Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Prime time

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For ti år sidan skulle birkebeinarane ha tak i sportsdrikken RingerDrink+, som eigentleg var meint for intravenøs bruk.

Foto: Heiko Junge / NTB

1453
20230317

Sport før og no

1453
20230317

Sport før og no

– Har du høyrt at det finst Prime på Ringo i Sauda? Me må køyre!

Sauda er tre biltimar unna. Prime er ein skamdyr energidrikk, og det er son min på ti år som vil ha han. Drikken med dei sterke fargane og det søte innhaldet kjem frå USA og har teke av blant smågutar i heile verda.

Ei flaske kostar 149 kroner, smaken er «sjukt god, og alle burde smake», ifølgje nære kjelder. Kjeldene seier også at drikken er utseld i heile landet, om ikkje i heile verda, utanom i Sauda, då.

Prime vart lansert av YouTube-superstjernene Logan Paul og KSI, og dermed var det gjort. Utan at foreldra hadde fått med seg noko som helst, var sportsdrikken blitt det store samtaleemnet blant verdas pre-tenåringar.

Prime hydration, ein verdsberømt sportsdrikk som blir drukken meir framføre datamaskinen enn etter trening.

Foto: Tbf69 / Wikipedia

Det er fasinerande korleis eit sukkervatn som ikkje eingong inneheld noko så spanande som koffein, kan ta av på denne måten.

For ti år sidan var det dei vaksne som gjekk i fella, då med drikken RingerDrink+. Det må faktisk vere lov å kalle det «felle» når væska kostar 300 kroner literen. Salet tok spesielt av i vekene før Birkebeinerrennet. At ingen faktisk likte innhaldet, som truleg hadde noko å gjere med at RingerDrink+ eigentleg var meint for intravenøs bruk, stoppa dei ikkje.

Ernæringsfysiologane kalla drikken for lureri. Farris, banan eller bollar kunne gjere same nytta. Og etter ei stund gjekk også ryktet om at ein kunne lage ein like effektiv drikk heime.

Maren Bø

Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis