JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Harry hobby

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

1617
20241004

Sport før og no

1617
20241004

Sport før og no

På ferie i Roma lærte eg at det finst foreldre som ikkje lar ungane gå på fotball. For dei såkalla intellektuelle fedrane var sporten rett og slett for harry. 

I Noreg takkar og bukkar me om barnet vil drive med ein eller annan sport. Eller det er nok ikkje heilt sant, det finst også her visse preferansar for kva me aller helst vil at barna våre skal drive med. Å køyre minsten til poledancing sit nok langt inne for dei fleste. 

Fotball har forresten ikkje alltid vore like stas i Noreg heller. Det er faktisk ikkje meir enn 30 år sidan det nesten ikkje fanst fotballpubar her til lands. Dersom du skulle sjå ein kamp ute, var det i tilfelle snakk om ein ganske mørkebrun stad, der folk har faste bord. Og når ein snakkar om idrett på pub: dart, shuffleboard og biljard, sportane som ein kan drikke øl til, har jo teke heilt av dei siste åra. 

I går ramla eg innom eit meisterskap i vektløfting. På høgtalarane dundra Rammstein. Temaet var mørkt og flammande, totalt ulikt den fotballcupen eg eigentleg var deltakar på, ved sida av. Av ein eller annan grunn kjennest det meir harry å trene på seg store musklar enn dei meir uthaldande. 

No kan nærast alle gå på fotballpub, men kan alle gå på bodybuilding- og fitnesstemne? 

Foto: Lise Åserud / NTB og Efrem Lukatsky / AP / NTB

 Kjekkare enn å spørje kunstig intelligens er det å finne ut kva Kvinneguiden.no meiner om harry sport. I tråden «Hvilken hobby er Harry i 2023» finst sjølvsagt alt, og fyrste forslag er trening. Altså ser vedkommande på trening generelt som harry. Vidare blir bilsimulator heime på storskjerm nemnd. Til slutt er det ei som skriv at det er dei som les Kvinneguiden, som har ein harry hobby.

Maren Bø

Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis