rakt på golvet, for nokon hadde sytt for å leggja ut madrassar. Overfarten tok drygt to døger.
På ein av madrassane sat Rebekka Sakolsky med dottera Ruth på snart tre år. Ektemannen var i Auschwitz, der dei var på veg. Heimen låg i Strandgata 36 i Tromsø.
På ein annen madrass, truleg i nærleiken –?om dei elles var plasserte i same lasterom, det veit ein ikkje –?sat Eva Shotland frå Hvedingsgate 3 i Harstad. Mannen hennar, Isak, var i Auschwitz, han òg. Sonen deira, Harry, var den yngste om bord.
Men om han berre var 18 månader gamal, hadde han fleire gonger treft eitt år eldre Ruth. Ikkje berre på Bredtveit, men i Harstad òg. Førre sumar hadde Ruth og mora Rebekka frå Tromsø vitja slektningane i Harstad.
Harry og Ruth var fetter og kusine. Truleg leika dei i lag i lasterommet òg. For alt eg veit, synte Ruth moderleg omsorg for Harry. Bileta av dei i Dine barneår, frå Harstad-ferien førre sumar, minner meg om leiken mellom barneborna mine, ei jente og ein gut, kusine og fetter som Ruth og Harry, på om lag same alder som dei, ho eldst, han yngst, båe med kvalpefeitt.
Eit notat i Ruth-boka, frå 5. august 1941, handlar om ein annan Harry: «Anne Lise Caplan blev ett år, og vi var der i selskap. Ruth fikk da sitt første kyss av herr Harry Caplan, 2 år gammel. Synet av de to smårollingene var verdt mange penger!» Ho som fylte eitt år, og som snart mista far sin i Auschwitz, bur framleis i Tromsø.
Stalingrad
Gjennom vinteren på Bredtveit fekk mødrene veta lite om hendingar i verda. Berre dei siste vekene hadde mykje hendt – tyske styrkar hadde kapitulert ved Stalingrad, sovjetiske styrkar hadde atterobra Kursk, Rostov og Kharkov, og Isak, far til Harry og onkel til Ruth, var død, sparka i hel i leiren dei var på veg til.
Eg spør Mats Tangestuen:
– Korleis kunne tyskarane nytta så mykje tid og ressursar på deportering av jødiske kvinner og born når dei var i ferd med å tapa krigen militært og ikkje lenger kunne forsvara storbyar mot flyåtak?
Han svarar:
– Truleg låg det eit rasjonale bak deporteringane. På denne tida byrja den norske motstandsrørsla å gjera stor skade, og tyskarane meinte at jødane var sentrale i motstandsrørslene.
MS «Hopeville», meir kjend som MS «Gotenland», på eit fotografi truleg frå 1950- eller 1960-åra.
Foto: Skipshistorie.net
Vemork
Laurdag føremiddag, etter drygt to døger på sjøen, vart dei henta opp frå lasteromma, både åttiåringar og eitt- og toåringar, for no var skipet framme i Stettin, Szczecin, nord i noverande Polen.
Om lasteskipet gjekk under radaren i 1970, på si siste reis frå Hellas til Kina, gjekk det under radaren i 1943 òg, på ferda frå Noreg til Tyskland. Fartøy på himmelen stakk av med merksemda. Medan MS «Gotenland» kom inn i tysk farvatn, kunne britiske fly sleppa tusen tonn med bomber over Köln. Same dagen eksploderte det i Noreg òg, ved Rjukan, der tungtvassfabrikken på Vemork vart sprengd. Og på sjøen –?av eit mannskap på 22 overlevde berre éin då minesveiparen «Harstad» vart søkkt.
Frå Stettin vart dei nær 160 norske jødane sende i godsvogner med jarnbanen til Berlin, der dei vart innkvarterte i ein synagoge og laut skriva under på ei erklæring om at formuane deira vart overdregne til den tyske staten. Same dag vart det Kompani Linge-kapra kystruteskipet «Tromøsund» bomba av tyske fly, og 44 om bord omkom.
Leo Eitinger
Deportasjonen frå Noreg i februar 1943 kunne likna eit oppsamlingsheat. Ein som var om bord på MS «Gotenland» av di «toget vårt kom en dag for sent til Oslo etter at ’Donau’ var gått», var den 40 år gamle Bodø-lækjaren Leo Eitinger (1912–1996), ein av dei få deporterte jødane som kunne venda heim i 1945, i etterkrigstida ein kjend psykiater. Til Salten forhørsrett i Bodø gav han i 1946 eit detaljert vitnemål, som ein finn i boka Øyenvitner. Rapport etter norske jøders hjemkomst fra konsentrasjonsleirene (Dinamo Forlag, Oslo 2012), med innleiing og kommentarar av Bjarte Bruland.
Eitinger fortel at dei frå Berlin vart sende vidare sørover i kuvogner, no i lag med andre jødar. Onsdag 3. mars, etter halvtanna døger, nådde toget Auschwitz, same dag som ti britiske jagarfly bomba molybdengruvene i Knaben utanfor Kvinesdal.
Framme i Auschwitz vart eit fåtal sende i arbeidsleir, eit fleirtal i dauden. Eitinger fortel: «Den hele fangetransport var opprinnelig på 2000 mennesker. Der ankom til leiren ca. 280.»
Dei unge kvinnene
Av dei 158 frå MS «Gotenland» omkom 140 det fyrste døgeret. At berre éin av ti i gruppa overlevde dei fyrste 24 timane, hadde fleire grunnar. På DS «Donau» i november var fleirtalet menn. På MS «Gotenland» var fleirtalet kvinner og born, og av dei vart så å seia alle sende rakt i dauden, i lag med menn som var under 18 år eller over 45.
Ei gruppe av kvinnene vart spart. Medan småbarnsmødrer som Rebekka Sakolsky og Eva Shotland, båe tidleg i trettiåra, vart frakta vidare til gasskammera i lag med borna, valde tyskarane å spara livet til kring fem norske jenter mellom 17 og 22 år.
«Av kvinnene ble der plukket ut bare noen ganske få unge piker som vi så ble ført bort til fots, mens alle andre kvinner og barn ble kjørt bort i lastebiler», skriv Eitinger. På sjukehuskontoret i herreleiren vart han som lækjar sett til å skriva dødsårsakane til drepne fangar. Han freista å finna ut kva som hende med dei unge norske kvinnene. To månader etter ankomst, i mai 1943, «fikk jeg opplyst at det var 4–5 norske piker i leiren», men i november «1944 fikk jeg opplyst at der ikke fantes norske i kvinneleiren».
Av dei 158 norske jødane om bord i MS «Gotenland» var seks–sju i live etter krigen.
Snublesteinane
Skipet greidde seg. Etter å ha vore kverrsett av dei allierte, vart det i august 1945 endeleg overlevert reiarlaget på Lysaker og døypt til det opphavlege namnet, MS «Hopeville». Tidleg i 1960-åra låg det eit par månader i opplag i Arendal, men kom i fart att, før det i 1967 vart selt til det greske reiarlaget Argyros. Argyros stod framleis som eigar då skipet sette kurs mot Shanghai i april 1970.
Då – medan «Apollo 13» laut gjera vendereis og MS «Gotenland» låg til opphogging –?ville nordlendingane Ruth og Harry ha vore sist i tjueåra. Hadde dei levd i dag, ville dei ha vore tidleg i åttiåra.
Båe var dei einebarn. Få minne er att. I museet i Calmeyers gate 15 i Oslo finst utfyllingsboka til Ruth, og utanfor Strandgata 36 i Tromsø ligg snublesteinen hennar. Utanfor Hvedingsgate 3 i Harstad ligg snublesteinen til Harry. På nettsida Snublestein.no kan ein lesa om båe steinane: «Denne steinen trenger noen til å pusse den.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?