Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Carlsens lynåtak

Magnus Carlsen ville vinna alt frå klassisk langsjakk til lynsjakk i 2018, men miste hovudet i den nye favorittdisiplinen hurtigsjakk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magnus Carlsen er ikkje Ibsen eller Nansen, men eg har ofte tenkt på han som «ein Abel med brett og  brikker», skriv Atle Grønn.

Foto: Anton Vaganov / Reuters / NTB scanpix

10381
20190104

Verdsmeisterskapen i hurtigsjakk og lynsjakk
St. Petersburg 26.–30. desember 2018

Carlsens motstandarar runde for runde i hurtigsjakk
(15 minutt på partiet + 10 sekund per trekk):

1. Tukhaev Ukraina tap

2. Vokhidov Usbekistan tap

3. Pogosjan Russland siger

4. Vlassov Russland siger

5. Tang USA siger

6. Salgado Lopez Spania siger

7. Zubov Ukraina tap

8. Petrov Russland siger

9. Melkumjan Armenia siger

10. Amonatov Tadsjikistan siger

11. Dubov Russland remis

12. Anand India remis

13. Oparin Russland siger

14. Andrejkin Russland siger

15. Nakamura USA remis

Sluttstillinga i hurtigsjakk open klasse:

Gull: Dubov Russland 11 av 15

Sølv: Mamedjarov Aserbajdsjan 10,5

Bronse: Nakamura USA 10,5

4. Artemjev Russland 10,5

5. Carlsen Noreg 10,5

6. Firouzja Iran 10

73. Tari Noreg 8

143. Christiansen Noreg 6,5

(204 spelarar)

Ju Wenjun frå Kina vart verdsmeister i hurtigsjakk for kvinner.

Carlsens motstandarar runde for runde i lynsjakk
(3 minutt på partiet + 2 sekund per trekk):

1. Popov Russland siger

2. Grigorjants Russland remis

3. Teterev Kviterussland siger

4. Bosiocic Kroatia siger

5. Sjirov Spania remis

6. Zjigalko Kviterussland remis

7. Duda Polen siger

8. Firouzja Iran siger

9. Andrejkin Russland remis

10. Svidler Russland siger

11. Aronjan Armenia siger

12. Artemjev Russland remis

13. Giri Nederland siger

14. Wang Hao Kina siger

15. Tsydypov Russland siger

16. Golubov Russland siger

17. Nakamura USA remis

18. Gelfand Israel remis

19. Mamedjarov Aserbajdsjan siger

20. Nepomnjasjtsjij Russland remis

21. Korobov Ukraina siger

Sluttstillinga i lynsjakk open klasse:

Gull: Carlsen Noreg 17 av 21

Sølv: Duda Polen 16,5

Bronse: Nakamura USA 14,5

4. Aronjan Armenia 14

5. Svidler Russland 14

6. Nepomnjasjtsjij Russland 14

98. Christiansen Noreg 10,5

102. Tari Noreg 10,5

(201 spelarar)

Jekaterina Lagno frå Russland vart verdsmeister i lynsjakk for kvinner.

Den 16. verdsmeisteren i kongerekkja gjennom 132 år endrar synet vårt på kva det vil seia å vera ein komplett sjakkspelar. Tidlegare var det berre klassisk sjakk som hadde prestisje. Men mellomdistansen hurtigsjakk er ideell for å kåra den beste sjakkspelaren i verda – utan at pugging av opningsteori og remisdauden øydelegg sjakkgleda, meiner Carlsen. Argumentet vart lagt fram med tyngde etter at han vann 3–0 i omspelet i hurtigsjakk mot Fabiano Caruana i London den 28. november.

«Ja vel», tenkte sjakkverda. Ein månad seinare var det klart for den eigenlege verdsmeisterskapen i hurtigsjakk og lynsjakk i St. Petersburg. Carlsen gjekk offensivt ut: «Eg skal ta alle dei tre titlane, slik eg gjorde i 2014.» «Ja vel», tenkte sjakkverda. Eg rekna litt på sjansane hans i eit felt med 100 av dei beste spelarane i verda. Om han hadde 30 prosent sjanse til siger i hurtigsjakk og 40 prosent sjanse til siger i lyn­sjakk, ville han berre ha 12 prosent sjanse til dobbelsiger i romjula. Så brutal er sannsynsrekninga. Ingeniør og pappa Henrik Carlsen seier at Magnus var betre i matematikk før han byrja på skulen enn i dag – ikkje som kritikk av skulesystemet, men av di vesle Magnus snøgt miste interessa for alt anna enn sjakk.

Mental sperre

Carlsen har ikkje vunne fyrste parti i hurtigsjakk-VM sidan den historiske prestasjonen i 2014. Han tapte i fjor, jamvel om motstandarane i dei fyrste partia aldri er på topp 500 i verda. Mot ein ukrainsk stormeister-amatør (det finst slike òg) i fyrste parti i St. Petersburg spela Carlsen sakleg på brettet, men då ukrainaren verja seg som best han kunne, vart Carlsen frustrert over at sigeren ikkje kom. Han byrja tenkja, og han tenkte lenge. Dei ti sekunda ein får ekstra per trekk i hurtigsjakk, gjer det mogleg å rekna eit par variantar i sluttspelet òg, men ikkje meir. Carlsen rekna ein variant. Og ein til. Og ein tredje. I ei god stilling tapte verdsmeisteren overraskande på tid.

Mot ein 16-åring frå Usbekistan skulle Carlsen retta opp fadesen i runden etter. Han leika seg arrogant med dei kvite brikkene då han sette opp fella alle sjakkborn kjenner som «skulematten»:

Carlsen–Vokhidov (hurtigsjakk).

Kvit trugar sjakk matt med dronninga til f7, men svart i trekket verjar seg enkelt med å flytta bonden til g6 og truga den kvite dronninga. Sjølvsagt skal ikkje verdsmeisteren spela slik med kvit. Ein Anand eller Kasparov driv ikkje med slikt tull på sjakkbrettet. Men Carlsen veit at han kan gjera nokre sprell utan at det får konsekvensar. Etter 19 trekk hadde kvit fått opp ei vinststilling. Men i staden for å rekna ut vinstvarianten spela Carlsen snøgt eit sjablongtrekk og miste ein offiser. Den usbekiske tenåringen, som er av dei beste i verda i si aldersgruppe, vann utan større problem. Verdsmeisteren hadde byrja turneringa med null av to poeng.

Korleis er det mogleg? Startproblema hans er velkjende, men denne gongen var det verre enn nokon gong. Idrettspsykologar og hobbypsykologar over heile sjakkverda baud seg fram. I runde tre hadde Carlsen store problem med den tredje sterkaste russaren … under 14 år. Men til slutt fekk han inn ein billeg sjakkmatt, og i runde fire mot ein lokal amatør i 50-åra var spelet litt betre.

Det var likevel særs langt fram til dei beste. Etter ti rundar og to speledagar hadde Carlsen framleis ikkje møtt nokon av dei 40 beste spelarane som var samla i den fremste sjakkmetropolen i verda, fødebyen til Botvinnik, Kortsjnoj og Spasskij.

Lukke på kjøkenet

For norsk TV var dramaturgien god. Carlsen nærma seg sjakkforma og teten, og på den tredje og siste hurtigsjakkdagen fekk han endeleg god motstand. TV-sjåarane trudde framleis på gull. Carlsen måtte berre slå den amerikanske rivalen Hikaru Nakamura med svart i siste runde. Då ville han få omspel om fyrsteplassen mot den unge russaren Daniil Dubov (22), som tok tredjeplassen i lyn-VM i 2016 bak Karjakin og Carlsen, men som boikotta VM i Saudi-Arabia i fjor. Då Carlsen ikkje fekk meir enn remis mot Nakamura, var han likevel ikkje altfor misnøgd: «Eg er glad på vegner av Daniil», sa han om sin russiske ven, medan tankane alt var over på lynsjakken dagen etter.

Dubov fortalde sjakkjournalistane at han hadde spurt Carlsen kvifor verdsmeisteren hadde spela i Saudi-Arabia, eit land utan sjakktradisjonar og menneskerettar. «Eg orkar ikkje tanken på ikkje å kunna kjempa om gullet», hadde Carlsen svart. «Kva er lukke for deg?» spurde journalistane den nye meisteren. «Eg treng ikkje så mykje», svarte Dubov. «Når eg spelar lynsjakk heime på kjøkenet med Magnus – då er eg lukkeleg.»

Unge lynhaiar

I lynsjakk må handa, altså intui­sjonen, gjera jobben. Spelarane får berre to sekund ekstra per trekk – nok til å flytta ei brikke på brettet, men ikkje nok til å rekna variantar. Lynsjakkforma er ferskvare, men ingen har noka oppskrift på korleis ein kontrollerer slikt.

Carlsen byrja nervøst og var heldig som ikkje fekk eit tap i dei fyrste to partia. Men så vart spelet betre, og i den sjuande runden kom det som skulle verta eit nykelparti. Carlsen vann elegant mot den unge polakken Jan-Krzysztof Duda (20), den beste junioren i verda. Med sigeren til Dubov i hurtigsjakken fekk Carlsen ei påminning om kor farleg ungdomen er med kort tenkjetid. I lynsjakken var dei unge lynhaiane overalt, men intuisjonen til Carlsen byrja fungera: «Eg fann nokre djupe og originale idear i ulike midtspel», fortalde han til NRK. Korleis ein finn desse ideane utan tenkjetid, veit ingen. Lynsjakk på geninivå er ein kombinasjon av mønster­attkjenning, kreativitet og absolutt konsentrasjon.

Før runde åtte låg Carlsen eitt poeng bak leiaren, sensasjonen frå Iran, den berre 15 år gamle stormeisteren Alireza Firouzja. Carlsen hadde spela eit hundretal eittminuttsparti mot gutungen på internett og visste kva iranaren var god for. Verdsmeisteren var fullt konsentrert og vann eit mønster­parti. Eit neste høgdepunkt kom då Carlsen sette veteranen Peter Svidler, åtte gonger russisk meister, sjakk matt:

Carlsen–Svidler (lynsjakk). Sjakk matt.

I det 12. og siste partiet den fyrste speledagen var motstandaren på toppbordet ein 20 år gamal russar frå Sibir, Vladislav Artemjev. «Carlsen er ein av dei største i historia, men eg er heller ikkje så dårleg», sa russaren, som heldt partiet til remis etter stor dramatikk. «Artemjev er heil ved i lynsjakk, han veit korleis ein plasserer brikkene», har Carlsen tidlegare sagt om russaren.

Men den siste dagen forsvann iranaren Firouzja og Artemjev frå Omsk ganske tidleg. Carlsen, på si side, vann parti etter parti og låg føre gullskjemaet frå både 2014 og 2017. Dei røynde konkurrentane, som Nakamura og Svidler, spela altfor mange remisar til å halda fylgje med Carlsen, men éin ung mann vann òg alle partia sine eit halvt poeng bak Carlsen: polakken Duda.

Då polakken snøgt vann i siste runde mot den tretti år eldre israelaren Boris Gelfand, den tapande VM-finalisten mot Anand i 2012, var alt presset på Carlsen. Han registrerte sigeren til Duda og måtte no vinna mot ukrainaren Anton Korobov. Verdsmeisteren spela aggressivt med lang rokade. Korobov rokerte kort, men det var det siste han gjorde den dagen. Carlsen fekk inn eit avgjerande springartrekk og vann VM med rekordsummen 17 av 21 poeng. For fyrste gongen i historia var vinnaren utan tap i lyn-VM i open klasse.

Carlsen har no fire sigrar i lyn-VM (den fyrste kom i 2009) og to sigrar i hurtig-VM, seks totalt. Russaren Grisjtsjuk har til saman tre sigrar, medan Anand, Ivantsjuk og Karjakin har to kvar.

* * *

Det matematiske geniet Niels Henrik Abel var «et foranskutt lyn» ifylgje tittelen på biografien til Arild Stubhaug frå 1996. Magnus Carlsen er ikkje Ibsen eller Nansen, men eg har ofte tenkt på han som «ein Abel med brett og brikker». Det var òg tittelen min på den fyrste kronikken eg skreiv for Aftenposten om unge Carlsen for over ti år sidan (redaksjonen endra tittelen). Med dominansen til Carlsen i lynsjakk kjem Abel-referansen attende.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Når eg spelar lynsjakk heime på kjøkenet med Magnus – då er eg lukkeleg.»

Daniil Dubov

Om han hadde 30 prosent sjanse til siger i hurtigsjakk og 40 prosent sjanse til siger i lynsjakk, ville han berre ha 12 prosent sjanse til dobbelsiger i romjula.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis