JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

«Tre dystre timar om ein dysfunksjonell tysk familie og død er ein av dei beste filmane i år.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.

Foto: Selmer Media

3263
20241018
3263
20241018

Drama

Regi: Matthias Glasner

Sterben

Med: Lars Eidinger, Corinna Harfouch, Lilith Stangenberg, Ronald Zehrfeldt, Hans-Uwe Bauer
Kinofilm

Dirigenten Tom (Eidinger) arbeider med storverket Sterben, eller «å døy» på godt norsk. Samstundes nærmar den demenssjuke faren Gerd (Bauer) seg døden og blir send på institusjon. Mora Lissy (Harfouch) er likeglad og har sjølv alvorlege problem med helsa.

Tom har ikkje tid eller emosjonelt overskot til nokon av dei. Systera Ellen er oppteken med å helle i seg mest mogeleg alkohol. I fem kapittel med ulike perspektiv dissekerer filmskapar Matthias Glasner den sjukeleg dysfunksjonelle familien.

Lakonisk lått

Glasner vann Sølvbjørn for beste manus på Berlinalen for Sterben. Det forstår eg godt. Korleis han har sydd saman delane og får drivet til å halde seg i over tre timar, er ei bragd. Filmen er proppa av originale og fine vriar. Dei fleste gjer vondt.

«Dette er galgen­humor med tungt trykk på galgen.»

Ein deprimert og destruktiv komponistkamerat, bakfulle tannlegar ute av kontroll, ei absurd rolle som surrogatfar for ein tidlegare kjærast krydrar tilværet. Når litt lått lurar seg på, gapar eg av undring. Det blir ingen rullande gapskratt.

Humoren er så bekmørk at eg ler av at filmen blir kalla ein komedie. Dette er galgenhumor med tungt trykk på galgen. Ein kan samanlikne Sterben med den formidable Min pappa Toni Erdmann av Maren Ade frå 2016, men dramaet til Matthias Glasner er mørkare, lengre og meir nådelaust. Ein annan parallell er Tár av Todd Phillips frå 2022. Portrettet av ein frustrert dirigent i skvis har fellestrekk, men Tom har korkje stor suksess eller stjernestatus. Regissøren kan rett nok seiast å ty til muntrare tonar no enn i den grenselaust grimme Den frie viljen, som Glasner òg vann ein Sølvbjørn for i 2006.

Bravissimo

Rekkja av relativt usympatiske figurar er lang. Alle er truverdige. Dei slakke banda mellom dei er meisterleg skildra. Kvar einaste skodespelar gjer ein framifrå jobb. Spesielt Corinna Harfouch som mora er rågod. Ein alt anna enn kjærleg prat mellom ho og Tom tek kaka. Det harde ytret lèt små glimt skine gjennom augo. Men er det varme der inne? Neppe.

Lars Eidinger er òg briljant i hovudrolla. Den komplekse karakteren får alt han treng av den eineståande Eidinger. Han har lang fartstid med roller i fleire land for skarpe regissørar som Maren Ade, Claire Denis og Olivier Assayas. Der hans Tom er ein protagonist ein kan halde nokolunde med, gjev den hemningslause systera Ellen filmen litt godt taima action med fyllekulene sine. Lilith Stangenberg har energien rolla krev.

Glasner briljerer både som instruktør for skodespelarane og som manusforfattar. Han er den andre tyskaren som blandar seg inn i kampen om topplasseringar dette filmåret. Lærerværelset av Ilker Catak er heilt i tetsjiktet saman med Sterben. Båe er påkjenningar. Båe er praktfulle filmar. Høyrest det å pine seg med dryge tre timar med sosial smerte tungt ut? Då tek du feil. Denne filmen må du sjå. Kanskje spreier tragikomisk lått seg i kinosalen òg.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latin­amerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis