JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Framveksande teknologiar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvantedatamaskiner vil kunne få langt større kunstig intelligens enn notidas maskiner og til og med greie Turing-testen: Dei vil kunne lure menneske til å tru at også dei er menneske.

Illustrasjon: Mike MacKenzie / www.vpnsrus.com

5411
20220429
5411
20220429

Rett etter år 2000 var smarttelefonen ein framveksande teknologi; noko lovande som samfunnet enno ikkje heilt skjønte kva var. Vi brukte mobiltelefonar til å ringe kvarandre og sende SMS-meldingar, men noko nytt var på gang. Det var snakk om telefonar med fargeskjerm og stor reknekapasitet som kunne koplast til tenester på internettet.

iPhonen kom på marknaden i 2007, og no har omtrent alle menneske smarttelefonen med seg i lomma. Smarttelefonen gjekk frå å vere ein spennande idé til å vere kvardagsteknologi på mindre enn 20 år.

Framveksande (engelsk «emerging») teknologi er ei nemning for teknologiar som framleis er under utvikling, og som ein trur vil ha stor påverknad på samfunnet. Viss ein framveksande teknologi held det han lover, vil han skape nye jobbar, nye kunnskapsbehov, nye utdanningar og nye rutinar i kvardagslivet til folk.

Dette skjedde til dømes med bilindustrien. På 1890-talet var eksplosjonsmotoren ein framveksande teknologi. Det viste seg at han kunne brukast både på land og på vatn og i lufta, og etter nokre tiår hadde han blitt ein «etablert» (engelsk «entrenched») teknologi.

Kvantedatamaskina er ein kandidat til å bli kalla framveksande no for tida. Ho utnyttar prinsipp frå kvantemekanikken, og om vi får maskina til å verke, vil ho kunne rekne ekstremt mykje fortare enn tradisjonelle datamaskiner. Vi vil kunne løyse viktige problem langt betre enn no, til dømes vil vêrmeldingar og klimamodellar kunne verte mykje betre.

Dette er spekulasjonar. Og framveksande teknologiar vert faktisk definerte ved spekulasjonar av ulik kvalitet. Vi veit jo enno ikkje korleis dei vil fungere, og kva dei eventuelt vil endre i samfunnet.

Kvantedatamaskina er basert på fysiske fenomen på partikkelfysikknivå, og forskarane kontrollerer henne enno ikkje godt nok til å få maskina til å gjere som dei vil. Det trengst til dømes supernedkjølte element, som betyr at maskina må ha ei form for avansert fryseboks, og slike er det ikkje enkelt å lage. Det er så mange feil i utrekningane at ein må bruke mykje av reknekapasiteten til feilkorrigering. Fysikarar i IBM og Google jobbar intenst med å få desse tinga til å fungere betre i praksis.

Det finst forresten også kvantedatamaskiner i Noreg: OsloMet har investert i to maskiner og forskar på korleis ein best kan utnytte dei.

Dersom ein framveksande teknologi ser ut til å innfri potensialet, vil interessa frå teknologifirma, utdanningsinstitusjonar og næringsliv auke kraftig. Det vil truleg vere noko heilt anna å programmere ei kvantedatamaskin enn ei tradisjonell datamaskin, og utdanningane vil endre seg for å tilby den rette kompetansen.

Framveksande teknologiar har nokre ibuande eigenskapar som ikkje kan veljast bort. Eksplosjonsmotoren skapte miljøutslepp som var helsefarlege heilt uavhengig av kva slags arbeid han vart sett til. Kvantedatamaskina vil kunne analysere store datamengder mykje raskare enn i dag, og det kan gje høve til tileigning av kunnskap og kontroll som kan skape ytterlegare maktkonsentrasjon hjå globale konsern og autoritære statar.

Det er difor viktig å vurdere potensialet til framveksande teknologiar medan dei framleis kan formast, og det framleis er rom for å velje nye retningar på utviklinga. Men sidan det ikkje finst produkt på marknaden, finst det heller ikkje dokumentasjon på korleis dei fungerer. Kritiske analysar kan difor ikkje så lett basere seg på handfaste empiriske data om funksjon og bruksmønster.

Det er vanleg å lage ulike framtidsscenario i analysar av framveksande teknologiar. Det går an å lage sannsynlege scenario dersom tidshorisonten ikkje er for lang, og ein har god kunnskap om teknologien. Det er sannsynleg at kvantedatamaskiner vil bli stabile nok i drift til at tenesteleverandørar kan tilby ekstremt raske utrekningar, men vi veit ikkje kva det ville koste, og kva aktørar som ville kunne dra nytte av det. Kvantedatamaskiner vil kunne bli uslåelege på børsen, med dei uoversiktlege økonomiske endringane det vil medføre.

Det finst også moglege, men mindre sannsynlege scenario. Ein kan tenkje seg at kvantedatamaskiner vil kunne få langt større kunstig intelligens enn notidas maskiner. Ja, enkelte trur at dei vil kunne bestå Turing-testen, det vil seie at dei vil kunne lure menneske til å tru at også dei er menneske. I så fall ville det skje omveltingar som vi vanskeleg kan førestille oss no.

Til sist finst det scenario som neppe kan realiserast nokosinne. Kvantemaskiner med ekstreme eigenskapar vert truleg aldri noko vi alle har innebygd i smarttelefonen vår.

Kritiske vurderingar av framveksande teknologiar er viktig, men den føregår hovudsakleg i akademia og i ekspertkrinsar innanfor industrien. Dei engasjerer ikkje den vanlege borgaren i særleg grad. For at kritikk skal bety noko, må han takast på alvor av industriaktørar og politikarar som tek viktige avgjerder om satsingar. Globale konsern som IBM, Google og Apple bryr seg ikkje nødvendigvis om etiske bekymringar, same kor godt grunngjevne dei er.

Om kvantedatamaskina nokosinne lèt seg realisere som ein «etablert» teknologi, veit vi ikkje. Kanskje det berre tek nokre få år, kanskje det tek fleire tiår, eller kanskje dei aldri vert gode nok til å kunne brukast i stor skala.

Lars Nyre og Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Framveksande teknologi er ei nemning for teknologiar som framleis er under utvikling, og som ein trur vil ha stor
påverknad på samfunnet.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis