Kondisjonstrening
Her får kombinertutøvar Erling Kroken fyr av konkurrenten Simon Slåttvik. Det var vinter-OL 1952, og det var til og med laga ein eigen OL-sigarett.
Sport før og no
Sport før og no
Den mest effektive vegen til å halde ut lenge, har blitt annonsert mange stader, fleire gonger. Godt uthald er ein fordel i dei fleste sportar og heilt nødvendig i andre. På 1800-talet var det gåtempo som gjaldt. Slik skulle ein bygge ein god base for lange løp.
Me trur det var finnane som først starta med systematisk uthaldstrening. Dette var tidleg på 1900-talet, og no gjekk tempoet opp, men timeplanen inneheldt enno gåøkter på opptil fire timar. I tillegg til gåøktene var det andre råd som ein ville ha rista endå meir på hovudet av i dag, til dømes å «opne lungene» med ein sigarett før konkurransen. Thor Gotaas skriv også om inntak av amfetamin, rottegift og nafta før femmila i 1930-åra. Kanskje god effekt der og då, men idioti på lang sikt.
Ein god indikator for kor store påkjenningar ein toler, er det maksimale oksygenopptaket. Klarer ein å trene opp kroppen til å ta opp meir oksygen per minutt, er det svært sannsynleg at ein får betre kondisjon. Kva som verkar best av intervall og langkøyring, har vore debattert i vår tid. Intervall med høg intensitet er bra for hjartemuskelen og vart ei stund framstilt som den beste kondisjonstreninga. Erfaringar viser at det ikkje berre er intervalltrening som skal til, men også mengder av lågintensitetstrening. No veit vi også at den ultimate kondisjonstreninga må spesifiserast til det han skal brukast til. Ingebrigtsen-nivå, Birken og kvardagsliv krev ulike tilnærmingar.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog
og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Den mest effektive vegen til å halde ut lenge, har blitt annonsert mange stader, fleire gonger. Godt uthald er ein fordel i dei fleste sportar og heilt nødvendig i andre. På 1800-talet var det gåtempo som gjaldt. Slik skulle ein bygge ein god base for lange løp.
Me trur det var finnane som først starta med systematisk uthaldstrening. Dette var tidleg på 1900-talet, og no gjekk tempoet opp, men timeplanen inneheldt enno gåøkter på opptil fire timar. I tillegg til gåøktene var det andre råd som ein ville ha rista endå meir på hovudet av i dag, til dømes å «opne lungene» med ein sigarett før konkurransen. Thor Gotaas skriv også om inntak av amfetamin, rottegift og nafta før femmila i 1930-åra. Kanskje god effekt der og då, men idioti på lang sikt.
Ein god indikator for kor store påkjenningar ein toler, er det maksimale oksygenopptaket. Klarer ein å trene opp kroppen til å ta opp meir oksygen per minutt, er det svært sannsynleg at ein får betre kondisjon. Kva som verkar best av intervall og langkøyring, har vore debattert i vår tid. Intervall med høg intensitet er bra for hjartemuskelen og vart ei stund framstilt som den beste kondisjonstreninga. Erfaringar viser at det ikkje berre er intervalltrening som skal til, men også mengder av lågintensitetstrening. No veit vi også at den ultimate kondisjonstreninga må spesifiserast til det han skal brukast til. Ingebrigtsen-nivå, Birken og kvardagsliv krev ulike tilnærmingar.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog
og frilansskribent.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media