Den mest avanserte teknologien
James Webb-teleskopet har ein spegel som er seks meter i diameter, av ultralett beryllium dekt med gullfilm. Gull reflekterer infraraudt lys best, og det er slikt lys teleskopet brukar til å registrere informasjon om objekt i verdsrommet.
Foto: NASA
I ei tidlegare spalte diskuterte vi kva som er den enklaste teknologien menneska har laga, og vi kom fram til at det må vere ei handøks av stein som er hogd til med ein annan stein. No vil vi drøfte det motsette, nemleg kva som kan vere den mest avanserte teknologien menneska har laga.
Den offentlege debatten på nyåret i 2023 tilseier at svaret er ChatGPT. Journalistar og forskarar er forbausa, oppglødde og uroa over kor lett denne maskina skriv tekstar, og kor gode tekstane er. Sjølv om ChatGPT er veldig avansert, er han ikkje det mest avanserte som finst, og vi gjev Chat GPT sin rettmessige plass lenger nede.
Utgangspunktet vårt er at den mest avanserte teknologien er ein ny kombinasjon av avanserte teknologiar som alt er laga, og at han har eigenskapar som går ut over det tidlegare kombinasjonar kunne gjere. Den mest avanserte teknologien er difor stadig noko nytt. Vår fremste kandidat er James Webb-teleskopet, som er laga av den amerikanske romfartsinstitusjonen Nasa i samarbeid med europeiske og kanadiske partnarar.
Dette teleskopet opererer langt ute i verdsrommet i meir enn 200 kuldegrader. Det er laga av nyskapte fysiske legeringar med sjølvdrivne rørlege delar så vel som fintmerkande og nøyaktige sensorar. Det vert styrt av vår tids beste datasystem, som kommuniserer effektivt med bakken, og bileta frå teleskopet vert formidla gjennom det globale internettet. Ikkje minst har James Webb-teleskopet fungert imponerande godt heilt frå starten langt der ute i den ugjestmilde omgjevnaden sin.
Byggjesteinane i avanserte teknologiar har utvikla seg i tusenvis av år. Det viktigaste er dei formbare materiala som gjev substans, form og funksjon til teknologien. Då menneska forstod prosessen med å smelte jernmalm og forme verktøy av jern, kunne vi lage nyttige reiskapar som plogen og spikaren, men også meir og meir effektive drapsvåpen.
Dampmaskina er basert på sterkt og nøyaktig utforma stål, og danna grunnlag for moderne maskiner og dei avanserte funksjonane deira. Det har blitt laga tusenvis av legeringar, til dømes gjennomsiktig straumleiande materiale i dataskjermar og halvleiarar i transistorane til mobiltelefonen.
James Webb-teleskopet er bygd med lette og solide legeringar, og fleire av dei er utvikla spesielt for det krevjande oppdragsmiljøet. Det har ein spegel som er seks meter i diameter av ultralett beryllium som er dekt med gullfilm. Gull reflekterer infraraudt lys best, og det er slikt lys teleskopet brukar til å registrere informasjon om objekt i verdsrommet. Slike legeringar krev ei rekkje kjemiske prosessar som må utførast nøyaktig og i rett rekkjefølgje av høgt utdanna ekspertar.
Eit vesentleg trekk ved avansert teknologi er rørlege delar (aktuatorar) som vert drivne av små eller store motorar. I fabrikkar brukar vi robotar som er effektive, nøyaktige og haldbare, og dei bidreg vesentleg til produksjonen av avanserte gjenstandar som elbilar. Rørslene i maskiner vert i dag ofte produserte av elektromotorar med hydrauliske system for overføring av krefter. Jetfly og rakettar har spesielt store krefter, og både fart og retning på flyet vert i stor grad styrt med autopilot.
James Webb-teleskopet vart skote ut i rommet med ein rakett og drog til eit nøye utvalt «Lagrange-punkt» som er 1,5 millionar kilometer utanfor jorda om ein ser det frå sola. Her er teleskopet heile tida i same posisjon i høve til jorda og sola. Teleskopet er avhengig av solenergi for å drive alle elektromotorane sine.
For at teleskopet skal fungere godt, treng det at temperaturen er lågare enn –223 grader, slik at ikkje varmestrålinga frå omgjevnadene skal påverka sensorane som registrerer det svake infraraude lyset frå eldgamle stjerner langt vekke. Teleskopet har ein solskjerm på storleik med ein tennisbane. Det er laga med eit ultratynt, lyst og varmereflekterande materiale som gjer at teleskopet ikkje vert for varmt.
Både solskjermen og teleskopspegelen bretta seg ut og fann si form etter at teleskopet hadde nådd fram til Lagrange-punktet. Dette er eit særs avansert trekk ved teleskopet, og ein viktig grunn til at det scorar så høgt hjå oss. Lagrange-punktet er ikkje heilt stabilt, så innimellom må teleskopet bruke små rakettmotorar for å justere posisjonen sin. Ein reknar med at det er nok drivstoff til å halde teleskopet gåande i cirka fem år.
Avanserte teknologiar har også komponentar som fangar opp informasjon frå omgjevnadene. Slike sensorar kan måle til dømes varme, lys, lyd, trykk og andre fysiske eigenskapar. Dei kan lagast for å utnytte kvantefysiske tilhøve i materiale til å registrere endringar og skape små, men målbare elektriske straumar. Informasjon frå sensorar vert brukt til meir eller mindre autonom styring av aktuatorar, slik som når autopiloten på eit fly justerer kursen på ferda over Atlanterhavet.
James Webb-teleskopet er stappfullt av sensorar som registrerer tilstanden til komponentane og forholda i omgjevnaden. Den viktigaste sensoren er sjølve teleskopet, der fint slipte linser av gjennomsiktig glas gjev oss nøyaktig overføring av lysenergi til todimensjonale bilete.
Fyrst no kjem vi til det som ofte blir oppfatta som det mest avanserte, nemleg datasystema og kommunikasjonsteknologiane. Menneska har utvikla konvensjonar for representasjon av informasjon basert på binære tal. Datamaskinene har ein enorm reknekapasitet basert på mikroskopisk transistorteknologi, og algoritmar i dataprogram omformar informasjon til noko vi menneske kan bruke til å kontrollere ting rundt oss. Via nettverk og ruterar kan ei maskin få kontakt med all dei andre milliardane av datamaskiner som finst på kloden.
Maskineriet i James Webb-teleskopet vert styrt av dataprogram som er skrive i programspråket C++ og har 200.000 programliner. Nasa kan lage nye kommandoar i JavaScript og sende dei til teleskopet. Teleskopet sender data frå sensorane tilbake til jorda med radiobølgjer som er optimale for rask og feilfri dataoverføring. På jorda kan kven som helst sjå dei nyaste publiserte bileta på nettstaden til teleskopet. Informasjonen vert blant anna overført i glasfiberkablar som har glas som bryt lys på ein heilt spesiell måte, eller i krypterte radiosignal.
James Webb-teleskopet er den mest avanserte teknologien som finst i 2023, påstår vi. Og dette er ikkje ein eksperimentell teknologi. Sjølv om det har fleire overskridande eigenskapar samanlikna med andre avanserte teknologiar, var Nasa til slutt så sikre på at det ville fungere etter planen, at dei sende det av garde ut i verdsrommet.
No vender vi tilbake til ChatGPT som har ein enorm rekne- og lagringskapasitet og brukar kompliserte maskinlæringsalgoritmar, men samstundes dreg programmet ikkje nytte av eigne sensorar eller rørlege delar og er ikkje laga for å fungere i –223 grader.
Samanlikna med James Webb-teleskopet er ChatGPT «berre» eit dataprogram.
Lars Nyre og Bjørnar Tessem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Solskjermen og teleskopspegelen bretta seg ut og fann si form etter at teleskopet hadde nådd Lagrange-punktet.
Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB