Futsalen står opp for seg sjølv
Sesongen 2022–23 var det ein enorm vekst i påmelde lag.
Byungar blir tidleg vande til futsal. Her på ein skule i Bolivia.
Foto: Juan Karita / AP / NTB
Futsal er ein av innandørsidrettane som veks mest i verda. Til no har det likevel gått litt sakte i Noreg, kanskje fordi me i landet vårt har god plass å boltre oss på. Liten plass å spele fotball på var nemleg ein grunn til at sporten fyrst vart så populær i Sør-Amerika, heilt tilbake på 1930-talet. Spesielt i São Paulo i Brasil tok sporten av, Pelé var til dømes ein aktiv futsalspelar.
Fem mot fem på ein handballbane. Raskt spel, høgt tempo og kjappe byte. Viss ein ser vekk ifrå Holmenkollstafetten med Dag og Tid, har i alle fall ingen idrett gitt meg høgare innbytarpuls enn futsal. Kombinasjonen av høg intensitet, tørr innandørs luft og tidlege kampar laurdag morgon gjorde dei fyrste minutta svimlande. Kampane varer heller ikkje lenger enn 20 minutt per omgang, så då pulsen var der han skulle vere, var kampen brått over.
I år startar Heimdal vidaregåande skule opp ei toppidrettslinje i futsal, som fyrste skule i landet.
Foto: Kjersti Lie
Når vi har snakka om futsal i Noreg, har det ofte handla om at sporten gav eit godt grunnlag for «ekte» fotball på gras. Kanskje inntil no: Sesongen 2022–23 var det ein enorm vekst i påmelde lag. No i januar fekk me landslag for kvinner, i tillegg til herrelandslaget som har eksistert sidan 2010. I Noreg kan ein enno ikkje leve av å vere futsalspelar, men i Sverige og Danmark er det mogleg.
I media ser vi lite av den underhaldande sporten. Det er likevel éin stad sporten får skine, også i Noreg: på mobilen, i alle appane med dei korte videoane du kan skrolle deg galen av. Den siste videoen som dukka opp hos meg, var faktisk av nonner som spela futsal. Fantastisk lynkjapp nonne-tiki-taka-fotball.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.