JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Blinklys

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Austin A30 med utstrekt semafor signaliserer at føraren har tenkt seg til venstre.

Foto via Wikimedia Commons

5388
20221202
5388
20221202

Har du lagt merke til at BMW-sjåførar aldri brukar blinklys? Dei reknar med at alle skjønar kvar dei skal, så difor er det ikkje naudsynt å bruke blinklys. Ja, det er faktisk slik at å montere blinklys på BMW-ar er den minst meiningsfulle jobben på jorda. Men fordi lova krev blinklys på alle bilar, må det gjerast.

Spøk til side. Blinklys er standardutstyr på alle nye bilar og har vore pålagt sidan 1950-åra. Før den tid måtte sjåføren strekkje ut ein arm for å vise kvar han skulle svinge, og nokre biltypar hadde ein peikar (ein semafor) som spratt ut frå sida på bilen og peika i den retninga ein skulle køyre.

Blinklyset vert styrt av ein arm ved rattet, og det er montert blinklys framme, bak, på sidene og gjerne i sidespeglane. Lysa skal blinke med ein frekvens på éin–to blink per sekund, og dei skal blinke i takt. I tillegg skal dei lage ein klikkelyd, slik at sjåføren høyrer at dei er på.

Det fascinerande med blinklysa er nettopp det at dei ikkje lyser kontinuerleg. Vanlegvis er det slik at når ein slår på ein brytar til noko elektrisk, så startar ein noko som går kontinuerleg til det blir slått av, for eksempel ei lyspære eller ein støvsugar. Men her snakkar vi om å starte ein prosess der noko slår seg av og på av seg sjølv så lenge det trengst.

Bilbransjen har brukt tre hovudtypar av blinklys. Den enklaste typen kan ein kalle termalblinklys. Dei fungerer på den måten at det er montert ein motstand (resistor) i krinsen der lyspæra er. Motstanden er så stor at det ikkje er nok straum igjen til at vi kan få lys i lyspæra. Men straumen vil varme opp motstanden, og han er laga slik at han utvidar seg når han blir varm.

Samtidig dreg han ei fjør med ein kontakt mot ein annan, parallell leidning som går til lyspæra. Når det vert kontakt her, går straumen utanom motstanden, i den parallelle leidningen og rett til lyspæra. Det vert brått nok straum til lyset, og vi ser lys i pæra. Men no går det ikkje straum gjennom motstanden. Han blir fort kjølt ned, fjøra trekkjer seg saman, og kontakten vert borte. Lyset vert slått av, og slik held prosessen fram.

Elektromagnetiske blinklys har òg to parallelle krinsar til lyspæra. I den eine krinsen er leidningen snurra rundt eit lite stålstykke. Når straumen går gjennom leidningen, vert metallbiten magnetisk. Vi har ein elektromagnet. I den andre krinsen har vi ein brytar eller ei slags heisebru som er magnetisk. I utgangspunktet er det ikkje kontakt her, fordi brua ikkje er på plass. Men magnetfeltet dreg til seg brua heilt til det vert kontakt. Straumen vil då gå over brua og ikkje gjennom elektromagneten. Vi får lys. Men då vil magnetismen verte slått av, og brua fell tilbake. Blink! Blink!

Transistorbaserte blinklys er standard i alle nye bilar fordi dei er mindre utsette for feil enn dei to andre. På den eine sida av den elektroniske komponenten går det ein svak straum til ein kondensator. Denne kondensatoren samlar opp elektron, men når kapasiteten er oppbrukt, vil han lade ut og sende elektrona vidare til ein transistor. Slik oppstår det ein rytmisk straumpuls.

Transistoren har tre kontaktar. I tillegg til ein inn- og ein utkontakt har han ein basekontakt. Mellom inn- og utkontakten er det halvleiarmateriale som stansar straumen, så sjølv om du prøver å sende straum gjennom transistoren mot lyspæra, vil det ikkje komme lys. Men kondensatoren sender ein svak straumimpuls med jamn rytme til basekontakten, og vi får då ein svak straum mellom basekontakten og utkontakten.

Halvleiarmaterialet verkar slik at når det tek til å leie den svake straumen frå basen til utkontakten, vil den sterke straumen òg få lov til å passere halvleiarmaterialet mellom innkontakten og utkontakten. Det vert sterk straum og dermed lys i pæra. Når kondensatoren er tømt, vil det ikkje gå straum gjennom basekontakten lenger, og den sterke straumen vert broten.

Transistorar er som regel laga av silisium som har små forureiningar (doping) av andre metall i ulike lag. Desse metalla har ulike eigenskapar når det gjeld å ta opp og gje frå seg elektron, og den intrikate fysikken i dette gjer det mogleg å lage ein elektronisk brytar, som jo er det transistoren eigentleg er.

Ein viktig eigenskap ved blinklyset er at det skal lage lyd. Termalblinklyset og det elektromagnetiske blinklyset har mekaniske komponentar som lagar lyd i seg sjølv under blinkeprosessen. Slik er det ikkje med transistorblinklyset i moderne bilar, for der går straumen lydlaust. Men kravet om lyd gjeld framleis, og difor vert lyden du høyrer under blinkinga, laga av ein høgtalar.

Bruk av blinklys er eit evig aktuelt diskusjonstema. I nettavisene kjem det artiklar som fortel korleis du skal blinke inn og ut av rundkøyringar, med påfølgjande kommentarfelt der dei som er ueinige, framfører argument for andre måtar å handtere dette på. Somme hevdar hardnakka at ein berre skal blinke når ein køyrer ut av rundkøyringa, medan andre sver til den versjonen som stort sett vert lært bort av køyrelærarane i dag.

Ein skal blinke til høgre eller venstre alt etter kvar ein skal når ein er på veg inn i rundkøyringa, og så blinkar ein med det høgre blinklyset når ein skal ut av rundkøyringa. Ideen er vel at tidleg informasjon er betre enn at informasjonen først kjem rett før ein svingar ut. Slurv, varierande praksis og BMW-sjåførar gjer at ein alltid bør passe godt på i rundkøyringar.

Bjørnar Tessem og Lars Nyre

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis