Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Syklar i pengar

Noreg er så rikt at vi kan kosta på oss å nytta 353.000 kroner for å få ned utsleppa med eitt tonn CO2. Det er litt meir enn dei 50 kronene det kostar å få ned utsleppa med det same via EUs kvotesystem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Byrådet i Oslo satsar på sykkel.

Byrådet i Oslo satsar på sykkel.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Byrådet i Oslo satsar på sykkel.

Byrådet i Oslo satsar på sykkel.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

3747
20171013
3747
20171013

Klima

jon@dagogtid.no

Kva skjer i ein stat som har mykje pengar, og der politikarane vil stå fram som gode og ikkje slemme? Vi seier at god her er å gjera ting som folk ikkje får med seg har negative konsekvensar eller kostnader. Oslo-pakke 3 er det største samla samferdselsprosjektet i norsk historie. Bompengane mellom Asker og Oslo må opp til 180 kroner dagen, seier Statens Vegvesen, og staten må gå inn med store løyvingar særleg til kollektivtransport. Målet er at all trafikkvekst skal koma via gåing, kollektivtransport og ikkje minst sykling.

Kvifor skal så bilistane betala meir for at dei syklande skal få betre sykkelvegar? Det veit vi: klima. Både Stortinget, som finansierer mykje av samferdselssatsinga i Oslo, og Oslo kommune vil ha ned klimautsleppa. Bompengar har elles ein fin funksjon som alle finansministrar og storting liker særs godt. Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå (SSB) reknar både drivstoffavgifter og vegavgifter med i skattegrunnlaget, så når Stortinget aukar desse, vert avisoppslaga store.

Denne regelen gjeld ikkje for bompengar. Same kor mykje ulike regjeringar og storting aukar bompengane, kan dei likevel skryta av at skattane ikkje går opp. Sagt i klartekst: Reduserer dei bensinavgiftene, er det skattelette. Aukar dei bompengane med tilsvarande, er ikkje det skatteauke.

Fint med sykkel

Sykkel har stor symbolverdi, kven har til dømes ikkje likt seg på sykkel i paddeflate og snøfrie Amsterdam eller København? Sykkel symboliserer både fridom og godt tid. Så er det berre det at både Oslo og Noreg er avhengig av effektiv framkomst. Same kor mykje vi liker sykkel, er Oslo både kald og kupert. Men det tek ikkje byrådet i Oslo omsyn til. Dei får nemleg mange pengar frå staten direkte og endå meir indirekte via bilistane. Det nye byrådet i Oslo har difor laga eit eige sykkelprosjekt, som skal «bygge minst 60 km sykkelvei, sykkelfelt og bilfrie gater i løpet av bystyreperioden». Sitatet er henta frå Oslo-budsjettet for 2018.

Dei har òg laga ein langtidsplan for kva denne satsinga på sykkel kostar fram til 2020 og i åra etterpå. Her legg vi saman tala frå 2016 til 2020. I den perioden skal investeringane i sykkelveg vera på 1,1 milliardar. Investeringane skal vidare opp og vil få den største auken mellom 2020 og 2021, men det lèt vi liggja her. I tillegg kjem driftsbudsjettet på om lag 50 millionar i året, som gjev nye 250 millionar i utgifter i perioden. Her rundar vi av ned til 1,2 milliardar i sykkelutgifter mellom 2015 og 2020 for å vera på den sikre sida.

Kor effektivt?

Noreg slepper ut om lag 53 millionar tonn CO2 i året. Kor mykje vil utsleppa ha gått ned med i Oslo grunna sykkelsatsinga i 2020, trur byrådet? Reduksjonen vil vera på 3400 tonn og for det vil staten, bilistane og skattebetalarane i Oslo kommune ha betalt 1,2 milliardar. Kor dyr vert så denne reduksjonen i klimautslepp per tonn? Jau, 353.000 kroner per tonn. I dag kan vi kjøpa eitt tonn CO2 gjennom EU for knapt 50 kroner.

Miljødirektoratet har laga ein plan for korleis vi kan få ned utsleppa i Noreg kostnadseffektivt. Den fyrste delen handlar om tiltak som kostar under 500 kroner per tonn. Gjennomfører vi desse enkle og billige tiltaka, kan vi få ned utsleppa med 6,5 millionar tonn. Oslo vil heller nytta tiltak som kostar over 350.000 per tonn. Men så har staten og kommunane godt over 1600 milliardar kroner å bruka opp berre neste år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Reduserer Stortinget bensinavgiftene,

er det skattelette. Aukar dei bompengane

med tilsvarande, er ikkje det skatteauke.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis