Blikksporing
Kosmonaut med mobilt blikksporingsutstyr på den internasjonale romstasjonen.
Illustrasjon: Wikimedia Commons
Akkurat no les du denne spalta i Dag og Tid. Auga dine flyttar seg rundt omkring i teksten og illustrasjonane. Blikksporing handlar, som namnet seier, om å spore blikket slik det oppfører seg når ein les tekstar, ser videoar eller generelt responderer på visuelle inntrykk.
Synet er den viktigaste sansen vi har, i alle fall er det den sansen som brukar mest av hjernekapasiteten vår. Og for å forstå omgjevnadane våre best mogleg flyttar vi blikket heile tida. Sidan vi også kan sjå kva andre ser på, kan vi bruke blikket til andre i samspelet oss imellom. Vi stadfestar at vi høyrer på folk, ved å sjå på dei når dei snakkar. Når folk flyttar blikket og festar det ein stad, kan vi vite kva dei er opptatt av. Dette må teknologar sjølvsagt utnytte.
Blikksporing har ei historie som går heilt tilbake til 1800-talet, og då vart teknologien brukt mest til åtferdsforsking. Dei første teknologiane for blikksporing var eit ganske tungt og stort apparat. Testinga gjekk føre seg i laboratorium, og testarane måtte halde hovudet i ro for at utstyret skulle verke. Det vart unaturlege situasjonar, og vanskeleg for forskarane å få verdifulle innsikter. Etter kvart har ein utvikla lettare og meir stabilt utstyr som kan brukast i meir naturlege situasjonar.
Blikksporing vert no også brukt til marknadsføring, til tilpassing av visuell kommunikasjon gjennom brukargrensesnitt og til å gjere det mogleg for sterkt funksjonshemma menneske å uttrykkje seg. Om ikkje lenge er det kanskje slik at smarttelefonen har innebygd blikksporing som gjer det mogleg å styre han med blikket og rørsler du gjer med hovudet og auga. I bilindustrien eksperimenterer ein med blikksporing for å avdekkje om føraren er trøytt.
Sporingsutstyr fangar opp tre eigenskapar ved det menneskelege blikket. Vi kan no førestille oss at du les nettversjonen av Dag og Tid på laptopen din.
1. Blikkpunktet viser det auga ser på akkurat no. Dersom desse punkta er tett på kvarandre over ei viss tid, utgjer det ei fiksering. Du får med deg eit ord eller ein tekstdel mens auget sta°r stille.
2. Rykk er raske augerørsler som flyttar blikket frå eitt punkt til eit anna. Studiar av menneskesynet viser at folk ikkje les ved å la blikket gli jamt bortover langs setningane, men ved at det hoppar av garde frå ord til ord, eller frå éi fiksering til ei anna.
3. Jamn forfølging er ordet for det at blikket er fiksert på noko som rører seg, og følgjer denne rørsla heilt til det skjer eit rykk.
Desse tre eigenskapane ved blikket gjer at forskarar og produktutviklarar kan finne ut mykje om menneskeleg åtferd. Dag og Tid kunne finne ut korleis layouten i teknologispalta fungerer ved å studere kva folk ser på, kor lenge dei ser på det, og kva slags retningar og rørsler det er i blikka. Forsta°r brukaren korleis nettstaden er bygd opp? Får han til å skrolle nedover i saka, forstørre eller forminske skjermbiletet og klikke på dei rette ikona og symbola? Kva ser han på utan å klikke pa° det? Kva vert fullstendig oversett? Dersom Dag og Tid hadde informasjon frå 30–40 lesarar ville dei kanskje finne ut at dei burde endre layouten på teknologispalta.
Utstyret for blikksporing til eksperimentelle formål er samansett av sjølve blikksporaren, eit dataprogram som kan lagre og tolke informasjon frå sporaren, og framvisingar av resultatet på skjermen.
Den vanlegaste teknologien for blikksporing er samansett av ein prosjektør som sender nesten infraraudt lys på auga til brukaren, eit kamera som tek høgoppløyselege bilete av augerørslene til brukaren, og eit dataprogram som registrerer augerotasjonen ut frå endringar i refleksjonane som det nesten infraraude lyset har skapt.
Dataprogrammet kan deretter vise fram informasjonen om blikket på ulike måtar, blant anna som grafar, fargekart og linjekart.
Blikksporing er ei form for biometri, det vil seie målingar av biologiske mønster i menneskekroppen. Og blikket er noko vi ikkje lett kan kontrollere. Vi vil gjerne sjå etter noko som rører seg, eller finne ut kva det er om det dukkar opp sterke fargar i synsfeltet. På ei avisnettside vert blikket fort retta mot bilete av vakre og kjende menneske av det andre kjønnet. Det er ei rekkje faste samanhengar i måten vi ser på, og sidan vi lèt oss styre av primitive impulsar kan ein finne samanhengar mellom synsrespons og kva som ser ut til å kommunisere best. Dette er forhold som forskaren ikkje alltid kan finne ut av ved å spørje ein person, og som personen ikkje nødvendigvis veit om sjølv heller. Slik teknologi fangar såleis opp objektive fakta om forholdet mellom mennesket og det vi ser på.
Det finst ei rekkje etiske utfordringar med registrering av biometriske mønster. Ved hjelp av maskinlæring vil data frå blikksporing (og andre mønster) også kunne avsløre informasjon om etnisk bakgrunn, personlegdomstrekk, frykt, kjensler, interesser, evner og den fysiske og mentale helsetilstanden til ein brukar.
Det er vanskeleg å halde oversyn over kor mykje informasjon ein avslører om seg sjølv. Biometri er eit stort fagfelt som utviklar seg raskt, og det får stadig nye og til dels problematiske bruksområde.
Lars Nyre og Bjørnar Tessem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På ei avisnettside vert blikket fort retta mot bilete av vakre og kjende menneske av det andre kjønnet.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement