JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Kvikksylv og sylvpapir

WEST END: Som 21-åring freista Bob Dylan lukka som skodespelar i London. No trekkjer songane hans fulle teaterhus i byen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ciarán Hinds som pensjonateigar Nick Laine i Duluth i Minnesota i 1934.

Foto: Manuel Harlan

11114
20180309

Songane

«Girl from the North Country»,
The Freewheelin’ Bob Dylan, 1963

«Like a Rolling Stone», Highway 61 Revisited, 1965

«I Want You», Blonde on Blonde, 1966

«Sign on the Window» og «Went to See the Gypsy», New Morning, 1970

«Forever Young», Planet Waves, 1974

«You Ain’t Goin’ Nowhere», The Basement Tapes, 1975

«Idiot Wind», Blood on the Tracks, 1975

«Hurricane», Desire, 1976

«True Love Tends to Forget», «Senor» og
«Is Your Love in Vain?», Street Legal, 1978

«Slow Train», Slow Train Coming, 1979

«What Can I Do For You?», Saved, 1980

«Licence to Kill», «Jokerman» og «Sweetheart Like You», Infidels, 1983

«Tight Connection to My Heart»,
Empire Burlesque, 1985

«Make You Feel My Love», Time Out of Mind, 1997

«Duquesne Whistle», Tempest, 2012

Teater

post@rem.no

I London lavar snøen ned og frosten bit. Gufsen frå Themsen går gjennom kleda. Inne i The Globe, det rekonstruerte Shakespeare-teateret på sørbreidda, er lufta prikkete av tunge snøfiller som fell over dei billige ståplassane i midten, under open himmel. Stråtaket – Londons einaste, stråtak vart elles forbode etter bybrannen i 1666 – dekkjer berre det som for 400 år sidan var dei dyrare sitjeplassane.

Heldigvis er det lagt tak over Noël Coward Theatre, West End-scena som me har billett til i kveld, i St. Martin’s Lane, ei sidegate til Charing Cross Road, men mellom søylene i inngangspartiet, under takframspringet på fasaden, har heimlause funne ly for natta i grøne soveposar. Ein av dei har barrikadert seg bak ein flyttbar vegbom kledd i papp og isolerande sylvpapir, så kaldt er det i London i vinter.

Framleis søv dei, men før billettluka opnar, må dei ta med seg eigedelane. Over soveposane og sylvpapiret blenkjer dei mange stjernene frå The Guardian, The Independent og The Times, fem frå kvar avis, saman med eit sitat frå The Observer: «Conor McPherson weaves magic with Bob Dylan’s songs.»

Dei store plakatane syner dei to framsyningane som går på Noël Coward Theatre no: Det sjølvbiografiske hovudverket til den amerikanske nobelprisvinnaren Eugene O’Neill, Lang dags ferd mot natt med Jeremy Iron som James Tyrone, og eit stykke av den irske samtidsdramatikaren Conor McPherson, med songar av ein annan nobelprisvinnar, Bob Dylan, og med teatertittel henta frå den tidlegaste songen, Girl from the North Country. Ei strofe derfrå høver her i St. Martin’s Lane:

Well, if you go when the snowflakes storm

When the rivers freeze and summer ends

Please see if she’s wearing a coat so warm

To keep her from the howlin’ winds

Skodespelaren

Endå kaldare var det i London den vinteren for 55 år sidan då ein ukjend, 21 år gamal Bob Dylan kom hit frå New York for å freista lukka som skodespelar. Omstende: Då den britiske fjernsyns- og filmregissøren Philip Saville var i New York hausten 1962, rådde poeten W.H. Auden han til å vitja ein klubb der han fekk høyra ein særs ung Dylan. Då Saville inviterte han til London for å spela ei rolle i eit BBC-produsert fjernsynsteaterstykke, var Dylan ikkje vond å be, for det ferske debutalbumet hans hadde vorte ein fiasko med berre eit par tusen selde eksemplar. Teaterrolla og BBC-produksjonen var heller ingen suksess, og opptaka vart diverre sletta etter nokre år, men om Dylan ikkje gjorde karriere som skodespelar, vart vekene i Londons visemiljø vinteren 1962–63 viktige. Han lærte seg den engelske balladen «Scarborough Fair» og skreiv snøgt ein eigen versjon av songen, «Girl from the North Country».

Dei neste åra følgde «den britiske invasjonen» av USA. Engelske band som Beatles, Animals og Rolling Stones vart elska av amerikanarane. Dylan sytte nær sagt eigenhendig for det motsette – ein amerikansk invasjon av England. På dei britiske topp ti-listene sumaren 1965 låg han inne med heile fire album, fire av ti! Eigenleg seks av ti, for andre album inneheldt songane hans tolka av artistar som Cher og Joan Baez. Kort sagt: Det er ikkje amerikanarane, men britane som har sett og verdsett storleiken til dei to fremste engelskspråklege songpoetane i vår tid, kanadiske Cohen og amerikanske Dylan. At sistnemnde no erobrar West End, gjev meining.

Dramatikaren

Iren Conor McPherson (46) er rekna som ein av dei fremste engelskspråklege dramatikarane i samtida, med den irske hovudstaden som omgjevnad for stykke som The Weir (1997) og Shining City (2004). At handlinga i det nyaste stykket er flytta frå den regntunge heimbyen Dublin til vinterlege Duluth ved Dei store sjøane i Minnesota i USA, har ei bakgrunnshistorie. For fem år sidan vart McPherson kontakta av managementet til Duluth-fødde Bob Dylan med tilbod om å nytta songane hans i eit teaterstykke.

Førre gong noko liknande skjedde, med Broadway-musikalen The Times They Are a-Changin’ (2006), vart det slakt i New York Times og mindre enn ein månad på plakaten. No har det motsette hendt. Etter eit utselt halvår på Londons Old Vic sør for Themsen, har førestillinga vorte flytta til West End der ho går for fulle hus ut mars.

I tid er handlinga lagd til den økonomiske depresjonen på 1930-talet, for, som McPherson seier, «å frigjera songane frå den tyngande relevansen dei har for generasjonen vår». Ciarán Hinds spelar pensjonateigaren Nick Laine som har altfor store banklån, ei gryande dement kone, ein arbeidslaus son som drikk og skriv noveller, ei farga adoptivdotter som er gravid med ein ukjend, og ei elskarinne som bur der gratis medan ho ventar på ein arv som aldri kjem. Gjelda er det ikkje noko å gjera med, men Nick freistar å få kona på ein heim, dottera gift med ein olding og sonen inn i jarnbanen, så han sjølv kan skyta seg med godt samvit.

Nordpolen

Ikkje vert overraska av at McPherson har omsett August Strindberg. Det tettvovne kammerspelet er beiskt. «Kvifor kastar du vekk livet ditt her?» spør Nicks dotter Nicks elskarinne, som svarar: «Ein stad må eg kasta det vekk.» Beiskt og mørkt. Svik frå fortida fargar frykta for framtida i eit USA med rekordhøg arbeidsløyse og sjølvmordsrate.

Ei natt kjem to nye gjestar, dylanske figurar, ein kvit bibelseljar som ikkje trur, og ein svart boksar som har rømt frå fengsel. Skodespelarane vil mange kjenne att frå filmar som Pulp Fiction, Star Wars, Trainspotting, Harry Potter, Tomb Raider og Bridget Jones, eller frå fjernsynsseriar som Law & Order, Rome, EastEnders og Game of Thrones.

Beiskt, mørkt og lunt. Midt i frykta for livet som uteliggjar formidlar stykket ein rørande hjartevarme. I den utselde salen høyrer ein heile tida lått. Om augneblinken då Nick skjøna at han ikkje lenger elska kona si, heiter det: «Og du kikkar opp og ser ho att, og du kunne like gjerne ha stira på ein nyfødd sjiraff i ein dyrehage.»

Låtten stilnar. Me er i USA seint i november 1934. Nick er skremd. Banken tek huset hans i neste veke. Folk bur i telt. Ute snør det. Nick seier: «Desse turre snøflaka. Det er luft frå Nordpolen.»

Men lufta i London desse dagane er frå Sibir. Det er lågare temperaturar i St. Martin’s Lane enn på Nordpolen.

Femti år

Girl from the North County er ikkje musikal, syngjespel eller musikkteater. Det er eit mørkt kammerspel som kunne ha stått på eigne bein, men som no står i eit overljos av Bob Dylan-songar utan ytre samband med handlinga, songar som McPherson har klipt i og så føydd inn i stykket.

Enno veit han ikkje kvifor han vart spurd, og kvifor han fekk så frie hender til å gjera kva han ville med ein songskatt som det har vorte vanskelegare og vanskelegare å få løyve til å gjera noko som helst med, og han seier at han heller ikkje vil vita det.

Songane er henta frå femti år av Dylans produksjon, frå tittelsongen frå London-tida i 1962 til «Duquesne Whistle» frå albumet Tempest (2012), men dei aller fleste skriv seg frå dei ti åra mellom Planet Waves (1974) og Empire Burlesque (1985), uventa nok med eit tyngdepunkt i tida kring den kristne omvendinga. Inngangs- og utgangsalbumet til den perioden, Street Legal (1978) og Infidels (1983), er representerte med heile seks av dei tjue songane. Dette materialet var ikkje McPherson kjend med på førehand, men som han seier: «Dylan verkar mest dynamisk i konsertopptaka frå tida som gjenfødd.»

Frå dei femti lange åra rommar desse fem korte åra ytterpunkta i song- og tekstskrivinga hans, frå dei enkle og forkynnande versa på dei kristne albuma til dei symbolistiske og metaformetta linene på dei to albuma rett før og etter.

Poesi

Eit høgdepunkt er ein langsam, akustisk versjon av «I Want You» (1966), songen som for Dylan sjølv definerte den snøgge «kvikksylv»-lyden han oppnådde midt på 1960-talet, men som no er teken heilt ned. Som «Like A Rolling Stone» er «I Want You» ei typisk hammondorgellåt, men McPherson avgjorde tidleg at han berre ville nytta instrument frå 1930-talet, og kapellmeisteren kunne då fortelja han at hammondorgelet i så fall var anakronistisk.

Den avkledde songen rundar av ei trist scene. Sonen i huset, Gene Laine, den unge drikkfeldige og arbeidslause forfattarspiren, får vitjing av kjærasten Kate, som kjem for å fortelja at ho ikkje berre har takka ja til ein guvernantejobb i Boston, men òg til eit frieri frå ein felles ven med fast inntekt. Då syng den arbeidslause:

The guilty undertaker sighs

The lonesome organ grinder cries

The silver saxophones say I

should refuse you

The cracked bells and washed-out horns

blow into my face with scorn

But it’s not that way, I wasn’t born

to lose you

Med songen stoggar handlinga. Teateret endrar karakter frå eit rom der ein ser spel, til eit rom der ein høyrer språk. Det minner om kva fektelæraren sa då han synte oss kring i The Globe: Hjå Shakespeare heiter det ikkje at ein skal sjå ei scene, nei, ein høyrer ho. Orda er sentrum. Og det vert dei no.

På veg til St. Martin’s Lane har me passert teaterhus som syner Dreamgirls, The Lion King, Chess, Thriller, Mamma Mia og School of Rock, men i det mest utselde huset senkar det seg ein underleg tagnad, dels sakral, dels litterær, når den forlatne Gene syng dei mystiske orda:

The drunken politician leaps

upon the street where mothers weep

and the saviors who are fast asleep,

they wait for you

And I wait for them to interrupt

me drinkin’ from my broken cup

and ask me to open up

the gate for you

Songen vart skriven av ein 24-åring, berre tre år etter at han hadde freista lukka som BBC-skodespelar i London. Meir enn eit halvt hundreår seinare vert kvar einaste line hengande i lufta over dei tre generasjonane i salen. Jau, det er visst dikting.

Ein time før midnatt stengjer teateret. Hutrande har skodespelarane gått ut den blå scenedøra og publikum ut hovud-
inngangen. St. Martin’s Lane vert tømt for menneske medan alle hastar heim eller til nattelivet i Soho. «House full»-skiltet på fortauet utanfor Noël Coward Theatre vert flytta inn i den varme lobbyen og erstatta med ein vegbom kledd i papp og sylvpapir.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Eg ville frigjera songane frå den tyngande relevansen dei har for generasjonen vår.»

Conor McPherson

Det senkar seg ein underleg tagnad, dels sakral, dels litterær, når den forlatne Gene syng
dei mystiske orda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis