Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Biogass

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lat oss vandra saman gjennom prosesskjemaet.

Kjelde: Bergen vann

4980
20231006
4980
20231006

Har du lyst til å vera med på tur, kjære lesar? I framsetet sit Natalia Adamczyk og eg. Ho er senioringeniør i Bergen vann og har master i kjemi. Eg er han du veit. På veg mot Bergen biogassanlegg i Rådalen svarar ho på spørsmåla eg peprar ho med.

Eg gler meg som ein unge. Vel framme helsar me på driftssjef Jakin Halvorsen, og Natalia tek på seg ein gassmålar. Er dette farleg? Natalia smiler og seier nei, men helse, miljø og tryggleik er viktig.

No skal me gå gjennom prosesskjemaet eg las med stor glede dagen før. Me byrjar der avlaupsslammet kjem inn (1). Mellom fire og ti lastebilar med slam kjem kvar dag og tømmer det i substratmottaket. Der tek ein også imot septik frå dei som ikkje er på avlaupsnettet, og feitt frå feittskiljarar. Dei kan òg ta imot avfall frå storkjøkken.

Avlaupsslammet som kjem frå Bergen, Kvam og Byrkjelo, vert blanda med drikkevatn i ein plogskjermiksar, før det vert mellombels lagra på to buffertankar på 500 kubikkmeter (2). Ved hjelp av ein varmevekslar som får varme frå varmevekslarar seinare i prosessen, i tillegg til varme frå fjernvarmeanlegget eit steinkast unna, vert slammet varma opp til 70 celsiusgradar og tilsett litt feitt, som er bra for den vidare prosessen. Deretter går slammet inn i tre pasteuriseringstankar (3) som jobbar på skift for å drepa uynskte bakteriar, virus og parasittar. Overalt der me går i anlegget, er det elektromotorar som driv pumper, kverner og sentrifugar.

Etter pasteuriseringa vert det stole varme med varmeveksling frå slammet, før det vert sendt til rotning. Den effektive bruken av varmevekslarar gjer at anlegget er 66 prosent sjølvforsynt med straum.

Me går under jorda til tankane for rotning (4). I dei har slammet vorte tilsett to typar anaerobe bakteriar som kan leva og veksa utan oksygen, og som arbeider i lag. Den fyrste bakterietypen et slam og gjev organiske syrer, som den andre typen meiskar seg med og lagar biogass av. Biogassen, som er samansett av metan, karbondioksid og svoveldioksid, stig til toppen og held fram for eiga maskin til eit kuleforma gasslager (5). Opphaldstida i tankane for rotning er mellom tolv til femten dagar. Etter rotninga går slammet gjennom ein varmevekslar, sidan rotninga har gjeve varme. Så vert det lagra i to bioresttankar (6).

Deretter vert biorestane tilsette polymerar som syg til seg vatn, før slammet vert sentrifugert og turt nok til å verta sendt vidare (7).

Helvta av slamrestane vert sende med tog til Austlandet som gjødsel og resten til Sløvåg, der det vert brukt til jordforbetring. Skulle du ynskja å sjå restane etter bergensarar, er det berre å ta ein tur til Romerike og Ås. Slammet kan berre brukast på kornåkrar og grøntareal, då det inneheld ein del tungmetall, mest kopar og sink, som kan takast opp av grønsaker og andre vokstrar. Slammet vert sjølvsagt analysert og kvalitetssikra før det vert sendt til kundane.

Kva så med gassen? Han inneheld 65 prosent metan, 34 prosent karbondioksid og 1 prosent andre gassar. Me ynskjer jo berre rein metan. Natalia peikar på tre blanke røyrsøyler (8). Der skjer det vasskrubbing av gassen. I fyrste søyle er det eit trykk på 5,8 atmosfærar, og der vert vatn blanda med alle gassane som bind seg til vatnet på grunn av trykket. I neste søyle vert trykket senka til 1,3 atmosfærar, og metan slepp fri. I siste søyla er det normalt trykk og koldioksid, og svovelsyra tek farvel med vatnet og vert fanga opp av eit kolfilter. Med denne gassoppgraderingsprosessen får ein ut nærast rein metan. Metangassen vert så sett under 250 atmosfærars trykk i flasker og lasta i konteinarar som vert sende til Hylkje, der førti bussar får drivstoffet. 

Eg snur meg og ser eit fakkeltårn. Der vert 6 prosent av biogassen brend. Ikkje for å fyra for kråkene, men for å halda prosessen i gang når det skjer vedlikehald. I 2022 fekk ein 25.402 tonn slam, som vart til 10.370 tonn biorest og 2.547.043 normalkubikkmeter med biogass. Av den vert det 1.590.839 normalkubikkmeter metangass med eit energiinnhald på 15,65 GWh. Denne energimengda gjer det mogleg for ein gassbuss å køyra tur–retur månen 3,5 gonger. For å produsera denne energimengda kjøper anlegget om lag den same mengda energi. Kanskje eit økonomisk nullsumspel, sidan ein heller ikkje får pengar for biorestane, men det er jo eit strålande berekraftig miljøtiltak.

På veg ut får eg sjå kontrollrommet der store skjermar syner at prosessen er i beste orden, og jammen vankar det ikkje ein liten matbit og kaffi òg. Ein kan koma til mange interessante stader med Dag og Tid-kortet i neven. I det me går ut, ser eg ein enorm bygning, som teken rett ut av opningsscena til filmen Bladerunner. Det er bossforbrenningsanlegget i Bergen som gjev fjernvarme til heile byen. Der skulle eg ha vore. Det er ikkje noko problem å få til. Naboen arbeider jo der.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Metangassen vert sett under 250
atmosfærars trykk i flasker og lasta i konteinarar som vert sende til Hylkje, der førti bussar får drivstoffet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis