JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Takk for fylgjet

Då seier eg atter ein gong takk til Hauk, post mortem, for venskapen, for samarbeidet, for at han vart den han vart.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hauk Buen spelar på Raulandsakademiet i 1982.

Foto: Einar Hansen / Sylvartun Folkekunstarkiv

11028
20210709

Buen-dynastiet

I tre–fire slektsleder har Buen-dynastiet, runne frå ættene Tjønn i Tuddal, Buen i Jondalen og Venås i Gransherad, spela ei leiarrolle i Folkekunst-Noreg.

Essayet, andre del denne veka, fortel om samarbeid og splid, om høge tankar og brotne voner i Folkemusikk-Noreg. Men mest om inntrykk den no avlidne Hauk Buen var kjelda til, slik spelemannsvenen og kollegaen hans, Hallvard T. Bjørgum frå Setesdal, lèt oss få innsyn i her.

Ei kvinne, morsyster til Hauk Buen, vekte og nørte hugen hans til felespel. Bergit Tjønn var frå ein gåverik familie i Tuddal i Aust-Telemark, der faren, Hans Johnsen, og sonen John, og seinare broren hans att, Gjermund Tjønn, alle var dugande hardingfelemakarar.

Knut Buen dekorerte alle felene, om lag 70 i talet, som Hauk Buen på sine noko eldre dagar arbeidde fram. Dei er nytta av landets beste utøvarar i dag. Også felene til Gjermund, fosterfar hans, rosa jamt Knut, og brukte titt av hans fabrikat, særleg i ungdomen. Rosa, heitte den fela, trur eg plent.

Mi Hauk Buen-fele fekk eg for om lag 25 år sidan. Ho er òg eit meisterstykke. Avstemt noggrant i viktige frekvensar, tonetilhøvet mellom loket og botnen i klangkassa. Ei fele har ingen mystikk. Det er rein fysikk og biologi. Ei fele er ein membran, der friksjonen frå bogen set strengen i vibrasjon som forplantar seg gjennom notestolen ned i loket på fela og vidare gjennom lydpinnen ned i felebotnen.

Når dette er rett justert, vert skjelvingane, frekvensane, samsvarande og byggjer opp kvarandre. Det vert ein kjedereaksjon med overtonar, i staden for med atom som i kjernefysikken. Det motsette skjer om ikkje alt dette står til einannan, og det vil sløkkje ut lyden som dei to membranplatene, loket og botnen, skaper gjennom skjelvinga i strengen som hestehåra på bogen, taglet, først skaper når bogen vert ført over strengen.

Det perfekte opptaket er så langt aldri gjort. Ein kunnig vil under alle omstende høyre at eit opptak av hardingfele ikkje er verkeleg, men konservert. Det er sagt av overlag kunnige at hardingfela er verdas vanskelegaste instrument å gjere opptak av. Same kva lagringsmedium ein bruker, vinyl, lydband eller digital disk. Kva er det med hardingfela, kva var det med skaparane?

Den geniale lydteknikaren Arne Akselberg frå Voss, no ein mannsalder om lag i Abbey Road-studioet som The Beatles er knytt til, var ingeniøren med sine golvmikrofonar (var det tyske AKG?) og danske Bryl & Kjær luftmikrofonar, digitalt topp moderne japansk opptaksutstyr.

Dagen før, den 10. november 1987, hadde Hauk spela på seks–sju, minst, av felene han hadde teke med, for å ta ut den med best lyd for dette opptaksrommet, med slik oppmikking me valde. Valet fall då på ei fele far hans, Anders Buen, hadde sett saman og fått til med ein svært brei, mørk tone. Eit bastardprodukt mest, med utgangspunkt i ein fiolin, ikkje betre enn eg hugsar. Eg trur kanskje det er nevøen til Hauk, Per Anders Buen Garnås, som har brukt fela i mange år no.

Major Ola Hjelle og Sigrid Olga, meisterdansarar frå Valdres, hadde Marianne Berg og eg bede inn til sesjonen. Dei var folk me visste Hauk vart oppglødd av å spele for, og Hallgrim Berg, om eg minnest rett. Slåttane frå den natta, alle som ein, vart utgjevne av Sylvartun Folkemusikk med tittelen Meisterspel under Telemarksfestivalen i 2010. Då var Hauk i storform, ja, som alltid, og enno utan merkbare sjukdomsteikn. Han fekk seinare konstatert Parkinsons sjukdom. Det tok frå oss Hauk som scenespelemann om lag siste ti åra av levetida hans.

Siste lansering han var med på, var på Rauland, plassen Heddeli, som Jørgen Tjønnstaul hadde rudt i harde tider. Med dotter hans, Anne, og mannen Torgeir Tjønn og etterkomarar, så samlast «heile bygda» og langvegsfarande med og fylte tunet og låven. Der vart den nye filmen om Jørgen frå samvær med spel og forteljing i 1982 hjå familien dr. Midtgaard vist.

Hauk og Tone var til stades her au, og Førnesbrunen Vol. 3 var lagd fram med signatur frå den gamle meisterspelemannen Hauk Buen si hand. Tone for sin part har sytt for uerstattelege fargeopptak på smalfilm av «Noregs kulaste spelemann», som eg har nemnt Jørgen, og nokre av desse har ho lånt bort til både NRK og mine utgjevingar. Ho har Olav K. Venås til bestefar, meisteren for storfela til Hauk frå 1931. Den fela kviler det ei velsigning over. Og Hauks ettermæle like så, med broren Knut og systersonen Per Anders til å bere spelet vidare.

Då seier eg atter ein gong takk til Hauk, post mortem, for fylgjet, for venskapen, for samarbeidet, for at han vart den han vart. Tone etter Hauk, vil me ynskje god framtid og likeins takke henne for den ho var for Hauk, og den ho har vore for oss, for min part i om lag 45 år. For alle samvær på Buen og på konsertar, turar, kappleikar og venelag.

Siste gongen Hauk spela utanom i stoga på Buen, trur eg var for ti år sidan, på Landskappleiken i Seljord, der han og eg lanserte albumet Førnesbrunen på Nordgarden, plassen til meisterspelemannen og organisten, slåttediktaren og gardbrukaren Torkjell Haugerud.

Seinare i 2013 kom både han, Tone og systera hans Kari og kasta glans over lanseringa av Sylvartun Folkemusikks utgjeving Tjugedalaren, slåttar etter Myllarguten, innspela av Hallvard Kvåle på Henie Onstad Kunstsenter i mars 1986. Det skjedde på garden etter Halvor Flatland i Bø, Brukås, senteret som Torgeir Strond har utvikla der.

Siste gongen eg møtte Hauk Buen, var på ettersommaren 2019. Meisterfelespelaren Nina Owren Furuli og eg gjorde ærend til Buen med å vise han og frette ut noko om Gunnar Helland-fela frå 1915 som ho hadde kjøpt av meg, same årsmodell som Veslemøy etter Jørgen Tjønnstaul. Han kjende ikkje fela frå før, men kjøpmannen i Gransherad visste han namnet på, Siljudalen, han som i si tid hadde eigd fela.

Me synte Hauk korleis dagens unge høyrer på slåttane hans, gjennom mobiltelefonen, og fekk mat og prat saman med dette legendariske ekteparet, i hovudsetet, i ein atmosfære av fortid og «mystikk». Så tok me fire ein tur til Ble Fjellstoge som nettopp sonen Asmund hadde kjøpt, der eg aldri på fjellvegen, som Hauk sjølv hadde bygt, hadde vore så langt innover før.

Også denne siste gongen, slik han ved dei siste, ikkje altfor frekvente møta hadde gjort, tok han meg i handa og takka for det me saman hadde fått til, av smått og stort. Eg ser dei to stå på verandaen vinkande til farvel. Slik dei kvar gong gjorde, men denne vart Hauks siste, for min part. For Nina visseleg ei kjær, eineståande oppleving.

Kongsberg kyrkje var nydeleg pynta, der siste akt i seremonien vart med Knut Buen og domorganist i Oslo, Kåre Nordstoga, som spela «Fykeruds farvel til Amerika», medan kista vart boren ut og nedsett i bilen for Hauk Buen si siste ferd, mot Jondalen kyrkje til jordfesting.

Seremonien var ei kulturoppleving der Knut Buen, Sigmund Groven, Ingvill Buen Garnås og Per Anders Buen Garnås gav til beste perler, til liks med Hauk i opptak med «Rosa» frå den Spellemannpris-lønte CD-en (saman med Knut), Fykerud’n , introdusert av Knut Buen, som las diktet for slåtten av svigermor til Hauk, Åste Nisi.

Sonen Asmund Buen framførte ei poetisk minnetale, og Ingvill hadde med omhug valt ut visa «I Jondalen kirke», med tekst og tone av onkel Knut Buen. Det var jo der Hauk og hans føremenne kviler sine bein.Tone hadde også gjeve meg æra av å medverke til sist, med fela på trollstemt laga av morbror til dei fem Buen-syskena, John H. Tjønn frå Tuddal. I talen min la eg vekt på det nære sambandet det har vore mellom familiane våre, i fleire generasjonar jamvel, og Buen-folka sine frekvente besøk i Setesdal i over 65 år. Slåtten laga av Lars Fykerud, «Nonsnatten», spela Hauk for 31 år sidan i far si likferd her i Setesdal, og Knut bar kista, for etterpå gravlegginga å framføre saman med syster Agnes av sine perler i Hylestad soknehus på Rysstad.

Ja, i glede og gråt har me halde i hop. Kjært for meg er ein «karakter» faren Anders Buen gav min far Torleiv i 1974, tilføydd namnet sitt i ei helsingsliste frå Laget for folkemusikk i Oslo, signert i ei ny aktuell bok far fekk, etter enda speling på lagsfesten: «Med takk for fullkomment spel». Boka, Den stærke slått, hadde nettopp kome i handelen. Avhandlinga om dei ramme slåttane og St. Magnushymne i slik samanhang, skriven av dansken med norsk slekt, Morten Levy, i Danmark. Boka tek føre seg slåttetradisjonen og soga i Setesdal.

Ut frå det historia bakover kan fortelje oss, ved rekapitulering og oppsummering av spelemannssoga sett under eitt, så vil det nok aldri kunne framvisast ein betre spelemann enn Hauk Buen. Ikkje på grunn av kva som kan reknast opp av tildelt heider åleine. Men me kan notere han for Kongens Fortenestemedalje i gull, Myllargutmedaljen i sylv og gull, Haugerudprisen med gullmedalje, dobbelt æresmedlemskap i FolkOrg (Folkemusikkorganisasjonen), ei mengd med vinnarpokalar (vandrepokalar i reint sylv), Spellemann- og Folkelarmprisen, kulturprisar og utmerkingar.

Med i denne «rekneskapen» av premiar må takast at Hauk Buen la opp som kappleikdeltakar alt etter Landskappleiken i Bergen i 1973. Der høyrde eg han spele til kappleik for aller siste gong.

Det har kome føre meg eit tilhøve som i eldre tid ikkje var så heilt vanleg, det at det var ei kvinne som kanskje i barne- og ungdomsåra vart viktigaste inspiratoren og læremeisteren i Hauk sitt tilfelle. Det var morsyster hans, Bergit Tjønn. Ho dikta jamvel eigne slåttar. Samstundes, og seinare kanskje, når han ikkje var bortreist, var også faren, Anders Buen, og Løndal-karane dei tonegjevande, aller helst Olav Løndal.

Men han hadde også sikra seg slåttar frå andre kantar, ikkje minst dei han fekk direkte etter Myllarguten gjennom sonesonen, Tarjei Skinan i Arabygdi i Vest-Telemark. Dei er til dømes å høyre på CD-en som kom til 80-årsjubileet, Tjugedalaren, med slåttar etter Myllarguten.

Knut og Hauk gav også ut myllarslåttar på CD i lag, spela på siste fela som Myllarguten eigde, laga av Erik Johnsen Helland på 1860-talet. Den fekk setesdølen Eivind Aakhus tak i i USA, og sende til Setesdal, der etter kvart Dreng Ose fekk ho som gåve av Eivind.

Forteljinga om korleis fela kom frå Setesdal til Telemark, heim att, for å seie det slik, er ei anna historie. Stygg sak. Det enda i alle fall med at Rauland Bygdelag fekk ha fela, på vilkår av at laget i framtida skulle stille ho ut i «Myllarstoga» i Arabygdi, til minne om Myllarguten.

Resultatet vart at stoga som vart sett opp i Kosi på Øygarden, der han budde siste tida, ikkje er den autentiske etter Myllarguten. Den kjøpte felemakaren Bjørn Wibe seinare, og fela etter han ligg visst på Raulandsakademiet i eit kvelv. Myllarguten vart den mest ordgjetne av alle norske spelemenn i soga.

Men for min part trur eg ikkje at ein betre spelemann enn Hauk Buen har levd. Og me, dei heldige, fekk høyrt han.

Hallvard T. Bjørgum

Hallvard T. Bjørgum er statsstipendiat som kulturarbeidar og spelemann.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis