Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Språkskaparen frå Wittenberg

Martin Luther var rett og slett ein god forfattar som meistra alle stilnivå, laga nyord og endra grammatikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lutherhaus i Collegienstrasse 54, Wittenberg, blei bygt som augustinarkloster frå 1504. Fire år seinare flytta Martin Luther inn, og frå 1525 var dette privatbustaden for familien Luther. Med sine mange medarbeidarar var det her han leita fram korleis det høgtyske språket burde skrivast. Illustrasjonen til venstre eit udatert postkort, til høgre Lutherhaus i dag.

2893
20170915
2893
20170915

I miljøet rundt Luther var Philipp Melanchthon den greskkunnige. Berre 20 år gammal var han blitt professor i gresk i 1519. Ettertida vil ha det til at Melanchthon ein gong sa til Luther: For meg står det berre om gresk. Svaret kom kontant: For meg handlar det berre om tysk.

For andre handla det framleis mest om latin. Det var det språket som enno dominerte i europeisk lærdomskultur, men kva veg det bar, var tydeleg. Før reformasjonen var om lag 80 prosent av alle trykte bøker i det tyskspråklege området på latin, mot 70 prosent i 1570. 150 år seinare utgjorde dei om lag 17 prosent, kring 1800 berre fire prosent. Massespreiinga av skrift flytta latin nærmare utgangen frå kvardagen: Bøker kunne no bli prenta på kva språk det skal vere.

Luther omsette ikkje ord for ord, men leita etter tydingane og korleis dei best kunne formulerast på tysk. Derfor laga han mange nyord som reiste over landegrensene: aftanland, anstøytsstein, bildestormar, blodhund, elddåp, from, lokkefugl, nestekjærleik, pøbel, rettesnor, samvitsgnag, sikkerheit, skamplett, syndebukk.

Med sans for effektive retoriske grep forma han mengder av forsterkande ordpar, gjerne med bokstavrim: for evig og alltid, kreti og pleti, marg og bein, mjølk og honning, rett og slett, råd og dåd, teikn i tida.

Stive bibelord fekk ei form som sende dei tilbake til daglegtalen: av skade blir ein klok, å bite i det sure eplet, å bite tennene saman, dei første skal bli dei siste, eit lys går opp for ein, hovmod står for fall, å kaste perler for svin, mennesket lever ikkje av brød åleine, å pukke på sin rett, å vere over alle haugar.

Ingen kan tene to herrar: Luther satsa på den tyske.

Språkleg blei Luther aldri ferdig med Bibelen. Støtt kunne noko gjerast betre. Etter den samla førsteutgåva av Biblia hausten 1534 venta meir språkleg revisjonsarbeid fram mot ei ny utgåve i 1541. Dette arbeidet avslutta Luther 25. september 1541. Kvart år etterpå feira medarbeidaren Johannes Bugenhagen dagen med stor vennefest. Sin aller siste bibelkorrektur las Martin Luther rett nok i 1545.

Han var ein utsøkt språkskapar og på sitt beste ein finslipt stilist. Bibelen gav orda hans ein autoritet som ingen andre. Læresetninga si formulerte han først i 1530, då mykje var gjort. «Ein må ikkje spørje bokstavane i det latinske språket korleis ein skal tale tysk», sa Luther: «Om det må ein spørje mor heime, barnet på gata, mannen på marknaden, og sjå på munnen deira korleis dei talar, og så omsetje, då forstår og merkar dei at ein snakkar tysk med dei.»

Av dette blei det ei heil ordbok i 1870. Då gav Phillip Dietz ut ei Luther-ordbok på 882 sider med forklaringar på afrikaans, språket til nederlandske innvandrarar i Sør-Afrika.

Ottar Grepstad

Neste veke: Lesestoff for all verda

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis