Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Brotne forbanningar

Norway Chess set ein ny standard for ei ny tid i klassisk sjakk. Og Carlsen innfrir på heimebane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter sitt fyrste tap på 800 dagar gløymer Carlsen at ein ikkje skal ha kroppskontakt med motstandaren Duda.

Foto: Lennart Ootes

5925
20201016

Altibox
Norway Chess.
Stavanger 5.–16. okt. 2020.

6 spelarar (alle mot alle med kvit og svart). 3 poeng for siger i klassisk sjakk; 1,5 for siger (1 poeng for tap) i armageddon.

Stillinga etter åtte av ti rundar:

1. Carlsen 16,5 poeng

2. Firouzja 15,5

3. Aronjan 13

4. Caruana 12,5

5. Duda 8,5

6. Tari 1,5

Arrangørane i Stavanger har gjort det meste rett. Og aldri har det stått så mykje på spel. Altibox Norway Chess er den fyrste fysiske superturneringa i verda sidan mars i år. Om dette ikkje hadde gått bra, kunne ein berre gå attende til guterommet og datamaskina. Ein grøssar ved tanken.

Spelarane er svoltne og serverer sjakk av beste merke i kvart einaste parti. Med god strekk i feltet i alder og nivå vert det ingen keisame remisparti. Diverre må publikum takka vår eigen juniorverdsmeister frå 2017, sympatiske Aryan Tari (21), for mykje av underhaldninga. Noregs nest beste spelar har berre fått éin remis på åtte klassiske parti. Han har tapt sju gonger i debuten. Det seier mykje om kor sterk verdseliten er, men set òg prestasjonane til Magnus Carlsen (29) i perspektiv.

Fyrste forbanning

Dei to beste spelarane i verda hadde spela 19 remisparti på rad i klassisk sjakk før 4. runde i Stavanger. Ikkje sidan våren 2018, på den same scena, hadde Carlsen slege amerikanaren Fabiano Caruana (28). Caruana på si side har ikkje slege verdsmeisteren sidan 2015.

Men denne gongen fekk Carlsen ganske enkelt spel som kvit. Føremonen var ikkje stor, men han bar det klassiske Carlsen-stempelet. Caruana vart meir og meir passiv heilt til det ikkje var meir att å spela for. Carlsen var letta, men òg overraska: Er det så lett å spela sjakk? Forbanninga etter dei 12 remispartia i VM-kampen i 2018 var broten.

Andre forbanning

Med denne sigeren hadde Carlsen spela 125 klassiske parti på rad utan tap. Det er ein soleklar rekord i sjakkhistoria. Han hadde ikkje tapt på over 800 dagar. Eg trur rekorden vil stå for all framtid av den enkle grunnen at klassisk langsjakk er gårsdagens melodi. Sjakken endrar seg, alt går snøggare. Det er visse ting ein moderne sjakkspelar ikkje skal gjera, til dømes å spela 125 dryge langsjakkparti på rad utan tap.

Som lesaren har skjøna, tapte Carlsen endeleg i 5. runde i Stavanger. Han hadde svart mot polakken Jan Krzysztof Duda (22), som før partiet låg sist på tabellen og berre hadde fått ein heldig remis mot Tari. Men sjakk er eit spel der nummer éin i verda kan tapa mot nummer 100. Og Duda er faktisk nummer 15 på rankinga. Carlsen har vore flink til ikkje å tenkja på rekorden. Han tek risiko i kvart parti mot spelarar på nivået til Duda. Verdsmeisteren ofra denne gongen ein bonde og eit tårn for berre ein laupar. Partiet vart ekstremt komplisert og spanande før Carlsen rota bort alt med ein bukk.

Carlsen vart forbanna over bukken, men at rekorden stoppa på 125, var like greitt. Den rekorden er trygg nok.

Ekvator passert

Halvveges i turneringa vart startlista snudd. I 6. runde fekk Carlsen difor revansje med kvit mot den same Duda. Partiet vart enkelt for verdsmeisteren, som å føra ein kniv gjennom romtemperert smør.

Men neste parti, svart mot Caruana i runde 7, var så vanskeleg som sjakk kan vera på dette nivået. Caruana har eit karaktertrekk som irriterer Carlsen: Amerikanaren ottast ikkje nordmannen. Caruana lukta blod og fekk Carlsen på defensiven etter ei skarp siciliansk opning. Carlsen var tydeleg ukomfortabel og nytta mykje tid.

No skjedde noko interessant: Carlsen fortalde etterpå at han såg på Caruanas kroppsspråk – ein viktig psykologisk dimensjon ved fysisk sjakk – at rivalen trudde han ville vinna partiet. Intuisjonen til Carlsen fortalde han at stillinga objektivt sett kunne vera tapt. Så her sit dei to beste spelarane i verda og reknar for livet på ei stilling dei trur er (nesten) vunnen for kvit. Men dei beste dataprogramma, som reknar på milliardar av trekk med eit ratingnivå rundt 3500, fann ikkje nokon klar veg til siger. TV-publikum og kommentatorar med tilgang på dataprogramma tok det heilt roleg: «Ja ja, det går vel mot remis.» Vi skulle berre visst korleis spelarane hadde det.

Carlsen nytta all tida si og fann på mirakuløst vis alle dei beste computertrekka. Då han berga remisen, hadde han berre to minutt attende på resten av partiet. Hadde han hatt litt betre tid, hadde han freista vinna, men denne nesten umenneskelege remis-redninga mot Caruana var ei større intellektuell bragd enn dei fleste sigrane i turneringa.

No kom genistreken til arrangørane: Om partiet endar remis, må spelarane kjempa om eit lite halvpoeng i armageddon, til stor glede for sjakkpublikum over heile verda. Her hadde Carlsen full kontroll, slik at han vann denne runden med dei originale sifra 1,5–1.

Norsk slakt

8. runde mellom Carlsen og Tari vart ei brutal oppleving for sistnemnde. Det finst ikkje noko verre enn å møta Carlsen som svart etter å ha tapt seks parti på éi veke. Alle i norsk sjakk elskar Tari, ein verkeleg klassespelar i norsk målestokk. Men debuten hans i Norway Chess syner at det er lite truleg at ein ny nordmann kan få innpass i verdseliten dei neste 10–15 åra. Og det vert nok ikkje lettare om 15 år heller. Då ventar ein at sjakktoppen vert dominert av indarar, kinesarar og andre asiatar (til dømes frå land som Usbekistan).

Kort fortalt, det heilnorske oppgjeret enda med ei blanding av klassisk eleganse og total slakt i fylgjande stilling:

Carlsen–Tari. Sluttstillinga med svart i trekket.

Carlsen har ofra eit heilt tårn, men Tari må stansa klokka. Svart mister dronninga eller vert matt når den kvite dronninga kjem til g8.

I dag klokka 17 vert siste runde i Stavanger spelt. Eg klyp meg i armen og konstaterer at klassisk sjakk lever vidare og leverer på brettet.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg trur rekorden vil stå for all framtid av den enkle grunnen at klassisk langsjakk er gårsdagens melodi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis