Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Idétørke

Magnus Carlsen spelar sakleg,
men utan kreativitet på heimebane i Norway Chess.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Effekten av mjølkinga på garden til Felleskjøpet på Klepp var ikkje like god for Magnus Carlsen som for Aronjan (til venstre).

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

5331
20170616

Altibox Norway Chess.
Stavanger, 5.-16. juni 2017.

10 spelarar (alle mot alle)

Carlsens resultat, runde for runde:

1. runde: Carlsen - So, USA 1/2 - 1/2

2. runde: Caruana, USA - Carlsen 1/2 - 1/2

3. runde: Carlsen - Nakamura, USA 1/2 - 1/2

4. runde: Aronjan, Armenia - Carlsen 1 - 0

5. runde: Carlsen - Giri, Nederland 1/2 - 1/2

6. runde: Carlsen - Vachier-Lagrave, Fr. 1/2 - 1/2

Stillinga etter seks av ni rundar:

1. Nakamura, Hikaru 4

Aronjan, Levon

3. Karjakin, Sergej 3

Giri, Anish

Kramnik, Vladimir

So, Wesley

7. Carlsen, Magnus 2.5

Caruana, Fabiano

Vachier-Lagrave, Maxime

Anand, Viswanathan

Til den femte utgåva av superturneringa i Stavanger ville arrangørane samla det beste feltet i sjakkhistoria. Då var det ikkje plass til lokale heltar som Simen Agdestein eller Jon Ludvig Hammer. Dei ti beste spelarane i verda vart inviterte, og alle takka ja.

Lynsjakksiger

I eit slikt jamt og sterkt felt er normalresultatet remis. Men om alle dei 45 partia skulle enda remis, er det ikkje noko stort poeng å halda fram med sjakk på høgste nivå. Då kan ein pakka saman brikkene etter 1500 år med sjakkhistorie. Eller ein kan gå over til lynsjakk, slik dei gjorde den fyrste dagen i Stavanger. Der var Carlsen heilt suveren og vann med 7,5 av 9 poeng, heile 2 poeng føre Nakamura og Aronjan på 5,5 poeng. Det er ikkje tvil om at Carlsen har det snøggaste hovudet i sjakkverda, og han er den klåre verdseinaren i lynsjakkrating (2944) og snøgg-sjakkrating (2896).

Med lynsjakksigeren vart Carlsen skjenkt fem kvite parti (og fire svarte) i hovudturneringa. Men i den klassiske turneringssjakken er ikkje Carlsen lenger suveren. Med ratingtalet 2832 var han berre 20 poeng føre Wesley So før Norway Chess. Ingen av toppspelarane gjer store feil når dei har god tid på klokka. Så for å vinna må ein sjølv gjera noko ekstra. I Bilbao, sumaren 2016, var Carlsen kreativ i parti etter parti, men det siste året har det gått lenger mellom kvar gong. Og no i Stavanger er det idétørke.

Eg ser ikkje heilt kva han kan gjera annleis. Han gjer mykje rett som han alltid har gjort. Han spelar roleg i opninga og satsar på å ta over initiativet i midtspelet. Men det fungerer ikkje lenger. «Du må vera meir kreativ», kan vi seia. Men det er som å seia til ein hundremetersprintar: «Du spring bra, men du må springa eitt sekund snøggare».

Aronjans offerspel

Kreativitet er den komponenten ein ikkje kan trylla fram slik utan vidare. Når armenaren Levon Aronjan (34) er i form, er han alltid kreativ. «Sjakkverda er ein betre plass når Aronjan spelar bra», har Kasparov sagt. Det Aronjan gjorde mot Carlsen i runde 4, var umåteleg vakkert. Det byrja med eit lite laupartrekk til c2 i trekk nummer 10 av ei slavisk opning. Den tyske stormeisteren Jan Gustafsson kommenterte: «10.Bc2 (bishop c2) looks like a typo». Ja, trekket ser ut som ein trykkfeil av di ein i slavisk plar spela dronninga til c2, altså 10.Qc2 (queen c2). Men Carlsen skjøna at noko var på gong, han visste berre ikkje kva. Så kom eit bondeoffer på a3 i trekket etter. Og så kom den fyrste verkelege kalddusjen:

Aronjan slo lauparen på a3 med tårnet. Offeret er overraskande av di det ikkje er taktisk motivert, men eit reint posisjonelt kvalitetsoffer (tårn mot laupar). Den svarte dronninga tok tårnet, og kvit spela bonden frå c4 til c5. Aronjan forlét bordet, og tv-kameraa synte korleis Carlsen rista på hovudet. Carlsen skjøna at dei kvite styrkane på dronningfløya ville halda den svarte dronninga utanfor store deler av brettet i lang tid framover.

Men dette var ikkje alt. Få trekk seinare følgde Aronjan opp med eit lauparoffer på h7.

Matematikken er klår. Om ein fyrst ofrar eit tårn mot laupar (diagram 1), og så ein laupar (diagram 2), har ein i røynda ofra eit heilt tårn. «Er dei norske kyrne dopa?» spurde ei leiande russisk sjakknettside som lét seg imponera av Aronjan. Dei sikta til fellesekskursjonen på fridagen etter runde 3 då dei ti beste spelarane i verda vart tekne med til ein norsk bondegard for å konkurrera i ulike gardsaktivitetar som til dømes mjølking av kyr. Men effekten av mjølkinga var ikkje like god for Carlsen som for Aronjan, og ein russisk sjakk-journalist minte om at ein i sovjettida gjerne sende intelligentsiaen ut på landet for å henta inspirasjon, men at sjakkspelarane måtte halda seg på garden i minimum to veker for full effekt.

Aronjan hadde rekna langt. Han såg at han ville vinna tårnet attende, men òg at Carlsen til slutt ville få ein laupar ekstra for tre bønder. Så då var spørsmålet kva som var best: mjølkebøndene til Aronjan eller biskopen til Carlsen. Det er i slike ubalanserte og dynamiske stillingar dei mest kreative spelarane trivst best. Aronjan skjøna at den svarte kongen var ganske naken og at den kvite dronninga og tårnet ville kunne avgjera partiet med eit direkte åtak. Slik enda eit av dei beste partia i vårt tusenår:

Det er slikt genialt spel som kan gje siger på dette nivået. Dei fem andre partia til Carlsen so langt har vore solide og med vilje til siger heile vegen, men fattige på overraskande trekk og nye idear. Då vert resultatet fem remisar.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Han spelar roleg i opninga og satsar på å ta over initiativet i midtspelet. Men det fungerer ikkje lenger.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis