Superlaget Bodø/Glimt
Vi gjekk frå kamp på Aspmyra og hadde merka ein ny giv i Bodø/Glimt alt våren 2019.
Bodø/Glimt før kvalifiseringskampen til europaligaen mot Zalgiris Vilnius på Aspmyra stadion (3–1) 17. september 2020.
Foto: Mats Torbergsen / NTB
Med sesongkort i dei siste sesongane med heistilvære såg eg for første gong at klubben hadde tatt steg bort frå den vanlege situasjonen med regulære opp- og nedrykk mellom Obos-/Adecco-serien og eliteserien. No såg det ut som om noko stort var på gang, men kva var det som var i ferd med å skje? Korfor var Bodø/Glimt blitt så markant betre?
Vi trefte Ola Haldorsen, den gamle kapteinen frå Bugøynes i Finnmark med 463 kampar bak seg. Kva har skjedd, Ola, spurde vi. No tok Bodø/Glimt tak i kampane og styrte dei, låg ikkje berre bakpå og venta på kontringar.
På Aspmyra våren 2019 var dei brått i førarsetet, fryktlause, kongar med ball, møtte motstandarlaget høgt på banen.
– I år er dei i snitt over 20 prosent betre trena, svarte Ola nøkternt.
Dei har systematisk endra treningskulturen. Slik såg det også ut. For å underkaste seg eit regime med tøffare offensivt press måtte spelarane innsjå at dei var blitt toppidrettsutøvarar, med same typen forsakingar som Marit Bjørgen. No står systematisk kartlegging av feittprosent, oksygenopptak og individuelle treningsopplegg sentralt. Fleire av spelarane vart lettare, betre og – som Patrick Berg – rettare trena. Det er heilt slutt på seine byturar.
Vidareutvikling
Bodø/Glimt har styrevedtak på å spele 4–3–3, men då Kjetil Knutsen kom til klubben frå Åsane, stilte han kjetterske spørsmål ved det. Visste dei kva det innebar, spurde han kritisk. Han ville heller vidareutvikle spelet og finsikta typar som passa inn og reindyrka systemet. Høgare press og balltempo er mantraet no, og heile klubben blir drilla.
No er relasjonar viktige, korleis spelarane tilpassar seg spelet og kvarandre. For, som Harry Redknapp vart sitert på i Fotballtreneren om høgt press i fotball: Alle lag med suksess spring mykje og jobbar hardt heile tida. Den nye taktiske tilnærminga har også gjort klubben meir attraktiv. Danske Kasper Junker i Stabæk tok overgang til klubben etter ein leksjon i fotball i Bodø.
– Vi vart pressa noka vanvettig og hadde meir enn nok med å forsvare oss, fortalde han og la til at han ville sjå kva Bodø/Glimt heldt på med.
Nordnorske lag har alltid hatt vanskar med å hente spelarar sørfrå. Mange der sør trur det er ein annan stad, og byen er ikkje London. Klubben er ikkje særleg rik, men no freistar det av sportslege grunnar.
Koronaforsprang
Då koronakrisa trefte våren 2020, la Glimt opp drifta annleis. For Bodø-klubben var det eit insitament til sterkare satsing. Dei jobba med individuelle treningsprogram der andre klubbar permitterte. Ut av det kom klubben med spelarane som var betre trena enn dei andre, og dei synte omtanke for spelarane. Det motiverte. Rett nok fekk dei 30 prosent lønskutt i seks veker, men det vart betalt tilbake i oktober. Andre klubbar sleit meir med koronaen. Med ein ung spelarstall unngjekk dei dessutan skadar, fordi yngre spelarar treng kortare restitusjonstid, og det tette kampprogrammet passa Bodø/Glimts unge mannskap perfekt.
Er det så koronaen å takke for suksessen? Nei, rett nok har ikkje Molde og Rosenborg innfridd i serien i år, og mange resultat er merkelege. Heimefordelen er borte for dei med mange på stadion, men likevel viser norske lags kampar mot god utanlandsk motstand at norske lag heng godt med, og at det truleg er Glimt som har tatt sjumilssteg i si utvikling.
Vellukka akademi
I fotball er ikkje pengar alt, men ein viktig premiss. I 2010 skjønte Bodø/Glimt at klubben måtte bli økonomisk berekraftig. Det såg mørkt ut, og klubben låg an til å bli eit nytt FK Lyn. Omdømmet var dårleg, og lokalavisa full av kritikk av vanskjøtselen.
Tap av klubblisensen var overhengande, men snuoperasjonen kom. Etter at klubblisensen var berga, vart Bodø/Glimt verande i grøn sone heilt fram til i dag. Det har skapt ro og gitt organisatorisk og sportsleg utvikling. Ytterlegare profesjonalisering av staben har ført folk med kompetanse frå universitet og idrettshøgskole inn.
Kjetil Knutsens erfaring som lærar i ungdomsskolen gir han ein annan ståstad enn trenarar utan arbeidslivserfaring som stort sett har vanka i fotballmiljø heile livet. Det gir trening i metarefleksjon, som då Aasmund Bjørkan overlét jobben til Knutsen i 2018 fordi han vurderte Knutsen som betre eigna. Journalistar lukta krise, men det vitna i staden om godt leiarskap.
Bodø har lenge hatt ein fotballkultur der også kvinnelag har hevda seg. IK Grand vart nummer tre på øvste nivå i 1986. Alt i 1963 – då nordnorske lag for første gong fekk delta i cupen – nådde Bodø/Glimt kvartfinalen. Rosenborg var blant dei laget slo ut.
I alle åra etter har klubben fått fram nye talent, men ikkje alltid har dei blomstra i Glimt. Dei seinare åra har det endra seg. Norsk Toppfotball gjennomførte ei «tilstandsmåling» av akademia til norske toppklubbar i 2017. Her kom Bodø/Glimt betre ut enn klubbar som RBK, Brann og Molde. Berre Stabæk og VIF var betre. Sidan då har klubben tatt nye steg, med Marius Lode, Patrick Berg og Jens Petter Hauge i landslagsvarmen. I Danmark ventar media at Junker og Zinckernagen kjem på landslaget, og Layouni debuterte for Tunisia i 2019. Glimt er blitt ein god utviklingsarena.
Suksessen har òg blitt forklart med tabloide oppslag. Berg-familien lurer i bakgrunnen, og barnebarnet til «kong Harald» Berg, Patrick, tar arven vidare. Andre peikar på mental trening frå ein jagarflygar som har fått spelarane til å tone ned alvoret og vere fryktlause. Det siste er eit ledd i profesjonaliseringa. Ingen ting skal vere uprøvd for å gjere spelarane betre. Her handlar det meir om å ha ei systematisk og vitskapleg tilnærming til det å bli betre, som i annan toppidrett. Bodø/Glimt har forstått at fotball er ein toppidrett som langrenn og alpint.
Kontinuitet og harmoni
Men kontinuitet er òg sentralt. Med jamne mellomrom har klubben vore i toppen, som i 1975 og 1993 (cupmeister), og i 1977, 1993 og 2003 (seriesølv). Ofte var det knytt til enkeltpersonar eller gode årgangar. Med profesjonaliseringa dei siste åra går ikkje det lenger. Du må heile tida få fram fleire talent. Fleire i akademiet, som Ørjan Berg, Jan Erik Bjerk, Stig Johansen og Thiago Martins har sikra kontinuiteten.
Personkjemi er heller ikkje kimse av. Moderne fotballklubbar er ikkje einmannsføretak. Ein familie eller ein eller to nøkkelspelarar avgjer ingenting åleine, men det er gildt at «Dutte» Berg finst i miljøet med sitt blide åsyn. Det gir ein harmonisk organisasjon der alle dreg i lag. Aasmund Bjørkan forklarte ein svensk fotballjournalist at det handla om å sløkke mange små brannar heile tida. Skal ein det, må ein vite kor dei er, og stoppe dei til rett tid.
Kor unikt?
Kor unikt er det så at Bodø/Glimt etter alle solemerke vinn serien? Det unike er at ein liten klubb vinn så klart som i år. Med andre ord er det unikt å vinne så suverent. Rekordar står for fall i skåra mål, poeng og talet på sigrar. Det er ikkje berre bra. Det er unikt, ja, suverent. Og det er det spesielle. Klubben har ingen rik onkel som Molde FK, og budsjett og publikumsstøtte er på ein firedel av RBK.
Det tyske fotballmagasinet Kicker kalla Glimt «polarsirkelens Leicester», mens Arne Scheie meiner det laget har gjort, er heilt unikt: «Det er vanskelig å beskrive det de holder på med. Vi har ikke flere superlativer å bruke», konkluderte han.
Steinar Aas
Steinar Aas (f. 1965) er professor i moderne historie ved Nord universitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det tyske fotballmagasinet Kicker kalla Glimt «polarsirkelens Leicester»
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.