Klok fredspris
Nihon Hidankyo fekk Nobels fredspris i år. Japanaren overlevde atombomba i Hiroshima i 1945.
Foto: Kim Kyung-Hoon / Reuters / NTB
Nihon Hidankyo får Nobels fredspris i år «for innsatsen sin for ei atomvåpenfri verd og for å visa gjennom vitnemål at atomvåpen aldri må brukast igjen». Organisasjonen, som vart skipa i 1956, arbeider for å avskaffa atomvåpen og for velferda til overlevande etter atombombene i Hiroshima og Nagasaki.
Fredsprisen til Nihon Hidankyo var ei klok avgjerd. Ein kan innvenda at det berre er sju år sidan sist, i 2017, at ein organisasjon mot atomvåpen fekk fredsprisen, Den internasjonale kampanjen mot atomvåpen. Men det er nok av gode grunnar som talar for tildelinga i år.
Kampen mot atomvåpen er alltid eit viktig tema. Men akutt no er det å gje tydelege tilbakemeldingar til Russland og president Putin om at det er uansvarleg å truga med atomvåpen, slik Putin har gjort ved fleire høve etter storskalainvasjonen av Ukraina i 2022.
Desse stadige trugsmåla har vore nok eit døme på Putins og Russlands uansvarlege og brutale framferd i denne krigen. Russland har til og med plassert ut atomvåpen i Belarus etter invasjonen i 2022.
I tillegg er det viktig i desse dagar å minna Iran om at dei aldri må utvikla atomvåpen, og ein må få på plass ein avtale med Iran som sikrar det.
Her heime bør Støre-regjeringa ta årets fredspris som ei oppmoding om å gje norske friviljuge organisasjonar som arbeider for nedrusting og ikkje-spreiing av atomvåpen, ei fast anstendig statleg støtte. I statsbudsjettet for 2025 ligg det no inne berre fem millionar til desse organisasjonane. Det er ei halvering av støtta frå i fjor.
Ei regjering som i FNs generalforsamling lovar å vera pådrivar for nedrusting, driv ikkje med slike smålege kutt i ei så viktig sak. Alle land treng friviljuge organisasjonar som informerer om dei katastrofale fylgjene av atomvåpenbruk.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024