JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

33 1/3 RPM

«Det handlar om nostalgi og lengten tilbake til den analoge verda.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Platespelar frå vinylens gullalder på syttitalet. Technics SL-2000 er ein prisgunstig direktedriven platespelar som framleis gler eigaren sin.

5271
20241018
5271
20241018

Wow og flutter. I ungdomen nilas eg tekniske spesifikasjonar på HiFi-utstyr for å få det beste til lågast mogleg pris. Eg skjøna knapt kva eg las, men hovudregelen var dess lågare dess betre, med unntak av signal/støy-forholdet, som måtte vera høgast mogleg.

Wow og flutter handlar om ujamn fart skapt av avspelingsutstyret som får det til å lyda falskt. Eg gjekk for ein direktedriven platespelar, Technics SL-2000, der likestraumsmotoren, som berre brukar 5 W og er ljodlaus, sit direkte på tallerkenen og vert fartsregulert med eit servosystem. Servosystemet er bygd opp rundt ein liten integrert krins. Denne konstruksjonen er så enkel at spelaren etter 50 år framleis spelar og er mykje betre enn det som i dag vert tilbode til budsjettpris.  

Nyårsaftan 1999 hadde eg nevøen min på besøk. Han såg undrande på platespelaren, som med stroboskopljos lyste opp tilværet. Sjølv hadde han MP3-spelar. Han jubla då det kom lyd ut idet stiften trefte plata. Han såg på meg med undrande auge: «Korleis verkar dette, onkel?»

Vel, det byrjar med plata. Lyden er fysisk prega inn i rillene som mikroskopiske ujamnskapar. Ein får stereo ved å la kvar sidevegg vera ein kanal. Djupe tonar gjev langsame store utsving i rilla, medan høge tonar gjev raske mindre utsving.

Det viktigaste ved ein platespelar er stiften. Han vert sliten i møtet med plater og bør skiftast etter ei fartstid på om lag 1500 timar. Slitasjen gjer stiften butt i enden og kan øydeleggja platene.

Ved hjelp av vibrasjonar overfører stiften den mekaniske energien til elektriske signal når ein spelar plata. Den vanlegaste og billigaste måten å gjera det på er å kopla stiften til to magnetar, ein for kvar kanal, som kan røra seg i spolar. Når magnetane rører seg, vert det magnetiske feltet rundt dei endra.

På rett spor. Når ein forstørrar om lag tusen gonger, kan ein sjå korleis rillene ser ut, og korleis stiften bevegar seg og gjev lyd. Bylgjeformene på kvar side av rillene er ein mekanisk representasjon av lyden.

Kjelde: Jason Kottke

Naturen hatar endringar, og dermed vert det ein straum i spolen som gjev eit magnetfelt som prøver å motverka endringa. Dette er kalla Faradays lov og er eit naturfenomen som me har stor glede av når det gjeld elektriske maskinar og anna elektrisk utstyr.

Denne straumen er særs låg og må forsterkast. Gamle forsterkarar og ein del kostbare nye har ei eiga tilkopling til platespelaren, ein såkalla phono-inngang. No må denne ofte kjøpast separat. Han vert kalla RIAA-forsterkar.

RIAA-korreksjonskurver. Raud: innspeling, blå: avspeling.

Kjelde: Tore Simonsen / Snl.no

Nokre lydpuristar meiner at den analoge lyden frå vinylplater er mykje betre enn digital lyd, sidan han ikkje er tukla med. Vel, det er ei sanning med modifikasjonar. Når ei plate skal lagast, vert dei låge frekvensane dempa for å få stabla rillene tettare og dimed lengre speletid på plata, og høgare frekvensar vert forsterka for å få mindre støy. I tillegg til å forsterka signalet korrigerer RIAA-forsterkaren for denne modifikasjonen.

For å gjera tonearmen på spelaren min best mogleg er han S-forma og laga av lettmetall. Ein reduserer dimed vibrasjon og resonans. I den bakre enden av tonearmen er det ei motvekt som regulerer trykket stiften har mot plata. Eg har valt 1,75 gram.

Sidan tonearmen har skrå vinkel over platetallerkenen, vil han ha ein tendens til å trekkja mot midten. Det fører til feil lydbalanse og at den indre rilla vert utsett for større slitasje. Det kan ein kompensera for dersom ein har ein knapp, eventuelt eit lodd, anti-skating, som gjer at ein kan regulera storleiken på ei motkraft utover, slik at stiften flyttar seg rett i rilla. Eg hugsar at Bang & Olufsen hadde såkalla tangentialarmar med rett vinkel i forhold til plata, men dei var laga for eit anna budsjett enn mitt.

Det er mogleg å få seg ein vølt Bang & Olufsen Beogram 4000c med tangentialarm for nokre få hundre tusen kroner.

Kjelde: Bang & Olufsen

Så er det eigenstøy frå platespelaren som kan forstyrra signalet frå plata. Den kan reduserast ved å jorda platespelaren til forsterkaren og isolera motoren frå platetallerkenen. Ein annan ting som skil ein god platespelar frå ein dårleg, er kor mykje slik støy ein høyrer. Eg vel platespelarinngangen på min aldeles utmerkte forsterkar, startar platespelaren og vrir volumknappen til 11 utan plate på tallerken. Eigenstøyen kan knapt høyrast.

Med stroboskopljoset kan ein sjå om omdreiingsfarten er rett. Dette ljoset er glimtvis og treffer sida av platetallerkenen, som er utstyrt med ei rad blanke firkantar. Når ein stiller farten, vil det sjå ut som om desse firkantane står stille når ein har rett fart.

Platespelaren min er tung. Han veg 6,1 kg. Korleis kan plast verta så tungt? Eg kikar under. Plasten er berre eit skal, og det meste av innmaten er eit stort, nydeleg stykke japansk kryssfiner av eit tungt treslag. Det gjev spelaren ein vakker ljod og eit solid inntrykk.

Til mi undring har eg sett at det no har dukka opp platebutikkar nærast overalt. Der går hipsterar med Fleksnes-hatt rundt og kjøper vinyl til prisar som kan ta knekken på alle budsjett. Kva skal ein med denne utdaterte teknologien når ein har strøymetenester? Det handlar sjølvsagt om nostalgi og lengten attende til den opphavlege analoge verda. I tillegg er omslaget stort nok til at ein også kan lesa teksten i godt vaksen alder.

Er det noko i platesamlinga mi som ikkje finst i skya? Ja, han som starta som Walter og enda opp som Wendy Carlos. Hens herlege elektroniske versjonar av klassisk musikk er berre på vinyl. Eg finn fram filmmusikken til A Clockwork Orange og spelar for full musikk.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis