Forlokkande trening
Trening eller posering? Tommy Ingebrigtsen ser i alle fall kul ut.
Foto: Erlend Aas / NTB
Sport før og no
Sport før og no
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Akkurat som med røyking ser trening på film forlokkande ut. Det kan vere ein hardtarbeidande lege frå Chicago Hope som har for mykje å tenke på. Han joggar gjennom parken i takt til musikken på øyra. På seg har han ein grå hettegenser som ikkje er ekkel, men flatterande gjennomsveitt.
Den franske 1990-talsserien Helene og gutta brukte treningsstudio hyppig. I om lag kvar episode låg vennene på golvet med stramme aerobicdrakter. Øvingane var så enkle at dei aldri trong å puste tungt, og dermed kunne dei snakke uanstrengt om livets dilemma utan stans. Det gjorde ikkje noko at treninga såg like falsk ut som gitarriffa dei utførte i musikkstudioet etterpå.
Ein annan serie frå same tiår som også stadig var innom treningsstudioet, var Syv søstre. Billeba jobba på treningsstudio. Så vidt eg hugsar, trena dei lite, Billeba stod for det meste i resepsjonen i ei glinsande rosa drakt med badedrakt utanpå.
Helene og venninnene løyser verdsproblem mens dei «trenar».
Skjermdump frå YouTube
Det seier seg sjølv at lett styrketrening og resepsjonistarbeid tek seg betre ut på TV enn beinharde knebøy. På studiet lærte me at dersom ein skal vise ei styrkeøving til kunden eller eleven, skal ein ikkje legge på mykje vekter. Fyrst og fremst fordi det då er enklare å vise korrekt teknikk. Ein bonus er at øvinga også ser enklare og meir freistande ut.
Uansett, det er ikkje i TV-seriar ein skal lære rett om styrketeknikk. Johan Kaggestad kalla trening problemløysingstid. Dette får i alle fall Helene og gutane hennar godt fram.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.