Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Red Bull før kamp

«Eit forskingsprosjekt på Idrettshøgskulen viste at koffein faktisk gjev effekt, både aerobt og anaerobt.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
T.v. Hjallis får servert kaffi. Ikkje godt å seie om det er for å fremje prestasjonen eller av rein nyting. Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB T.h. Petter Northug langt nede i Red Bull-en ein gong i 2011. Foto: Morten Holm / NTB

1952
20250117
1952
20250117

Sport før og no

Koffein stod heilt fram til 2004 på Den internasjonale olympiske komiteens (IOC) liste over forbodne stoff. Grunnen til at stoffet då blei teke ut av lista, var at ein skulle hindre at utøvarar som drikk energidrikk eller kaffi og tek vanlege forkjølingsmedisinar, skulle bli dømde urettmessig. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå føre seg at dette må ha vore vanskeleg å halde styr på, både for utøvarar og komitear.

Det skal nemnast at World Anti-Doping Agency (Wada) framleis overvaker og samlar inn data om bruk og effektar av høgt koffeinnivå. Slik kan dei i framtida vurdere om ein bør regulere talet på kaffikoppar før løp og renn.

Eit forskingsprosjekt på Idrettshøgskulen viste at koffein faktisk gjev effekt, både aerobt og anaerobt. Testpersonane inntok 3–6 mg koffein per kilo kroppsvekt ein time før trening. Dette svarer til fire–seks koppar kaffi dersom ein veg 75 kg. Heile 75 prosent av deltakarane vart meir uthaldande, i gjennomsnitt opptil 2–3 prosent betre. Eit funn var at opplevinga av smerte blei redusert, og dermed kunne utøvarane halde eit høgare prestasjonsnivå over lengre tid.

Dette kan høyrast ganske så optimistisk ut for ein litt lat mosjonist, som ikkje treng tenkje på dopinglister eller overvaking. Og så er det jo slik at når noko er nesten ulovleg, kjennest effekten ekstra god. Det er litt som dei ekstra sterke halstablettane på apoteket i Spania.

No skal ein likevel passe seg litt for å anbefale koffein, seier forskarane, for dersom ein drikk for mykje, kan ein tole for mykje, overbelaste musklane og skade seg. Fire–seks koppar høyrest uansett litt vel mykje ut før kvardagstreninga, spør du meg. Ein Red Bull, derimot, kan for alvor gjere susen før old girls-kampen. Det siste der var ikkje forskarane sine ord.

Maren Bø

Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis